lørdag 27. august 2011

Sportrening


Dei har heile denne veka meldt at akkurat den dagen er den siste med godver. Men kvar dag er blitt varmare og finare. Nettene nærmar seg tropetemperatur. Men altså dei meldte den gråe helga så eg tok på meg regnty.
Det var Gro og eg som ville legge spor på Dale denne laurdagen. Vi tok oss god tid til prat i sola.
Eg la ut to spor. Hadde tenkt å ha godbitdepot for å sikre at han hadde nasen i bakken, men då eg såg at det var mykje flittig maur i skogbotn, gjekk eg vekk frå den. Fekk nok satse på at han hadde spornasen på plass. Første sporet var langt i høgt skogsgras, glatt fjellgrunn, skogssti og barnålsbotn. Ganske mange vinklar.
Spor 2 var kortare. Det gjekk ein del på tursti og ned til sjøen. I periodar gjekk eg ved sida av turstien. Slutten låg heilt nede ved sjøen på eit svaberg. Var spent på den.

Medan spora låg der og godgjorde seg, fann eg eit inngjerda område der eg kunne trene kondisjon på den firbeinte (ja, eg kunne trengt det eg òg). Hadde fått tak i ei slik kjekk kasteslynge. Perfekt for folk som blir ledd av når vi kastar ball ;). Ekko fekk springe og la seg til slutt ned.

Ca 1,5 time etter var det på tide å gå spora. Ekko slo fort på starten på sporet. Sette sikkert i gang. Han gjekk stødig. Litt høg nase syns eg, men han var på sporet. Rota seg litt bort då vi skulle krysse ein sti, men var kjapp til å ta seg inn. Fjellgrunn gjekk så det suste. Men på ein del av grasbotn, gjekk han ved sida av sporet. Var det på grunn av at vinden hadde ført ferten slik? Det var kraftig fønvind. Skråsikker stod han ved sida av slutten. Skikkeleg bra.
Ut på vegen og la han gå for å sjå ka som skjer. Flinke hunden. Reagerte straks og svingte av for å begynne på nytt spor. Han gjekk riktig heilt til vi kom ned til stien ved sjøen. Her var det litt søppel som sjøfolket hadde kasta frå seg. Det var spennande. Men ein liten lyd frå meg var nok. På sporet igjen.  Gjekk fint heilt til vi nærma oss slutten. Denne gongen gjekk han vidare og svingte ikkje ned til sjøen. Hm. Ka var dette? Obs. Eg hadde rota til slutten sjølv. Hadde rett og slett gått i mine eigne bakspor tilbake til stien for å gå vidare. Men som sist, ein liten lyd og Ekko endra kurs og svingte ned til sjøen. Der var slutten. Flinke hunden.

Eg er nøgd med innsatsen i dag. Lenge sidan vi har gått skikkelege spor.

torsdag 25. august 2011

Det går opp det går ned

Denne veka har vi fått trent litt. Først måndag. Ekko fekk ein god tur før treninga. Han var ganske gira der han sprang i skogen, så eg burde kanskje lukta lunta..
Eg hadde bestemt meg for at han skulle bruke fastbittet. Det hadde gått greit forrige trening. Men denne gongen blei det bare tull. Ekko gadd så vidt springe ut til figurant. Det einaste positive var at han sprang fortare inn til meg for å kome seg ut att. Det har han ikkje gjort kvar gong. Han slapp bittet når det passa han og eg begynte å bli frustrert. Gjekk over til flying og direkte i leik. Tenkte at det fekk vere kondistrening. Då vakna guten. Fullt firsprang og han sprang til han spydde.

Etter slik ein måndag, var eg spent på om eg kunne stille krav til han i dag. På parkeringsplassen stod vi og diskuterte, Isabelle, Lise og eg. Isabelle kom med tips om å kjøre flying først og kaste inn ei fullmelding før han blei trøytt. Hm. Eg hadde ikkje heilt trua, men hadde ikkje betre forslag sjølv. Ekko fekk ligge i bilen og vente for å vere sist ut. Då hadde han jo roa seg etter luftegiret og var kanskje klar?

Aksel (son til Lise) gira Ekko litt opp på parkeringsplassen med leika. Det førte til at hunden stod gira på startlina. Fullt firsprang ut til Aksel og rett i leik. Så i resertempo over til Lise. 3.slag er framleis flying, men no skal han hente lausbitt. Eg er spent. Men der kom faktisk kjekkasen i god fart inn med melding og har så vidt tid til å kome seg rundt meg før han spring ut på vis.
4.slag er enkeltslag rett i leik for Lise har ikkje lausbitt. Går veldig fint. 5.slag er enkeltslag med full melding. 6.slag er full melding. Likeeins 7. og 8.slag. No heng tunga som eit slips, men farten er framleis fin. Siste er rett ut i leik hjå Aksel.
Ein sliten hund og ei stornøgd matmor. Ekko har fint driv framover og blir meir og meir glad i jaktleiken hjå figurantane.
Altså var ideen til Isabelle glimrande. Takk skal du ha.

På laurdag blir det vel spor, men neste veke er det meir rundering. Det er kjempegodt å vere i gang.

lørdag 13. august 2011

Viljen er sterk, men kondisen må opp

I dag var Isabelle, Gry, eg og hundane på Sviland for å trene. Sol og sommar. Hundane var herleg ivrige i arbeidet. Ein fryd å trene alle tre.

Ekko fekk flying denne dagen. Målet var å sjekke ut kondis og sjå på arbeidsmåten. Konklusjon: hardt arbeidande hund som blir fort sliten, men som vil arbeide. Han var totalt utslitt på slutten. Og det beste av alt: Han har kjempegodt driv i søket. Flyttar seg framover på perfekt måte. Stolt trenar :)

I andre økta trente vi på fastbittet på sti ved parkeringsplassen. Eg må få til fastbittet slik at Ekko kan plukke det opp enkelt. Ikkje enkelt på stor hund. Han jobba godt med fastbittet. Isabelle hjelpte han å få det i munnen. Han fiksa å gjere feil og måtte gjere det om att. Det var veldig bra. Får fortsetje vidare med det på måndag.

onsdag 10. august 2011

Runderinga er i gang


Vi har trent rundering to måndagar no. Begge kveldane har vi trent på lausbitt og full melding. Kondisen til Ekko er jo like laber som matmora sin så han blir fort sliten. Forrige måndag var det sommar og sol og då måtte vi ha med vatn i løypa. Ekko greidde fint 5-6 slag, men nekta å leike på fleire enn to. Han hentar bittet greit og levere. Raskare ut til figurant enn inn for å melde.

Denne måndagen var det ikkje så varmt. Eg hadde gløymt walkien og det hadde dei andre òg. Blei litt meir styr, men Gry, Isabelle og eg er van med å ta det meste som det kjem så vi fekk det til.

Ekko var ivrig. Isabelle leika med han før vi begynte. Det gjorde han veldig tent på å springe ut. Han såg snurten av ho. Han kom fint inn med melding og sprang fint ut på dei fleste slaga. På slutten (han fekk 7) var han trøytt, men greidde å halde koken. På siste slaget kom han nesten inn i med bittet, slapp det for å drikke. Æsj, tenkte eg, no må vi ta alt om att. Men glupingen tok det opp att og kom inn med det. Full fart ut til Isabelle. Han leika på alle slaga denne kvelden.

Det var deilig å kome i gang. Hundane var ivrige og veldig klare. Eg kan nok begynne treninga med fastbittet. Og så var det å få opp kondisen då...