tirsdag 21. august 2012

Hundefolk er nesten like flinke som hundane til å snuse etter mat..

..  og dei snuste seg fram til området vårt på måndag. Trur eg må ta med meg boller og kjeks oftare.

Det blei ein kjekk oppstart på eigentreninga til bruksgruppa. 9(?) tobeinte og 10 hundar om eg ikkje hugsar feil.
Nokre av oss stakk til skogs for å legge spor i starten for så å kome ned og trene (og drikke kaffi og prate hund saman med dei andre) eit par timar før hundane skulle teste sporet.

Eg er, som skrive tidlegare, totalt uinspirert i treninga. Heldigvis jobba eg med Kari M. Ho begynte å fortelje om ting ho var imponert over at Ekko kunne. Øvingar eg hadde heilt gløymt! Og då begynte det å bli litt kjekkare for eg kunne dra fram litt fleire treningskort.

Eg trente på:

  • Hopp. Gode hopp, men burde kanskje kome seg eit par centimeter høgare over hinderet.
  • Lokking og kommando. Ekko i utgangsstilling. Kari holdt han litt i halsbåndet. Eg sprang og lokka med leike mm. Han sat. Til kommandoen: "Kom" . Då var det full guffe.
  • Han låg i ro. Eg drog i bandet, lokka med godbitar osb. Han låg.
Tenk at han hugsa dei to siste. Dei hadde eg gløymt heilt ut. Må visst ruske litt i topplokket (bloggen...) og leite fram inspirasjonen.

Sporet var på 260m. 4 gjenstandar. Han markerte alle, men fall ut midt i sporet. Det var visst noko farleg ein eller annan stad inne i skogen. Men kom seg på igjen, men frå då var han ikkje så sikker. Tok nokre lettvinte  løysningar. Men alt blei funne og målet likeeins. 
Han gjekk fort i myra med høgt gras (godt med fert der?).

fredag 17. august 2012

Ka skal ein eigentleg trene på?

Akkurat det tenkjer eg litt på for tida. Kjenner at eg ikkje veit ka eg vil trene på om eg dukkar opp på ein treningsplass.
Sjølvsagt kan Ekko få hoppe hinder, gå slalom, lære eit triks eller fem. Men er det viktig for meg å trene slik at han gjer det rett? Eller er bare noko eg trener på for at eg skal ha noko å gjere på?
Ingen andre som lurer på kvifor dei trener?

For nokre år sidan ville eg vel tenkt at det alltid var noko å trene på. Men no syns eg at han er ganske så grei den hunden eg har. Treng litt trening på velkomsthelsing og glede over at nokon snakkar med oss på tur, men det må trenast i kvardagen. Ikkje lett å få til med hundevante folk på treningsplassen.

Men ellers er jo ein 7 år gamal hund fredeleg og grei. Han står opp kl 6 (startar med å vekke matmor), går tur. Passar huset til eg kjem heim i 4-5tida. Så er vi ute på tur i 1-2 timar. Han går fredeleg i bandet og tar lett innspel frå meg. Etter det er det middag og kløing bak øyra. Han kunne sikkert tenkt seg trening (les: matservering) heile kvelden, men så var det den trøytte eigaren.

I helgene gjer vi det kjekkaste av alt: runderer/ spore. Like frydefullt for både tobeint og firbeint. Her kan eg sjå han treng trening og har idear om ka eg vil trene på. Kanskje det er difor eg er likar meg når vi i tillegg til trening på området, rekk å legge ut spor? For då han i alle fall gjort noko fornuftig den kvelden. Og då blir fort fokuset på å trene bruks (melding og andre detaljar) i pausetida. Eller bare trene fysikk.

Ka tenkjer de andre, som heller ikkje trener mot konkurranse, om trening etter at hunden er vaksen? Ka driv det med? Kvifor?

Innspel mottas med takk.

søndag 12. august 2012

Då var vi i gang

Eg legg meg her. Vasking av bil er farleg.
Då er ein lang og god ferie over. Sola måtte eg til utlandet for å finne skikkeleg av, men Ekko er ikkje så oppteken av slikt så han syns sommarferie er å ha besøk og å besøke kjekke folk. Og bade! Det er utruleg kor sosial den hunden er. Aller helst skulle alle vere med på tur. Eller vere heime samstundes. På besøk i Bergen kunne ikkje han og eg gå tur viss dei andre var ute med bilen. I følge Ekko måtte vi vere ved huset då. Og lukka var stor då han kunne vere velkomstkomite kvar gong dei kom tilbake.

På besøk på Tau, der hagen var full av kjekke ungar, kunne han bare gå så langt som han trengte for å gjere sitt fornødne så måtte han snu. Han skulle vere der ungane var. Dermed basta. 
Opplevde ein fin episode. Etter middagen laga eg til restemat til han. Kjøtbein, saus og poteter. Han åt lukkeleg. Då kom ei lita tulle på 1 år og sette seg på huk ved matskåla. Før vi fekk sukk for oss, tok ho eit bein med kjøt og saus på. Ekko såg på henne og fortsette med å spise. (Pust). Jenta fekk beskjed om at det var hunden sin mat så ho la beinet fint ned igjen. Ekko åt. Gode hunden. Og glad er eg for at eg rotar meg borti matskåla hans i blant. Men eg er ikkje sikker om reaksjonen hadde vore lik om det var ein vaksen som tok maten. Eg ser han er veldig forsiktig når dei minste vil leike med han. 

Melding!
På laurdag var det heldigvis treningstid igjen. Etter planen på terminlista til bruksgruppa skulle vi til Sviland. Det var Gry og eg som var klar. Men der var jammen vegen til Sviland stengt av eit stort tre.
Vi parkerte på området, lot hundane lufte seg og surre litt saman før Gry og eg la kvar vårt spor i skogen. 

Først var begge ute og vi trente kvar for oss. Ekko trente på fot, bli verande i ein kommando medan eg gjekk vidare osb.
Etterpå var det meldetrening på begge hundane. Tydeleg at dei òg var klar for jobbing for begge stod på og gjennomførte fine meldingar.

Så var det sporet. Eg hadde lagt ut fire gjenstandar og laga nokre luresvingar i sporet. Var spent. Men det var ikkje Ekko. Han gjekk til gullmedalje. Alle gjenstandane blei markert. I alle vegkryss, tok han rette vegen. Skikkeleg godt spor. Og så glad han var då han kom til slutten!
Fellesdekk

Vi avslutta med fellesdekk. Hadde god avstand for å sikre oss at ingen av dei spratt opp for å helse på den andre. Dei låg fint og fellesdekket blei gjennomført med glans.

Deilig å vere i gang igjen!