onsdag 25. februar 2009

Tur, trening og spor

I dag fekk Ekko seg ein flott dag på Bråstein. 2 timar vandra Hildegunn og eg rundt i "hundeskogen". Ekko gjorde utfall mot ein leonberger(?), men det var ein sindig kar så han sto han av.

Så drog vi rett til området og litt trening. Her er det ikkje bare beina som skal trenast ;). Vi trente saman med Marit & Jan Inge m/ Punky og Silje m/ Pia. Vi starta treninga med at Jan Inge la ut eit spor med 3 pinnar til Punky og eg la blodspor til Pia og Ekko.
Pia plar vere ein reser til å springe ut i felt og hente ting for å springe inn igjen. I dag var det litt slappare. Men det låg ein spennande dummy der. Det hadde ikkje ho hatt før. Kanskje noko å hente inn til matmor?

Eg slit jo med lineføringa. I dag viste Marit og Punky meg eit tips dei hadde fått av Thomas Stokke. Eg gjekk bortover ein planke og Ekko skulle følge tett inntil. Det gjekk veldig bra. Skal trene meir på det. Og som Marit sa så må eg nok trene som eige moment at Ekko kjenner handa som beveger seg like ved skuldra hans. Han er jo så høg og eg så liten...

Trente òg litt på at han skulle ligge roleg ved meg medan Punky og Pia trente. Han gjorde det, men slappar ikkje av, er på jobb og syns han fortener godbitar. Ei god trening som eg bør gjere oftare.

Ei lita økt med sitt- dekk -stå fekk vi òg tid til.

Så var det blodsporet. Pia skulle gå sitt første. Eg var litt distrahert og gløymte å be Silje om å la henne lukte grundig ved oppsparket. Trur ho var litt forvirra over at det var blod og ikkje menneskespor ho skulle gå etter. Ho lukta veldig på eit blad eg hadde sølt blod på. Virra litt, men fann slutten.

Med Ekko rota vi litt med starten. Vi greidde faktisk å gå inn i sporet utan å begynne der vi skulle. Fy oss! Gjekk tilbake til start. Ekko jobba ivrig, men i dag trur eg det var eit viltspor og kanskje litt mine spor han var på søk etter. Det blei litt rotete. Neste gong eg går eit så ferskt spor, skal eg merke betre slik at eg får stoppa han.

Her er litt film frå dagen. Først Punky trener budføring:



Punky startar på eit langt spor med 3 pinnar (og som ho plukkar perfekt!).
Og her har jenta funne slutten. Marit og Jan Inge har jobba kjempegodt med Punky. Ho er blitt SÅ flink! Går roleg, kjem og leverer pinnane ho skal finne osv. Eg er imponert!

Så var det av ein annan arbeidande hund, nemleg Pia, og litt av det første blodsporet. Lukta var spennande:



På laurdag er det sportrening igjen. Gler meg til det. Har lyst til å jobbe meir med spor.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Så utrolig gøy da. Synd eg ikkje klarte å komma i dag.

Hadde Silje litt vondt i ryggen. Hu stod så veldig bøyd i den eine filmen???

Når det gjelde dessa tørka pølsebitane med kvitløkspulver: Kansje du ska legga oppskriftå i margen te høyre. Det e så mye styr å leita fram te dei kvar gong.

Anonym sa...

Så synd at Ecco ikke var i "blodsporhumør" i dag. Han jobba bra med planken!
Vi skal legge et spor til deg på fredag. Kanskje det er lettere å gå et spor som har ligget lenger? Vi krysser fingre!
En flott økt i dag. Skulle bare ønske at vår firbente var litt mer sliten!!

Gro sa...

Så kjekt med alle filmsnuttene du har lagt ut, bare synd det ikke blir noen av Ekko...he he.

Lurt å trene på å slappe av mens andre jobber ja.
Og ja, der er mange hunder som går eldre spor bedre enn slike ferske. Går sikkert bedre neste gang. Vi må også huske at det ikke er verdens undergang, iallefall ikke for hundene, om de ikke klarer alle spora slik vi vil de skal. Det er nok heller for oss det føles som "verdens undergang" for vi vil så gjerne "lykkes". Det der må iallefall jeg jobbe med kjenner jeg.....

Aud Venke sa...

Til Elisabeth: Det var ingen dum idè. Skal få ordna det med oppskrifta.

Til Marit: Av og til er det godt med ein vaksen hund. Han slokna då han kom heim.

Til Gro: Eg tar det ikkje så tungt. Det var eg som var uklar i meldingane. Og han går ofte rolegare i eldre spor og det er jo bra for meg :). Men det som er tydeleg er at han syns det er kjekt å få på seg sele og langline. Med tanke på den nedrulla runderingsguten på laurdag, var det eit anna humør på sporguten idag.