Denne torsdagen skulle vi shape for harde livet. For meg blei det ei skikkeleg trening i å klikke i det rette sekundet. Vi fekk tildelt ei eske. Hunden skulle plassere snuten nede i eit hjørne. Gjett ka Ekko ville? Akkurat, ha begge frambeina oppi. Så her måtte eg klikke som ein galning straks snuten nærma seg eska. Labben kom så fort så det var litt av ei utfordring.
Vi fortsette med treninga heime og det går framover, men framlabbane er fort oppi eska. Men vi skal nok greie det, vi òg.
I den andre økta trente eg på å gå bakover og shape Ekko til å gå beint ( det var vel eg som skulle sheipast der...).
Til slutt var det konkurranse: Stafett. Her måtte hund og førar samarbeide. Herleg å avslutte kvelden med latter og show.
---
I går kveld skulle villdyret og eg lufte oss for kvelden. Rett før vi var heime, syns eg at eg såg ein liten hund i det fjerne. Vi gjekk godt til sides, men eg rekna med at det skulle gå bra for Ekko er lite interessert i små hundar. Då dei kom nærmare, såg eg at synet hadde lurt meg i mørkret. Det var FIENDEN til Ekko, ein tollerhann som han meir enn gjerne skulle ha sagt nokre ord. Eg hadde ikkje verdas beste godbitar, vi var på ein tur som sjeldan gjev utfordringar. Alt starta fint. Vi er i posisjon, Ekko får godbitar... Men ikkje godt nok for han fyk ut, eg ramlar overende og slår venstre arm kraftig. Heldigvis har eg eit godt grep rundt bandet så der ligg eg flat på marka med ein bjeffande hund i enden av bandet. Den andre hunden går roleg forbi. Det same gjer eigaren. Han tenkjer vel sitt om kvinnfolk som er for snill med hunden og manglar kontroll, der han går utan å bry seg om korleis eg har det.
Ekko oppdagar etterkvart at matmor ligg i bakken og blir full av omsorg. Eg kjem meg på beina, men er redd armen er skada, er kvalm og svimmel. Akkurat då var han billig, den tosken!
Vel heime slit eg med å få av meg kleda, men det går. Eg testar armen og alt verkar, men fy kor vondt det er!
På morgonturen i dag gjer han òg utfall. Har han stått opp på feil fot i dag? Heldigvis går det av i likaste laget så vi får oss frukost og tur til Melsheia.
... for då kan endeleg kjekke ting skje.
I Melsheia er Anne Lise, Kari M., Marit og Jan Inge. Vi blir einige om å legge lange spor som skal ligge og trene ID-spor medan dei første spora godgjer seg. Eg går det som skal bli Ekko sitt første spor med gjenstandar lagt ut undervegs. Eg la ut to gamle leiker undervegs og ei veldig kjekk på slutten. Resultatet kjem eg tilbake til.
Spor 1. Jan Inge det rette sporet. Det går rett fram. Anne Lise det falske. Som vanleg er det såvidt Ekko luktar på votten som skal hjelpe han i veg. Han legg ut i eit tempo eg ikkje har sjanse til å følge. Nasen rett i bakken. Jan Inge hadde lagt ut litt lureri ved å gå på sti ei stund og så svinge brått ut av den. Men her var det ein hund som ikkje lot seg lure. Rett på Jan Inge. Kjempebra jobba, men det hadde jo vore kjekt om førar kunne tatt følge.....
Ei god sporøkt. Gler meg til vi skal begynne med sportrening i bruksgruppa frå måndagen av.
Foto denne gongen: To figurantar på veg innover i skogen. Dea er klar til tusen og det er kanskje Kari òg?
3 kommentarer:
Så kjekt at sporå gjekk bra da. :-) Du trengte det itte to dumme episoder. Håper armen din blir fort frisk igjen.
Ecco du har blitt en skikkelig flink sporhund!
jeg synes du skal fortsette å holde deg til det i sedenfor å dra hu matmor overende!!
Eg prøve så godt eg kan, Punky, men av og til bare må eg. Den der tolleren e heilt ufyselege syns eg. Men eg syns det var dumt at mor ramla. Prøvde å trøste henne heile kvelden,men hu ville ikkje ha trøst. Så derfor måtte eg jobbe ekstra hardt både på lørdag og sundag sånn at hu forstod at eg er jysla kjekke egentligt.
Ekko.
Legg inn en kommentar