fredag 29. februar 2008

To steg bakover og musematte

Nå har eg sove på det der bakvendta frå i går. Ja, eg har sove mykje for matmor var sliten i dag då ho kom heim. Vi gjekk tur i ein time. Etterpå var det lite å henta hjå henne. Ho var fredagstrøytt sa ho.

Men så ut på kvelden var det akkurat som ho vakna litt. (Veldig bra at det er så lite å sjå på TV)Ho fann fram klikkaren og pølsebitar. Og då kom eg brått på at det var eit eller anna med å stå framfor henne eg dreiv på med i går. Tok eit par skritt bakover. Mange godbitar! Det er eit eller anna ho vil med det der. Eg prøvde igjen, stoppar etter to steg, ventar og tar eit til. Jammen premie då òg. Kjenner eg har lyst til å setje meg, men då går ho bare vekk så det var tydeleg ikkje det ho vil. Etter ei stund blei det kjedeleg. Eg tok to steg og stoppa. Og det var det. Ikkje så full jubel på slutten så det er nok ikkje godt nok med to steg. Får gruble meir til i morgon.

Sjølv om dette blei litt kjedeleg, nekta eg å stoppe med treninga då matmor peilte seg inn på godstolen. Eg heiv meg frampå med mange tilbod og jammen snudde ho. Fram med musematta. Endeleg litt trening med fart i. Eg fekk springe mot musematta. Fekk premie både for å treffe med snuten og labben ( eg beit ikkje i musematta ein einaste gong!). På slutten tok eg eit par kjappe på plass og full fart ut for å trø på matta. Litt vanskeleg med fart forresten for det er så glatt på golvet. Men meir musemattetrening. Det var det litt fart i.

Nå ligg eg her og gruer meg for kveldsturen - det PLASKregnar ute. Og eg som er både tørr og varm. Ikkje det - å bli pakka inn i badehåndkle når eg kjem inn er ganske deilig. Eg har perfekt pels for etter ein kort runde med bådehåndkledet er eg tørr.

torsdag 28. februar 2008

I bakvendtland

I dag skjedde det store under: Det hagla og regna FØR trening og det regna ETTER trening, men under treninga var det opphald. Utruleg. Men kanskje naturen òg syntes kvelden var bakvendt? Ja for det syns eg. I kveld skulle eg visstnok rygge. Hallo, det er jo matmor som skal det, ikkje eg! Men altså der stod eg og stirde på henne. Og der stod ho og stirde tilbake. Til slutt begynte ho å svaie. Eg holdt igjen, men måtte ta eit steg bakover for det begynte å bli farleg. Og forsyne meg- då klikka ho. Det var nok ein feil. Vi gjekk tilbake til stirringa på kvarandre til ho svaia og eg rygga. Og der kom det jammen eit klikk igjen. Det må vere eit eller anna med det der. Forstod det ikkje heilt. Sjekka på slutten om det måtte svaiing til for å få godbit, men eg trur ikkje det for ho premierte at eg rygga om ho stod stille òg. Ikkje det, eg syns mykje var uklart med den øvinga der. Må sove på saka.

På slutten av kvelden klistra ho meg inntil ein vegg. Eg skulle rygge. Så fekk ho ei anna til å klikke når eg rygga. Det gjekk visst ganske bra. Men så blei mor forstyrra midt i arbeidet. Ka skal vi gjere med sånne damer som bare stopper opp og gløymer oppgåva si? Der står eg og har fokus på trening, tenkjer at ho kanskje sjekker om eg fiksar å stå stille medan ho pratar, så eg fortset med å stå. Men trur du ho har tenkt så langt? Neidå, ho pratar i veg og eg er gløymt. Perfekt bakpart hadde eg og eg stod som ein engel. Kan noen skjerpe henne og seie at eg fortente biff for at eg holdt fokus medan ho mista sitt.....

Konklusjon:Vi har vore i bakvendtland: Det regna ikkje, eg måtte rygge, ikkje matmor og eg holdt fokus heile kvelden, ikkje matmor. Kanskje ho treng å bli trent i kort økter???

mandag 25. februar 2008

Kontakt- kontakt

Etter ei frustrerande trening forrige torsdag, var det godt med ei god arbeidsøkt igjen.

Første økt for Ekko var å halde kontakten medan eg rygga bakover og han gjekk framover. Det gjekk kjempefint. Eg fekk til og med snudd meg utan at han mista fokus. Neste økt fortsette vi med det same. No hadde vi til og med vendingar utan at fokus forsvann. Eg ser at det er smart med korte økter for han har lett for å begynne å sjå seg rundt om eg held på lenge. Eit tydeleg signal til meg om at eg skal fortsette med dette i korte økter og auke lengden etterkvart.

Faya skulle trene hardt på tannvising. Eg skulle vere dommaren. Ho starta med å rygge då eg kom, men etterkvart så stod ho og tillot at eg stod over henne og bretta opp leppene. Ja, ho greidde til og med å sitje i ro då det blei krevd av henne. Elisabeth prøvde å halde ei ope hand med godbitar i nærleiken av henne, og Faya forstod kjapt at skulle ho bli servert måtte ho stå stille og la dommaren kladde på henne. Ved ordet "versegod" var ho kjapt framme. Kjempebra!

Eg ville halde fram med kontakt, men med ein variasjon. Nå måtte han stå medan eg gjekk eit skritt i frå og så tilbake. Enda til slutt opp på sida. Tydeleg konsentrasjonsarbeid for han.

Siste økta fekk han det same, men med den kjekke pipeballen til Faya. Eg gav ikkje kommandoen stå, han bestemte når han skulle stå. Og for ein kontakt eg fekk! Heile kroppen er stiv av spenning der han trør meg på skoa og stirrer meg i augene. Kor er ballen? No greidde han å stå og bli ståande. Og for ein fart det blir i denne treninga!
Men stakkars Scotty, han greidde ikkje å tenkje på anna enn at han òg vil ha ball. Han stakk av frå Anne Lise og rett i rompa på Ekko. Ekko tok det fint, det var verre med meg for eg var redd for at det skulle kome ein smell. Men alt gjekk av i likaste laget.

Elisabeth var frustrert over at Faya ikkje tok kontakt under springmarsj i forrige veke. I dag viste hunden at det der var ho klar til å fikse, bare matmora trente på det.

lørdag 23. februar 2008

Ser ikkje dette kjekt ut?

Aller først: Takk til alle som deltok i gallupen vår. Resultatet viste at de ville ha litt av oss begge. Det var betryggande for øverstkommanderande for ho blei skjelven då eg fekk poeng aleine....

Men i dag hadde eg tenkt å vise dykk eit lite glimt av kor kjekt liv eg og ein gjeng andre hundar har i helgene. Dei tobeinte står opp, kler på seg mange rare klede for å verne seg mot vèr og vind og gjev alt for oss. Sjekk her:

Figlia er sendt ut og har fått ferten av noko


"Ka i alle dagar er dette? Hm, eg må springe inn og melde frå til Kari så får ho bli med ut og sjekke."

Sånn trur eg Figlia tenkte då ho såg det der rare som låg der borte. Det var visst Karin, men eg er ikkje sikker eg.... Sjå på Figlia. Ho kan sånn der med fastbitt. Eg har det bare til pynt rundt halsen. Men eg skal nok lære det eg òg.

Eg greidde å få tauet ut av ein kong i dag òg. Trur ikkje dei er laga for sånne kraftkarar som meg.


Sånn har eg det i helgene. Ka syns du? Er du litt misunneleg?

fredag 22. februar 2008

Plaskregn og anna elende

Torsdag kveld skulle vi møtast sjølv om det ikkje var vanleg kursdag. Det plaskregna og stemningen var ikkje heilt god. Trur vi var lei av regnet både dei tobeinte og firbeinte. I alle fall begynte vi treninga som vi ofte gjer, nemleg med tannvising. Deretter blei det bare rot ei stund. Vi premierte for ting vi til vanleg ville ha feila. Hundar som kunne sitt, kunne brått ikkje det osv. Det blei helst litt hakking og kritikk i staden for konstruktive tilbakemeldingar både mellom tobeinte og frå tobeinte til firbeinte. 80%-regelen hadde heilt regna vekk.

Men heldigvis har vi vit nok til å ta samling i bånn. Vi rista av oss frustrasjonane, tok runden og gav kvarandre innspel på kor vi burde gå bakover igjen i treninga for å kvalitetsikre. Då lysna det litt for meg (og kanskje det blei litt opphald?), for eg trengte verkeleg å få innspel frå dei andre før eg rota til noko som faktisk var på god veg til å bli bra.

Så resten av kvelden trente noen på at hunden skulle kunne vere i ro og ha fokus medan andre hundar trente. Andre igjen hadde sine spesielle område. Eg tok skrittet tilbake til at førar går bakover og hunden følgjer med kontakt. Denne øvinga var vi flinke på for lenge sidan, men så har eg jo brukt masse tid på å premiere Ekko for å gå fint i band når vi er på tur. Dvs han har fått premie for å gå rolig ved sida av meg, gjerne snuse litt, sjå litt andre vegar og ta kontakt med meg innimellom. Alt medan han går med slakt band. Og no skulle eg brått ha han til å gå fot.

Og sjølvsagt var fokuset på plass då eg gjekk tilbake til noko som var kjent, nemleg matmor sjanglande bakover.... Så nå gjeld det å gå sakte vidare til eg går på sida av han igjen. Så får eg prøve om det vil vere til hjelp for han at eg bruker halsband på tett-kontakt-fokus og sele på ut-på-tur -fokus.

Her er eit lite glimt av våte tobeinte og firbeinte.
Torhild og Era.
Silje og Pia.
Elisabeth og Faya

onsdag 20. februar 2008

Baklengskjeding av bringkobbelmelding 2

I dag har vi trent litt meir på å baklengskjede bringkobbelmeldingen.
Vi er på trinn 2: Holde fast lausbittet - påvisning.

Ekko sit klar med lausbittet i munnen og ser på Jan Inge som har ei kjekk leike der framme. Det er viktig at ein får hunden til å ta bittet og halde på det når ein gjev kommandoen. Eg bruker kommandoen "Vis mann". Ekko må sitje med lausbittet i munnen til eg har tatt av han kobbelet.

"Vis mann!"
Ekko slapp lausbittet halveges eit par gonger og sprang omtrent heilt inn med det siste gongen. Det er ikkje viktig i starten at han har med bittet heilt fram, bare at han har det ved start.

Førar skal gå ut til figurant og hente hunden. Ta den i kobbelet og gå tilbake til der vi skal sende hunden ut frå.


Ekko blei sliten av dette. Det skulle ikkje mange gjentakingar til før han mista farten. tydeleg at hjernen arbeider hardt.



Marit sender Punky ut på søk etter figurant. Hunden sette nasen i veret og kryssa eit vått, ulent område og ein veg utan å la det hindre jakta på figurant Kari.













Atferdstrening.
Før vi begynte treninga, gjekk vi ein liten tur saman både tobeinte og firbeinte. Eg var spent på korleis Ekko kom til å fikse det. Han har eit "brulte" språk. Punky syns at han var nifs og spennande. Ho gøymte seg under bilen, men måtte fram for å sjekke. Deah syns òg dette var i nifsaste laget, men begge var interessert. Det var tydeleg at Ekko var meir hersande på Deah enn Punky. Eg tok han i band slik at dei andre skulle få leike.

Etter treninga gjekk vi ny tur med Ekko og Punky. Det var ei fasinerande oppleving. Punky er ikkje skuggeredd. Eit par rundar under bilen og fram igjen, så var ho klar til å prøve seg på han. La seg på rygg, slikka han rundt munnen. Og Ekko han hoppa rundt og hadde bråkestemme, men ville tydeleg leike. Han prøvde den kjekkaste leiken han veit: Springe med pinne i munnen. Punky var med. På resten av turen var det mange herlege episodar. Til mi store glede såg eg opp til fleire forsøk frå Ekko til å vise dempande signal.
Takk til Marit og Jan Inge som kom med forslaget og tok sjansen på at at det skulle gå bra. Eg var jo i utgangspunktet veldig redd for korleis Ekko skulle takle ein kvelp og dei han.

tirsdag 19. februar 2008

Ganglag og sprettromper

Eg har gode dagar. Står opp om morgonen, sjekker skolukta i gangen og veit at gjestene ikkje har reist enno. Jippi! Det blir mykje kos i dag og. I går greidde eg å lokke dei ut på tur med innlagt rundering. Lurer på ka eg skal finne på i dag? Det einaste minuset med dei, er at dei søv så lenge om morgonen. Eg blir sliten av å ligge klar og vente.

På kvelden var det trening. Dei tobeinte hadde bestemt seg for at vi skulle gå gjennom heile klasse 1. Det var lenge sidan sist vi hadde prøvd på det. I det siste har vi jo mest halde på med triks og detaljar. Dei visste nok at vi ikkje kunne dette, for dei gjekk gjennom øvingane utan å rette på så mykje. Bare snakka saman etterpå. Eg veit nok ka dei sa om meg. Utover det at dei beundra kor fin eg er, så syns dei nok at eg er konge på tannvising. Eg syns jo at eg var flink på resten òg eg. Gjekk fint, småsprang når eg skulle, mor svingte litt rart av og til, men det er jo ikkje min feil.
Etterpå forstod eg at eg ikkje gjekk så fint likevel. Eg hadde visst gløymt det vi øvde på i juleferien. Skjønar ikkje dette eg. Eg gjekk sånn som eg får premie for når vi går tur. Kvifor er det feil sånn plutseleg? Dei sa noko om at eg i konkurranse måtte gå tett inn til førar, sjå opp på henne heile tida. Eg skal nok få til det, men korleis skal eg vite forskjell på når det er bra at eg går roleg ved sida av henne utan å sjå opp, og når eg må sjå opp? Det der må eg tenkje på.
Eg trur det er nok for meg så får matmor ta seg av tenkinga rundt resten. Trur det var vendingar og siste del av stå under marsj ho hadde tenkt å sjå på.

På slutten hadde dei funne ut at Faya og eg skulle trene på "dekk- sitt opp". Det blei litt mas og dei snakka om sprettromper. Kan vi noko for at vi tar eit ekstra hopp med rompa når vi skal frå dekk til sitt? Elisabeth gjekk heim og sjekka bibelen ("Lydighetstrening i teori og praksis") og påstår at det ikkje står om sprettromper der heller. Kanskje dei aldri har sett sånn flotte hopp før??

søndag 17. februar 2008

Runderingshelg

Som vanleg i helga har vi rundert.

På laurdag var det Anne Lise/Scotty, Kari/ Figlia og Deah og oss. Terrenget i Melsheia er utfordrande på grunn av mykje hogst og mykje som ligg langs bakken.

Ekko tar oppgåva alvorleg og runderer fint. Vi fekk nokre gode forsøk på baklengskjeding av lausbitt. Kari var ein figurant han trippa for å springe til, så det var kjekt. Han greier å halde på lausbittet mens han ventar på å få kommandoen og held det nesten fram til figurant. I følge teorien skal eg no teste om han kan ta to steg og bli stoppa og framleis halde på lausbittet. Det får kome neste veke.

Her er Deah i full fart mot figurant. Ho er flink til å gjere beine fine slag. Det er ikkje mykje lyd i henne når ho jobbar, bare konsentrert jobbing. Kjempebra.
I dag var det ein runde i Skjævelandsskogen. Eg trudde det bare kom til å vere eit par tre ekvipasjar for det var jo vinterferie. Men alt for hunden - 7 ekvipasjar var klar for jobbing.

Ekko startar fint og held linja fint. Heilt til vi kjem eit stykke inn i skogen. Då forsvinn all tanke på figurantar og han har nasen i bakken og er i full fart på sporet av eit eller anna. Vilt? Eg får han inn på linja igjen og sender han ut til siste post. Det same skjer faktisk når vi skal øve på lausbittet. Alt går fint mens Ingeborg er figurant i ope område, men straks vi kjem inn i skogen, er nasen i bakken og fokuset ein heilt annan stad enn på jobben. Konklusjonen er vel kanskje at figurant og premie ikkje er så godt at det overgår viltspor....

Anne har tenkt å sende Thelma ut til figurant på høgre side. Det har ikkje Thelma tenkt....

Kari i leik med Thelma

"Eg er klar", seier kroppen til Sita, "kom på plass Gro Anita!"

torsdag 14. februar 2008

Å skilje tesortar

Det er mykje rart vi vil at hunden skal kunne. Td. velje Earl Grey te i staden for Camille-te.....
Vi trente på luktdiskriminering i dag. Hunden fekk lukte på ein pose med Earl Grey te. Etter ei stund låg det Earl Grey i den eine handa til figurant og ein annan tesort i den andre. Vi skulle klikke når hunden gjorde rett valg. På slike oppgåver manglar Ekko tolmod. Han kan fort begynne å bli hardhendt, begynne å bjeffe og liknande når ikkje han får til oppgåva. Det gjeld å gje han korte økter.
Første del gjekk bra. Eg har ein mistanke om at del 2 der han skulle velge rett hand, til tider bare var tilfeldig kva det blei. Han tok seg ikkje tid til å lukte. Anna enn når han nytta høve til å vaske handa til Silje. Ho lukta jo så godt kylling....

Då vi tok han fram etter ein pause og gjekk tilbake til trinn 1 og så på trinn 2, verka det som han brukte nasen, ikkje bare toucha for å gjere det. Vi må øve meir på det der.

Karin utfordra oss til å velge eit triks vi skulle bruke dei neste 14 dagane til å trene inn. Eg blir ståande litt tom, kjem ikkje på noko. Mottar gjerne tips.

Til slutt: Vi har ei lita spørjeundersøking i høgre marg. Slå til og svar på den...!

mandag 11. februar 2008

Variert treningsøkt

Sol, tåke og lyst då treninga begynte!!! Men dei tobeinte skravla jo så lenge at det nesten blei mørkt før vi kom i gang.
Men då dei kom i gang blei det variert:
Eg har trent på å setje meg når førar stoppe opp. Litt vanskeleg syns eg for eg skal jo lukte litt undervegs.
Så target på kjegle. Det er ein enkel sak syns eg.
Så bråstopp. Eg blir heilt gira når eg ser ballen matmor har bak ryggen. Det der er kjekt! Men så begynte ho med noko tull. Av og til er matmor ikkje heilt smart. Eg trur ho tenkte at eg kunne bråstopp, og eg kunne innkalling. Jaha, men trengte ho blande dei saman? Vi hadde det jo så kjekt?! Her sette eg opp farten då ho ropte kom, så brått kom det eit "Stå". Eg blei heilt forvirra. Ved neste innkalling gjekk eg litt og stilte meg opp. Ho skulle jo stoppe innkallinga så kvifor ikkje fikse det sjøl?? Etter opp til fleire feil, så forstod gamla at det der må ho vente med. Eg fekk nokre flotte pangståar på slutten for å vise at eg kan jo ein del.

Eg skulle forresten vore filma for då eg hadde bestemt meg for ein stå nytta det ikkje med verken kong, godbit eller lokking. Eg stod! Eg mangla bare kommandoen........

Og siste innhopp i bilen gjorde eg med eit sus. Eg fekk tørka kyllingnakke. Matmor - skaff det straks! Det var godt det!

PS! Kan noen lære matmor mi litt om lengde? I dag gjekk vi tur og samstundes leikte vi med ein ball. Ho kastar ballen i lufta, eg sprett etter. Fine greier, men så brått ligg ho langflat på jordet. Eg lurte jo litt på ka ho gjorde der, men så viste det seg at ho sjølvsagt ikkje hadde tenkt lengde på kobbelet og avstand til ballen. Går det ann å vere så fjern? Eg blir litt nervøs når ho ligg langflat sånn, men med ein del kyss og vasking så fekk eg henne på beina. Ho smilte tappert, men eg trur ho var glad for at det var kort veg heim.

søndag 10. februar 2008

Hundar er ikkje like dei heller

I dag var det vår i lufta og endå ein dag med litt rundering. I Skjævelandsskogen møtte Tone med Max, Helene med Hero, Gro med Maja og eg med Ekko. Fire ulike hundar både i rase og stil...

Ekko fekk kjørt seg gjennom ei grei runderingsøkt. Han var ikkje så lærevillig på innlæring av bringkobbelmelding i dag. Det blei for stor avstand og for mange godlukter ute i det fri. Han blei tidlegare trøytt i runderinga i dag. Kan det vere at gårsdagen sat i bein og hovud?
Og luktene i denne skogen er spesielt gode. Vi såg ferske avtrykk etter andre dyr så her var nok andre som frista meir enn oss.... det såg vi på dei fleste hundane.

Våre fire firbeinte vener viste oss så tydeleg at dei er ulike individ dei òg. Vi måtte tenke tilpassa opplæring på alle. Bokseren Hero syns dette er så kjekt at han ikkje heilt får med seg verken figuant eller godbit. Han fekk enkeltslag der figurant sprang ut og gøymde seg mens Hero såg på. Og då blei det enkeltslag med futt i!

Dalmatineren Max er så fullstendig klar over kva som er oppgåva at han står og spinner på startstreken. Og han imponerer. Spring i fin flyt mellom figurantane, kryssar førar nære og held fokus. Men han har det òg travelt så kanskje vi må finne litt leik til han så han stopper litt opp hjå figurant?

Goldenfrøkna Maja er ei finurleg dame. Ho syns at det er vi som skal jobbe for henne og ikkje motsett. Vi får henne litt i leik, litt med på godbitar, men alt bare litt. Det er som vi figurantar ikkje finn nøkkelen til det som kan gire henne over lengre tid. Her trur eg at eg treng litt spesialundervisning..... For dette må vi jo få til.

Og sist, men ikkje minst:













Faya har vore i utstillingsringen i dag.
Og ho gjorde ikkje skam på treningsgjengen sin:
Ho blei BIM og fekk Certet sitt.
Imponerande innsats, Elisabeth og Faya!

No er det bare å greie av Faya pelsen og satse på at den er vakker og fin til april.
Tannvising - den fiksar de neste gong :-).

PS: Vi reknar med å feire både bursdag og Cert på neste trening??

lørdag 9. februar 2008

Innlæring av brinkobbelmelding med baklengskjeding 1

I dag var det bare Kari og Evita som var på trening då vi kom. Og så i dag då det var fint ver.... Opp til fleire av dei trufaste var på kurs i kvardagslydnad. Eg trudde det omtrent var for seint etter at vi var blitt vaksne, men det fins jo oppfriskningskurs for bilførarar så koffor ikkje eit oppfriskningskurs i lydnad for modne kvinner og menn....

Kari og Evita fekk prøvd blindslag og feltsøk. Ekko og eg fekk gjort trinn 1 og 2 i baklengskjeding av bringkobbelmelding. Denne gongen var artikkelen frå Canis, og det Kari hugsa av kurset ho hadde vore på med Canisfolket til god hjelp.

Målsetting:
Hunden skal på kommando springe ut til figurant, ta bittet, returnere til førar, sette seg på plass og halde fast bittet til førar seier "takk". Førar skal deretter koble hunden og på kommando skal hunden raskt og effektiv påvise figurant.
Alt dette skal hunden greie utan å få ekstra innkallingssignal, "hold fast" -kommando eller ros frå førar.
I følge dei som kan, må hunden kunne apportere sikkert og stortrives med å leike med figurant. Det siste er heilt i boks, det første er kanskje ikkje perfekt enno, men vi har kome eit godt stykke. Så pass godt syns eg, at eg tillot meg å setje i gang med det første trinnet.

Trinn 1 - Påvisning
Ekko sat på plass og blei halden i halsbandet. Kari viste kongen og stod eit stykke i frå oss. Eg prøvde å halde lausbittet framfor Ekko, men han var på nåler og ville til Kari. Slapp han og full fart ut i leik. Vi gjekk fort til trinn 2. Skulle kanskje ha vore litt på trinn 1, men sidan Ekko har halde på lenge med å oppsøke figurantar og liker det, gjekk vi vidare.

Trinn 2 - Halde fast bittet - påvisning
Ekko ser Kari der ute, heile kroppen hans veit at ho vil leike med han, men han greier å setje seg. Eg held lausbittet framfor han. No tek han det. Eg tar av han bandet og seier "Vis mann". Han spring ut og på vegen spytter han ut bittet. Full fest hjå Kari. Eg hentar han, gjentar på plass og lausbittet. Han tek det kvar gong no. Tredje gong ut, har han med seg bittet heile strekket! Jippi!! Etter det har han med seg bittet kvar gong. Kjempeflink gut!

Etterkvart dukka John og Trofast opp. Då blei det rundering på Ekko. Han jobba godt her òg. Flink til å samle krefter sjølv om han er trøytt.

Til slutt gjekk Trofast eit ID-spor etter Kari. Kari hadde gått sikk sakk i skogen, så John hadde eit svare strev med å halde følge med ein ivrig Trofast. Det er skikkeleg spennande å sjå han lukte litt på lua Kari hadde lagt frå seg på stien der både ho og eg hadde gått, sette nasen i bakken og avgarde. Hunden lot seg ikkje bry med at mine spor gjekk ein annan veg. Det var Kari sine han skulle ha tak i. ID-spor må eg jammen prøve på Ekko òg etterkvart.

Og så har eg vore på "pappadagis" (Clas Ohlson) og kjøpt walkie talkie til folket i morgon. No står dei til lading.

torsdag 7. februar 2008

Å ta på seg halsbandet sjøl

Treningskveld (ja det er torsdag og det regnar). Det var ikkje mange der i dag. Matmor og eg skulle jobbe saman med Silje og Pia. Eg sat i bilen og såg på Pia. Lurte jo på ka vi skulle i dag. Og det såg rart ut. Silje dingla med eit eller anna og peika. Eg skjønte lite. Så var det min tur. Matmor hadde fått låna Trofast sitt halsbånd. Det lukta rart. Ka skulle ho med det når eg hadde på meg sele? Så begynte ho med å peike i lufta. Eg såg litt oppgitt på henne. Det der har vi gjort så mange gonger, må eg no òg? Men ok det er tydeleg target på finger ho vil. Etter to enkle, drog ho fram dette halsbandet som lukta så rart. No begynte ho å stikke fingeren gjennom halsbandet. Eg tok snuten borti fingeren. Klikk og fiskekake. Sånn haldt vi på til snuten min var halveges gjennom bandet og fingeren hennar på andre sida av der eg stod. Då ville eg ikkje meir. Det var kjedeleg. Eg prøvde å bukke, dekke all slags kjekt for å sleppe unna. Til slutt forstod ho, og eg fekk med meg litt fiskekake i bilen. Eg såg Pia kom litt lenger, men ho slapp i alle fall å ha Trofast sitt band å lukte på.

Så var det ei kort økt til. Eg gjer eit par slik ho vil, men prøver etterkvart å dytte vekk bandet og ta snuten på fingeren utan å stikke snuten gjennom det ekle bandet. Då sa matmor: "Sitt, dekk,sitt opp osv. " Eg slo til . Mykje kjekkare det. Men så kasta ho meg i bilen igjen.

Trur ikkje Pia heller syns dette var det tøffaste vi gjorde for dei drog fram kjegla i neste økt. Syns eg såg at halen til Pia var meir med då.....
Heldigvis hadde dei ikkje lagt vekk kjegla då eg kom ut. Denne gongen tok eg dei så det suste. Til og med dei på bakken tok eg med snuten utan å ta labben borti.

Siste økta var det litt til av at eg skulle stikke hovudet gjennom eit band, men denne gongen hadde heldigvis matmor oppdaga at det var ein ekstra sele i bilen. Det var litt betre lukt på den i alle fall. Eg gjer det eg skal i to-tre repetisjonar, men du og du kor keisamt...............!!
Då tok ho fram apportbukken. Eg syns eg har blitt flink. Plukka opp og kom på plass. Litt for enkelt for ho på to bein. Så dermed kom utfordringa. Eg skulle plukke opp apportbukken, kome inn (fekk velge om eg sette meg framfor eller kom på plass), halde apporten mens ho dingla med "kvakki" framfor meg. Snakk om nervepirring. Første gongen blei apporten dinglande laust i munnen på meg. Eg mista litt munn og mæle. Andre gongen holdt eg fast til ho sa takk. Tredje gongen var ho ekstra fæl. I tillegg til å dingle med den kjekke fuglen, fekk ho den til å lage lyd. Eg prøvde å sjå ein annan veg. Eg visst jo at eg ikkje fekk leike med den viss eg slapp. Og eg greidde det! Då fekk eg riste og bite i fuglen ei stund. Det var ei vanskeleg oppgåve, men eg syns eg fiksa den ganske godt.

Etterpå hamna eg i bilen og dei tobeinte blei ståande å prate lenge. Lotta kom òg. Ho og matmora var ute på tur. Lotta har visst ikkje lyst til å trene for tida. Rar dame det der. Eg er så treningsgira at eg kunne tenkt meg å trene heile dagen. Men kanskje sånt går over?

Faya var der ikkje i kveld. Ho skal på utstilling i helga. Eg syns ho er veldig pene og veldig bestemte så hadde eg vore dommar hadde eg ikkje turd gje henne noko anna enn beste resultat. I alle fall ein premie med mat i. Eg kryssar labbane for henne! Stå på, ditt røde arbeidsjern!

Scotty var der heller ikkje. Han er visst blitt sjuk. Dei snakka om at han kanskje hadde spist noko han ikkje skulle. Scotty, han et plastikken òg på maten han, for då går det fortare. Han er ganske rå sånn. Men matmor har visst fått beskjed om at veterinæren trur det er virus. Uff då. Lurer på koss Scotty er når han er sjuk? Blir han sliten då? Eg har aldri sett han sliten. Han er jo så travel. Eller kanskje han er travelt sjuk òg? Altså sånn brått sjuk og så brått frisk igjen? Eg kryssar labbane for han òg. Men no må eg ha litt kryssepause for elles blir eg vel kasta ut. Ho på to bein kjem til å tru eg er tissetrengt.

onsdag 6. februar 2008

Eksplosive startar

I går var matmor ei sinka. Ho hadde ikkje lyst til noko, men sat i ein stol, harka og hosta og las i eit blad. Og eg som var klar for å tilby det meste for eg visst jo at ho hadde pannekaker i kjøleskapet. Eg trur ho blei lei av maset for brått tok ho fram klotanga og pannekaka. For første gong i livet la eg høgre framlabb på kneet hennar med eit versegod bare klipp. Eg syns eg var vågeleg då. Var ikkje så tøff med venstre fot og bakbeina, men ho kan jo ikkje venta alt. Pannekaka var verd det.

I dag forstod eg det der med bladet. Det var tydeleg noko ho hadde planlagt då ho kom heim i dag. Rett i bilen, mange godbitar og ein kong i lommen. Ho parkerte ved eit jorde der vi plar få vere heilt for oss sjølve, så begynte moroa! Ho stilte seg opp framfor meg. Då plar eg setja meg for det gjev kjappe poeng. Og sant nok, det var det ho ville, men denne gongen begynte ho å gå med ein "kong" etter seg. Eg reiste meg jo opp og gjekk etter. Vips var "kongen" vekke. Eg sette meg igjen og no forstod eg. Sat på nåler for det var noko ho ville med det der. Og brått kom det ei "JA"- då sprang eg og då blei det drakamp! Sånn holdt vi på til eg stod igjen med tauet og "kongen" låg på bakken. Ka slags dårlege saker er dette her? Tåler det ikkje eit menneske og ein hund som bruker krefter i drakamp? Vi får reparere den, for dette var kjekt. I bladet heitte det visst eksplosive startar.
Då "kongen" var øydelagt, dukka det opp ein tennisball. Så då trente vi på innkalling der mor kasta ballen bakover då eg kom i full fart. Så nå er eg full av sorpe og strålande nøgd. Håper ho finn fleire sånne kjekke ting i bladet.

mandag 4. februar 2008

Sitt-dekk-sitt-dekk-stå

Nå er det min tur til å kome til orde. Matmor skulle liksom få skrive litt og ka skjer? Jo, ho overtek det meste. Skriv lange keisame artiklar. Og nå må eg kome med litt tilleggsopplysningar.

Ja, ho har drive på med blindslag utan at eg skjønar poenget med å sende meg ut der det ikkje er nokon. Men eg gjorde jobben eg, sprang ut, undersøkte eit stort område og kryssa linja igjen for å undersøke på andre sida. Den eine gongen hadde mor gløymt å forflytte seg. Tobeinte altså! Og veit de kva? Ho eg leitte etter stod på midtlina. Eg snudde momentant og sprang og fann henne. Men fekk eg premie? Nei då. Eg blei sendt ut på nytt. Den andre gongen hadde dei ikkje greidd å få folk tilbake på post då eg kom etter å undersøkt tomt område, gjort funn på andre sida og var på veg mot nytt område. Tobeinte treng både kondisjon og nokre hjerneceller. Trur ikkje mor er heilt tydeleg på ka ho vil. Men eg kjente at eg blei ekstra sliten av blindslag. Eg får vel innstille meg på at det kjem fleire slike framover.

Elles har vi trent på så mykje rart.

Snute på kjegle.
Veldig kjekt og lett-tjente godbitar. Men kvifor eg ikkje kan suse avgarde og plassere begge labbane på kjegla, forstår eg ikkje. Det var jo det som var stilig. Å sette snuten på var det ikkje sånn futt i. Men ho eig godbitane, så eg gjer meg.

Apport.
Den siste nye varianten er å dra meg etter apportbukken. Men eg held fast. Eg har forstått teikninga. Hold fast til mor seier takk. Enkelt.

Sitt-dekk-stå- sitt-dekk-sitt-dekk osv.
I dag var det eit mas med sitt og dekk i full fart. Litt morsomt òg for mor blei så glad då eg gjorde det fort. Og då eg gjorde det ekstra enkelt (som eg faktisk syns er vanskeleg), blei det mange godbitar. Det som er tydeleg, er det ho vil er at eg bare skal løfte frambeina når eg går fra dekk til sitt. Hm. Eigentleg er jo det ganske smart, men det andre heng igjen.
Brått slo ho til med eit stå då eg satt. Blei litt forvirra, men blei fort med på notene. Men eg får ikkje til stå frå dekk. Den blei for vanskeleg. Til slutt var eg heilt forvirra. Trur eg kjem til å drøyme om sitt og dekk i natt. Forresten dei der baconbitane eg fekk i dag - dei var gode! Meir av det!

Etter ein pause, fekk vi låne ballen til Faya. Den kjempekjekke oransje ballen. Eg skulle vise Anne Lise koss ein kan få til pangstå. Eg blir heilt gira, trør mor på skoa og går stivt. At ho skal vente så lenge med ballen?! Så kjem kommandoen og eg frys fast. Og der kjem BALLEN! På slutten terga ho meg. Ho sa stå, eg stod, men ho fortsatte å gå litt til. Det var rett før eg lurte på om eg hadde gjort feil, men heldigvis stod eg stille for då kom ballen. Sånn ball vil eg ha!

Vi fekk ikkje så lang trening som eg ville ha, for mor skulle på møte. Eg vil ha forbod mot møte om kvelden!

søndag 3. februar 2008

Hund med sjølvkontroll....

For alle som driv med burtrening, her er ein filmsnutt med hunden Shejpa. Det er akkurat som å sjå Ekko... full kontroll! Ja, ja kanskje vi har litt igjen... ;-)

Og er du i tvil - hunden er klikkertrent!

Rundering - bare for kos eller for å utvikle ekvipasjen?



Denne illustrasjonen er tatt frå artikkelen "Rundering" av Køste og Egtvedt i Canis 5/04.

Når vi begynner med rundering, oppdager dei fleste av oss at hundane fort tar idéen med å springe frå figurant til figurant. I fryden over å sjå at hunden storkosar seg, er det lett å gløyme å tenkje på kor vi skal hen med dette. I alle fall syns eg det var så kjekt at han hadde så fin flyt mellom figurantane at eg helst bare ville vere der.... Då blir det lett at vi aksepterer det meste, bare halen er i vèret på hunden. Og det kan vi jo kome til å angre på sidan når alt dette skal reparerast på.

I dag hadde vi litt fokus på kva er det vi vil, og kva signal sender vi ut til hundane. Skal vi godta stor avstand til hunden bare den kryssar lina greit? Skal vi godta ein hund som går på spor i staden for ferten av folk? Vil vi ikkje lenger enn at hunden spring i skogen og har det gøy? Det er opp til kvar enkelt av oss korleis vi vil ha det. Som figurantar prøver vi å gjere det førar vil.

Eigentleg så vil dei fleste utvikle runderinga slik at hunden kan kome til det nivået at dei melder om funn og har gode og lange søk. Det er bare ikkje alltid like lett å ta konsekvensen av det så tidleg. Eg ser eg får mykje meir ut av treningsøkta viss eg på førehand har planlagt litt kva det er eg vil.
Det var det der med å tenke - planlegge - utføre.

Vi bestemte oss for å skjerpe oss i forhold til kor figuranten stod i forhold til førar. Det var faktisk vanskeleg for det var ikkje alltid vi såg kvarandre. Behovet for walkie talkie eller noko liknande var stort.

Ekko er blitt såpass stødig på "flying" at det er på tide å ta han vidare (sikker på tide for lenge sidan, men det var den fryden over å lukkast :-)). Vi prøvde blindspor i går og skulle ta det igjen i dag. Ekko gjorde jobben sin, men førar og figurant rota. Ikkje alltid lett med norsk språk. Eg trudde eg sa at figurant skulle kome nærmare midtlina når ho sprang ut etter blindslaget. Tanken var at då var ho så nære at Ekko fort forstod at det var folk på den sida av vegen likevel. Figurant høyrte at ho skulle være nærmare startpunktet etter blindslaget. Altså blei figurant langt ute og langt vekke frå der Ekko arbeidde akkurat då. Det var den der walkie-talkien..... Dette førte til litt kaos på midtlina, men heldigvis er Ekko overtrent på flying så han tok seg fort inn.
I andre økt fekk han treff på alle.... Og førar og figurantar hadde kontroll på kvarandre slik at vi holdt flyten som teikninga viser. Det gav fine kryssingar. På slutten var han trøytt og luktene i bakken blei veldig spennande.

Torhild opplever at Era kun spring fordi det er kjekt å springe og ikkje bruker hjernen til å få ferten av figurantar så ho ville ha enkeltslag der vi utnytta vinden. Det var spennande å sjå at ho brått får ferten og det bare er for Torhild å sende henne ut. Det verka smart å gjere det på dette viset for å få henne meir fokusert.

Treningsøkta blei avslutta med at Ingeborg og Sander viste oss feltsøk. Kjekt! Det vil vi òg prøve etterkvart, men for at vi skal kunne det, må hundane kunne apportere, apportere og apportere! Det må dei kunne i rundering òg så det er bare for oss å arbeide vidare med det.

Økta i dag var tydeleg slitsom for etter at vi kom heim, har Ekko fortært premien (kraftbein) og sove. Ei god økt for meg.

lørdag 2. februar 2008

Blindslag

Vi vakna til full vinter etter kraftige vindkast kvelden før. I dag var bruksgruppa i retrieverklubben samla i Skjævelandskogen. Vi var 5 ekvipasjar. Veldig spennande for vi er på så ulike nivå. Eg lærer så mykje av å sjå på dei andre.

Eg var veldig i tvil om kva eg skulle satse på i dag. Enkeltslag eller prøve blindslag for første gong. Det blei blindslag. Ekko var gira før vi begynte, beit i bandet og var ukonsentrert. Første slag skulle til Kari L. Det verka ikkje som han fatta ka han skulle gjere i det heile. Men då Kari viste seg, blei det fart på guten. Han greidde ikkje å springe rett opp til figurant 2 Jan Inge. Måtte også her roast og få fokus. Men då var det rett ut i eit visst tempo!

I den perioden var det vind som gjorde at Kari var i motvind og lett å få ferten av og Jan Inge stod i medvind. Ekko spring fint ned til Kari, kjem opp igjen og går fint over til Jan Inge. Men så stoppar vinden. Eg held på at vi skal ha blindslag, Kari forsvinn ut og eg ventar spent. Ekko kryssar fint midtlina, han gjennomsøkjer området og kjem tilbake. Han er ti ganger betre enn meg. Han har minst gjennomsøkt 50x 50, det er bare eg som har forflytta meg for lite. Så han kjem opp eit stykke framfor meg, kryssar midtlina og er på veg til Jan Inge. Men der ser han Kari på midtlina, dermed snur han og finn henne. Eigentleg ein flink gut, men det var jo ikkje det eg hadde tenkt. Får han på sporet igjen. Jan Inge blir funnen, men då Ekko kjem til midtlina igjen, er han usikker på om han skal ut der kor ingen fins.... I planen min skulle han no få hjelp av vinden, men sjølvsagt er det framleis vindstille. Eg må gå litt i lag med han inn i skogen, så får han ferten av Kari og er i gang igjen. Avsluttar hjå Jan Inge for siste slaget var perfekt.

Trur eg prøver blindslag igjen i morgon.

Punky, 11 veker gamal, imponerte med å ta figurant på ferten. Kjempebra.

På slutten skulle eg få sjå når Punky skulle gå blodspor. På ny ei imponerande oppleving. Ho lukta litt godt i oppstartsmerket og så var nasen planta i jorda og der var den til ho kom fram til målet.
Etterpå skulle Deah på 5-6 månader for første gong prøve det same. Kari M hadde på førehand sagt at Deah var stressa i pølsespora ho la ut. Ho hadde det så travelt at ho ikkje fekk det med seg. Det er kanskje sånn ho er på pølsespor, men på blodspor var det ei anna jente gett. Nasen i bakken og rett på målet. Kjempeflott. Veldig kjekt å sjå på. Eg må begynne å lage spor meir medvite til Ekko òg. Han har det litt likt Deah. Det skal gå så fort at han gløymer sporet.

Ekko og eg avslutta treninga med ein liten tur. Eg hadde tenkt at han skulle få bade, men guten er ei pyse... det var jo ingen plass han kunne vasse uti....!! Resultat: han stod på kanten med frambeina uti og kjefta på pinnane som fòr med straumen.

I ettermiddag har vi trent touch på kjegle. Vi begynte jo med det på torsdag så eg ville sjekke om han visste ka han skulle. Sjølvsagt gjorde han det, men han måtte feilmeldast nokre gonger då kjegla blei plassert på golvet. Då skulle han både bite og trø på. Tok fort kjegla opp igjen for to-tre vellukka snutekontaktar. Så ned igjen. Og då var labbane og bitinga borte. Eg sette kjegla eit stykke frå han. Ingen hindring. I fart bort og snuten i kjegla. Godt jobba.