søndag 31. august 2008

Planar for hausten


I går kveld var det noen av oss treningsglade som både åt, drakk og skravla (her er vi verkeleg i flytsonen) grundig og godt. No skulle vi planlegge litt ka vi ville for hundane våre fram til jul. Ekko var ivrig tilhøyrar. Han prøvde å vise at han var svært glad for besøk, at han kunne ligge litt i buret og at han er så høfleg at han står opp og følgjer gjestene til døra same kor seine dei er når dei bestemmer seg for å gå heim.

Mål for meg er:
  • arbeide med kriteriene
  • arbeide med timing
  • vere medviten korte økter
  • skrive treningslogg
  • å vere førbudd når eg kjem på trening

Eg treng å bli meir klikkarklok og lære meir om shaping.

Ekko får mange fleire mål :-). Eg har i hovudet mitt delt det i fire, men i treningssamanheng kjem jo grunnferdigheiter inn overalt. Eg har altså tenkt: grunnferdigheiter, lydnad, gode vanar og bruks. Så ka vil eg han skal kunne innan for desse områda når jula ringjer inn?

  • Grunnferdigheiter: Alle områda skal vere godt i gang
  • Lydnad: Fellesdekk, lineføring/ fri ved foten
  • Bruks: Bringkobbelmelding på plass, enkeltslag og spor (tempoet udner søk. ID-spor)
  • Gode vanar: Gå forbi andre hundar med viss avstand utan utfall, helse fint på folk, burtrening, setje seg når eg stoppar opp (gangfelt, møte med folk osv)

Ser eg på desse måla så handlar dei jo om grunnferdigheiter som må kome i flyt og om å baklengskjede noe som er i gang.

--

Vi blei på fellesen einig i at treninga begynte på klokkeslettet og var i 45 minutt før 15 minutt pause. Oss som liker å snakke hund og filosofere litt saman, møter før og får unnagjort litt snakk før treninga begynner. På kvar trening skal vi ha håndtering og ofte innkallingstrening. Vi blei òg einig om at vi måtte ha eit nytt møte undervegs for å justere kursen og ta for oss den enkelte hund. På treningane er det viktig at vi i kritiske vener.

Det er litt nifst å skrive dette her for eg kjenner meg veldig forplikta og reknar med at eg får spørsmål undervegs...

lørdag 30. august 2008

Første runderinga på lenge

I sola på Skjæveland skulle Kari, Kari og eg rundere med hundane våre. Ekko hadde ikkje rundert på lenge så eg var spent.

Då han kom ut av bilen, var luktene det mest spennande. Han snuste og vimsa og måtte kallast inn på nytt (kom som ei kule på fløyta). Neste slag var heller ikkje godt. Men så løysna det, og det var som om det seig inn at det var rundering vi var på. Evita var litt likedan. Men Dea var skikkeleg på hogget frå starten av. Ho var kjempeflink og holdt farten og retningen heilt eksemplarisk.

I runde to starta han like sløv, men så begynte figurantane å leike med han. Då blei det flotte løp. Eg kjørte "flying" sidan det var så lenge sidan. Veldig kjekt å begynne med rundering igjen. Gler meg til laurdagane framover. Denne hausten satsar eg at bringkobbelmeldingen kjem på plass.

Etter treninga gjekk eg tur og fløyta han inn eit par gonger bare for å leike og sleppe han laus. Han likte det. Og då han fekk avslutte med å springe i vatnet etter pinne, var visst dagen ganske så fin for han òg.

fredag 29. august 2008

Små søte hundar og trening

Torsdag var eg på besøk hjå Marit og Jan Inge: eg måtte jo helse på dei firbeinte. eg blei møtt av Happy og Punky. To svært så glade og gode veninner. Happy viste fram sine flotte smårollingar, men syns det var litt greit å ha fri frå dei ei stund. Punky tok seg av vasken og leiketreninga på dei søte små. Og det var ho kjempeflink til. Det kjem til å bli stussleg for sosiale Punky når alle hundane har reist......
Då eg kom, var Marit midt i kloklipp av hundane. Måtte bare kjøparane ha vit til å fortsetje det gode arbeidet straks dei får hunden heim. Då sparer dei seg for mange tårer og tenners gnissel framover.

Kvelpane til Gina var akkurat komne opp i stova. Dei var veldig små ved sida av dei store nøstene til Happy.


På kvelden var det trening igjen. Litt større hundar og kanskje litt andre utfordringar?!
Det var Kari/Deah, Torhild/Era, Anne Lise/Scotty, Gro/Lotta og oss på trening. Ut på kvelden kom studenten Silje. Ganske så sliten av å begynne å bruke dei små grå så hardt igjen.

Torhild og eg trente sitt og ligg på avstand. Vi brukte Doggie-zen (avstandsbelønning). Veldig effektiv belønningsform. Hundane greidde å halde fokus sjølv om vi etterkvart begynt å lage mange rare rørsler ( vi vifta med armar og bein, såg ut som vi hadde tenkt å springe vekk osv).

Vi trente på innkalling i dag òg. I dag var utfordringa meir folk som kom i mot og begynte å snakke med oss. Ekko greidde det fint. Men Anne Lise hadde tenkt ho skulle plage han verre. Sprang framfor han med ei leike. I 95% av forsøka hennar greidde han å snu.
Eg syns han er flink på innkalling etterkvart. No gjeld det at det funkar i mange situasjonar i kvardagen.

Vi gjekk ein liten luftetur på slutten. Då gjekk Scotty lei leverposteituba (Anne Lise strever for tida med å få han til å gå pent i band) og forsynte seg med godbitane til Pia heller. Dei var visst mykje betre. Figlia var ute og lufta seg litt, men ho verka ikkje heilt bra i foten. Får håper det går over fort.

Nå kjenner eg at hausten og temperaturen for meir effektiv trening begynner å kome på plass. Eg skal i dei nærmaste dagane setje opp mål for treninga fram til jul. Til dømes er mange grunnferdigheiter så vidt påbegynt, altfor lite er på flyt. Og ka vil eg han skal ha på plass av gode vanar? Og innan bruks - ka er målet? Jadå, eg skal passe meg for å ikkje legge lista på 2,40, men den må vere så høg at vi må ta eit lite hopp for å kome over.

mandag 25. august 2008

Våt trening

Det starta så fint. Bare litt grått i lufta då vi møttest på Sola kl 1730. Men så begynte det etterkvart å kome ein dråpe, to dråpar, tre dråpar og brått var vi blaute....

Elisabeth fekk utfordringen å forklare korleis Anne Lise og Kari skulle trene på "gå pent i bånd". Anne Lise vile låne Victoria så kunne heller Elisabeth trene Scotty. Scotty gjekk som ein gud. Det same gjorde Deah så det er vel å vere uthaldande som er det vanskelege. Og det er det jo for oss alle.

Før dei andre kom, hadde Ekko og eg trent på fri ved fot. Tenkte vi skulle fortsetje med det, men Ekko blei heilt gira av Elisabeth sitt engasjement då ho og Faya trente på pangdekk. Mine kommandoar var vekke. Elisabeth sine "Dekk" blei fulgt. Men han òg ville vere med då Faya fekk leike og springe etter leverposteituba. Ok , kan ein ikkje vinne over det som er sterkast, så får ein utnytte det. Vi trente pangdekk vi òg. Og så flotte dei er! Prøvde å få han til å gjenta dei då eg stod ved sida istadenfor framfor. Å nei, det var ikkje det same. Men smelle i bakken kan han.

Vi tok ein skikkeleg runde med innkalling. Torhild fekk til og med lov å bruke Lille Rosin. Innkallingane var omtrent perfekte. Eg er stolt av han! ( Han blei lokka, noen sprangf orbi osv).

Helsetreninga gjekk òg fint. Han er flinkare med å ha beina i bakken. Trur det er meir alder enn trening, men det hjelper sikkert med trening òg.

Etter at alle hadde vore gjennom dette, var vi søkkvåte og lengta heim. Nå var det haust!

søndag 24. august 2008

Kurshelg

Denne helga har vi vore på instruktørkurs. Det er travelt og kjekt. Ikkje alltid like lett å undervise sine kollegaer....

I praksisøktene første dag skulle vi vise innkalling og møte med menneske der hunden ikkje skulle ta kontakt med andre enn eigar og vise innlæring av "sitt". Den siste var det Anna og eg som hadde ansvar for. Kjente det var litt vanskeleg å bli elementær og ta alle detaljar med. Men vi greidde det. Må bare hugse å vere tydeleg på rekkefølge.

Første bilete er Marit Kristin som trener innkalling på Odin. Una er dagsventande så innkallingen på henne gjekk i sakte tempo,men ho kom inn til Anna.

Ekko syns dette er kjempekjekt og kjem som ei kula. Han til og med viser at han kan stå som utstillingshundane.... Det tredje bilete er trening i møtesituasjonar der han ikkje skal bry deg om den framande.
Elisabeth hadde eit flott foredrag om Tolleren i går.

I dag var det meir konkret om kva klikkartrening er. Men først fekk vi eit veldig interessant foredrag frå John om Polar Zoo og sosialisering av ulvane der.

Deretter skulle siste gruppe frå i går lære oss andre innkalling. Ekko blei brukt som modell. Det som er viktig er at vi set oss ned og premierer OG koser med hunden. Gjerne rundt halsen slik at hunden ikkje alltid koblar den handa med at vi tar på han kobbelet. Etterkvart skulle vi reise oss og gå litt bakover. Viktig at hunden følgjer med. Ekko hadde lese på leksa så han gjorde alt rett :-).

Vi blei delt i to grupper då vi skulle trene etter klikkarmetoden i dag. Vår gruppe skulle vise eit problemområde vi hadde så skulle vi andre hjelpe. Elisabeth leiter etter pangdekka til Faya.
Eg prøver å få Ekko til å holde posisjonen òg når eg gjev godbit. Dette gjeld når vi går fot. Fekk mange gode innspel og har det som lekse til neste gong å få dette til... Christin arbeidde med bakpartskontroll på Lacy.


Det er alltid lærerike helger desse instruktørhelgene. Får nytt å tenkje på og så mykje eg skulle ha lese...

torsdag 21. august 2008

Tur på tur

Tidleg i dag ringte Elisabeth og spurte om vi skulle vere med henne og Faya på tur. Vi gjekk i Sørmarka der dei kunne springe fritt. Dei leiker ikkje i lag, men kan fint gå saman. Vi møte òg andre hundar. Fekk då kalla Ekko inn. Han var murrande i forhold til ein liten som kom bort til han.
Innkallinga fungerte heller dårleg. Det var ei kula som kom, men ikkje med ein gong eg fløyta. Han skulle først gjere ferdig alt han hadde tenkt, trur eg. Tydeleg ikkje så viktig å vere nær meg når eg blir passa av Elisabeth og Faya.
Ein fin tur.

Enya og Ekko i ei eng av tirilltunge


På ettermiddagen gjekk eg rundt Hålandsvatnet med ei veninne og buhunden hennar. Tenkte ikkje over at det var eit stort vatn, vi var borte i 2 timar. Ein solid tur. Vi møtte fleire hundar på vegen. Dei gjekk i band slik som Ekko. Eg gjekk til sides og det gjekk veldig fint med passeringa. Heilt til vi møtte ein laus toller. Eg gjekk til sides, men den kom bort. Dei snuste på kvarandre og Ekko knurra og ville angripe. Eg fekk han vekk. Beklagde til eigaren. Prøvde å seie at eg hadde gått til sides for å unngå dette. Han syns vi var rare som hadde hundane i band for perioden med båndtvang var over. Vi blei litt forundra for dette var i våre augo eit typisk båndtvang område. Tursti langs eit vatn med jordbruk (sauer, kyr og hestar) på den andre sida. Men kanskje dei ser annleis på det i Randaberg? Kjente meg frustrert etter utfallet til Ekko. Vi har hatt det så bra så lenge og så kjem dette. Æsj!

I kveld har vi vore på OD og trent. Dei kjekke gutane dukka opp igjen og vi fekk trent godt på helsing og innkalling. Ekko helsa fint. På innkallinga gjekk eg med han i langline. Han blei ropt på, lokka på og det kom folk ut av buskane. Han snudde kvar gong eg fløyta. Kjempebra!

Turen i kveld gjekk fint. Ekko drog litt meir enn vanleg. Likte å vere først. Må drille på det at han skal ha laust band bakerst òg. Men det går fint å snuse tett ved sida av dei andre. Dei kan gå forbi han bare nokre centimeter frå han. Veldig bra.

Nå er både den tobeinte og firbeinte trøytt.

tirsdag 19. august 2008

Måndagstrening

Nå er det haust og folk kjem på trening. Så kjekt! Måndag feira vi champion- Faya med kake til oss tobeinte. I tillegg til sommarkjernen ( Silje/Pia, Torhild/Era, Elisabeth/ Faya og oss) dukka Marit/Punky, Anne Lise/ Scotty og Kari/Evita opp. Veldig kjekt!

Vi diskuterte litt ka vi ville jobbe med dette året. Og konkluderte med at vi trengte eit møte på det....

Treningen i kveld var helsing, innkalling, fellesdekk, avlevering av ting og fellestur.

Helsinga gjekk veldig fint. Ekko hopper ikkje.
Innkallinga er fantastisk god for tida. Han forstod fort teikninga same kva han blei lokka med. Eg må utnytte det at han stopper og ser på meg før innkallingslyden. Han kan jo av og til får kommandoen: hels. Men veldig flink gut!

Fellesdekk.
Her var eg meir spent for han var uroleg. Det var tydeleg spennande med mange fleire folk. Eg arbeidde med "bli liggande" og "sitt opp". Gjekk ikkje langt frå han på grunn av uroen.

På slutten av kvelden arbeidde vi med avlevering av gjenstandar. Den begynner å gå veldig bra,.

Fellestur.
Denne dagen var Ekko småstressa. Han var heilt på hogget, beit i bandet og ville leike. Han verkar ikkje utrygg på dei andre hundane ( presterte i ta seg ein skikkeleg dopause rett framfor dei andre), men var veldig klar over at Scotty var med. Måtte stoppe opp ei stund og roe han ned. Då gjekk vi saman med Torhild/Era vidare. Roa seg litt. Det tok tydeleg på for han var trøytt då han kom heim.

søndag 17. august 2008

Matgilde utan hundemat...

I går reiste vi inn til Halsnøy. Det var så vidt matmor kunne bli med for ho er ikkje i så god form for tida, men heldigvis kom vi oss avgarde. Eg hadde jo lukta at det var kjøpt inn mykje god mat så dette ville eg ikkje gå glipp av. Då vi kom inn, var alle dei andre i full gang med matlaginga. Det lukta SÅ godt.
Alle kom ut og helsa på meg. Eg var så grei. Hoppa ikkje. Og ka fekk eg til takk? Jo, eg blei plassert i langline under eit tre! Hallo! Ka skulle eg det for? Eg òg ville vere med. Det gav eg nokre meldingar om. Det einaste som skjedde var at matmor kom ut og prata og gjekk ein tur med meg. Eg blei ganske frustrert. Det lukta god mat, på dei andre gardane høyrte eg hundar og det lukta sau. Til slutt meldte eg frå såpass kraftig at eg fekk kome inn.

Og ka fekk eg sjå? Jo, tallerken på tallerken med breiflabb, soppsuppe, fasan... ja eg kan ikkje namnet på alt, men det såg veldig godt ut. Matmor prøvde å få meg til å ligge i reiseburet. Ho er ikkje heilt oppegåande for å seie det mildt. Ka skal eg i eit slikt bur når rommet er fullt av mat og folk som koser med meg?
Eg fekk ingenting! Det var det eg fekk igjen for å vere grei.... Til slutt gjekk matmor og la meg i bilen. Dumma!

Tidleg i dag begynte nabohunden å sende meldingar til meg. Eg måtte svare. Klokka var jo 6 så det var på tide å stå opp. Veit ikkje heilt om kommandøren syns det, men ho kom i alle fall. Endeleg kunne eg få meg ein skikkeleg prat med setteren på den garden der oppe. Tok med meg Kvakki og strente avgarde. Men så var det ho der mindre intelligente som er i andre enden av bandet. Ho skulle liksom på langtur. Eg protesterte. Eg skulle jo bare snakke med setteren, ikkje springe halve øya rundt. Hadde jo ikkje sove så godt at eg var klar for trim. Eg trur ho hadde stått opp på feil fot, for ho drog meg avgarde. I kvart kryss protesterte eg. Til ingen nytte.

Etter ein halvtime snudde ho. På tide. Eg drog henne nesten heim. Veit de ka vi møtte? Jo, ein stor sau midt i vegen! Då blei den tobeinte litt redd. Eg hadde jo Kvakki i munnen så eg beit litt i den. Sauen likte ikkje Kvakkilyd. Hadde veldig lyst å springe etter den, men mor holdt meg knallhardt.

Vel framme fekk eg frukost (bare tørrfòr - kor er den gode maten? Åt dei alt?). Matmor fann fram solstolen og fotograferte litt. Eg vimsa litt. Ingen andre hadde stått opp. Vi måtte vente VELDIG lenge på dei. Eg brukte tida til å kjefte på noen sauer som kom for nære huset. Det er greit at dei går nokre meter i frå, men heilt oppi gjerdet til det området eg hadde ansvar for - nei, takk!

Etterkvart som dei stod opp, viste eg dei Kvakki og helsa fint i følge matmor. Og det rare var at i dag var det heilt OK å vere bunden ute, sjøl om dei andre var inne. Dei sa det sikkert var for at eg nå var kjent og trygg på området. Veit ikkje eg, men eg koste meg ute eg. Åt gode pærer og sov litt.

Nå har vi reist heim. Ikkje ein matbite hadde ho greidd å lure med seg. Sukk!





Voff frå
Ekko

lørdag 16. august 2008

Sjå på damå!

NUCH Lauvstuas Blueduck Oda Faya

Faya har blitt sånn ein norsk sjampinjong for det ho er så pene! Det skjedde visst på austlandet. Eg trur ikkje dei der borte vett ka det betyr for oss som omgås henne jamnleg. Dei seier at ho blei best i rasen òg. Det er nesten ikkje til å tru. Dumt at eg ikkje kan stillast ut for når eg ser meg i spegelen er eg like fin (i alle fall nesten) som Faya.

Eg har alltid syns at Faya er veldig fine. Men eg gruer meg litt til ho kjem heim. Til vanleg er Faya ganske så streng med meg. Det er ikkje alltid ho vil nedverdiga seg til å snakke med meg ein gong. Kossen trur de ho blir no?? Eg får prøve meg med storsjarmen på måndag. Og så får eg førebu meg på at det vel blir eit "Pøh! Kem trur du at du er?!". Men kanskje ho ser litt på meg... Eg kan jo håpe.

Same kor overlegen du blir Faya: Gratulera - det var veldig fortent!!

Bjeff frå Ekko

fredag 15. august 2008

Innkallingstrening med utfordringar

Morgontur torsdag kl 0600. Sol. Nokre regndråpar og regnbogen. Dagen smilte og sa "God morgon - det blir ein vakker dag"

I går fekk vi utfordra hundane våre litt. Dei er etterkvart blitt ganske flinke på å komme på innkalling når vi er på trening. Men koss er det i kvardagen elles?

Vi har prøvd med tur i skogen, på stiar i nærleiken av treningsområdet osv. No skulle dei få to kjekke gutar å teste seg på. Oskar og Kristoffer stilte opp.

Først var det helsetrening. Hundane er blitt flinke til ikkje å hoppe i denne settingen (men dei er flinke til å hoppe når dei gløymer seg ;-)). Ekko var ute då gutane kom, så han tok vi ikkje helsetrening på sidan han fekk helse på dei der og då.


Så var det innkalling.
Ekko kom som ei kula på parkeringsplassen. Brydde seg null om gutane. Men så hadde eg jo Kvakki som premie....
Dei andre hundane var likeeins. Ingen lot seg friste. Denne gongen tenkte vi at dei ikkje skulle få ha leike i midten for det kunne friste for mykje. Neste gong må vi nok teste det.

I runde to tok eigar med seg hunden og gjekk tur. Hunden var anten i langline eller fri. Nå kunne vi andre kome fram kor som helst. Ut frå skogen, mot dei, hoppande fram osv. Og det viste både det eine og det andre på hundane våre.

Ekko var først ut. Han var eksemplarisk. Bare tanken på at eg har Kvakki trur eg er sterkt. Etterkvart som det kom ny hund, blei vi jo farlegare i lokkinga. Gutane blei sprelskare og freistingane større for hundane. Så eg hadde nok ikkje hatt den eksemplariske hunden viss Ekko hadde blitt utsett for det som særleg Pia og Era måtte gjennom. Tenke seg til ein spennande gut med pipedyr i handa, springande inn i ein skog! Pia måtte bare bli med. Drit i mor, her er det fest på gang! Skulle sett den leikeglade hunden som hadde greidd å motstå den.
Nå koste vi oss nok litt ekstra over at Pia sprakk for ho har vore sikker som banken på innkalling. Her fann vi eit område å trene henne på. Så Silje, om ikkje lenge er den òg på plass.

Era syns alt var kjekt og tillat då ho kom utanfor treningsområdet. Her er det vel mest Torhild som må trenast...... langline er for at vi skal kunne stoppe dei. Altså må du trø på lina ;-). Vanskeleg det der. Det er tydeleg at jo nærmare dei er freistinga når fløyta kjem, jo vanskelegare er det. Var Era nær matmor og ho fløyta, greidde ho det fint, men var det spennande for nære måtte ho bare sjekke det ut.

Vi må tenke ut korleis vi skal jobbe vidare med innkallinga. Hundane viser at dei har forstått, vi har begynt å sette høgare kriterier/ større freistingar. På dette nivået er dei ikkje 80% sikre. Så korleis går vi vidare med å gje dei slike freistingar som i dag samstundes som vi gjev dei sjansen til å lukkast? I dag prøvde vi oss ut. Neste gong bør vi vel teste meir ut kor langt vi kan gå før innkallinga ikkje verkar. Og så vere i det landskapet litt.

Eg må òg teste Ekko ut på desse freistingane. Jo tryggare eg er på innkallinga, jo enklare vil kvardagen vår bli.

Siste økt var litt på plass, hente ting, litt triks og drakamp med gutane. Veldig kjekt.

Og heilt til slutt gjekk vi tur med Pia, Era og Ekko. Deilig å ha den unnagjort før eg kjem heim. Hundane var trøytte. Det hadde tydeleg vore intenst ei stund.

tirsdag 12. august 2008

Trening med litt haust i lufta

Måndag kveld kjente vi at det ikkje var så varmt som det har vore lenge nå. Vi måtte fram med jakkane ut på kvelden.

Nå begynner det å bli fleire, så det er vel òg eit sikkert haustteikn? Denne kvelden var det Era, Pia, Sander, Faya, Ekko og Maja som skulle trenast. Maja går på pencilin og har operert i foten, men var klar for masse kos og litt arbeid.

I fleire veker har vi hatt fast på programmet: helse og innkaling. I tillegg ønskte eg at vi skulle plukke opp litt frå lydnaden. Vi tok fellesdekk.
Vi fekk vist ein måte å øve inn "fot" på som var spennande. Då viste det tydeleg at Pia hadde hatt stor nytte av treninga på klossen. Ho hadde kjempefin bakpartskontroll.

Helsetrening:
Torhild og Gro var kjempeflinke figurantar. Eg hadde klaga på at Ekko dreiv på med å bjeffe på personar som snakka til meg når vi var ute og gjekk. Skikkeleg irriterande. "Men det kan eg ikkje øve på her for han bjeffer ikkje på dykk." sa eg. Men jammen fekk dei han til det. Han blei ivrig og sprang mot dei. Blei stoppa av bandet. Slutta fort bjeffe og såg på meg - altså fekk han helse. Kanskje han neste gong ikkje skal få kome bort når han har bjeffa? Eller vil det vere å ta for lang læringskjede? Altså at han må greie å sjå på den som kjem i mot utan å bjeffe og deretter sjå på meg før han får helse. Eg tillot denne gongen at han slutta å bjeffe, såg på meg og fekk helse. Noen innspel?

Innkalling:
Vi har gjennomskoda hundane skikkeleg på dette. Dei kjem som ei kula på treningsplassen, så der får dei ikkje trene på det lenger. På torsdag gjekk vi til skogs, i dag var det på sidevegar/andre opne rom. Og alle gjekk i fella (he, he). Altså kan vi bare fortsetje å trene på innkalling! Ekko og eg gjekk tur. Torhild kom ut frå ein sideveg rett ved sida av oss. Det blei så nære at Ekko var hjå henne før eg fekk fløyte. Og han kom ikkje på fløytelåten. Fekk ingen premie verken hjå meg eller Torhild.
Vi gjekk vidare, så dukka Gro opp. Ho ropa og lokka verre, Ekko begynte forsiktig, kikka på meg, eg oversåg han og dermed sprang han. Straks fløyta kom, snudde han, Kjempebra! Slik var han på alle etter det. Til neste gong må eg ha tenkt gjennom ka eg skal gjere med tilbodet han kjem med før han spring ut. Eg hadde ikkje avtalt noko med figurantane denne gongen. Trur eg vil kalle han inn om han ser på meg når lokkinga kjem. Det er jo på ein måte eit spørsmål om å få helse. Så kan eg anten la han springe og helse eller nekte. Då får eg nytt meg av det positive at han tar kontakt før han spring, men samstundes får eg ikkje trent på å kome på innkalling når han er på veg mot noko.

Fellesdekk:
Hundane låg på rad og rekke. Eg gjekk eit stykke i frå og begynte å prate med Elisabeth. Ekko greidde ikkje å ligge lenge så eg måtte bryte den. Gjekk tilbake og trente på kort avstand. Det gjekk veldig fint. Han kjem fint på plass, eg set foten ut for at han skal trene på bein dekk (den er skeiv) og han set seg opp på kommando. Den siste har tendens til å kome litt ut frå fordi han bruker både bakbein og frambein nå han set seg opp. Trente litt på det siste. Går fint når eg står framfor og dekk - sitt går i raskt tempo.

Klossen:
Ekko elskar klossen for tida. Det er så kjekt at han blir gira. Nå går han fint begge vegar, så nå er jo utfordringen å få han til å gå same veg som meg, dvs gå inn til meg. Nå går vi som kompassnåla der klossen er skruen i midten. Tips om korleis eg får han til å forstå det?

Tur:
Maja, Pia, Era og Ekko gjekk tur med eigarane i bånd i kveld. Det er sakte tur der det skal trenast i å ha hundar rundt seg utan å bry seg, det skal luktast, tissast på same flekkane, lærast å gå med slakt bånd osv. Så det er ikkje lange turen, men viktig for oss. Ekko er hekta på godbitane mine så eg trur han syns det er litt krevande å ha alle hundane rundt seg. Er veldig glad for at vi har fått til desse turane for eg ser treninga hjelper han. Til dømes gjekk vi rundt Mosvatnet med ein annan hund på laurdag. Då var det heilt Ok for Ekko at han ikkje skulle gå først hele tida. Han kunne gå bak og ved sida.

søndag 10. august 2008

Lille Rosin

Hallo folkens. Matmor er ikkje heilt god for tida. Og då er det ikkje alltid lett å gjere henne til lags. Men eg gjør så godt eg kan. Eg kose med henne, eg lokke henne med ut, eg lar ho låne "lille Rosin" litt og eg et all maten ho gjev meg. Har ikkje klaga ein gong sjølv om det har vore gulerøter, belgerter, brokkoli, bønner, soltørka tomater, kål - ja eg veit ikkje heilt ka alt det der fargerike er for noko

Har eg fortalt om Lille Rosin(Det er matmor som har gitt han namnet. Det er frå barndommen seier ho... ho er steingamal for eg har ikkje hørt om ein gris som heiter Lille Rosin)? Han er min nye venn. Eg oppdaga han i bilen på torsdag og etter det har vi vore saman nesten heile tida. Seint på natta kan matmor finne på at vi skal gå tur. Eg veit ikkje heilt om eg liker det, men prøver å sjå barsk ut for eg har forstått at ho syns det er trygt at eg er med. Eg syns det er ein del skummelt der ute i mørkret, men det kan eg ikkje seie til henne for då blir ho jo redd. Men nå blir Lille Rosin med meg og då er eg trygg eg òg.
Når eg skal sove syns eg det er ekstra godt at Lille Rosin ligg ved sida av meg.

Ein heilt annan ting: Ka syns de om kamuflasjen min? Eg har ikkje lov å sove i sofaen, men av og til ligg ho og slappar av under eit svart teppe. Eg oppdaga at det var verdas beste kamuflasje. Så då mor gjekk ut, hoppa eg oppi. Trur faktisk ikkje at ho oppdaga meg med ein gong heller. Eg skulle hatt ei slik seng kvar dag.

Ekko

lørdag 9. august 2008

Han er litt dyrare i dag....

Fredag var det sol og fint. Eg tok med meg Ekko på treningstur. No skulle vi trene på å komme på innkalling med fløyte og å gå fint i band sjølv om vi møter forstyrrande element som forbipasserande, ungar, barnevogner osv.
Halve turen var i band og halve utan så det er kanskje lett å forstå ka vi trente på når.....

Ekko går fint forbi når vi møter voksne. Omtrent i alle tilfelle. Men nokre er tydeleg spennande utan at eg greier å sjå kven.. Ungar og barnevogner er verre. Dei er pr. definisjon kjempespennande og må undersøkast. Vi møtte kun ei barnevogn på turen. Akkurat då var det noko anna veldig spennande som skjedde så det var lett å avlede. Dei vaksne vi møtte var heller ikkje vanskeleg å få han til å gå fint forbi.

Så var det innkalling. Eg klar med fløyte, leike og godbit (leika hadde eg gøymt så han visste ikkje om den). Men Ekko hadde tydeleg tenkt å vise glansbilete av seg sjølv. Han holdt seg ganske nær meg. Låg han litt framfor meg, hendte det at eg gjekk litt annleis enn han eller gøymde meg bak eit tre. Det var snakk om sekund før han oppdaga det og var i nærleiken av meg igjen. Vi møtte ingen andre hundar eller folk i skogen. Det var jo både dumt og godt for eg fekk jo auka vanskegraden hans i treninga, men eg fekk ikkje dei vanskelegaste freistingane.

Heldigvis fekk han etterkvart ferten av noko og sprang ut. Eg fløyta. Ekko "snudde på tiøringen". Rett i leik. Eit par gongen lot eg han springe litt både for trimmen og for å sjå om tid og avstand sløva han. Men det verka ikkje slik. Så kom den store prøven: Rett framfor han stod det ei kanin! Då var det fullt firsprang. Eg venta litt (rekna ikkje med at eg fekk han til å kome på sekundet der) og så fløyta eg. Han snudde nok ikkje brått då fløytelåten kom, men det var ikkje lenge å vente og det var tydelege at det var innkallingssignalfart han hadde då han kom inn til meg.
Like etter kom det ein syklist gjennom skogen. Heldigvis var Ekko like ved meg så det var bare å halde han i selen. Verka ikkje som om Ekko brydde seg i det heile.
Alt i alt ei fin økt.

Til prisen på hunden:
Når ein seint på natta er ute og går tur med stor svart hund med rosa gris i munnen, er jo det verd nokre kroner. Å stå opp og sjå ein hund som søv søtt med den same grisen tett inn til seg, er òg verd nokre kroner. Blir i godt humør av det. Så han er dyrare i dag :-).

torsdag 7. august 2008

Hund kan kjøpast for billig penge....

... i alle fall var det slik eg kjente det opp til fleire gonger på treninga i dag.

Det heile starta med at han trengte 15 minutt på å bestemme seg for å hoppe i bilen.

Då vi kom til OD, fekk han og Faya vere ute saman med oss tobeinte medan vi prata og planla treninga. Det var Torhild med Era, Elisabeth med Faya og Silje med Pia (altså sommargjengen) som var der.

Vi starta med innkalling. Eg tok med Ekko og Kvakkien og gjekk til nærmaste skog. Her fekk han gå fritt. Noko hunden nytta seg lite av. Han var litt for fiksert på at eg hadde med meg yndlingsleika. Ut frå skogen kom Elisabeth, Silje og Torhild springande og lokkande. Ekko syns det var spennande, men holdt seg til meg for han skulle jo ha premie. Men omsider beit han på lokkinga. Eg fløyta og han snudde på tiøringen. Veldig bra.
For at han skulle få blikket vekk frå den kjære Kvakki, kasta eg godbitar i bakken slik at han blei opptatt av å søke. Dei tobeinte var forsvunne igjen. No dukka dei opp. Ekko blei glad, såg på meg (venta han på Kvakki eller tillatelse til å helse??). Eg gjorde ingenting. Han sprang mot dei. Og snudde like kjapt straks fløyta kom. To gode økter. Eg stoppa der.

Tilbake til bilen. Her full stopp. Absolutt ikkje inn i den. Dei andre tok først med seg Faya som skulle gjennom det same, så Era og til slutt Pia. Ekko sat, låg, stod.. ja det meste med blikket vekk frå bilen og meg. Eg stod bare der med han i band. Hadde tenkt eg skulle vinne kampen.
Etter at dei andre var ferdig, tok dei pause. Då var eg passe sur på fillebikkja og bandt han til bilen. Gjekk og sette meg med dei andre. Då hoppa dyret INN i bilen. Han hadde tydeleg sett at eg la litt mat der. Sprang bort og premierte han. Fekk han ikkje til å gå i buret, og tilllot at han fekk gå ut igjen sidan han hadde vore inne.

Etter det hadde vi ei treningsøkt med klossen (bakpartskontroll), trefte ukjente folk (noko heile hundeflokken reagerte på (minus Era) og helsa litt.Så skulle eg hjelpe Elisabeth litt. Men gjekk Ekko i bilen? Då pakka eg saman og gjorde meg klar for å gå tur. På veg ut av området, kasta Ekko seg ut for han ville ha ballen til Faya. Eg blei så sint at han fekk eit like kraftig rykk som det han gav meg. Etter det "pliste" hunden meg i lang tid....
Heldigvis gjorde dei andre seg klar for tur dei òg for no var ikkje fillebikkja mi verd mange ørene.
På turen gjekk Ekko stort sett fint både først , i midten og bak. Unntatt då dei alle blei gira på eit spor. Då låg Era først ei stund. Og då blei det fart. Det var rett før Torhild låg flat etter henne. Men ho fekk roa henne ned. Då var det Ekko sin tur til å ta av. Vi stoppa opp av og til. Hundane fiksa fint at vi stod med liten avstand og prata. Dei sette seg og venta.

Hunden min kom ganske fort i bilen etterpå. Eg brukte litt makt.... Eg lei - nei, kven kan tru det...........

For dei som var med i kveld: Ekko tok den rosa grisen med seg inn. Det har vore grisehyl i det vie og breie. Men brått blei det stopp. Han sovna!

onsdag 6. august 2008

Kvakkungen - den nye kvakkien min.

Matmor mi gløymde å ta med min kjære Kvakki sist vi var i Bergen. Eg har sagt til henne mange gonger at det er hennar ansvar å leite overalt slik at vi får med oss alt eg har spreidd rundt meg. Men hugsar ho det??


Eg har altså måtta vere utan LENGE. Har fått låne av Pia og Faya, men det er jo ikkje det same. Endeleg har jo kjøpt ny. I tillegg til ein store har eg fått ein liten som matmor tenkte ho kunne ha i lommen. Men det tenkte ikkje eg. Den er jo kjempekjekk å ha med seg overalt.

I natt la mor den høgt opp på eit skap. Eg fekk nesten ikkje sove og straks ho vakna, stilte eg meg opp slik at ho skjønte ka eg ville ha. "Kvakk-ungen" fekk bli med meg på morgonturen i dag.

Eg har gleda meg heile dagen til å vise den til ungane i barnehagen, så då matmor kom heim, stilte eg meg opp med Kvakkungen i munnen. Klar for tur. Men veit du ka mor gjorde? Ho gjekk forbi barnehagen! Eg prøvde å vise ka eg ville, men ho blei bare sur. Så snill som eg er, gjekk eg jo med henne eit lite stykke vidare. Det kunne jo hende ho trengte litt trim. Men då eg skjønte at dette bar heilt feil avgarde, nedla eg protest. Ikkje ein meter lenger i den retningen ho ville! Eg snudde 90 grader. Så stod vi der og hadde tause forhandlingar. Resultatet blei at vi gjekk strake vegen tilbake til barnehagen. Og der sat det mange jenter og bare venta på meg! Eg vifta rundt og laga litt lyd for at dei skulle sjå skikkeleg på den flotte anda mi. Dei likte den veldig godt dei òg.

Etter det kunne eg godt gå tur, men då gadd ikkje mor meir, så vi gjekk heim. Ho er ikkje lett å forstå ho eg bur hjå....

mandag 4. august 2008

Vi trufaste.

Det er ganske kjekt med denne sommartreninga. Vi har dei siste vekene vore ein liten kjerne å fire der det har dukka opp ein eller to ekstra i blant. Tempoet vårt har ikkje vore det høgaste, men det har til tider varmen vore, så då går det vel opp i opp?

I dag dukka Ingeborg og Sander opp. Det var kjekt. Kanskje det betyr at det nå går mot den tida der fleire kjem? Vi må gjerne setje opp tempoet òg då??

Aller først hadde vi helsing:
Det gjorde vi på ulike måtar med dei ulike hundane. Faya skulle ha utgangsstilling og sjå på Elisabeth før ho fekk kome til oss. Det var ei utfordring for vi lokka jo med godbitar. Men Faya greier det meste, så det gjekk jammen det òg.
Med Ekko ønskte eg at dei var i oppreist stilling. Det lokkar mest til hopp. Han forstod fort teikninga (at han skulle sjå på meg før han fekk helse). Då endra vi til at Ekko og eg gjekk tur i tillegg til at figurant gjekk rundt og lokka. Då gløymte Ekko alt. Dit ville han. Til slutt sette han seg ned med ryggen til meg! Han trengte tid før han forstod at det var blikk-kontakt som var viktig her òg. Ingen hopp.
Sander syns ikkje vi var interessante då vi bare lokka. Men då vi begynte å friste med godbitar kom han som ei kule.
Era skulle vi helse kort på og det var matmor som skulle premiere henne. Det gjekk veldig bra. Ho sprang fram. Det var vel kun eit lite hopp og det var då ho kom mot meg. Trur mest det var feilrekning av avstand.
Pia er i storform for tida så ho greidde det òg med glans, men ho syns ikkje vi var så spennande som før.

Innkalling.
Dei andre hundane er så flinke at det bare er å bøye seg i støvet. Innkalling er ikkje akkurat det vi kan best. I dag skulle eg trene med den nye fløyta eg kjøpte av Marit. Eg hadde sikra meg med at det var eg som hadde kvakkien. Ved første fløytelåt var det ingen reaksjon. Ekko sat som ein gud og venta på kommando. Eg måtte rope. Då kom han som ei kule. Dei to neste var med stor avstand, freisting i midten og med fløyte. No var han ikkje i tvil. Kjempebra!
På Pia tok vi ei innkalling som eg håper Ekko òg kan greie etterkvart. Pia gjekk og snuste i bakken. Plutseleg ser ho Ingeborg springe i fullt firsprang inn i buskane. Pia etter. Silje fløytar og Pia snur! Eg er imponert!

Klossen.
Eg må ta meg saman og ta opp den treninga. Den forsvann litt i varmen for meg. Ekko har begge beina på klossen og går med bakbeina. Men vi må vidare.

Frivillig sit/dekk/stå.
Eg gjekk bakover - Ekko framover. Eg premierte alle frivillige sitt og stå som kom. Det kom ingen dekk. Brydde meg ikkje om det. Var meir oppteken av at han tilbaud frivillig utan at eg stoppa å gå eller sa noko.

Felles tur.
Eg var litt spent på korleis Ekko ville reagere på Sander. Hadde sett at han ikkje brydde seg om han heile kvelden, men når dei skulle gå i lag... korleis ville det bli?
Det var ingen problem. Alle gjekk fint. Av og til i breidde og av og til på rad. Ser at det hjelper at Ekko trener på å gå midt i og bak i ei rad.

Når eg har fått sove ut etter dei rotete nettene med tôrever (Ekko var ikkje mykje høg i hatten då...) og gjort leksene til instruktørsamlinga, då skal eg setje opp nokre treningsmål for den nærmaste framtid. Kjenner eg treng det no. Er lite gjennomtenkt på ka det er eg vil for tida. Får skulde på feriekjensla.

søndag 3. august 2008

Kul-tur i Årdal

På torsdag fekk eg SMS med spørsmålet om eg ville bli med på kul-turen på sundag. Det høyrtes jo kjekt ut og når tilbodet inkluderte middag var eg kjempeklar.

Etter to rotete netter på grunn av tôrever, drog eg sundag føremiddag til Årdal (i Ryfylke for dei som er i tvil..). Ikkje langt frå gården som hadde flott laks til middag, starta løypa så her var det bare å ta skogen og kul-turen fatt.
Eg var jo spent på ka dette var for slags tur. Det viste seg å vere ein tur som ein kan gå heile året, men der det var lagt ekstra opp akkurat no. Løypa var veldig familievenleg. Vi møtte dikt, visdomsord, flott natur og sist, men ikkje minst: Eventyrskog! Kjempekjekt for store og små.
Ekko og mor Alpha hadde seg ei leike-ri då dei møttes. Det er full rulle med ein gong dei ser kvarandre.

Eg var spent på om Ekko ville greie å gå fint med Alpha framfor seg. Dei to har stadig konkurranse om kven som er først. I dag var det veldig tydeleg at Ekko ville markere at eg er hans. Snakka eg med Alpha, gnegde han seg inntil meg. Alpha er veldig klar over at Ekko får godbitar når ho høyrer at eg seier bra. Då er ho òg klar for premie.... Det er ikkje så mange godbitar i form av premie i forhold til innsats i hennar liv. Men det er mange godbitar i form av tjuveri, smisking.....

Ekko gjekk bra. Han drog litt meir i starten, men roa det ned. Fiksa å gå bak meg (til og med då eg gjekk langt bak i rekka) der det trengtes. Han visste vel at han hadde det beste kortet (godbitlommen). Heile turen gjekk dei i band for dette er verkeleg saue- og ungkyrland.

Villdyret mitt er jo litt skvetten av seg så eg var spent då dei ulike trolla dukka opp i eventyrskogen (storskrytaren, nøkken, fossekallen, ugla, Hugin og Munin, trollkjerringa, reven, bjørnen osv). Han har jo tendens til å begynne å bjeffe når noko er nifst. Men dette var visst heilt naturleg. Det var flotte figurar som var utskorne og som vi måtte bruke augo for å sjå langs løypa.

Har du lyst å ta med deg ungar og hund er det bare å kome seg til Årdal, kjøre mot Høyland gard (ein spise- og overnattingsstad) og forbi den. På første flate svinger ein inn til venstre (fleire postkassar og skilt til "Kul-turen"). Turen tar cirka 1 time i roleg tempo. Ungar kan fort leike den lenger. Løypa er merka med blå maling. Etter det eg forstod hadde det tidlegare vore ei lenger løype der dei gjekk til ein stad der det hadde stått ei flyktningehytte under krigen. Ein kan gå dit no òg, men historien heng ikkje på plakat der lenger.
Og er du først på dei kantar så er det bare å kjøre litt lenger oppover. Dette er utgangspunktet for fleire flotte fjelltoppar du kan kose deg med. "Nipen" og "Tofjell" mellom anna. Og at det er vakkert i Ryfylke, treng eg vel ikkje seie noko om..
...