fredag 6. mars 2009

Badetur med mor og ID-spor

Nå har matmor mi snart overtatt heile bloggen så nå må eg gjer noko.

I dag har eg vore på tur med den skikkelege mor mi. Vi har bada. Det var ganske deilig, men mor Alpha syns det var i kaldaste laget for ein symjetur. Ho er blitt ei pyse på sine gamle dagar. Matmor mi likte at eg bada for nå luktar eg visst godt.
Vi har sprunge og herja. Skogen var full av pinnar som vi kunne kappast om. Kjempekjekt! Matmor og eg trente på jaktinnkalling. Det likte eg! Stiligt å sjå henne springe i full fart bortover stien. Eg var redd ho skulle ramle og slå seg, så eg sprang etter i full fart. Måtte jo vere nær om noko skulle skje.

Etter turen måtte Alpha i bilen. Eg fekk gå eit lite stykke i band. I mellomtida forsvann dei 3 andre vi gjekk tur med. Og dei som er så kjekke! Heldigvis hadde ei av dei gløymt lommetørkle ved skogen. Då var det bare å sette farten opp og kome seg avgarde. Matmor prøvde visst å seie noko, men eg hadde ikkje tid å vente på den sinka. Matmor til Alpha hadde tatt med seg den rosa grisen min då ho gjekk inn i skogen. Ho er jammen rar. Men eg fann både henne og grisen.

Etterpå sa matmor at eg hadde vore veldig flink for alle tre hadde gått inn i skogen og eg hadde fulgt det rette sporet. Flink er eg jo, men dette var bare barnematen. Det var jo ho som hadde mista lommetørkle, og då var det jo til henne vi måtte for å levere det tilbake.

Nå må eg sove for eg skal visst på kurs i morgon.
Stort gjesp frå Ekko

2 kommentarer:

Anonym sa...

Levere tilbake lommetørklet du liksom. Eg vett du viste det va hu så hadde den rosa grisen.

:-)

Ska du på kurs på mandag og??

Anonym sa...

Hysj, Faya! Treng du røpe meg? Matmor trur at det var lukta frå lommetørkle som gjorde at eg fann henne, men det var jo ikkje henne eg leitte etter. Eg kjente lukta av "Lille rosin" lang veg. Og eg hadde jo ikkje tenkt at nokon skulle stikke av med den. Altså sprang eg så fort at matmor nesten ikkje kunne følge med :)