Vi var 6 ekvipasjar i dag. Vi var ikkje heilt klar i klesvegen fann vi ut. Det er så lenge sidan heile oljehyret sist var i bruk. Men med latter og god stemning fekk vi både opp varmen og stemningen.
Gro ville ha ein eigen røykeavdeling så ho fekk slått opp halvtaket på teltet. Marina og eg såg på. Skikkeleg underhaldande :). Deretter blei det tid for strategiplanlegging og litt kaffi før vi tok oss saman og kom oss ut i regnet (som sjølvsagt høyrtes verre ut enn det var).
Ekko var andre hund ut så vi fekk oss ein fin tur i skogen før vi blei kalla inn. Vi skulle fortsetje med minirunderinga (Canis 6/09) som vi begynte på sist veke.
Ekko har jo vist at han kan systemet i bringkobbelmeldinga, men han mistar heile farten og gløden han har i flyinga. Denne måten å trene inn meldinga ser ut til å få med farten og gleda han har når han søkjer.
Minirundering er rundering i miniatyr. Figurantane står ca 4-5m ute og er fullt synleg. Ekko sit ved sida av meg og får kommandoen "runder" når han er klar. Ut til figurant, hente lausbittet, inn til meg, på plass, ut til figurant og belønning. I dag var belønninga leik og frolic. Kommentaren frå figurantane var at godbitane var kjipe. Og eg kunne sjå det. Då han var så sliten at leik ikkje var tingen, mista han òg gløden etter å bli premiert. Fy skam meg. Betre belønning neste gong.
Det som er fint med denne minirunderinga er at vi får perfeksjonert meldinga utan å ta heilt knekken på hunden. Det er lett å feile hunden utan at han har sprunge 49m (evt 99m) før han blir feila. No ser eg at det er ok å ta runden ein gong til utan belønning.
Neste steg er å drille på dette på fleire slag.Vil ha det skikkeleg drilla inn før eg lar han få ta heile runderinga (50m ut, melding, 50m inn, ta med seg førar ut til figurant osb).
Etter at alle hundane hadde fått sitt, åt vi litt mat og tok med oss dei firbeinte på ein liten luftetur i det fri. Deretter var det å få ned det våte teltet. Heldigvis var det opphaldsver akkurat då :).
No søv helten. Og ute er det, vått, vått, vått. Byen blir skikkeleg reingjort.