Endeleg kom vi oss på trening!
Tidleg oppe denne laurdagen. Vi skulle heilt til Seland for å rundere. Eg var litt spent på treningsformen til Ekko etter så lang pause, men det viste det seg at eg ikkje trengte å bekymre meg for. Han var treningsklar til tusen.
Vi kom litt seint i gang for vi venta på Marina, men då det viste seg at ho hadde bomma på kommune og retning fann vi ut at det var best å begynne :)
Gro hadde fått eit tips om at det stod noko i Canis om å sette meldetreninga inn i runderinga for hundar som er så glad i "flying" at melding er ein nedtur. Dette tipset ville eg forsøke å prøve ut. Må finne teksten å lese den nøye òg.
Treninga blei då at figurant var synleg, ca 7 m unna. Hunden skulle ut og hente lausbittet, inn å levere og så ut for å bli premiert. I denne formen skulle ikkje eg bli med ut på påvisning. Eg skulle bli igjen på midtlina.
Ekko sprang ivrig ut, kom tilbake, har litt problem med å hugse at han skal setje seg. Har visst veldig lyst å springe ut fortast muleg. Ivrig ut straks ordet "vis" kjem. Eg forflyttar meg framover. Figurant bli passiv, Ekko passerer meg og spring rett over til neste figurant for å hente lausbittet. Inn for å levere og ut igjen for påvisning. Dette gjekk så det suste. Veldig kjekk måte å få meldetreninga kjekk for ein som syns at det var litt mas og så mykje kjekkare å springe frå side til side. Må prøve meg meir på det.
Vi fekk tid til å prate ein del i dag :) Kjekt det òg. Eg ville litt tidleg heim for å nyte sollivet på terrassen. Det var deilig!
Påminningar for meg etter denne økta:
- utgangsstilling
- sitt ved melding
3 kommentarer:
Det var utrolig gøy med rundering i dag. Og håper ikke det går 2 år til neste gang. he he... Skal bli spennende å se hvor effektivt minirunderinga vil fungere. Det står om det i canis nr.6/09
En deilig dag ute i skogen i dag!!
Og kjekt å prøve nye metoder i meldetreningen. Funka bra for begge våre to iallefall. : )
Eg har canis bladet, men akkurat nå låner Anne Lise det. Du kan få det etterpå hvis du ikke finner det.
Eg fann bladet. Så nå skal det finlesast :)
Legg inn en kommentar