søndag 29. mars 2009

Passeringar og blindslag o-la-la-la

I dag var det siste dag på runderingskurset med Tone Larsen i Norske redningshundar. Hadde gleda meg veldig til dagen for sist lærte eg svært mykje nyttig og i dag skulle eg lære meir. Vêret var skikkeleg på vår side. Sol og nokre plussgrader.

Sist gong var Ekko først ut, i dag sist. Eg var figurant heile tida unntatt siste gongen Kira var ute. Og sjølvsagt ikkje då eg gjorde hunden klar og var førar for han. Men det betyr at eg ikkje fekk med meg det som skjedde på midtlina, men eg fekk mykje med meg i skogen. No var Tone såpass at ho oppsummerte i pausen. Vi fekk òg lagt plan for runde 2. Vi bør nok ta med oss måten vi jobba på i dag. Først ei samling der vi gjekk gjennom ka vi hadde tenkt å trene på i dag, så litt oppsummering og plan for runde to i pausen. Og sidan alle her fekk god rettleiing undervegs og figurantarbeidet blei skikkeleg gjort, dreiv vi på i 7,5 time. Frå kl 1000 til 1730! Men det var det verkeleg verd.

Eg hadde jo trent på framdrift og passering med å halde han igjen forrige laurdag. No skulle han passere og få minst muleg påverknad.

Då det nærma seg min tur, tok eg ut Ekko. Han var klar som bare det. Vi leika, småsprang og kosa oss heilt til meldinga om at dei var klar, kom. No var han mjuk og oppvarma. Ekko fekk lydpåverknad på venstre side for så å bli flytta over på høgre side der det òg kom eit klapp. Så tok eg han med meg ned til bilen igjen. Hunden skjønte ingenting, men var glad eg snudde og gjekk tilbake til utgangspunktet i staden for i bilen. No blei han sendt ut på høgre side ( der det andre klappet kom frå). Flott rett ut. Eg stiller meg opp, roper på han. Og der kjem guten med fin framdrift. Passerer meg heilt perfekt. Over på neste side for å finne ny person.

Slik fortsette han i kjempefint driv. Forflytta seg framover og passerte meg som han skulle kvar gong. No kom nok all treninga med flying inn.
Tone hadde lyst til å prøve eit blindslag, men då såg vi at Ekko begynte å bli trøytt så vi kutta det ut.

Her er ein fotoserie av Ekko. Først på veg inn i skogen, så tilbake etter funn og passering via meg før han fyk ut på andre sida.
I andre økta skulle vi starte som i første, men prøve oss med eit blindslag som det 3. slaget. Ekko fann ikkje første figurant, men får ferten av figuranten på andre sida og krysser sjøl over. Altså blei det første eit ufrivillig, men godt blindslag. Då eg ropa han inn igjen, hadde figuranten der han hadde hatt blindslag, kome nærmare slik at vi var sikre på at han skulle lukkast denne gongen. Og det gjekk som smurt. Gro, som var den figuranten han fann først, blei kalla inn. No skulle han ha eit planlagt blindslag. Ekko gjorde som i første økt, kom som ei kule og over på neste side. Her fekk han arbeide litt, før eg kalla han inn. Men denne gongen kom han ikkje på første innkalling. Vi såg han fortsette med arbeidet ute i skogen. Her var det ein som ikkje hadde tenkt å gje seg. Han hadde til og med framdrift der ute. Men så var det som om innkallinga seig inn. Då han kom til midtlina oppdaga han Gro og "gjorde funn", dvs han stoppa kryssinga og sprang bort til henne. Fekk ingenting, men blei sendt ut. Det gjekk fint.
Neste gong han skulle krysse og finne Gro, starta han fint, men snudde. Inn igjen og over på andre sida. Eg prøver å kalle han inn, men null respons. Han er tydeleg på arbeid og har ikkje tid til meg. Og godt var det for ved å gjere dette får han ferten av Gro, tek sporet hennar litt, men så går han over på overvêr og finn henne langt inne i krattet.
Neste blindslag er på motsett side. No er Torunn kalla inn. Alle på midtlina har fått beskjed om å skjule Torunn slik at Ekko ikkje gjer funn. Dei gjer ein kjempejobb og dekker henne godt. I tillegg er eg på veg inn i skogen på andre sida slik at fokuset hans er på meg og blikket innover. Han gjer eit flott blindslag, kjem som ei kule tilbake og der er Gro hare på andre sida. Ho skal springe i full fart utover, men stuper så lang ho er. Dette blei for sterkt for Ekko, han sjekker henne og kjem springande inn til meg. No kjem Gro seg på beina igjen og Ekko fèr ut til henne. Då eg hentar han, skjønar eg kvifor ho låg på alle fire. Begge skosnorene hadde gått opp så skoa stod omtrent igjen i terrenget!

For framtidig arbeid har eg fått tips om klapperekke, korte og lange økter og at hunden tydeleg var van med å ha ei økt. Så no blir det to :-). Og så må eg i gang med meldetreninga igjen.
Dette har vore to kjempegode brukstreningsdagar. Ekko har arbeidd som ein helt. Kanskje det er for å gjere det godt igjen etter smellet på fredag?!
I alle fall. Full passering og 3 blindslag. Eg er imponert over han som søv på golvet akkurat no.
På slutten av dagen viste Tone og Isi elementa vi må ha med for å kunne baklengskjede ei melding.

Dei to siste bileta er Sviland sett med figurantbriller.

lørdag 28. mars 2009

Kjekt - dumt - kjekt..

Det har vore ei travel veke, men vi har då gjort noko på hundefronten òg. På torsdag var det aktiviseringskurset igjen. Arne er tydeleg og flink så det er veldig kjekt å vere elev hjå han.

Denne torsdagen skulle vi shape for harde livet. For meg blei det ei skikkeleg trening i å klikke i det rette sekundet. Vi fekk tildelt ei eske. Hunden skulle plassere snuten nede i eit hjørne. Gjett ka Ekko ville? Akkurat, ha begge frambeina oppi. Så her måtte eg klikke som ein galning straks snuten nærma seg eska. Labben kom så fort så det var litt av ei utfordring.
Vi fortsette med treninga heime og det går framover, men framlabbane er fort oppi eska. Men vi skal nok greie det, vi òg.

I den andre økta trente eg på å gå bakover og shape Ekko til å gå beint ( det var vel eg som skulle sheipast der...).
Til slutt var det konkurranse: Stafett. Her måtte hund og førar samarbeide. Herleg å avslutte kvelden med latter og show.
---
I går kveld skulle villdyret og eg lufte oss for kvelden. Rett før vi var heime, syns eg at eg såg ein liten hund i det fjerne. Vi gjekk godt til sides, men eg rekna med at det skulle gå bra for Ekko er lite interessert i små hundar. Då dei kom nærmare, såg eg at synet hadde lurt meg i mørkret. Det var FIENDEN til Ekko, ein tollerhann som han meir enn gjerne skulle ha sagt nokre ord. Eg hadde ikkje verdas beste godbitar, vi var på ein tur som sjeldan gjev utfordringar. Alt starta fint. Vi er i posisjon, Ekko får godbitar... Men ikkje godt nok for han fyk ut, eg ramlar overende og slår venstre arm kraftig. Heldigvis har eg eit godt grep rundt bandet så der ligg eg flat på marka med ein bjeffande hund i enden av bandet. Den andre hunden går roleg forbi. Det same gjer eigaren. Han tenkjer vel sitt om kvinnfolk som er for snill med hunden og manglar kontroll, der han går utan å bry seg om korleis eg har det.
Ekko oppdagar etterkvart at matmor ligg i bakken og blir full av omsorg. Eg kjem meg på beina, men er redd armen er skada, er kvalm og svimmel. Akkurat då var han billig, den tosken!

Vel heime slit eg med å få av meg kleda, men det går. Eg testar armen og alt verkar, men fy kor vondt det er!

På morgonturen i dag gjer han òg utfall. Har han stått opp på feil fot i dag? Heldigvis går det av i likaste laget så vi får oss frukost og tur til Melsheia.

... for då kan endeleg kjekke ting skje.

I Melsheia er Anne Lise, Kari M., Marit og Jan Inge. Vi blir einige om å legge lange spor som skal ligge og trene ID-spor medan dei første spora godgjer seg. Eg går det som skal bli Ekko sitt første spor med gjenstandar lagt ut undervegs. Eg la ut to gamle leiker undervegs og ei veldig kjekk på slutten. Resultatet kjem eg tilbake til.

Så var det ID-spora. Vi var einige om å samarbeide slik at vi kunne utnytte alle som figurantar.

Spor 1. Jan Inge det rette sporet. Det går rett fram. Anne Lise det falske. Som vanleg er det såvidt Ekko luktar på votten som skal hjelpe han i veg. Han legg ut i eit tempo eg ikkje har sjanse til å følge. Nasen rett i bakken. Jan Inge hadde lagt ut litt lureri ved å gå på sti ei stund og så svinge brått ut av den. Men her var det ein hund som ikkje lot seg lure. Rett på Jan Inge. Kjempebra jobba, men det hadde jo vore kjekt om førar kunne tatt følge.....

Spor 2. Nå skulle to av spora vere falske. Jan Inge gjekk av til høgre og litt lenger framme gjekk Marit av til venstre. Anne Lise låg som presangen langt der framme. Eg trur eg elskar å terge Ekko med å be han lukte i posen med lukta av Anne Lise fleire gonger. Han blir så herleg fornærma og nekter å lukte. Denne gongen ville han følge Jan Inge sitt spor, men då eg ikkje fulgte med , var han tydeleg på kor han skulle i staden. Fann Anne Lise. Tempoet var nesten til å leve med....

Spor 3. Dette sporet er det som eg la sjøl for nesten 3 timar sidan. Eg var spent for dette hadde ikkje Ekko gjort før. Eg gjekk ned mot sporet. Han fann det sjøl ganke fort og gjekk ROLEG (heilt sant) framover. Nasen i bakken. Til og med dei små svingane mine hadde han inne. Første gjenstand blei plukka opp. Så glad for å levere og få godbit. Gjekk vidare, Ved neste gjenstand stod han bare stille og venta på meg. Så bar den under greiner og mellom buskar fram til slutten. Den var gjev. Den leika bar han som seiersfane fram til bilen! Dette var omtrent perfekt syns eg. Eg skal arbeid meir med gjenstandar framover, men då må eg og tenkje over korleis eg vil han skal melde/levere dei. Eg har nok ein sporhund.

Ei god sporøkt. Gler meg til vi skal begynne med sportrening i bruksgruppa frå måndagen av.

Foto denne gongen: To figurantar på veg innover i skogen. Dea er klar til tusen og det er kanskje Kari òg?

fredag 27. mars 2009

På runderingstrening - foto

I forrige innlegg skreiv eg at eg håpa på bileta til Gro Anita. No har ho sendt nokre av dei til meg. Her kjem eit utval. Dei gjev eit glimt av korleis vi har det på laurdagane :-):
Marit sender Punky ut.
Midtlinesjef, Gro, og Marit ventar på at Punky skal gjere funn.
Ekko er klar til å sendast 50 meter rett ut.
Kari kjente ho blei varm av å arbeide. Dea ventar på matmor.
Eg er på midtlina og snakkar via radio med figurant ute i skogen. Kari ventar på å få lov til å kalle Dea inn.
Dea vakker og veldig dyktig!
Takk for fine bilete, Gro Anita!

lørdag 21. mars 2009

Framgang i runderinga

I dag var det endeleg litt runderingstrening igjen.
Vi var ein fin gjeng som møttest i Skjævelandsskogen. Heile 7 ekvipasjar.

I dag var målet:
  • Springe rett ut
  • framdrift. Dvs kome inn på midtlina ved kommando

For å få han til å springe rett ut ville eg ha hjelp. Det vil seie at det anten kom eit klapp eller ein lyd før han måtte gå nokre steg bakover. Her blei han halden til eg ropte og han passerte. Veldig fine og beine slag!

Framdriften var òg fin. Han kom inn til meg kvar gong.

Neste gong skal eg prøve å utnytte vinden på den eine sida. I tillegg utvikle passering meir.

Ei kjempefin økt!

Etter pausen gjekk eg tur med begge Gro'ane og hundane fekk springe fritt. Vi hadde tenkt oss ei runderingsøkt til, men det viste seg at Karin skulle ha kvelpekurs der kl 14.

Gro Anita fotograferte. Håper ho sender dei til meg slik at eg får litt til bloggen :-).

torsdag 19. mars 2009

Ei annleis veke


Eg har vore gjennom ei veke med mange tankar og sorg.

Då er det godt å ha ein vaksen hund. Ein hund som aksepterer at det er dagar der han ikkje får fokus. Der eit par korte turar er alt. Og Ekko har vore tolmodig og snill. Venta i bilen, under bordet, i hundesenga osv. Det er som om han har forstått at det er sånn desse dagane skulle vere.
I kveld fekk vi oss ein liten tur på stranda før sola gjekk ned. Det var deilig for både tobeint og firbeint. Havet var glatt og våren har begynt.

Heile veka har desse vakre tonane svirra rundt i hovudet. Og i dag blei dei sunge i gravferda. Set deg ned og lytt:

onsdag 11. mars 2009

Freestyle?

Eg trudde vi skulle gå ein vanleg tur i skogen i det fine vårvèret, men så viste det seg at Elisabeth og Faya trente på eit freestyleprogram. Ikkje det at dei sa noko, men eg forstod jo etterkvart. Faya hadde tydlegvis snakka med Ekko for han blei òg med i dansen.
Eg kan ikkje seie anna enn at det var tendensar til framtidige glansnummer eg fekk sjå...
Eg er litt usikker på om all musikken er på plass, sjøl om det verka som dei hadde same takt inni seg. Men kanskje de kan hjelpe med forslag?

Treet Faya
Dei to neste trur eg er til melodien: "Vi lister oss så stilt på tå..."

Det var då eg forstod.....
Faya ventar på kavaleren

Tango for to?
Sjå det blikket!
Nå byr ho opp neste til dans...
Her treng vi meir discomusikk for no er pardansen slutt
The winner takes it all...
It's rock'n roll... (dette hoppet kom litt fort på meg)
Og Ekko takkar damene for dansen (spesielt ho som lukta ekstra godt i dag)

søndag 8. mars 2009

På runderingskurs

Bruksgruppa i retrieverklubben inviterte til runderingskurs for oss som hadde jobba litt med rundering denne veka. Instruktør på kurset var Tone Larsen frå Norske redningshundar.

Kurset tok 6 ekvipasjar og vi var blant dei.
På måndagen var det teori. Veldig spennande og lærerikt. Det var så mykje å lære av gode tips at eg håper vi i fellesskap greier å hugse det meste.

Her er noe av det vi lærte teorikvelden:
  • Belønningen er VELDIG viktig. Hundane skal omtrent villa gå gjennom ild og vatn for den. Finn fram til den optimale belønning for akkurat din hund.
  • Figurantarbeidet er viktig. Det er ofte ikkje bare å sitje ned og mate hunden som er det kjekkaste hunden veit. Det er viktig at hundeeigar seier kva hunden liker.
  • Jobb med figurantinteresse på hundar som er vanskeleg å belønne/ ikkje er så interessert osv
  • Hundane skal varmast opp før start. Det vil seie at du tar hunden ut 10-20 minutt før det er din tur og går/ spring lett med han slik at musklane er varma opp
  • Etter runderinga skal du la hundane gå roleg tilbake til bilen. No skal dei trappe ned før kvile.
  • Det er viktig å trene hundane mentalt og fysisk for dette er eit arbeid som både tar på den fysiske kondisjonen og er hjernearbeid for hunden.
  • Lausbittet må vere på plass utanfor søket før du tar det inn i søket. Hunden må ikkje risikere at den ikkje får belønning for funn av folk fordi den slepp lausbittet for tidleg. Vi fekk nokre tips om korleis vi skulle holde lausbittet under trening og koss vi skulle lære inn overgangen til fastbitt.
  • Før blindslag bør hunden kunne springe ut utan påverknad og kunne passering.
  • Vi diskuterte òg korleis vi skulle få til framdrift i søket.
  • ... og mykje meir :)

Eg begynte alt då å gle meg til helga. Nå skulle vi få prøve ut med eigne hundar og få tilbakemeldingar på arbeidet. Kjenner jo av og til at vi leiter litt i "blinde".

I helga hadde dei meldt om drittvèr. Gro garderte og fiksa telt frå jaktgruppa. Takk til dei! Som de ser av bileta var veret ganske så fint, men det var kaldt.

Tone hadde tipsa oss om å gje hunden ein del vatn om morgonen før vi drog på treninga. Ekko drikk ikkje vatn bare fordi eg seier det, men med tipset frå Tone, gjekk det fleire desiliter ned på 1-2-3. Tipset er enkelt: Ta litt leverpostei (eg tok litt blodpuddingbitar denne gongen) i vatnet. Dette skulle sikre oss at hunden i alle fall hadde veske innabords før hardt arbeid.

Vi starta dagen med kaffi og innleiing av Tone. Ekko blei hund nr 1 som skulle i ilden. Vårt mål var å få han til å springe 50m rett ut og få til framdrift på tilbakevegen.

Sidan terrenget var nytt og eg hadde opplevd at han var passe uinteressert siste gongen, starta vi med påverknad. Det kom eit klapp frå skogen. Ekko sprang fint ut og gjorde funn. Etter ei stund fløyta eg han inn. Då hadde eg flytta meg lenger fram i terrenget enn der han skulle springe over til neste. Dette var for å få ekstrahjelp i forhold til framdrift. Ekko kom fint inn til midtlina, men sprang dei første gongene beint tilbake til "start", men begynte etterkvart å kome på skrått. Bra!

På bilete ser vi Marina sitje på huk for å markere for Kira at ho ikkje skal springe over på den andre sida, men kom inn til matmor. Dette fungerte veldig bra på både henne og Ekko.

Vi fekk òg prøvd oss på passeringstrening. Ekko stod der han skulle sendast ut, det kom eit klapp frå skogen, eg tok han med meg bakover på motsatt side (der han kom frå på veg inn). Her blei han halden av ein av dei andre. Eg gjekk nesten tilbake til utgangspunktet, ropte på hunden og begynte å gå mot der han skulle krysse over og sa "runder" akkurat då han fòr forbi meg.

Rett før pausen fekk vi sjå Isi og Tone i aksjon. Dvs eg fekk sjå litt av det for eg var figurant, men eg blei funnen og fekk med meg resten. Og det var fasinerande å sjå ein hund som sprang fort frå side til side. Her var det ei som ikkje hadde tenkt å gje opp før ho hadde gjort funn!

I pausen fekk eg tips om at eg kanskje heller skulle rope eller bruke fløyte+ klapp/rop på innkalling. Dette fordi fløytelyden ikkje er lett å lokalisere i skogen. Eg kunne visst tenke på å begynne med blindslag. Framover skal eg trene på enkeltslag, innkalling (altså framdrift) og passering. Viktig at han fekk prøve ulike terreng.

På slutten av dagen måtte eg gå litt før dei andre. Det viste seg at Tone måtte ut på oppdrag så ho òg måtte avslutte litt brått. Leiteaksjonen visste seg å vare og vare, sjå aftenbladet. Derfor er siste kursdag utsatt.

Dei som var med: Marina & Kira, Gro & Lotta, Gro & Maja, Torun & Easy, Anne Lise & Scotty, eg & Ekko.