lørdag 28. februar 2009

Sporhunden

I dag var det sporlaurdag i bruksgruppa. Vi var mange som ville ut og spore i Melsheia. Veldig kjekt!

Ekko starta kl 9 med blodsporet Jan Inge la ut midt på dagen i går. Det hadde blitt litt kaldare i natt og det var snøfnugg i lufta. Ekko starta ivrig, men begynte fort å rote litt. Det verka som om det var andre lukter han gjekk etter. Det er litt vilt i dette område så kanskje det var viltspor han hadde ferten av. Men han kom seg i alle fall innpå igjen. Gjekk fint ei stund, men hamna av. Så innpå og så for han avgarde i eit visst tempo. Eg mista han og måtte kalle han inn. Då roa han seg og fann sporet og gjekk kjempeflott fram til slutten.
Eit langt spor med sårleier og område utan blod i eit ulendt terreng (det er ikkje lett å gå i Melsheia). Sporet står til OK, men ikkje meir.

Så var det hjernearbeid for tobeinte. Vi skulle legge mange ID-spor for Punky og mange for Ekko før vi henta hundane. Marit, Jan Inge og eg jobba saman. Vi noterte og stod i, men vi greidde å rote det litt til for oss sjølve. Vi hugsar mindre enn vi trur ;).

Ekko hadde visst planlagt stort i bilen for han var klar for sporing frå han kom ut. På veg mot spora han skulle gå, prøvde han å kome seg innpå dei som Punky hadde gått (dei hadde startar som låg slik at han lukta dei).

Spor 1:
Rett spor går rett fram, falskt til høgre. Ekko ser så vidt på posen eg har votten til Marit i. Eg tar den med for eg er utrygg på om han har fått med seg ka han skal. Men han visste. Det var rett fram, med eit ørlite stopp i krysset før han for rett på mål. Tempoet var høgt. Og eg var alt varm...

Spor 2:
Falskt spor går rett fram og rett spor til høgre. Nå er det Jan Inge si lukt han skal følge. Eg hadde ikkje sjans. Alle kratt og velta tre han kom seg raskt gjennom, kavde eg over. Jan Inge hadde åtvara meg og sagt at eg truleg måtte sleppe hunden. Og når hunden var skråsikker på ka han skulle, gadde vel ikkje han å vente på meg. Kan vel seie at stimuluskontrollen ikkje er på plass i sporet. Forsøka mine på "stå", "vent" osv var heilt ukjente ord for sporhunden Ekko. Ekko tok her ein snarveg. Han gjekk ikkje fram til krysset der falskt og rett spor skilte lag. Han hadde fått ferten (det var begynt å blåse litt) av sporet til Jan Inge før det..

Spor 3:
Rett spor på skrått framover og falskt spor til både høgre og venstre. Altså var det 3 lukter som hadde vore ute og gått. Dette hadde han aldri prøvd før. No var det eg som var det rette sporet og Marit og Jan Inge dei falske. Eg tok posen med votten ned til Ekko. Hn gadd så vidt å sjå på den. Han skulle spore. Eg tenkte at no er han så gira at han kjem til å tulle og dytta omtrent posen i snuten på han. Hundar har i alle fall kroppsspråk, for heile kroppen hans viste tydeleg at om det skulle kårast teite matmødre så ville eg hamne høgt på lista. Han visste ka han skulle og dermed basta. Ok. Avgarde med oss. Jan Inge gjekk til venstre akkurat ved ein høg stein. Eg hadde tatt eit steg halveges på steinen for eg lurte på om eg skulle gå der. Ekko tok hoppet opp på steinen, men ombestemte seg fort og kom seg ned og inn på sporet. Der Marit gjekk av reagerte han ikkje ein gong. No var det strake vegen mot målet. Eit veldig bra spor.

I dag gjekk han altså flotte ID-spor, men farten er ikkje heilt god når terrenget er så vanskeleg som her. Slutten hadde han ein tendens til å gå forbi. Det skuldar eg litt på draget i lufta. Han fulgte bare sporet som sporgåar hadde gått vidare så det var ikkje avgarde i vilden sky..

Etter ein pause der Gro prøvde å lære meg litt om GPSen (eg vil bruke den i sporgåinga), gjekk vi tur. Hundane måtte over to gjerdeklyvarar. Ekko liker det ikkje, men han gjer det. Men eg er litt spent etter den siste i dag for der gjekk det på magen og litt forskjellig over. Vi får gå nye så han får det i blodet igjen.

Det tar på å legge spor og gå spor. Ekko har sove det meste av ettermiddagen og eg kjente det eg òg. Altså ein flott dag.

Foto: Punky syns dei treng lang tid før ho får setje i gang med arbeidet.

fredag 27. februar 2009

Spennande ID-spor

I dag er våren på besøk. Eit perfekt vêr å trene i. Marit og eg hadde bestemt oss for å trene ID-spor ut frå artikkelen til Anne Lill Kvam om ID-spor. Og deretter ha ei økt med meldetrening. Vi brukte godbitar som slutt i staden for eit menneske. Det løyste ein del utfordringar for oss i dag. Spora blir òg gått rett etter kvarandre (Vi har altså gått opp alle spora FØR hunden kjem ut av bilen).

Ekko sine fire spor var slik:

Spor 1:
Det ekte gjekk rett fram (Marit) og det falske til høyre (meg). Marit la kjempegode godbitar i slutten av sporet sitt.
Ekko var gira og klar for sporgåing. Han lukta på eit lite lommetørkle Marit hadde lagt ut, men verkar ikkje som han kobla. Vi veit at Dea har leika der, Kari har trødd mykje der, men meiner at hunden bør fikse dette. Tar han tilbake til start og då er han ikkje i tvil kor han skal.

Spor 2:
Det falske går rett fram (Marit) og det ekte til venstre (meg). Her feiler han og vil gå framover som sist. Blir stoppa og får lukte ein gong til på votten min. No svinger han til venstre og går fint til slutten.

Spor 3:
Det ekte går til høgre (Marit) og det falske går til venstre (meg). Nå er han tydeleg tent på oppgåva og går det veldig fint.

Så kjem den store utfordringa:
Spor 4:
Nå bruker vi spor 3 om igjen. Bare at denne gongen er det mitt spor som er det rette. Han luktar på votten min og skal altså velge å gå til venstre. Nå har han sjøl gått deler av sporet ein gong før og eg har gått bak og trakka. Vi var veldig spent på om det å lukte på ny gjenstand ville gjere at han tar eit anna val i krysset enn ved forrige spor. Og han var ikkje i tvil. Han går med nasen i bakken og tar alle svingane eg tok. Imponerande!
---
Denne måten å gjere det på var veldig kjekk og skal jammen prøvast ut fleire gonger!

Etter dette hadde vi ei økt med meldetrening. Eg har tatt opp igjen den delen som handlar om å springe frå figurant - til førar - til figurant igjen. I dag har Ekko god fart. Han kjem inn på plass, men så dukkar det opp ein ny variant i dei to siste forsøka: Han legg seg ned ved føtene mine og vil tygge på lausbittet. Heldigvis var han på hugget igjen då han fekk kommandoen "Sitt opp". Det må eg få vekk fort. Men elles var fart og engasjementet bra.

Etter at dei andre hadde dradd (Jan Inge hadde vore i Melsheia og lagt blodspor medan vi trente), tok eg ei økt til med Ekko.

I går kveld måtte eg bare sjå nøye gjennom ka dei krev i klasse D brukslydnad. Og det var som eg tenkte: Viss eg ikkje får lineføringa på plass, kan eg heller ikkje få fleire av dei andre øvingane på plass. Vi hadde ei økt med lineføring på treninga i går. Først gjekk vi sidelengs lang den kvite parkeringsstreken (i mangel av planke) og så gjekk vi litt framover. Marit klikka for meg. Ekko viste takter til å få til nokre fine steg framover. Det låg i bakhovudet i dag.

Men først skulle det trenast på å levere ballar. Med to like tennisballar gjekk det så det suste i dag. Han sprang og han leverte. Men ballen er sterk. Han hadde tendenser til å legge den ein meter frå meg i staden for å levere i handa. Dte fekk han ikkje lov til og heldigvis tok han teikninga.

No var han høgt gira og det var på tide å gå på planken. Og gjett om han gjekk. Å vite at det låg to tennisballar og kjøtkaker i lommen min, var visst verd mykje. Det var bare å snu og ta same ruta tilbake ;). På slutten av den begynte eg å gå framover. Og Ekko gjekk inntil fleire steg!! Då han sklei ut var det ikkje meir enn til 10 cm. Det er jo halvparten av det han gjorde før. DÅ fekk han ball-leik ei stund til.

Altså ei veldig god treningsøkt i dag. Sol, vårvarme og arbeidande hundar!

For dei som lurar - klasse D inneheld:
1. Lineføring
2. Gå framfor i line
3. Fri ved foten
4. Dekk under marsj
5. Innkalling frå sitt
6. Apportering
7. Hopp over hinder
8. Fellesdekk i 3 minutt.

I ein konkurranse må hundane i tillegg konkurrere innan ei av 3 grupper (rapport, rundering og spor) Dvs i klasse D skal vi velge anten budføring+spor, eller budføring+rapport eller budføring+rundering.
Ganske utfordrande for hundane syns eg.

Som de ser av øvingane i klasse D, er det mange som må vente når ikkje lineføringa er på plass. Vi testa apporteringa i går og den gjekk veldig bra.

onsdag 25. februar 2009

Tur, trening og spor

I dag fekk Ekko seg ein flott dag på Bråstein. 2 timar vandra Hildegunn og eg rundt i "hundeskogen". Ekko gjorde utfall mot ein leonberger(?), men det var ein sindig kar så han sto han av.

Så drog vi rett til området og litt trening. Her er det ikkje bare beina som skal trenast ;). Vi trente saman med Marit & Jan Inge m/ Punky og Silje m/ Pia. Vi starta treninga med at Jan Inge la ut eit spor med 3 pinnar til Punky og eg la blodspor til Pia og Ekko.
Pia plar vere ein reser til å springe ut i felt og hente ting for å springe inn igjen. I dag var det litt slappare. Men det låg ein spennande dummy der. Det hadde ikkje ho hatt før. Kanskje noko å hente inn til matmor?

Eg slit jo med lineføringa. I dag viste Marit og Punky meg eit tips dei hadde fått av Thomas Stokke. Eg gjekk bortover ein planke og Ekko skulle følge tett inntil. Det gjekk veldig bra. Skal trene meir på det. Og som Marit sa så må eg nok trene som eige moment at Ekko kjenner handa som beveger seg like ved skuldra hans. Han er jo så høg og eg så liten...

Trente òg litt på at han skulle ligge roleg ved meg medan Punky og Pia trente. Han gjorde det, men slappar ikkje av, er på jobb og syns han fortener godbitar. Ei god trening som eg bør gjere oftare.

Ei lita økt med sitt- dekk -stå fekk vi òg tid til.

Så var det blodsporet. Pia skulle gå sitt første. Eg var litt distrahert og gløymte å be Silje om å la henne lukte grundig ved oppsparket. Trur ho var litt forvirra over at det var blod og ikkje menneskespor ho skulle gå etter. Ho lukta veldig på eit blad eg hadde sølt blod på. Virra litt, men fann slutten.

Med Ekko rota vi litt med starten. Vi greidde faktisk å gå inn i sporet utan å begynne der vi skulle. Fy oss! Gjekk tilbake til start. Ekko jobba ivrig, men i dag trur eg det var eit viltspor og kanskje litt mine spor han var på søk etter. Det blei litt rotete. Neste gong eg går eit så ferskt spor, skal eg merke betre slik at eg får stoppa han.

Her er litt film frå dagen. Først Punky trener budføring:



Punky startar på eit langt spor med 3 pinnar (og som ho plukkar perfekt!).
Og her har jenta funne slutten. Marit og Jan Inge har jobba kjempegodt med Punky. Ho er blitt SÅ flink! Går roleg, kjem og leverer pinnane ho skal finne osv. Eg er imponert!

Så var det av ein annan arbeidande hund, nemleg Pia, og litt av det første blodsporet. Lukta var spennande:



På laurdag er det sportrening igjen. Gler meg til det. Har lyst til å jobbe meir med spor.

tirsdag 24. februar 2009

ID-spor - ein artikkel

Eg kom over ein artikkel eg ikkje hadde lese. ID-spor av Anne Lill Kvam. Ho har òg skrive boka: "Nesearbeid for hund". Den er verd prisen!

Artikkelen tar for seg ein måte å lære inn ID-spor. Gode tips å ta med. Er forresten litt opptatt av spor for tida. Les boka til Maria Hagström: "Nosarbete". Vi skal ha sporkurs i retrieverklubben i april og eg kjenner behov for litt oppdatering, idèar og tips. Eit sitat frå boka til Maria tar eg med i kveld. Den kan vere god å hugse på i alle situasjonar:

"Forsök att undvika bortförklaringar, de er sällan till hjälp i träningen. Se svårigheter som träningsutmaningar, hur ska du träna så att hunden klarar svårigheterna nästa gång den stöter på dem? Det er ett mycket mer konstruktivt sätt att ta sig an de problem som kan uppstå under träning än att skulla på rådande omständigheter".


Bilete i dag er fotografert av Elisabeth Økland og er tatt frå denne bloggen.

mandag 23. februar 2009

Sol, grøne jorder og litt trening

I dag var vi på tur saman med Elisabeth og Faya i finveret. Elisabeth hadde med seg kameraet så eg håper ho fekk tatt nokre fine bilete av dei firbeinte. Eg hadde bare med mobilen så eg fekk til desse :). Det var deilig å gå i sola og la hundane springe og leike rundt oss. Faya tør meir og meir bli med Ekko i leiken. Veldig kjekt.

Etter turen var det ein liten pause før det var trening. I dag var det Sander, Pia, Dea og Ekko som skulle bruke hjernen. Ekko fekk trent på melding med lausbitt. Gjekk fint. Han hadde til og med eit par der han sette seg ved sida av meg i staden for framfor. Bra!

Vi prøvde og på lineføring. Eg får ikkje Ekko nær meg. Lurer på om det har med storleiken på hunden å gjere. Ingeborg gav meg eit tips, no skal eg teste ut det. Elles nærmar eg meg at eg seier at godt nok, er godt nok :(.

Vi avslutta kvelden med innkallingsleiken. I dag var guten veldig flink. Han lot seg ikkje lure ein einaste gong.

søndag 22. februar 2009

Hundtränaren veke 8 (16-22/2)

Denne veka har hatt det meste når det gjeld vêret. Starta med at snøen begynte å smelte og skapte holke, men så ombestemte vinteren seg og gav oss MYKJE snø over natta. Og veka sluttar med regn og vind. No er det meste av snøen borte og grøne plenar og små planter dukkar opp.

Denne veka har vi arbeidd med:
  • Fri ved foten/lineføring. Det går framover, men eg slit med at eg ikkje får han tett nok inntil meg. Han startar fint med å sjå opp, men tar eit kjapt blikk utover etter eit par steg. Eg må fortsetje arbeidet med det.
  • Omvendt lokking. Må jo bli kvitt dette at fokuset er på handa mi i staden for på meg. Går framover.
  • Stå. Han er blitt flink. Eg har begynt med kommando litt forsiktig.
  • Utgangsstilling. Bruker å trene på det når maten serveres. Færre feilmeldingar i løpet av veka.
  • Innkalling. Det går fint på treningsplanen, men då vi endra på "reglane" sprakk han fullstendig. Han skal kome inn så dette må vi arbeide vidare med.
  • Snutetarget. Har prøvd å halde fokuset litt oppe her. Ekko syns det er kjekt, særleg når han må springe litt for å få tak i handa mi.
  • Rundering. Målet denne veka var å få til bein linje 50 meter ut. Gjekk stort sett greit, men han måtte ha lydpåverknad. Eg liker ikkje heilt det som skjer i runderinga for tida. Ekko verkar bare passe interessert. Kor er den hunden som trippar for å kome avgarde? Ka har skjedd undervegs her? Hm.
  • Håndtering. Dette går for sakte. Det skal så altfor lite til før han trekkjer seg unna.

Som eg har skrive før, eg syns Ekko er litt utanfor for tida. Han verkar rett og slett litt lei seg. Eg nistirrar på hoftene hans for å sjå om det er negativ utvikling der. Og av og til syns eg han ser stiv ut (men kven gjer ikkje det i det veret vi har hatt), men eg trur det er mest innbilning frå mi side. Når vi skal ut, står han litt skeptisk utfor døra og må lokkast vidare. Dette er så lite han. Det går nok over. Eg får heller tenkje ut ka som gjev gnist og la han oppleve det.

---

Tillegg:

Etter at eg hadde skrive innlegget, gjekk vi på tur saman med 3 Rhodesian Ridgeback. Ungjenta der var akkurat noko for Ekko. Det var full fart og ingen vonde hofter på heile turen. Dei sprang og sprang. Endeleg ein hund med fart og lyst til å springe saman med han. No søv han ganske så sliten.

lørdag 21. februar 2009

Nye artiklar

I høgre marg finn de mange gode artiklar om hundetrening. Eg legg i dag ut fleire.

Du kjem til artikkelen via teksten her, eller ved å trykke på setningen under gode artiklar

torsdag 19. februar 2009

Fri ved foten og innkalling


Nå er det slaps og tett tåke ute. Ka er betre enn eit sommarbilete? Her Alpha og Ekko sommaren 2005.

Denne veka er skral på treningsfronten, men i kveld blei det heldigvis litt trening igjen. Aktivitetskurset vårt blei avlyst, men treningsfantoma slo til for det ;). Torhild, Silje, Gro N., Anne Lise og eg stilte sterkt.

Eg trente aleine deler av kvelden. Det blei fri ved foten. Slit med å få Ekko til å gå tett inntil meg. Syns han er blitt betre i forhold til fokus på godbithanda, men kan nok trene meir på det.
Hadde òg ein runde med snutetarget i handa. Det syntes Ekko var kjekt. Men at han skulle ta snutetarget når handa mi var på ryggen, var merkelege greier.

Gro og Silje var med på ei innkallingsøkt. Den var kjempebra. Men så tok vi ei kjekk innkallingstrening med Pia og dermed ville vi andre òg det. Så Ekko fekk ei ny innkallingsøkt. Den var ikkje så bra. Det visste eg jo, for når freistinga er like framfor nasen, er matmor gløymt. Dei andre frista med godbitar og leike. Og hunden skulle altså velge matmor. Ikkje lett. Era og Pia tok den kjappast. Vi andre må nok innsjå at ryggmargrefleksen ikkje er heilt innebygd i hundane våre enno .....

Til slutt vandra vi på kveldsturen vår og no ser eg ikkje snurten av Ekko. Det var visst nok hjernearbeid på han i dag.

mandag 16. februar 2009

Effektiv trening og litt fri ved foten av ein meister

Så var det slutt på skikkeleg vinter. Slaps, glatt og regn/ slush var det som møtte oss ved idrettsanlegget på Sola i kveld. Vi var ikkje mange, men spreke ;).

Ekko og eg starta litt trening på grusbanen før dei andre kom, deretter tok Era ein runde der medan dei andre forflytta seg til ein grusbane der snøen/slapset var fjerna. Vi kjørte dit vi òg. Det var Torhild og eg som jobba i lag. Veldig effektiv kveld. Mange og korte økter. Til slutt var vi tobeinte ganske surrete i hovudet. (ikkje bare måtte vi tenke på treninga, men vi forflytta oss ein gong til i løpet av kvelden. Det kom folk på grusbanen. Då kjørte vi til parkeringsplassen vi var på før. No var det 2 (!) lykter på heile området som verka. Det var altså ganske mørkt der).

Ekko trente på fri ved foten. Først var hovudfokus på å sjå på meg i staden for handa mi, så var det "attituden" og til slutt overgangen til å gå framover.

Ekko ser på meg medan han går (og ser ein del ned), men straks klikket kjem, ser han på handa. Vi prøvde andre variantar. Eg sa bra og premierte ved å ta godbiten frå den eine handa over i den andre. Eg drog ut tida mellom klikk og belønning osv. Det som verka best, var å premiere utan å klikke.

Attituden til Ekko var veldig fin i kveld. Han gjekk fint ogdå eg fekk opp farten var holdningen vakker. ;).

Torhild klikka då vi trente på at eg skulle vende og gå framover. Vi fekk ein del fine overgangar der han var tett inntil. Det tar ikkje mange stega før han er litt for langt frå meg. Men altså overgangen var fin.

Ekko fekk vise seg litt fram for Torhild. Han imponerte med å bli ståande medan eg gjekk rundt han, dansa litt og drog i bandet. Flink gut!

På slutten hadde eg tenkt å trene på utgangsstilling. Det blei mest tøys. Då ville Ekko bare sjå på Caos og han var tydeleg ufokusert. Alle lydar frå den andre gruppa var nok til å vippe han av pinnen. Då fann eg ut at det var nok trening. Og når eg ser han som søv på saccosekken no, trur eg at det var rett. Han har heilt tatt natta.

Til slutt vil eg vise litt fri ved foten, dekk under marsj, stå under marsj og sitt under marsj. Sjå og lær, seier bare eg :). Linken er frå Maria Hagström sin blogg.

Hundtränaren veke 7 (9/2-15/2)

Så var ei veke til forbi. Utruleg kor fort ho går. I går bestemte vinteren seg òg for å gjere livet litt trist for oss som har storkost oss med snø og sol. Bileta er frå ein tur i nærmiljøet. Ekko syns at alle turar bør inneholde sporgåing (særleg i snø), så lager ikkje matmor ei løype, lagar han ei. Då er det bare å følge med.

Veka starta med at eg syns Ekko var rar. Det var lite som var kjekt. På treninga måndagskvelden, trente eg aleine og då vakna han til liv igjen. Men han har hatt fleire slike reaksjonar i løpet av veka. Litt deprimert og lei seg??

Denne veka har vi trent på:
  • Stå (dra ut tida). Gjekk stadig betre i løpet av veka
  • Fellesdekk. Denn gongen har eg trent litt meir på at det ikkje skal skje noko.Ikkje kome så langt eg vil her.
  • Å setje snuten i handa ved innkalling. Blei inspirert av artikkelen i Canis 1/09.
  • Meldetrening. Fokus på trinnet: figurant- førar- figurant. Gjekk bra, men kan fortsatt trenast på.
  • Buret og han har hatt gode og dårlege dagar.
  • Omvendt lokking med lukka hand. Å kunne trene med godbitane i handa utan at han bryr seg. Fokus på meg. Her må det trenast mer for her har vi øvd inn ein fæl uvane.
  • Fri ved foten. Startar på skratsj.
  • Enkeltslag. Sjå laurdagens blogg.
  • ID-spor
  • Tur med andre hundar laus: Vi har hatt eit par fine turar, men eg ser eg skal vere på vakt når unghundane kjem. Då er ikkje Ekko alltid snill.

Hm. Han gjer mykje forskjellig i løpet av veka denne kameraten min. Denne veka er målet å få på plass omvendt lokking (sjå over) og fri ved foten.

lørdag 14. februar 2009

Rundering, ID-spor og tur.

I dag var det runderingstrening på Sviland. Med det flotte vinterveret vi har for tida, er det ein fryd å vere ute (kanskje litt kaldt for nokre..).

Ekko skulle ut på enkeltslag. Figurantane var Jan Inge og Gro N. Det var liten fert i lufta så eg måtte bruke lyd. På første slag sprang han perfekt ut. Rett i leik hjå Jan Inge. Flott. Neste utslag gjorde han ingen funn på. Det tok vi som eit blindslag sidan han kom inn. Så kom det nokre slag som ikkje var særleg gode. Dei to siste var fine. Særleg det siste, der han stopper heilt opp og står i ro til han har ferten av Jan Inge. Dei to siste slaga var nærmare enn 50 meter.

Det har så lett for å bli at vi låser oss i gamle uvanar og feil innlæring når ingen av oss er ekspertar. Eg kjenner at eg i ein periode har tenkt at eg går for seint fram og så gått i den andre grøfta: for fort fram. Las difor raskt gjennom Køste & Egtvedt sin artikkel om innlæring av rundering før eg drog i dag. Og når eg oppsummerer det eg gjorde, kan eg nok godt gå eit par hakk tilbake igjen.
Køste og Egtvedt:
Målet er at hunden på kommando skal løpe 50 meter rett ut, deretter bue framover og komme mot fører som deretter sender hunden direkte over på andre siden av midtlinjen. Slik fortsetter søket til hunden finner en figurant.

og så nokre poeng undervegs mot dette målet:
  • Hunden skal sitte på plass og vente på å springe ut til du sier kommandoen. Men du bør først ha trent en del "skogslydighet" før du begynner med for mye av dette. Det er viktig at all kontroll i runderingsløypa er 100% positiv. (Takk for at du stoppa meg med maset om utgangsstilling, Gro). Ved å trene alle momenter på forhånd slipper du masing og korrigeringer i forbindelse med søket.
  • 80% regelen. Hvis du ser at hunden begynner å tvile og bøye av for tidlig, skla du snarest sette figurantene slik at hunden enkelt greier å springe rett ut (dvs nærmere eller mer synlig). Dårlige utslag skal ikke forekomme i runderingstreningen! Vel, i paksis er det selvfølgelig vanskelig å trene feilfritt, men unngå i hvertfall at hunden får sjansen til å gjøre feil to ganger på rad. Hvis du ønsker en politelig rundering, er det viktig å legge opp treningen slik at hunden har en så liten feilprosent som overhodet mulig.
  • Det er en god regel å telle antall vellykkede utslag når du trener rundering. Du bør gjøre ditt ytterste for at minst 4 av 5 (8 av 10) utslag er helt perfekte. Det eneste du skal regne for perfekt er at hunden går snorbeint ut og finner figuranten ved første forsøk - alt annet regnes for mislykket. Hvis du greier å legge opp treningen slik at du følger denne formelen, er det forbausende hvor fort du kan avansere i treningen. Imidlertid er det dessverre ikke uvanlig å se hundeførere som sender hunden ut både 3 og 4 ganger før hunden endelig går helt ut til figurant (75%feil og 25% suksess). Dette er en meget effektiv måte å lage dårlige runderingshunder på.

Alt i kursiv er utdrag frå denne artikkelen.

Ein av grunnane for at eg skreiv så mykje, er at eg treng det. Ekko sprang med fryd mellom figurantane og forflytta seg framover då vi kjørt "flying". Så begynte enkeltslaga og eg blei sikkert meir stressa. Eg trur eg må ta eit steg tilbake. Kanskje starte med eit par nære der fokuset er beint ut, så auke avstanden igjen. Meldetreninga og utgangsstillingen skal eg kjøre for seg ei stund til, kanskje dra til skogs å trene det slik at det ikkje blir på ein fotballbane, asfalt, men i det spennande miljøet. Eg må ikkje gjere rundering til eit mas for hunden.

Eg gler meg veldig til runderingskurset vi skal ha i mars. Reknar med å få tips, hjelp og mykje lærdom då ;)

---

Etter at Ekko var ferdig med å rundere, blei eg med som figurant for Caos og Trofast. Eg hadde med meg fotoapparatet i dag for eg tenkte eg skulle få tatt litt bilete av alle dei andre hundane. Men rakk eg det.... Skulle jo hatt eit av den skjønne Caos. Han var kjempeflink på ID-sporet, men kom så fort på meg at eg ikkje rakk å knipse han. Men Trofast greidde eg. Her har han fått ferten av meg. På slutten skulle dei fleste heim, men heldigvis kunne Gro og Gro stille opp for eg hadde tenkt Ekko skulle få to ID-spor. Han hadde vore i bilen i mange timar. Første sporet gjekk kjempefint. Falskt spor gjekk til høgre og rett spor til venstre. Neste spor blei eit lurespor. Då skulle falskt spor gå rett fram og rett til høgre (Ekko er van med at det ofte er falskt spor som bryt av og rett går framover..). Diverre såg eg ikkje merket for delingen av spora så Ekko fekk gjere funn på falskt spor. Tok han tilbake til start, fekk han til å lukte på votten til Gro N. Vi gjekk til krysset og no begynte han å snuse veldig og tok avgarde til høgre. Eg må nok òg trene meir på dei ulike variantane av deling av spor. Så sjeldan som han går spor, må eg passe meg for at dei ikkje blir like.

Etter at både Maja og Lotta òg hadde fått prøvde seg på ID-spor for første gang, gjekk vi tur. Jentene var litt småskeptiske til den brumlebassen som villle leike med dei, men det gjekk fint. Sjølvsagt låg fotapparatet i bilen då hundane sprang laust.

Klokka 15 reiste vi heim. Ganske så trøytte.

torsdag 12. februar 2009

Hm! I kveld måtte matmor lære seg ein del.

Medan snøen dalte ned, var vi ein gjeng som begynte på kurs med Arne som instruktør. Vi hadde ulike ønske så han får seg ei utfordring der ;).
Vi skal vere 9 ekvipasjar, i dag var vi 7. (Scotty var til dømes sjukemeldt. Han hadde hatt seg eit grundig eventyr i dag ... Faya fekk vel heller ikkje lov til å kome aleine)

Marit og eg jobba saman. Vi var dei to einaste som hadde konkurranselydnad som mål. Først utfordring var lineføring. Sukk. Eg kjem visst ikkje vidare i den øvinga :(. Vi prøvde at eg såg framover og Marit klikka når alt var ok, men det var det så sjeldan at Ekko blei lei heile treninga. Etter råd frå Arne gjekk eg over til å gå bakover for å starte på nytt igjen. Her fekk eg fleire fine, men så kom jo Arne med desse skarpe augo sine. "Hunden din går etter handa di. Fy deg... " Heldigvis har han jo råd å gje meg òg, så no skal det trenast omvendt lokking med stengt hand. Dvs. ha godbitar i handa og ha den som ein knytteneve. Ekko må lære at den handa er uinteressant. Det er fokus på meg som opnar handa. Han er jo flink på omvendt lokking med opa hand. Har jo ikkje tenkt på den andre varianten... Og i denne treninga treng eg å ha godbitane i handa.

Siste økte var ein konkurranse. Alle hadde hundane ute og så fekk vi ei utfordring av sidekvinna. Medan vi utførte utfordringa skulle hunden sitje fint heile tida. Eg blei utfordra til å hoppe og slå ut med armar og bein, til å gå bak Ekko og setje meg med knea i bakken og gå fram igjen og til slutt rulle rundt, først ein veg så tilbake framfor han.. Då rauk vi ut. Men vi kom på 2.plass. Kun slått av Gro Anita og Sita. Dei var resergode i dag! Ikkje dumt med slike utfordringar.

Det var bra å begynne på kurs. Det er noko med at drevne augo ser ting vi andre ikkje ser. Arne var flink til å vere overalt og til å sjå detaljar. Eg skal jammen ha trent på den stengte handa og fri ved foten til neste veke ;)

tirsdag 10. februar 2009

Ekko står for harde livet.

I desse vakre vinterdagane burde eg tatt mange fine treningsbilete, men eg gløymer stadig kamera.

I dag har eg trent med Marit og Jan Inge. Og denne gongen hadde eg med meg kamera. Men hugsa eg å bruke det... Nei. Så motiva er frå terrassen. Og sjå bare på rosmarinplanta: Den gjev blaffen i frosten, og struttar og luktar like godt som om sommaren!

Målet var i dag å trene på ståen og meldetreninga.

Ekko stod som ein påle! Eg gjekk til og med rundt han. Då begynte eg å setje på kommando..
I siste økt fekk eg han i utgangsposisjon, vi begynte på fri ved foten. Han tilbaud stå under marsj (!). Eg gjekk vidare, gjekk tilbake og stilte meg ved sida av han. Og jammen stod han der heile tida. Imponerande.

På meldetreninga har eg gått eit trinn tilbake for eg oppdaga at eg hadde rast litt fort forbi eit trinn. Nemleg treninga på å springe frå figurant til førar og tilbake igjen.
I dag var Jan Inge figurant og han var kjempekjekk syns Ekko så giret for å springe tilbake til figurant var høgt.

Ekko starta ute hjå Jan Inge. Han la bare lausbittet i snøen. Eg stod 20m lenger borte og såg på han. Ekko plukka opp bittet, kom i stor fart inn, sette seg i utgangsposisjon ein halv meter framfor meg (kvar gong gjer han det. Full fart inn, rundar meg og set seg i flott utgangsstilling han halv meter for langt framme). Han blir feila, rettar seg opp, framleis med bittet i munnen og spring som ei kule ut igjen straks han får kommandoen. Siste gong sette eg på han line og klikket i låsen var tydeleg eit sterkt signal for då venta han ikkje på min kommando. Klikket i låsen var kommandoen :).

Vi diskuterte det å trene og trene utan å konkurrere. Eg er einig i at ein konkurranse hadde puffa oss litt. Eg trur ikkje eg kan stille med Ekko på grunn av at eg er så usikker på reaksjonane han vil få når han skal ha ukjente hundar nær seg. Men eg vil gjerne trene som om eg skal konkurrere. Det skal vere brukskonkurranse både på Kverneland og på Sviland i mars. Det hadde vore kjekt å filme for å sjå korleis det er.

Trening i kulde og snø

Vi er nokre sprekingar som meiner at måndag er perfekt treningskveld same ka vèr det er :). I går var det KALDT og snø. Men det går mot vår folkens. Det var ikkje mørkt då vi begynte å trene...

Eg trente aleine med Ekko denne gongen. Det blei to lange økter med mykje leik i. Mesteparten av tida trente vi på frivillig stå. Målet var å dra ut tida før han blei premiert. Det gjekk fint. Eg begynte til og med å bevege meg og han stod. Veldig bra.

Siste delen hadde vi fellesdekk (aleine) der har låg i snøen medan eg bare stod der. Det var aktivitet i dei andre hundane som var på banen, men han låg fint.

Er veldig nøgd med treninga.

søndag 8. februar 2009

Eit råd framfor ei ny veke....



Eg fekk eit råd i eposten i dag:

Møt alle stressende situasjoner som en hund......hvis du ikke kan spise det eller leke med det, så tiss på det og gå din vei!!!!!

Hm ja... Du bør kanskje ikkje ta det heilt bokstaveleg....

Evaluering av veke 6

Så var det tid for å sjå gjennom Hundtränaren igjen. Har eg gjort det eg planla?

Avlevere leike.
Den går ganske fint etterkvart.

Stå under marsj
Måtte gå litt tilbake. La kommando på for tidleg. Men han greier å stå frivillig lenger no.

Kloklipp
Her er eg sløv for dette liker eg ikkje å trene på.

Fellesdekk
Er flink under forstyrringane.

Springe fritt
Han har hatt eit par turar fritt i skogen denne veka. Fann ikkje fløyta på den siste turen så etter den første panikken, måtte eg teste den andre lyden ;). Og vi hadde fleire kjempefine innkallingar der han kom i fullt firsprang då eg ropte "Jihaaa!!" (fann ut at den ber mykje betre enn namnet). Han bleipremiert med drakamp.

Triks
Eg trur bare eg seier at eg gler meg til triksekurset til Christin og Siri for her er eg så lite uthaldande. Blir hunden frustrert, blir eg det òg.

Det blei ikkje rundering denne veka. Vi har brukt ein del tid på leik i snøen. Drakamp i snøen er kjekkast syns Ekko.

Veke 7 er måla:
  • Avlevere leike - ute på feltet ( teste ut om ballen framleis er for sterk)
  • Innkallingstrening. Blei inspirert av Canis (bladet som kom forrige veke) og har lyst å teste ut den måten å trene det inn på. Men no har eg eit spørsmål til lesarane. Eg bruker handflata til levering av leike, bør eg bruke noko anna ved innkalling. Eg vil jo eigentleg det same, nemleg at snuten skal inn i handa. Ka tenkjer de? Bør eg ha to ulike signal eller kan eg bruke det same?
  • Kroppshåndtering. Ja, det er klotrening, men eg tar med meir.
  • Kjede deler av ei øving (jmf forrige innlegg)
  • Fellesdekk. No er utfordringa ligg i ro og ingenting skjer.
  • For meg er målet: Halde fokus og sjekke utviklingen melom kvar økt.

Det kan jo sjå mykje ut, men fleire av punkta er meir vedlikehald enn nye.

lørdag 7. februar 2009

Kan eg hente nokre treningstips, mon tru?

I dei bloggane eg har eit auga på, begynte det denne veka å dukke opp mykje om Maria Hagström. Spennande, tenkte eg og begynte å sjekke det ut. Konklusjonen er vel at ein gong vil eg òg på kurs med den dama!

Men altså er det noko å lære av å lese bloggar til folk som har vore på kurs? Både ja og nei. Det eg skriv her er jo 3.håndsinformasjon. Det vil seie at først har Maria sagt noko, så har bloggforfattaren tolka noko og så kjem eg og tolkar det som bloggforfattaren har skrive... Men eg tek sjansen på at eg har forstått litt.
Bloggane eg har hatt som utgangspunkt er Klickerklok, Kreativ hundetrening og Kreativ trening
Via den siste bloggen, kom eg borti Hundehjørnet og Svipp og Sejer sin hjemmeside. Altså fem bloggar som skriv om det same kurset.
Ro/passivitet.
Alle skriv om kor viktig det er å bygge verdien for ro/passivitet. Fanny er innom kor dyktige vi klikkartrenarar er til å ha aktivitet, men at vi ikkje er så oppmerksame på balansen mellom desse. Vi er blitt flinkare til å bruke omvent lokkande og forstyrringar når vi trener passivitet. Men vi må vere merksam på at omvendt lokkande lett blir ei hjelp. Det å sitje/ ligge i ro med mange forstyrringar og omvendt lokkande, er ikkje passivt, men ei svært aktiv oppgåve for hunden. Omvendt lokkande er viktig for hunden i starten og til stor hjelp, men det må bort fort. Når vi trener på at dei skal sitje og ligge i ro (bli-øving), gløymer vi eit viktig element: at vi kan stå stille! Og at ingenting skjer på eit minutt eller to. Og så kjem forstyrringa.... Eg kjenner ei som hadde gått i den fella i alle fall ;).
Hundane våre er vane med å få belønning for å vere stille, Kor lenge kan han halde posisjonen utan å få godbitar? (ja ja, Ekko. Det blir litt annleis på fellesdekktreninga på måndag ...)

Er det utvikling i treningsøkten mine?
Maria har poengtert "3-regelen". har det skjedd ei utvikling på dei tre siste øktene? Viss ikkje, ka må eg endre på? Har eg for høge eller for låge kriterie? Fungerer ikkje belønningen optimalt? Skal eg belønne på ein annan måte? Altså eg må evaluere øktene og finne nøkkelen vidare.

Rett og feil
Blir det hunden gjer bare rett, er det for enkelt. Men skal eg feile hunden er det viktig at eg har rutine for det. Det er viktig å lære inn feilsignal og gjere det til ei godt innarbeida og positiv rutine. Så lenge belønningen er meir verd, kan feilsignalet vere positivt lada for hunden.

Kjed saman delmomenta
Det er viktig at vi startar med små kjeder allereie medan hunden er kvelp. Ekko er fire han, men eg er ikkje flink til å kjede saman. Blir ståande og trener på delmoment og når eg prøver å kjede saman så blir det fort heile øvinga. Og då er det jo lett å kjenne at dette kan vi ikkje. Startar vi med små kjeder, byggjer vi òg opp til ein uthaldande hund. Høg belønningskvalitet i slutten av kjeden!
Å arbeide i dei små kjedane gjer oss òg merksame på kor det skortar i dei enkelte moment.

Er hunden kroppsklok eller ordklok?
Sist helg skreiv eg om eit tips Maria Hagström hadde i bloggen sin. Nemleg å sjekke ut øvingar i uvante omgjevnader. Til dømes når hunden ligg som på fellesdekk og du er på avstand, kan du då få han til å krype? Osv. Kan hunden eigentleg kommando-ordet eller er det kroppsspråket mitt som gjer at han veit ka han skal?
----

Eg har fått noko å tenkje på og arbeide vidare med etter denne blogglesinga ser eg.

torsdag 5. februar 2009

Endringar i malen

Nå har eg hatt same malen på bloggen lenge og fekk lyst å endre litt. Veit ikkje heilt om eg har kome fram til akkurat den eg vil ha. KOm gjerne med tilbakemeldingar om noko verka rotete, vanskeleg å lese på grunn av fargen osv.

tirsdag 3. februar 2009

Hundtränaren veke 5 26/1-1/2

Så var det oppsummering av veka. Ka skreiv eg at vi skulle trene på og ka noterte eg undervegs?
  • Stå under marsj. Eg har fått vekk dei feila eg lærte inn ved å bruke leverposteituba i premie, sette på kommando, men har tatt den av igjen. No lar eg han rygge bakover og tilby frivillig stå, prøver òg å dra ut tida før eg klikkar. Videosnuttane til Elisabeth viser litt koss eg arbeider. Ekko blir veldig gira av ballen og har problem med å stå i ro, men det skal vi vel fikse snarast muleg...
  • Kloklipp. Har klippa eit par, men er sløv med dette arbeidet.
  • Fellesdekk. For tida blir han frista med tennisballar og liknande. Ikkje lett syns han, men han blir stødigare. Vi gjennomførte ein fellesdekk saman med andre hundar på laurdag. Det gjekk veldig fint (når vi ser bort frå det vi ikkje trente på, nemleg sitt opp, ligg beint osv)
  • Avlevere leike. Det er ikkje problem i treningsmodus, men vanskelegare om han får ballen i leikmodus.
  • Sleppe Ekko laus/ dvs utan band. Bare eit par gonger denne veka, må bli flittigare til å dra til skogs med han i veke 6.
  • Triks. Her labbane i ei eske. Det er ei utfordring å få til for kvar gong framlabbane er oppi, vil anten Ekko ha premie eller så begynner han å styre som om det var klossen vi trente på. Fekk ikkje til å avlevere godbiten strategisk, dvs bak han. Han putta ikkje baklabben oppi eska, han gjekk utav... Men eg har fått eit par der eg har klikka akkurt då han går ut av eska på veg vidar. Då hender det at bakbeina er oppi..... At triks skal vere så vaskeleg å få til.

Konklusjonen er altså at vi arbeider i veg. Framover no skal vi halde på med det same, men legg til fri ved foten.

søndag 1. februar 2009

Så mykje spennande lesestoff der ute..

Tidleg morgon, Ekko søv (gårsdagen var hard), det er stille rundt meg. Då er det ganske godt med kaffi, laptop(då kan eg sitje i godstolen) og hundelektyre i bokform og på nettet.

I dag er det 1. februar og ny artikkel i Hundtränaren. Den utfordra meg i treninga. "Bli din egen coach". Utfordringa er bli ein betre trenar for hunden. Målet er jo at hunden skal bli veldig god til det vi ønskjer at han skal bli god til. Men korleis får vi det til. Jo, forfattaren set då fokus på meg som trenar. Har eg det klart for meg ka eg skal gjere framfor kvar trening? I følge Emelie Johnson Vegh & Eva Bertilsson er det viktigaste for at få hunden til å lukkast at eg gjer rett. For å kunne trene hunden på beste måte, må eg:
  1. Beskrive eksakt ka det er hunden skal gjere (eksakt ja, her har eg forbetringspotensiale)
  2. Planlegge korleis treninga til hunden skal foregå
  3. Beskrive eksakt kva eg sjølv skal gjere når eg trener hunden (oopps....)
  4. Planlegg korleis treninga mi skal foregå (korleis eg skal lære å gjere rett) (hm..)
  5. Tren meg sjøl
  6. Tren hunden

Som i alle samanhengar så er ikkje alltid det å vite ka ein skal gjere, det same som å gjere det. For å utvikle meg som trenar, er det viktig at eg deler opp målet i små delmoment og får tilbakemelding på akkurat det momentet eg held på med. Å gje ei tilbakemelding som lyder som: "Jo, du holdt fokus bra, men går som ei ku" er dårleg tilbakemelding når det er fokuset du spurte om. Gåinga er eit anna moment og var ikkje eit treningsmål akkurat no. Vi menneske har altfor lett for å gje tilbakemelding som heildekningsteppe (vi tilbakemelder på alt) eller om lengda på håret, når vi spurte om sløyfa (den var så vanskeleg å kommentere for vi likte den ikkje...)..

Eg må altså få treningsvener til å "TAGteache" meg, dvs gje meg tilbakemelding på akkurat det eg ber om, og i rette sekund. Forfattarane gjev oss ei sjekkliste for å trene oss sjølv effektivt:

  1. Øv på ein sak om gongen (nå snakkar vi om den tobeinte)
  2. Gje deg sjølv tydelege instruksjonar
  3. Få kort og konsis tilbakemelding som svarer til instruksjonen
  4. Ver observant på kjenslene dine. Du skal ha det det kjekt på treninga.

Dei avsluttar med ei utfordring som eg må tenkje meir på, men som eg gjerne sender vidare til lesarane:

  • Tio saker jag er himla bra på när vi tränar
  • Fem saker som jag ska träna mig själv att bli ännu bättre på

-----

Det var Hundtränaren. Men eg har jo surfa litt på morgonkvisten og då finn eg både det eine og det andre til ettertanke. Fanny filosoferer litt over høg forsterkningskvalitet kontra høg forsterkningsfrekvens. Ho stiller spørsmålet: Belønne fordi du vil eller fordi du må? Interessant.

Maria Hagström er inne på det same, men har òg eit anna emne som eg tok til meg. Kor godt kan hunden din kommandoen? Kor godt treng han å kunne den? Prøv ut kommandoen i heilt andre settingar enn vanleg og sjekk ut. Dette var diskusjon på eit konkurransekurs ho har hatt nyleg. Og ho stiller spørsmålet: Kan hunden krype viss du står langt i frå og ber om kryp (når det til vanleg alltid har vore fellesdekk i ein slik situasjon), ka om du ber om dekk ved sida av hinderet osv. Altså kor godt kan hunden overføre det den kan til andre situasjonar? Vil du lese ka Maria skreiv, sjå her.

Du så spennande hundelivet er ;). I dag skal eg prøve å få bakbeina til Ekko i kassen. Har sett meg eit lite delmål: Premier på motsatt side av hunden. Får eg det til, får kanskje han og til det han skal. Og i kveld må eg vel oppsummere treningsveka.