søndag 30. november 2008

Nå har eg papir på det...

Denne helga var det siste samling på hundeinstruktørkurset. Altså eksamenshelg. Helsa har spela meg eit puss i det siste så eg var spent.
Laurdagen starta med å gjennomgå ei oppgåve vi ikkje blei ferdig med på forrige samling, nemlig forslag til korleis vi ville lage eit opplegg for eit kvelpekurs. Dei meir erfarne, Christin og Siri, var på same gruppe og kom med eit forslag som eg verkeleg håper Arne prøver ut.

Så var det skriftleg eksamen. Eg hugsa ikkje kor lenge den varte, 2-3 timar?, men det var i alle fall ein del å skrive og tenke på. Etter det var det å trekke i hatten ei oppgåve eg skulle skrive undervisningsopplegg til. Eg fekk i oppdrag å undervise i "ligg - legge seg". Ingen av oss rakk å undervise på laurdagen, men opplegget blei skrive ferdig.

I dag var det praksis, praksis, praksis heile dagen. Så fekk hundane lite å bruke hjernen på i går så har dei tatt det igjen i dag. Ekko var populær demonstrasjonshund så han var stadig i ilden. Sjefen sjøl syntes vi var flinke både i teorien, til å undervise og å vise ka hundane våre kunne så alle smilte då dagen var omme :-).

Nå er den tobeinte heilt utslitt og den firbeinte syns hjernen har vore mykje påskrudd så begge har tenkt å kvile i kveld. Nå skal vi nyte at vi greidde det!!

fredag 28. november 2008

Eit tomt hovud og ein snill hund

Ekko har vist seg frå ei omsorgsfull side i det siste. Eg orkar svært lite og greier ikkje å halde fokus meir enn eit par minutt. Han har godtatt at det bare har blitt nokre småturar og svært lite hjernetrim. Til gjengjeld har han passa godt på meg når eg har sett meg i sofaen for å slappe av og halvsove. Då har eg fått kos og eit hovud i fanget.

Men vi har då gjort litt.
Onsdag var vi på tur rundt Mosvatnet med Pia og Era. Då blei han rundvaska av Era. Han trengte det visst... Guten såg ut til å like det han ;-)

I går var det trening med gjengen. Og denne gongen kom òg Anne og Thelma. Jippi!
Gro og eg trente saman. Eg ville trene på lausbittet. Ekko har tendens til å setje seg framfor meg (dvs går rundt, men set seg ein meter framfor meg) når han kjem inn med lausbittet.
Gro stilte seg opp 4-5 meter frå meg, hadde lausbitt i handa og leika gøymt.
Ekko blir sendt ut, kjem fint inn, set seg ved meg, eg tar på bandet og lar han springe fram til Gro som er topp å leike med.
No er hunden gira. Neste forsøk slit han litt med å finne plassen sin i utgangsstilling, men greier det. Ny leikerunde.
Tredje runde: No er Gro så spennande at han gjer som tidlegare, dvs går rundt meg og set seg 1 meter framfor meg (nærmast muleg figurant). Eg feiler han og jammen rygger han bakover med lausbittet i munnen og vips var han ved sida mi.
Etter kvilepausen fortsette vi på same måten. Gjekk bra. Vi får prøve med litt lenger avstand seinare.
Tredje økt var det fri ved foten. Her mangla han intensitet. Verka litt trøytt. Eg måtte gå fort for å få litt glød i han. Premierte litt med leik og det hjelpte. Men det tok ikkje lang tid før han mista fokus igjen.
I den siste økta arbeidde vi kvar for oss. Eg fortsette med fri ved foten og litt target.

På slutten gjekk vi tur. Vi er ein fin gjeng. Era som i blant må fram og vaske Ekko litt, ta seg eit lite bad og sjarmere Scotty. Scotty, som har eit tungt anker hengande bak, i alle fall trur eg han syns det av og til ;-). Det gjekk altfor seint framover i følge han. Pia som hopper hit og dit og brått fyk ut til høgre. Ho hadde lært av Ekko forige veke. Eit kjapt rykk i bandet og full tyngde i ein retning og du er fri.. Trur dei andre hundane tenkte: Koffor kom ikkje vi på den der? Det lukta jo intenst akkurat her. Maja, som brått fann det for godt å setje seg stille bak ein busk utan å ville gå derifrå. Og Ekko som sjekka ut om det var lov å snuse Maja i rompa og som òg syns tauet er for kort og dei tobeinte går for seint.
Og innimellom går dei alle eksemplarisk ved sida av oss og kvarandre ;-)

tirsdag 25. november 2008

Vi greidde det!

Eit litt dårleg bevis, men dei kvite flekkane er altså fiskekakebitar. Ein på nasen og ein på kvar labb. Eg syns Ekko var råflinke som greidde å halde seg i ro sjøl om eg skulle finne mobilen og ta bilete. Han snur litt på hovudet, men held seg rank.

Dette hadde eg ikkje trudd vi skulle fikse så fort. Men ka finn ein ikkje på ein kald kveld og ein uroleg hund? Jo arbeid som krev mykje av han og lite av meg ;-).

Elles har vi trent litt på den der ufyselege klotanga. I fleire dagar har eg ikkje fått ta i labbane, men i kveld har han fått klikk og belønning for at eg har tatt på dei og klemt litt. Rart kor fort det gjekk tilbake til nullpunktet då eg klipte feil. Men fiksa vi fiskekake på nasen, må vi vel fikse dette òg.

lørdag 22. november 2008

Svart på kvitt

Som de forstod av forrige innlegg, så har det vore rundering i dag. I tillegg til å vere figurant, var eg leiar for ekvipasjen Aud Venke og Ekko. I tillegg til oss var Kari & Evita, Kari & Dea og Marina & Kira aktive denne vakre dagen.

Eg hadde bestemt meg for å kjøre enkeltslag. Vinden var slik at det var mykje fert på den eine sida av midtlina. Ekko var gira på vegen frå bilen til starten. Tenkte at dette kunne gå heilt galt. Og på første slag spring han mot skogen. Harespor, tenkte eg. Men så var det som om han tenkte: Å ja, eg er jo på jobb. Han retta seg opp og sprang rett på Marina.
Neste slag var mot vinden, altså enkelt tenkte eg. Her måtte han ha oppdukk, men då sprang han rett på.
Tredje slaget var veldig bra. Han sprang rett ut, men forbi figurant. Då fekk han henne i ferten og snudde momentant.
Fjerde slaget var mot vinden igjen. No var det tydeleg at figurant var i nasen hans for han greidde nesten ikkje setje seg. Heile kroppen var klar til å springe. Rett ut. Flott.
På femte slaget hadde vi passering. Dvs at Kari, som var på midtlina, holdt Ekko igjen. Eg gjekk nokre meter mot figurant. Sa: "Runder" og Ekko passerer meg fint på veg ut. Eit flott utført slag.
På sjette slaget sprang han ivrig ut, men fekk tydeleg ikkje ferten av figurant. Han søkte då bakover, men kom fort inn då eg fløyta. Dette rota han med to gonger før vi bestemte oss for eit oppdukk. Trur vi skulle ha sjekka vinden betre på den sida. Vi tok det som sjølvsagt at den sida var enklast, men det var her han hadde størst problem.
På sjuande slaget var det tydeleg at han var trøytt. Han hadde ikkje same energien i avsparket. Men han fann Marina og eg var blitt varm av å springe ut og hente han heile tida. Slitsomt med enkeltslag.

Dette er første gongen vi har kjørt så mange enkeltslag etterkvarandre. Og det i snø som fleire hundar blei ganske så forstyrra av ( alle dei gode luktene undervegs). Eg er nøgd. No er det å arbeide med lausbittet slik at det kan brukast.

Etter runderinga tok eg Ekko med på fototur. Kjempekjekt syntes han. Han trente meg til og med til å fotografere og kaste snøball samstundes! Så her er han: svart på kvitt.

Vakre Ekko

Av og til litt djup snø

Ka er bakom her?

Kor skal eg springe?

Eg tok 'an!

Denne òg!

Denne tar eg!

Er det snøballkrig du vil ha?

Eg elskar å hoppe.

Ropte du? Eg komme!

I farta.

Her er eg.

Ein figurant ser dagen frå sin vinkel

Det er nokre dagar det ikkje er så aller verst å ligge stille og vente på at ein hund skal finne meg. Dette er Bore 22.november 2008:







fredag 21. november 2008

Oops! He did it again....

Eg drog tidleg til området i dag. Hadde tenkt å ta litt snøbilete og leike med dyret. Det begynte godt....

Ekko koser seg i snøen

Kjempekjekt med fart.
Hm.. her luktar det spennande
Her er villdyret på veg langs gjerdet for å finne det svake punkt... Og det fann han... Ved porten er ikkje gjerdet tett. Fløyte og rop prella av. Han var på jakt. Då eg skulle legge spor etterpå, såg eg hare/kaninspor så det var vel det som blei for sterkt. Han kom heldigvis tilbake.
Då eg hadde roa meg og dei andre var komne, innsåg vi fort at det ikkje blei normale treningstilstandar. Her måtte vi ha hundane i langline. Dei var gira alle tre. Snø, snø, snø!
Eg trente på:
  • Holde fast. Trener på å få Ekko til å bruke bare bakpart. Fanny gjorde meg merksam på at han brukte mykje frambeina. Han held godt så det krev si kvinne å gje motstand. Brukte drakamp gjennom alle øvingane.
  • Apportering. Han henta apporten og avleverte, men sekundet etter er fokuset i snøen. Vanskeleg å få han til å halde fokus.
  • Utgangsstillingen. Her jobba han godt sjølv med feilmeldingar. Ingen lyd i dag.
  • Fri ved foten. Her jobba han òg godt. Torhild gjekk bak og hadde kontroll på bandet. Ganske festleg då eg begynte å springe ved avlevering av godbit.
  • Og siste utfordring var spor i snø. Eg hadde gått eit langt spor på kryss og tvers i skogen. Det låg ingen godbitar i sporet. Undervegs mista eg (ufrivillig) ei vott. På slutten låg det to-tre godbitar. Sporet låg mellom 2 og 3 timar før han gjekk det. Spennande å kunne sjå akkurat kor eg sjølv hadde gått. Ville han følgje sporet korrekt? Svaret på det er tja. Han forsvann litt ut i starten. Såg dei berømte harespora like ved sida av litt akkurat då. Men stort sett gjekk han fint i sporet. Det kom vinddrag i blant. Og som god overvèrshund, ville han ta snarveg til sporet mitt lenger inne i skogen. Men det gjekk lett å få han innpå. Eg plukka merkebånd langs vegen. Noko han oppdaga og prøvde på det same ;-) (eg hadde visst plassert dei i passe høgd). Brått stoppa han og begynte å grave i snøen. Fram kom hansken min! Premie! Så vandra vi vidare til slutten. Her blei det ei lita feststund. Eit kjekt spor å gå. Men kor langt det var? Over 500 meter i alle fall.

Anne Lise og Scotty koser seg i snøen

Era er klar for apportering. Her sit ho saman med Anne Lise og ventar på kommando frå matmor.

Eg er på veg

Obs! Eg blei ivrig. Ville så veldig til matmor at apporten blei igjen i snøen -------------
Her er noen glimt av det vakre vinterlandskapet vi hadde rundt oss:

Tøffe damer, glatte vegar og fritt vilt.

I løpet av torsdagen, gjekk regnet over til noko kvitt. Mystiske greier syntes Ekko. Han måtte ut på terrassen for å sjekke saken. Jippi! Her trengte ein ikkje vass-skål. Dette var jo etande.

Eg sendte SMS til treningsvenene. Tenkte at dei kanskje var skremde av alle meldingane om glatte vegar. Men ikkje desse damene! Her var det ikkje snakk om å skulke treninga. Skodd med alt frå sommardekk til piggdekk stilte matmødrene til Evita, Scotty, Era, Maja, Ekko og Pia.

Det var koseleg å trene medan snøen lava ned.

Innkalling
Kari og eg trente saman. Vi starta med innkalling og drog inn i ein liten skog for å gjere det litt spennande for dei firbeinte i mørkret. Ekko kom som ei kanon. På siste innkalling fekk han vinne leika. Med det resultat at han tok seiersrunden og eg måtte nytte meg av "pølsesamtalen" for å få han interessert i det same som meg. Og metoden verka!

Utgangsstillingen.
Han må ha kommando på første. Set seg fint. Kjem seg i utgangsstiling etter det. Må ha nokre feilmeldingar, men har mange fine. Ekko lagar klynkelydar når han trener på dette. Er det ein måte å snakke på? Smerter? Eller er det dødskjedeleg??

Fri ved foten
Her var Kari til kjempegod hjelp. Ho gjorde meg merksam på når han hadde hovudet høgt og fin stil. Pluss at vi såg at då eg snudde, var han perfekt ved sida av meg på tredje steg. Han treng litt tid på å snu. Det trur eg at blir fiksa av seg sjøl, men eg må vere forsiktig så eg ikkje heile tida premierer på same stad. Men han er altså perfekt akurat då og så er det å få det over på stega vidare. Held eg farten oppe, blir iveren og stor så det er kjekt.

Stå med avstandsbelønning.
Flotte frivillige stå når Kari hadde godbitar i handa eit stykke bak han. Til tider var det så sterkt at han nesten ikkje ville gå med meg. Men når han gjekk, var han veldig ivrig.

Møte med ukjent hund
Midt i treninga blei det uro i gjengen. Det var ein ukjent hund blant oss. Og den var fri. Og den hadde retning mot Ekko! Men det var ein flink hund (trur det var ein ridgeback hann). Han stod heilt stille og lot Ekko sjekke han ut. Eg holdt Ekko i laust band. Til slutt fekk han lukte på Ekko og gjekk roleg vekk. Og eg pusta letta ut ;-)

Tur eller var det jakttid?
Vi begynte på den rolege turen vår etter treninga. Alle hundane var gira av snø og lukter. Ekko drog ein del i bandet, men eg fekk han stort sett inn igjen. Men brått blei eg dratt avgarde. Mine forsøk på å stoppe han, trefte lukka øyrer. Eg slapp bandet. Han plar alltid kome på plass då. Ikkje i dag. Vi såg ein hund med nasen i bakken i fullt firsprang inn i skogen. Her var det ein som var på jakt. Eg fløyta og fekk den perfekte innkomsten. Det var bare det at han ikkje stoppa ved meg, han fòr forbi. Begynte å bli litt bekymra, men så dukka han opp og spornasen var ikkje så intens. Då oppfatta han innkallinga mi.
Han fekk seg i alle fall solid kveldstrim!

Så kjørte vi sakte heimover..


Slik såg det ut her på morgonkvisten

onsdag 19. november 2008

Nå hugsar eg kvifor rygging er dumt..

Aller først: Neste utfordring skal bli vanskelegare, eller er det bare hundane våre som er så finke.?!

Torhild har sendt videosnutt der Era har godbit på begge beina. Anne og Thelma har beviset her. Gro meldte frå i går kveld at oppdraget var utført. Godt jobba alle seks! Eg prøver å legge godbiten på nasen til Ekko. Det likte han ikkje, men vi skal nok få det til. Tenk godbit på beina og på nasen medan vi går rundt hunden? Utan avstandsbelønning i handa.... Den tar du vel kjapt, Elisabeth?

--

I går begynte Ekko å rygge og i dag hugsa eg kvifor eg stoppa treningen på det for eit år sidan... Gjett ka han tilbyr kvar gong han skal trene? Akkurat - rygging. Men eg vil jo trene på utgangsstillingen, fri ved foten, burleiken og dekk!

Har brukt litt tid i dag på "fri"-kommandoen. Han trur det betyr å kome bort til meg og setje seg ned. Ja, ja. Eg kan jo leve med det. Men så var det ein kommando på at treninga er slutt? Det er ikkje lett å forklare eit treningsgira dyr det. Han syns vi skal trene mykje meir enn vi gjer. Difor blir det stadig eigentrening på han. Mykje burleiken og diverre ein del rygging som blir avslutta med bjeffing i frustrasjon.

Og så har eg tenkt og tenkt på belønningskvalitet. Kor mange alternativ har eg? Leik og godbit. Ja vel. Men har eg andre? Og har eg ulike måtar å tilby leik eller godbit? Hundane skal jo tape ein del på å feile, altså må det dei vinn med å anstrenge seg, vere veldig bra. Kanskje det er neste utfordring? Kom med mange belønningar vi kan bruke.

tirsdag 18. november 2008

Eg er imponert!

Dette var kjekt. Eg hadde så vidt sendt ut utfordringa før første tilbakemelding kom:
SMS frå Kari og Evita:
To gonger rundt, satt på huk med ryggen til og siste gang gikk jeg ut av syne 1/2 sekund (jeg har trent litt på dette innimellom).

Neste par ut var Silje og Pia. Dei sendte fotobevis.
Elisabeth og Faya har lagt inn film i bloggen sin som bevis.

Så no ventar eg spent ka som blir tilbakemeldinga frå dei som har meldt frå om at dei skal sjå på saka...

Utfordringa var enkel forstår eg. I alle fall eit bevis på at viss vi veit ka vi skal trene på, er lite til hinder for at hunden skal få det til.

Vi tar tak i utfordringane

Gjengen som møtte på trening i går, var skikeleg motiverte etter helga. Vi hadde fått mange tips som vi ville utvikle vidare. Diverre var kvelden mørk og til tider våt, så det er ikkje alltid like lett å sjå kor godt ein svart hund jobbar ;-)

Utgangsstillingen
Ekko arbeidde ei økt med utgangsstillingen. Eg ville teste det ut no etter ein del trening heime. Han måtte feilast i blant og rettar seg då fint opp. Det å kunne seie "feil" og oppleve at han tar utfordringen er nytt for meg. Men det var lett for han å lære inn. No må eg få til fleire rundar med 10/10 ( ti rette av ti forsøk) heime og så gje han mange utfordringar på dette ute. Då reknar eg med at eg snart har utgangsstillingen på plass.

Fri ved foten
Neste økt var fri ved foten. Han går fint når eg rygger, men hadde for lang avstand til meg då eg snudde og gjekk framover. Etter to økter med dette, var det tydeleg at Ekko framleis var sliten etter helga. Han mista fokus mange gonger. Han hadde ikkje fleire økter.

I dag har vi vore på tur med Pia. Dei to hundane er heilt gira i lag. Begge inviterer til leik i eitt sett. Rart å sjå på dei, men altså ikkje heilt praktisk når det er tur i bånd rundt Mosvatnet... Vi gjekk over gangbrua i Tjensvoll-krysset. Ekko går den galant no. Han snudde seg og såg forundra på Pia som jobba hardt for å våge dette nifse. Han hadde heilt gløymt at dette var kjempenifst for eit års tid sidan. Men eg har funne ei trapp som fekk han til å bli like skjelven som Pia, så...... Pia kom seg over, sprang den siste meteren og fekk full jackpot av både Silje og meg. Ekko og Pia åt forresten av handa til Silje - samstundes -! Og det ei Pia som ikkje har likt når nokon tar godbitane hennar. Kjempebra!

Fellesdekk/ liggeleiken
Her heime har vi trent på "liggeleiken" som Marit kallar det. Altså bli liggande same ka til neste kommando. Tenk deg ein matglad hund som får lagt ein karbonadebit på kvar labb.... Eg gjekk bak han, kom fram, sette meg og plukka opp godbitane før han fekk dei. Spennande syns eg. Og no utfordrar eg lesarane til å prøve det same. Og eg vil gjerne ha ei tilbakemelding på om de fekk det til eller ..... .

Rygging
Ekko var for eit år sidan glad i å rygge nokre steg. Eg har ikkje premiert det for det blei så slitsomt. Men no begynte eg igjen. Han rygger 5-6 steg, men ganske skeivt. Vil ha tilbakemeldingar frå dei som var på Thomas si gruppe før eg arbeider vidare med den.

Buret
Eg bruker stoffburet som pausestad. Tok med meg idéen om å markere pausetida på det viset. Han spring frivillig inn der.
På slutten av treninga tenkte eg at han skulle få ei ny utfordring. Eg la ein godbit ved sida av buret, men i synsvinkelen hans. Så sa eg kommandoen "fri". Han prøvde seg ein gong, men måtte inn igjen. Neste gong kom han direkte til meg på "fri" og sprang til godbiten då eg sa "versegod". Tredje gongen han låg i buret, godbiten låg rett utanfor og eg sa "fri", begynte han å grine. Dette var visst i sterkaste laget. Eg tenkjer at han no var i modus for avstandsbelønning, men fekk altså ikkje den kommandoen han trudde han låg og venta på. Eg trur ikkje frikommandoen sit enno så eg skal trene meir på den. Guten skal ha den at han tok ikkje godbiten før eg sa versegod i alle fall.

Utfordring til deg!
Til slutt gjentek eg utfordringa: Greier du å få hunden din til å ligge i ro med ein godbit på begge framlabbane mens du går rundt han/ho?

søndag 16. november 2008

Bort med snillisme og inn med krav!

Er det nokre som trur at eg er litt sein i avtrekkaren og les Rune Gerhardsens kamptalar nokre år forsinka, så tek de feil. Eg har vore på kurs med Fanny Gott.

Denne helga har Fanny Gott og Thomas Stokke frå Klickerklok hatt kurs med 12 ekvipasjar og fleire observatørar. Ekko og eg var aktive deltakar. Eg var på den gruppa som fekk Fanny som instruktør.

På laurdagen hadde vi ein presentasjonsrunde der vi skulle seie noko om måla våre og ka vi ville jobbe med. Var ikkje heilt førbudd på å ha tenkt gjennom ka eg ville jobbe med. Tenkte vel eg kom til eit ferdig program. Men etter som presentasjonen gjekk framover, var det tydeleg at det var bruksfolket som sat her. Og det Fanny oppsummerte med og som vi alle trena på, var kjempegreit for meg. Ho tok oss allereie då ei lita stripe for at vi set oss for låge mål.

Burleiken
Første utfordring var burleiken. Eg var litt spent på den for Ekko har eit litt traumatisk forhold til bilburet. Han har blitt mykje betre i det siste, så eg var, som sagt, spent. Stoffburet vi har på kjøkkenet, er han godven med så eg reknar med at det bare er litt innsats så er burleiken på plass òg i bilburet. John tok fleire bilete av oss under treninga. Kjempekjekt. Dei skal eg bruke ved eit seinare høve, men her er han i alle fall frivillig liggande i buret.

Vi brukte mykje av pausetida til å trene han inn i buret. Det var på veg til å bli svært så negativt. Eg bestemte meg då for å la han gå i bilen mellom kvar økt på sundagen. Dette er noko han er trena på, så det gjekk greit. Men eg skal trene inn at han spring frivillig inn i buret på treningsplassen etterkvart. Ei skikkeleg praktisk øving å ha med seg.

Vi trente saman med Karin, John og Trofast. Trofast hadde tydeleg vore på kurs før, så han kunne det der med buret.

Øktene skulle vere på 3 minutt. Der er ikkje eg flink på treningsplassen. Blir fort for lange økter.

Fri ved foten
Neste treningsutfordring var fri ved foten. Første del var kjent for Ekko, nemleg å gå framover når matmor går bakover. Men så kom det nokre oppgåver som eg må trene på. Gå bakover med lange steg. Altså som om eg går fri ved fot framover. Eg kan gjerne halde eit høgare tempo enn det eg har tendens til (hm.. trur eg har høyrt den kritikken av Arne òg...). Når hunden ser på meg (det treng ikkje vere augekontakt) og går beint, klikker eg og premierer med godbit ved mi venstre side. Eg set òg opp farten slik at han må springe for å nå godbiten. Det var ei kjekk øving.

Etterkvart skulle eg bare premiere når Ekko såg mot venstre sida mi, så at han gjekk nære den. Deretter skulle eg vende (anten på den tradisjonelle måten, eller ved å ta eit steg mot høgre og gå framover). Eg prøvde med den nye. Gullguten gjekk strålande ved sida av meg. Trur all treninga på klossen har gjort han mykje meir medviten om bakparten sin.
Det som er viktig er at eg har trent på å få han til å gå beint, kontakten og attitude (utstrålingen, stilen) FØR eg vender. Det er jo greit å trene dette når hunden er framfor. Då ser eg han jo.!

Fellesdekk
Fanny brukte å trene inn fellesdekk aleine, utan alle hundane på plassen. Det ho starta med er å gjere hunden stødig på kommandoen "dekk/ligg". Startar med å få hunden til å legge seg, så litt omvendt lokking, gå i frå, få andre folk til å snakke til den, lokke, ta i bandet osv osv. Det er bare fantasien som stoppar ka vi trener på. Hunden skal til slutt kunne ligge stille heilt til han får ny kommando. Ekko kom til at eg kunne friste med ei leike utan at han skifta posisjon. Og det var til og med den nye, kjekke leika. Nøgd med den.

Eg måtte gå før tida på laurdagen, så etter at eg hadde reist var både klossen og innkalling på tapetet. Heldigvis skulle Squid(kvelpen til Fanny) få seg ei økt med "klossen" på sundagen. Den har eg filma.

Sundagen starta med fleire spørsmål og svar. Eg lurte mellom anna på korleis dei brukte "fri" som kommando. Hjå Fanny tyder det: Du kan nå gå ut av posisjonen. Hundane plar få ein godbit når dei gjer det. Denne deler ho ut ved sida si, altså kjem hundane ofte fram til henne når dei er ferdig med elementet dei var i. Ho bruker nok meir "versegod" når det er lov å springe fritt, spise godbitane langs bakken osv.
Vi bør tenkje gjennom ka det er vi vil ha kommando på. Ka treng du? Td er det jo praktisk at ein hund kan tisse på kommando. Ikkje alltid vi har tid til å vente til den finn den rette busken... Leiker skal til dømes ikkje takast før kommandoen "ta den" kjem.

Eg fekk nokre tips om det å trene inn pinnane i sporet. Skriv om det når eg skal begynne på det i treninga vår.

Når hunden ikkje gjer det som er rett, den slurvar kanskje. Ka då? B Bailey sa visst at vi skulle stille oss to spørsmål:
- ka tener hunden på å gjere rett? (belønningskvalitet..)
- ka kostar det å gjere feil? (Tapar hunden noko særleg. Eller tener han det fort inn igjen?)

Eit anna spørsmål er jo om det eg gjer fører til at det blir betre? Viss ikkje, bør eg ikkje endre på noko?

Apport
Vi starta innlæringa av apporten med å få hunden til å gripe rett bak hoggtennene. For å få til dette måtte vi få hunden i jaktleik. Dvs få hunden til å gripe om leika OG halde den. Nokre hundar treng litt tid med leik før ein kan begynne på sjølve øvinga. Her har vi Dea som på perfekt vis grip og held fast gjenstanden Kari held framfor seg. Dea legg trykket på flott på bakparten og sig til slutt ned i sitjande stilling. Akkurat som programmert.
Når vi har fått dei til det, kan vi prøve å sleppe taket forsiktig i gjenstanden og gripe den igjen. No skal ikkje hunden slippe taket når du gjer det. Slepp den taket, lag litt ablegøyer med gjenstanden. Jippi du vann!. Etterkvart skal du kunne drive med mykje forskjellig utan at han skal slippe. No har hunden fått eit godt grep.

For å få ein hund som leverer tydeleg i handa, er det smart å trene inn. Det gjer du ved å trene inn target i handa. La hunden sette snuten i handa, klikk, godbit. Deretter skal ein gjenstand vere i munnen når han gjer det same. Hunden skal ikkje sleppe før du seier "takk". Kroppsspråket ditt kan fortelje om det er ein levering av gjenstand i handa eller om det er utgangsstilling du vil ha. Men det kjem etterkvart.

Budføring
I brukskonkurranse har vi budføring. Her skal vi få hunden til å gå mellom førar og ein figurant. Vi startar med å klikke straks hunden ser mot figuranten ( det er figuranten som klikkar då). Hunden spring til figurant og får godbit. Snur han og går mot eigar. Nytt klikk. Osv.

Gå framfor i line/ framsending
Dette var ei vanskeleg øving. Det er heilt utruleg kor flinke hundar vi har når det gjeld å beundre oss. Ekko sat, stod, la seg osv. Alt med blikket mot matmor. Og denne gongen var oppgåva å sjå ein annan veg...
I denne bruksøvinga skal hunden gå framfor oss. I klasse D og C skal det vere framfor i line, i B og A skal dei gå framfor oss, kunne galoppere mot ei gruppe for så å fortsetje i sakte tempo forbi. Alt dette framfor oss...

Men altså starten på øvinga - få hunden til å vende blikket framover. Vi fann ut at utgangsstillingen var til god hjelp. Særleg viss han såg framover før han sette seg ;-). Vende hunden blikket framover, kast godbit mellom øyrene på den (og klikk). Her var det ein fordel å klikke like etter at godbiten hadde forlatt handa og var i lufta. Den var kjempevanskeleg for oss tobeinte. Poenget er at vi ikkje treng ein hund som snur seg for å sjå etter godbit. Fortsett slik og premier om han ser framover etter å ha spist første godbit. Til slutt skal du ha ein hund som går beint framfor oss.

Dekk.
Ekko ville ikkje presentere dekk medan eg gjekk bakover. Han slo til med stå og sitt (+pluss utgangsstilling i mengder. Mange dagar med det gjer sitt..). Fekk då tips om å få til kjappe dekk utan at eg rygger. Med leika bak på ryggen, blei det opp til fleire flotte før vi måtte slutte for helga.

Mens alt dette føregjekk framfor nasen på Dea, viste ho at ho kunne det her med å slappe av i buret mellom øktene. "La hundar og menneske gå forbi. Eg bryr meg ikkje."

---
Vi var som nemnt først, delt i to grupper. Og den gode treningsgjengen har vore fordelt på begge gruppene så no reknar eg med mange flotte innspel i framtida.

Det eg sit tydeleg igjen med er at eg er for snill. Ekko får godbitane for lett. Eg må auke kriteria. Han kan få til mykje meir og i kjappare tempo enn det eg ofte trur. Eg håper logg skrivinga fører meg framover meir medviten. Ser at i ein trøytt kvardag blir eg altfor lite reflektert. Å trene hund er jammen ein heildagsjobb...

Her har vi Fanny som lærer Squid klossen.

fredag 14. november 2008

Bodfäldt igjen

Nå er endeleg "Kontakt samspillet mellom deg og hunden din" ferdig.

Eg har hatt fleire frustrasjonar og spørsmålsteikn i hovudet når ho skriv om korrigering. Mykje av det minner om kvelpekurset eg gjekk på i retrieverklubben. Og eg fekk ikkje meirsmak av det. Før eg kjem tilbake til alt det kjekke som står i boka, må eg bare ha ut av meg litt frustrasjon:
Forfattaren er tydeleg på at skal ein korrigere på den måten ho skildrar, er timingen svært viktig for elles kan det føre til avstand mellom deg og hunden. Men det er jo det som er det vanskelege for den vanlege hundeeigar. Dei små sekunda som du er for sein i timingen.... For det er vi stort sett alltid. At vatnet ikkje kjem frå deg, ja det poenget trur eg hunden stort sett bare bit på ein gong. Du har flaks om du er så kjapp to gonger. Vatn som positiv straff bruker ho fleire gonger som eit tips i korrigering. Eit anna er å sparke småstein i baken på hunden (s 139) under innlæringa av "nei"
"Hvis du skal benytte deg av en sosial korrigering, bør du passe på at avstanden til hunden ikke er for stor. Du kan prøve å gå stille bort til den og fort og lett lugge den i pelsen samtidig som du sier "nei". Tren i en rolig og planlagt situasjon. Det er overraskelsen og ikke din fysiske styrke som gjør korrigeringen effektiv........" (s138)
Eg oppfattar at grunnen til at ho bruker tid på korrigering, er at dei fleste av oss ikkje er så flinke at vi kan trene opp hunden utan korrigeringar. Det er sant, men vi er jo òg altfor treige i reaksjonane slik at den formen for korrigering ho nemner, fort fører til avstand mellom hund og eigar. Boka er frå 2003 og eg reknar med at det har vore ei utvikling hjå Bodfält etter det. Kanskje eg bør lese litt i bloggen hennar?

Men no over til kvifor boka opptek meg og kvifor eg syns at boka bør lesast:
Starten har eg sagt ein del om i ein tidlegare blogg. Kjempebra om kontakt og samspel. (Unnateke at eg syns ho er uklar når ho forklarar negativ forsterking og positiv straff).

Innlæring av innkalling, stå, sitt og ligg er spennande. Denne delen skal eg lese om att for å bruke dei gode tipsa.
Spesielt likte eg delen om å lære stå i alle situasjonar. Det blir så statisk slik eg driv på, så no skal eg teste ut ein meir aktiv måte å få dette til på. Tipsa rundt båndtrening og gå fint på sida utan at det må vere konkurranselydnad, er òg kjekke å få med seg. Så altså: Her var det mykje positivt å lære.

torsdag 13. november 2008

Her er det glatt!

I dag vekte eg matmor veldig tidleg. Eg kjente det kribla i magen for eg vakna jo hjå dei beste venene mine i Bergen. Eg måtte bare stå opp. Men eg blei beordra i seng igjen... Sukk.

Men endeleg blei det liv i menneskesenga. Ho var klar for tisseturen min. Rett utanfor døra bråvakna matmor. Det var skikkeleg såpeglatt på vegen. Det blei ein morsom tur: Matmor i grøftekanten og eg på fortauet. Trudde det skulle vere motsatt eg. Hadde menneska lært å gå på alle fire, hadde dei greidd seg mykje betre.

Elles så ser eg på blokka hennar at det ganske ofte står 9/10 og 10/10 nå, så eg trur jammen ho byrjar å like utgangsstillingen min. Men vi har ikkje gjort den ute på treningsplassen enno.

I kveld blir det ikkje trening på meg, men i helga skal eg visst kursast heile dagen. Lurar på koss det blir.

Nei, nå må eg ut og hjelpe tenåringen med å sage litt. Han får det ikkje til utan at eg hjelper til.

ein sleik frå Ekko

tirsdag 11. november 2008

Scotty er blitt far!

I dag vakna eg av at mobilen laga lyd. Endeleg morgon, tenkte eg. Har jo sove ganske lenge, eg som sov bort heile kvelden i går ( sjangla avgarde på kveldstur, men det tok på). Matmor var ikkje heilt einige. Sløvingen.

Men omsider kom vi oss opp. Og då sjekka vi ka mobilen hadde masa om: Jo, den der ville Scottyen hadde blitt far. Stakkars ho som blei mor. Kvelpane blei fødde med keisarsnitt ( Det er eg òg forresten. Det er derfor eg er så pen). 5 gutar og 1 jenta. Kjenner eg Scotty rett, låg han og snorka og brydde seg "døyten" om koss ho strevde. Han er jo ein av livets glade gutar så han tenkte nok på andre damer, han. Eg syns han snart burde bli litt voksen og roe seg. Blir heilt forstyrra av alt maset hans. Men heldigvis tok matmor hans ansvar for ho assisterte under operasjonen. Godt jobba, Anne Lise.

Matmor mi seier at det sikkert blir livlege og flotte hundar. Eg syns nå det høyres ut som eit mareritt med 6 kopier av den galningen. Men ok då, gratulera Scotty og ta nå litt ansvar som far!

Bjeff frå Ekko

mandag 10. november 2008

Beine sitt, kloklipp og anna slit

I går sat matmor over papira, las og skreiv. Dette gjer ho ofte så eg slappa av. Men brått såg ho på meg og sa: " Dette må me fiksa. Det er jo flaut å ikkje få det til." Me i sånne samanhengar, plar vere meg. Eg blei litt nervøs for ka var det nå ho skulle finne på. Det viste seg at det var målet om å ha utgangsstillingen på plass som hadde irritert henne. Har prøvd å forklare henne at det ikkje er viktig. Kan vel sitja på skrått, eg, bare eg ser beundrande på henne?

Nei, her skulle det arbeidast. Med blokka på bordet, klikkaren i handa og godbitar i skåla sette vi igang. Om igjen og om igjen. Trudde eg skulle bli galen. Stadig vekk sa ho feil, men heldigvis klikka ho òg. På blokka står det 6/10, 7/10, 5/10, 8/10 osv. Eg blei heilt susen i hovudet.

Snuste eg i lufta og hadde lyst på egg, fekk eg det mot at eg presterte ein del beine sitt. Middagsrestene måtte eg arbeide knallhardt for. Eg syns at det er så vanskeleg å sitje beint når det er mat i matskåla. Vil helst sjå rett på maten. Bare på hekkan stilte ho seg sånn at eg ikkje kunne få "versegod" utan å snu meg halvveges vekk frå maten. Trengte tid på den.
---
I dag har det vore heilt likt. Eg sit og eg sit. Av og til kjem det godbit, andre gonger seier ho "feil" og eg må lee på rompa for å komme akkurat dit ho vil ha meg. Vanskeleg dette. Til og med ute på tur styrte ho med dette maset.

Det blei så mykje av denne treninga at eg sprang inn i buret og ba om burtrening. Ho tok teikninga.....

Forresten så har ho kjøpt ny draleike. Ho testar ut om den er brukandes på sterke hundar. Det er få leiker som tåler at matmor og eg legg alle krefter til og drar. Men førebels verkar den. Ho har kjøpt den av noen vi skal på kurs med til helga. Den andre draleika som fungerer er knuten. De skulle sett i dag då eg la knuten i fanget hennar og ho, sikkert ikkje heilt klar i tankane, tok eit tak. Eg drog. Og både stolen og matmor kom mot meg! Kjempekult med stolar på hjul! Det var så kjekt at vi tok det to gonger.

Sist sjefen klipte klørne mine, hylte eg. Og etter det har eg nekta henne å klippe dei. Men no lurer eg på om eg skal la ho få lov likevel for alternativet var forferdeleg. Det viste seg at ho hadde bestemt seg for at veterinæren skulle få gjere det denne gongen. Så råttent gjort. Eg visste at det var noko på gang med ein gong eg kom dit. Det lukta hundar som har hatt det vondt. Og kvifor skal eg på vekta? Noko så teit. Eg begynte å hoppe på matmor og bjeffe. Få meg ut. Men eg måtte inn på eit rom som òg lukta medisiner. Eg laga eit lite sirkus sjølv om veterinæren var ganske grei. Ho klappa og koste med meg. Brått kjente eg meg så trøytt. Greidde nesten ikkje å stå på beina. Det neste eg hugsar er at matmor sit og flirer av meg. Eg prøver å reise meg, men ramlar saman. Etter ei stund går vi til bilen, men beina sviktar meg og eg treng hjelp til å gå. Nå har eg greidd å kome meg heim. Klørne burde hatt neglelakk på så fine er dei og håra mellom putene er nyklipte (noko måtte ho vel ha å gjer på medan ho venta på at eg skulle vakne). Men neste gong, får vi greie det sjøl for dette vil eg ikkje meir.


Slik er tilstanden:
Snork frå Ekko.

lørdag 8. november 2008

Ei god runderingsøkt

I dag har vi rundert.
Medan vi venta på at det skulle bli vår tur, trente Marit og eg med Punky og Ekko på lausbittmelding. Ekko held bittet godt. Han får til baklengskjedinga. MEN det er så kjekt med figuranten at han set seg framfor meg når han kjem på plass (altså nærmare figuranten). Eg må trene det som ei eiga øving. Vi trener det synleg med liten avstand til figurant. Skal auke lengde, men må få inn utgangsstillingen. Det vi gjer no er at han blir sendt ut, plukker opp meldingsbittet, kjem inn på plass, får på seg lina (når matmor hugsar det) og spring ut for å bli premiert.

1. runderingsøkt.
Eg kjørte flying. Trur det er like mykje for at eg skal nyte synet av ein vakker hund som spring målmedviten mellom figurantar som at han elskar det, at eg held på flyingen lenge.
Han er flink her. Held eit godt tempo, men er av og til ikkje tett nok inntil meg. I dag måtte han tre av for "nødvendig ærend" undervegs, men det tok ikkje bort fokuset. Han fortsette løpet straks han var ferdig. Bra. Han skal vel ikkje gjere slikt undervegs...... Men slikt blir det når ikkje matmor lufta han skikkeleg på morgonen ;-).

2. økt.
I pausen kom det ein del vind. Eg blei frista til å utnytte den. Veit det er eit sjansespel for vinden har ein tendens til å variere veldig her inne i skogen. Men eg ville nå prøve eit overvêrssøk. Vi var fem personar igjen så eg la alle fire figurantane ut. Straks eg tok av Ekko lina, var det i fullt firsprang. Rett på figurant nr 2. Vi gjekk litt tilbake for å la han søke mot figurant nr 1, men her strevde han. Det var lite vind, men etter ei stund fekk han henne i nasen. Ho låg nede i ein dump.
Vi gjekk vidare. Han verka veldig lite interessert i anna enn å gå med nasen i bakken. Verkar som om han ikkje er med i det heile. Vinden har skifta såpass retning at eg går forbi siste figurant for å snu slik at han kan få ferten i nasen. Då viste det seg at den nasen som var i bakken, hadde ein luktesans sikta oppover òg. Figurant fire var funnen. Figurant tre fann han greit, men han måtte på motsett side av elva for å få ferten av henne. Godt jobba i svært varierande vind. Trur eg skal prøve dette på Bore neste gong. Det er litt for mykje eit sjansespel på Sviland.

----
I går gjekk eg gjennom måla for denne hausten. Og eg grublar på ka som skal ha fokus til våren. Ser at det er brukshunden eg koser meg med, så eg må tenkje ein del på ka som må til for å ha ein stabil brukshund og ka som må til for å få han kvardagslydig på dei områda eg treng.
----
I dag kom "Hundtränaren 2009"! Spennande.

fredag 7. november 2008

Apporteringstrening og spor.

I dag møttes vi på området for å trene apportering/ feltsøk.

Eg tok ut dummien i dag. Veit ikkje heilt kor smart det var. Det er lenge sidan han har brukt den og sist rota han veldig i feltet. Men altså eg tok den...
Ekko sprang fint ut, tok dummien og hadde tenkt seg ein heilt annan plass enn inn til meg med den.
Bytta den ut med apportbukken. Det gjekk litt betre, men eg syns han hadde altfor mykje av seiersrunde før han kom inn.
Dette er andre gong eg har slik start. Eg må nok gjere noko med starten slik at han landar og er klar for jobbing FØR han startar apporteringa.

Andre økta var ein annan hund. No kunne han sitje og vente medan eg gjekk ut med apporten. Han sprang kjapt ut, henta og leverte fint. Premien var å få leike. Stødige og fine alle apporteringane i denne økta.

Tredje økt fekk han ein hanske og ein apportbukk som utfordring. Apportbukken hamna òg i høgt gras slik at han måtte langt ut. Første gang hansken blei tatt opp, ville han avgarde med den, men ein stopplyd var nok til at han snudde kjapt og kom inn og leverte. Etter det gjekk hansken som smurt.
Å leike etter at han hadde levert to var kjempekjekt. Særleg når eg tok leika sakte ut og gjorde det spennande. Heile han dirra.

Nå må eg altså trene på å vere klar på første økt, mindre og meir skjulte gjenstandar må nok òg med. Her imponerte Pia. Ho leita lenge før ho fann klikkaren Silje hadde lagt ut. Men ho fann den og inn kom den (heil!).

Vi avslutta denne gongen, som alltid, fellestreninga med ein runde i hinderløypa. Veldig kjekt.

Jan Inge hadde lagt ut eit spor for meg. No hadde det godgjort seg i 3 timar. Det var spennande for meg å gå eit spor eg ikkje visst kor gjekk. Ekko tok sporstarten fort. Han gjekk stødig, litt fort for meg av og til ( eg brukte den vanlege lina, burde nok hatt langline på grunn av terrenget), men stort sett greidde eg fint å følge han. Eg hadde fått vite kor det var lagt inn ein vinkel. Ekko gjekk kanskje ein liten halvmeter forbi (maks) før han såg opp, snudde og fulgte vinkelen. Resten av løypa såg eg bare opp av og til for å få bekrefta av merka at vi var på rett spor. Og det var vi kvar gong.
Eit veldig kjekt spor å gå, ein sikker hund i sporet - ja det var fin avslutning. Takk Jan Inge for eit flott spor!

torsdag 6. november 2008

Vi trener og vi trener

Nå må eg snart setje meg ned og oppsummere halvåret. Har vi kome vidare, eller er vi stilleståande? Kjem tilbake til det.

I går orka eg ikkje å gå lengre tur med Ekko så eg kjørte ut til området til klubben og tenkte at hjernen skulle få arbeide litt. Først var det apportering. Det gjekk fint. Han kom inn med alt. Men eg ville ha fart så premien var ei leike. Den kom han ikkje inn med! Her har eg ei utfordring.

Vi hadde ei lengre økt der eg gjekk fort, klikka og kasta godbit bakover kvar gong nasen hans stakk fram akkurat der eg vil ha den på fri ved foten. Dette var tydeleg kjekt for tempoet hans var høgt. Først fram så finne godbit så fram igjen.

Ei økt var med snutetarget på musematte. Dette var lenge sidan og han hadde altfor mange forsøk med å bite. Må nok ta den øvinga om igjen oftare.

Siste økt var å hoppe over alle tre hindera utan å kome innom meg. Mange feilmeldingar, men til slutt gjekk det. Eg måtte bruke target på fingeren og ha handa så langt ute at han hoppa etter den. Då tok han alle tre hinder i eitt.

Det er tydeleg at intens trening tar på hjernen for resten av dagen hadde han få behov.
----
I dag har vi vore på trening på OD. Folk kjem tidleg for pratestunda er viktig. Veldig kjekt! Vi reiste ned ekstra tidleg for Ekko trengte ein luftetur. Akkurat då vi kom, kom òg Elisabeth og Faya. Dermed fekk vi triveleg luftetur saman med dei.
Ikveld trente eg saman med Gro.

Innkalling
Det har vore litt lite innkallingstrening i det siste, og Ekko er blitt sløv i forhold til fløyta. Det vil eg friske opp. Gro såg til at Ekko var i ro medan eg gjekk eit stykke vekk. I følge henne stod han og trippa for å kome avgarde. Og farten på hunden som kom i mot meg, er det ingenting å klage på. Kjempebra. Vi hadde tre repetisjonar og alle tre var svært gode. Vi hadde ingen som frista langs vegen. Det får kome litt seinare. No vil eg bare ha margrefleksen fram.

Apportering
I går gjekk eg med Ekko ut i terrenget, fekk han til å setje seg, gjekk frå han medan eg la igjen ein gjenstand. Han sprang, plukk aopp gjenstanden og kom inn. No skulle Gro stå ute emd han, sleppe gjenstanden og han skulle kome inn til meg. Det var merkelege greier syns Ekko. Han sat og sat. Lydig hund. Eg måtte til slutt gje kommandoen "apport" for å få han til å gjere noko. Han henta då opp gjenstanden og kom inn. Det var liten fart i oppgåveløysinga. Hadde fleire forsøk. Han hadde nokre der han gjekk og sette seg i utgangsstilling ( litt langt framfor meg) og nokre der han leverte i handa. Eg må jobbe med farten her. I går brukte eg leike som premie og då var det meir fart. Lurer på om eg ikkje bør gjere det framover?

Utgangsstilling
Ekko kjem inn til meg utan klossen no, men han har ikkje heilt kontrollen når han sit. Kan med fordel arbeidast vidare med. Hadde òg nokre forsøk med bakpartskontroll og sit inntil vegg. Det går fint, men straks eg kjem bort frå veggen... ja, ja. Eg må bare trene og tvinge meg sjøl tilå kutte ut all hjelpa eg gjev han...

Og kvelden blei avslutta med ein kort tur, så no har han lagt seg for natta.

onsdag 5. november 2008

TV kanal for oss treningsglade hundefolk!

Har kikka på http://www.canis.tv/ . Skikkeleg spennande. Dette kan bli inspirasjon og lærerikt for oss som prøver oss fram etter bøkene så god vi kan.

Har alt begynt å suge til meg litt læring om feltsøk.....



Og så ein ting til - er denne boka noko for oss i 2009? Hundtränaren 2009
Eller greier vi å vere strukturert og jobbe målretta utan?

tirsdag 4. november 2008

Eg bare undrast...

Eg har vist til boka "Kontakt -samspillet mellom deg og hunden din" nokre gonger no. Det er mykje bra i denne boka. Særleg i første delen der ho er opptatt av kontakten.
I innleiinga står det:
"Naturligvis finnes det ulike veier å gå for at hunden skal bli lydig. Hvilke metoder du velger er ofte avhengig av hvilke vurderinger du gjør. Det er de som mener at dominans skal være grunnlaget for vårt forhold til hunden. Hunden skal underkaste seg vår vilje. Selv mener jeg vi kommer mye lenger ved å ta utgangspunkt i hundens spontane ønske om å ta kontakt med meg.
Kontakt med hunden åpner for kommunikasjon og legger dermed grunnlaget for videre innlæring. For å bygge opp det forholdet jeg vil ha, lærer jeg hundene mine et enkelt prinsipp: Jeg belønner hundens eget initiativ til kontakt. Det er samspill der begge får gi, og der begge er vinnere. Jeg lærer meg å lese og forstå hundens signaler og får en hund som adlyder emd glede. hunden lærer seg å bli oppmerkom og lydig og få ret liv med større frihet"

Vidare framover står det mykje om alt det som er bra med positiv fokusering, om korleis mas og kjefting blir negativ. Eg las og syns mykje var logisk. Men så begynte ho å fylle Zaloflasker med vatn og hadde eigen nei-trening. Kvifor måtte ho det? Kvifor ikkje følge sine eigne tankar lengre?
"..... Vann er ofte en utmerket korrigering fordi det har akkurat den overraskende virkningen som det er vanskelig å frembringe på noen annen måte. Fyll en Zaloflaske med vann i stedet for såpe, eller ta en kopp vann, og sprut/hell raskt ver hodet på hunden. Dette har en umiddelbar virkning på uønskede jaktleker.
En viktig grunnregel er: Jo høyere aktivitet og intensitet hos hunden, desto roligere signaler fra deg. Når du skal korrigere hunden, ikke se på den - forsøk å være stille og rolig. Hvis du korrigerer hunden din på en annen måte, så husk å gjøre det like kjapt som om du skulle ha
brukt vann. Hunden skal koble straffen til selve handlingen og helst ikke rekke å forstå at den kommer fra deg. Korrigeringen er effektiv fordi den er lynrask og kommer uten forvarsel."
(s 90)
Lenger ute er det òg eigne avsnitt om "nei-trening" og rykking i bandet, men dei har eg ikkje lese så nøye enno så dei får stå der i fred ei stund til.

Når vi snakkar om læring og hundar, blir det ofte snakka om to læringsformer:
-klassisk læring (betinging) og operant læring (betinging).Skikkeleg forkorta kan vi seie at klassisk læring er assosiasjonslæring. Det vil seie at kvar gong hunden din blir utsatt for noko positivt eller negativt av betydning, vil dette assosierast med miljøet/ deler av miljøet hunden er i.

Skal vi snakke om innlæring av atferder, øvingar og kommandoar, er det operant læring/betinging som gjeld. Den amerikanske psykologen B.F.Skinner sette opp fire mulegheiter for læring (eller operantar). Det var to typar forsterkarar som blir brukt til å auke ein atferd i frekvens og to typar straff som blir brukt til å redusere atferden i frekvens.
Dvs:
forsterking - atferden blir meir sannsynleg
straff - atferden blir mindre sannsynleg

Litt skjematisk:

Positiv forsterking og positiv straff går ikkje saman. Dvs det blir godbit eller leik om du gjer rett og klyp i øyra/ kjeft om det blir gale. Det vil vere den eine av desse som verkar. Er premien større enn straffa, verkar kanskje positiv forsterking, men ofte verkar straffa sterkast. Dvs hunden jobbar for å unngå straff, ikkje for å få godbiten.

Arbeider du med positiv forsterking (dvs godbit ol ved rett) , er det å ikkje gje godbiten signal på at feil atferd er utførd ( negativ straff, dvs noko er tatt bort (minus=negativt)).

Eller du arbeider med negativ forsterking (dvs fråver av straff/ korrigering ved rett utført atferd) og positiv straff (dvs påført ubehag ved feil utført atferd).

Så var det då om vatn frå oven, rykking i bandet og liknande er det eine eller det andre.....

Eg sender tankane ut til vidare innspel og reknar med at eg får litt respons på neste trening ;-)

Eg fekk nokre tips...

I går gjekk vi turen vår rundt Mosvatnet. Det er triveleg å sjå koss Pia, Era og Ekko syns det er kjekt å gå saman. Dei går stort sett fint, prøver å invitere den andre til leik innimellom (at Ekko og Pia har ein fiks idè om at grus betyr at dei skal leike, visste vi, men at eit dekke av visne blad betyr det same, kom overraskande på matmødrene ;-)). Undervegs på turen møtte vi heile a-laget til Viking joggande, mange barnevogner, syklistar, gåande, andre hundar, ender osv. Til og med ein som gjekk tur med sin hund og syns vi var så tåpelege som dreiv på med kindereggøvinga vår at han måtte seie: "tåpeleg, tåpeleg, tåpeleg" halvhøgt heile tida medan han gjekk forbi. Lurer på om han heller ville at Ekko skulle gjere utfall? Ja, ja, hundane får habituert seg på det meste.
Nå har vi hundar som faktisk går finare og finare i band saman, så nå er det kanskje på tide å sjå om vi greier å minke ned på godbitane, dvs auke krava til hunden?

Om kvelden var det trening. Endeleg var Marit og Jan Inge tilbake. Eg var jo så spent på korleis kurset med Thomas Stokke frå Klickerklok hadde vore. Reknar med at Marit skriv mykje om det i bloggen sin. Ingeborg hadde òg vore der og Sander var blitt ein reser på burleiken. Gler meg til det er vår tur med inspirerande kurshelg. Og no er det ikkje lenge igjen til 15-16. november!
Nokre tips fekk eg med meg i går. Til dømes korleis få hunden til ikkje å gå for langt framfor meg under lineføring/ fri ved foten. Og så blei eg påminna nokre slurvefeil eg gjorde rundt mottak av apporten. Godt med sånne.
Tipset om lineføring var å gå framover og klikke og kaste godbit bak hunden straks han var komen akkurat så langt fram som eg ville ha han. Akkurat medan eg trente på det, trengte eg ikkje vere oppteken av om han gjekk beint, tett inntil osv. Ekko syntes det var gøy.

Kva gjer eg når hunden tøyser og tuller i staden for å trene? Den trengte eg påminning om igjen. Eg har jo som mål at det er eg som bestemmer om det er jobb eller ei, men eg ser at eg har slurva ein del og latt han tøyse for lenge før eg tar han inn. Jamfør feltsøket på fredag.

Burleiken grublar eg litt over. Buret eg bruker i bilen er litt lite og vi skal ikkje bruke tøybur.

Til slutt vil eg tipse om ein blogg som hadde interessant stoff om spor denne gongen, sjekk Redningshunden ISI. Eg tenkjer på det gode sporet Ekko gjekk på fredag, det var gamalt. Dei ferske spora rotar ein mykje meir med (ferten er på større område).

søndag 2. november 2008

Nå går det mot slutten på instruktørkurset.

Nå er siste helg med instruktørkurs ferdig og neste samling er eksamen. Og eksamen er både teori og praksis. Eg reknar med at Ekko gjer sin del av jobben, så er det bare opp til meg når vi skal vise at vi kan litt kvardagslydnad. Vi skal trekke blant fleire øvingar så vi veit ikkje ka vi kjem opp i. Ganske spennande. Teorien hjelper vel hunden meg ikkje med. Men det hjelper jo om han legg hovudet i fanget mitt medan eg les. Livet er jo ekstra koseleg då.

Læring er jo i sterkt fokus under kurset. Kvifor vel Siddis hundeskole den læringsmodellen, 100% positiv trening? Eg trur ikkje mange er så gjennomførte som dei når det gjeld å fokusere positivt. Den boka eg har sitert frå i det siste, "Kontakt -samspill mellom deg og hunden din" greier ikkje å gjennomføre dette heilt. Der står det mykje bra, men ho bruker positiv straff òg. Skal skrive meir om det ein annan gong. Eg er imponert over kor gjennomtenkt Arne er i dette.

Medan eg sit og skriv, ser eg på reprise av TV-vest sitt program "Sidesprang". Dei intervjuer trenaren til kvinnelandslaget i fotball. Sitat etter hukommelsen: " Det er stor forskjell i å trene kvinner og menn. Menn kan ein kjefte og skjelle ut og på mange går det inn det eine øyra og ut det andre. Kvinnene vil ha kritikk som bygg på fakta og det må vere ispedd ros"..... Ja, ja, det er i alle fall godt at han har funne ut at ros må til for å få kvinner til å funke. Hunden min vil nok funka betre med Marit Breivik (trenar for kvinnelandslaget i håndball gjennom mange år) som trenar enn Bjarne Berntsen er eg redd.... Ikkje rart mannlege fotballspelarar må ha høg løn. Dei skal yte sjøl om dei bare får høyre at dei ikkje duger ;-)

I kveld har vi vore ute og kjent på den klare, fine lufta. Gjekk til gravlunden. Her var det mange som hadde tenkt på at det var helgemessesundag så det var lys overalt. Nydeleg! Kanskje det er plusset med alt styret om Halloween - at folk blir merksam på at dette er sundagen der våre døde blir minna?

Litt hopp og sprett i denne bloggen, men dette var det som hovudet var fullt av i kveld.