lørdag 27. mars 2010

På sporet

Stod opp til kvite skyer og blå himmel. Kjempestart på påskedagane. Det er vår i lufta. Og vår på bakken.
Vi var 4 som møtte på Dale for å trene spor. Ekko hadde ikkje gått spor i 2010 så eg var spent på korleis dette ville gå.

Eg gjekk sjølv sporet til Ekko. Sidan eg var usikker på korleis det ville gå, hengte eg opp  merke ved nokre av vinklane. Eg la to-tre godbitdepot undervegs.
På veg ut for å legge sporet fortalte Kari at ho hadde lagt pinnespor. Hm, tenkte eg, Ekko må jo lære den ein gong han òg. Tok difor opp eit par pinnar og la i sporet. Hadde ingen forventning til dei, men tenkte det kunne vere interessant å sjå.

Det første sporet blei langt. Underlaget litt variert, men ein del granskogsbotn og område med fjorårsgamalt gras. På slutten plasserer eg ein plastboks med godbitar. Den får lokk og blir gøymt. Eg markerer plassen med doble sløyfer.

Eg gjekk eit spor til. Denne gongen måtte eg krysse vegen, sjølv om eg hadde lova Torhild at eg ikkje skulle gjere det. Var spent på om eg kryssa sporet hennar, men tok sjansen for det var ikkje muleg å komme innover i den tette granskogen. Det første som møtte meg på den andre sida av vegen, var ei steinrøys. Og den var ikkje enkel å passere. Eg hoppa rundt på steinane for å finne ein lett måte å kome vidare. Gav litt opp, men akte meg ned slik at eg kom meg ned på bakkenivå igjen. Gjekk vidare ned til sjøen, eit stykke langs den og så inn i skogen igjen.

Då eg kom tilbake til bilane, hadde damene sett seg i sola med kaffien. Pratet gjekk livleg. Det eine hundeproblemet etter det andre blei lufta og gleda over alt vi fekk til likeeins.

Ca 1 1/2 time etter at sporet var lagt, skulle vi gå det. Ekko såg ekstra glad ut då eg tok fram langlina og vi begynte å gå. At Dea gjekk like i nærleiken var uinteressant, han skulle på jobb. Eg sette han på sporet og han gjekk kjempebra. Litt fort i starten, men roa seg fort. Første pinne blei markert med ekstra snusing. Eg skrytte av han før han gjekk vidare. Godbitdepotet (litt kylling) var vellukka. Det fekk han til å setje nasen skikkeleg i bakken på nytt. Han hadde eit par gonger der han gjekk for langt unna sporet, men kom seg fort innpå. Var merkebåndet mitt plassert så lågt at han rakk opp til det, markerte han det òg :).

Dette første sporet var godt. Kan trekkast for nokre sidesprang (som eg kanskje hadde fulgt om eg ikkje visste vegen), men holdt jamn fart og verka trygg på det han gjorde.

Spor 2.
I gang som sist. Reagerte då sporet stoppa ved inngangen til tett skog. Eg hadde virra lit rundt og det gjorde han òg. Kryssa fint vegen og kom til steinrøysa.
Han virra rundt. Nasen gjekk høgt. Jo her lukta det matmor, men korleis skulle han greie denne? Han prøvde å gå rundt, men då mista han lukta. Kom tilbake og begynte å klynke. Dette var ikkje enkelt. Steinane var store og i utgangspunktet greie å kome seg oppå, men det var langt ned og vanskeleg å forsere. Det endte med at eg klatra opp på første stein og sette meg på rompa for så forsiktig å heise meg ned. Ekko bjeffa. Dette likte han ikkje. Men no fann han vegen rundt røysa og utan hjelpa mi fann han sporet mitt på andre sida. Då var det bare for meg å henge meg på igjen. Resten av sporet gjekk veldig bra. Han fulgte godt sporet mitt og fann premien.
Då spora var ferdig, gjekk eg og sette meg i sola. Ekko la seg ned i graset. Dei andre kom òg. Silje trente Selma på å vere i nærleiken av Ekko og Ekko trente på å vere nær Selma. Alt var ein strålande dag. Så kom det ein "kjekkas" med ei stor tispe. Han spurte om hundane kunne helse. "Nei," sa eg. "Han liker ikkje ukjente hundar". "Ho kan få helse på Selma," sa Silje. Men her var det ingen respekt for det eg sa. Hunden måtte jo sosialiserast (Ekko altså) så han og hunden kom rett på. Og Ekko gjekk til angrep. Eg fekk Ekko med meg, sette meg ned å roa han. Då fekk eg beskjed om at det var litt av ein utrygg hund eg hadde, for det var heilt unaturleg at han hadde reagert slik på ei tispe (visstnok veldig trygg. Hm. Ho bjeffa på menneske...). Så den hunden min var visst heilt uvanleg. Og eg skulle ikkje ta han til meg og trøyste han ( gje han godbitar). Skulle snakke hardt til å han og sette han til rette. Eg tenkte at det var best å tie. Han sette seg ned og fortalte at han visste det meste om hundeoppseding. Han hadde hatt hund i 30 år. Utan å registrere at det kun var Torhild som snakka med han. Vi andre var tause. Kanskje mannen trengte litt sosialisering? Ja, ja. Kjenner at han øydela litt humøret mitt akkurat der og då. 

søndag 21. mars 2010

Ei skikkeleg meldetreningsøkt.

Vi var 4 ekvipasjar som møtte på Skjæveland denne laurdagen. Marina&Kira, Gro Anita&Sita, Kari&Evita og oss. Det var is igjen på skogsvegane så til tider var dei vanskelege å gå på, men i skogen var det bart og fint. I følge hundane var det mange deilige rådyrlukter som kom fram.

Vi starta med å ta for oss kvar enkelt hund og ka vi ville at den enkelte skulle trene på. Etter å ha sett på dei ulike løypene, bestemte vi oss for ei kortløype (der var vegen nesten bar) og heller kjøre fleire økter.

Kira skulle trene på å krysse midtlina utan å stoppe. Marina var usikker på om ho hadde forstått ka jobben hennar var. Men det hadde ho. Det er vel første gongen eg har møtt ei så konsentrert og taus Kira. Ein fryd å oppleve der ho jobba stille og effektivt. Det einaste Marina trengte var å stå med nasen i den retningen ho ville ha henne. Eit kjempeframskritt!

Sita skulle nå ikkje vere dårlegare så ho beviste at ho ikkje trengte innkallling mellom funna, men kunne kome av seg sjølv.

Evita er det mest drevne av hundane. Ho jobba òg godt og fekk æra av å vere fotomodellen i dag. Sjå fryden der ho er på veg tilbake til matmor med meldinga om funn!

Ekko skulle i første runde først ha direkte i funn, så eit blindslag og deretter skulle resten vere slag med lausbittmelding. Her gjeld det å gje vel mange utfordringar på ein gong ;). Eg burde kanskje ha sjekka kanalen han hadde skrudd på, før eg gav så mange oppgåver, men men. Første slag går fint, men med litt lite engasjement i farta ut. Blindslaget er minimalt. Han gidd ikkje springe ut meir enn maks 10 meter før han kjem inn igjen. Resten går greit. Han hentar melding, kjem inn og viser funn.

Etter pausen blir alle slaga med melding. Dette går fint, men det er tydeleg at han er trøytt på slutten. Må på siste slaget lokkast inn for då heng tunga ut ved sida av lausbittet. Sakna litt av tenninga i dag, men meldetreninga som var hovudpoenget, gjekk mykje betre enn venta. Han auka frå 2 lausbittmeldingar som han har hatt tidlegare på ei økt, til 7. Så no blir det drilling på detaljane i meldinga og trening med full melding framover.

Etter treninga, gjekk Gro Anita og eg ein liten tur med hundane våre. Dei likte å springe etter kvarandre med pinnar, men var tydeleg trøytte etter arbeidet så det var korte økter med full fart og deretter roleg gange. Litt bading fekk dei med seg. Vi oppdaga kor mykje skitnare det var i bilen no når snøen forsvinn. Sorpe og sand i pels og labbar. Men våren er nå ein fryd for det :)

Vakre hundar

søndag 14. mars 2010

Endeleg trening igjen

Det har blitt lite trening på Ekko og meg. Ikkje hans feil akkurat, men matmora har vore sliten og trøytt etter lange med jobb og tobeinte forpliktingar.

Trøytt fekk eg pakka hund, godbitar og meg sjølv i bilen. Her skulle det rundereast. På vegen mot Sviland, begynte eg å få kalde føter. Ein ting var å kjøre her på skikkeleg vinterføre, men dette var høg slush med is under. Opp kom eg og der var dei andre parkert ganske så kronglete så her trengtes både tenking og samarbeid for at alle skulle greie å snu og setje snuten heimover etterkvart.

Ekko var hund nummer 3 ut. Etter oppvarminga var han klar. Dei to første skulle vere enkeltslag med lausbitt. På første tok han den, men prøvde på ein liten lurevariant: Snu ryggen til figurant for så å sjå ut som om han var tilbake og skulle ha premie. Forstod at her måtte det alvor til og kom fint inn, avleverte og ut i høgt tempo.
På slag nr 2 gjorde han litt av same feil som sist. Hentar lausbittet og tar det med seg inn, men vil forbi og over på andre sida (flying). Blir ropt inn for eg ser ka han har tenkt. Resten av slaget går fint. Etterkvart må eg trene meir på utgangsstillingen ved avlevering.

Resten av slaga var flying. Farten er kjempefin, han er ivrig, har driv framover og krysser meg nære.

På nest siste slaget vil eg ha blindslag. Kari får beskjed om å kome seg langt vekk. Over elva og ut på vegen. Erfaringa tilseier at ho ikkje kan kome til midtlina for det oppdagar Ekko og melder på henne der. Då vi får melding om at ho er langt borte, blir han sendt frå Jan Inge og krysser fint over leiter innover, men så ser Gro (som er midtlinesjef) at han har driv bakover i sporet til Kari. Eg roper han då inn og han blir sendt over til Jan Inge som er nære. No er han så sliten at han stopper på midtlina for å drikke.

Då han var ferdig møtte vi vesle Vicky til Marit og Jan Inge. Det var heilt greit for Ekko at ho stod og snuste på han, men ho måtte halde seg unna leika hans :).  Blir spennande å sjå utviklinga på den søte spanielen der.

Vi greidde å finne måtar å snu bilane på så alle kom seg ut og alle kunne kjøre nøgde heim.