I går fekk vi utfordra hundane våre litt. Dei er etterkvart blitt ganske flinke på å komme på innkalling når vi er på trening. Men koss er det i kvardagen elles?
Vi har prøvd med tur i skogen, på stiar i nærleiken av treningsområdet osv. No skulle dei få to kjekke gutar å teste seg på. Oskar og Kristoffer stilte opp.
Så var det innkalling.
Ekko kom som ei kula på parkeringsplassen. Brydde seg null om gutane. Men så hadde eg jo Kvakki som premie....
Dei andre hundane var likeeins. Ingen lot seg friste. Denne gongen tenkte vi at dei ikkje skulle få ha leike i midten for det kunne friste for mykje. Neste gong må vi nok teste det.
I runde to tok eigar med seg hunden og gjekk tur. Hunden var anten i langline eller fri. Nå kunne vi andre kome fram kor som helst. Ut frå skogen, mot dei, hoppande fram osv. Og det viste både det eine og det andre på hundane våre.
Ekko var først ut. Han var eksemplarisk. Bare tanken på at eg har Kvakki trur eg er sterkt. Etterkvart som det kom ny hund, blei vi jo farlegare i lokkinga. Gutane blei sprelskare og freistingane større for hundane. Så eg hadde nok ikkje hatt den eksemplariske hunden viss Ekko hadde blitt utsett for det som særleg Pia og Era måtte gjennom. Tenke seg til ein spennande gut med pipedyr i handa, springande inn i ein skog! Pia måtte bare bli med. Drit i mor, her er det fest på gang! Skulle sett den leikeglade hunden som hadde greidd å motstå den.
Nå koste vi oss nok litt ekstra over at Pia sprakk for ho har vore sikker som banken på innkalling. Her fann vi eit område å trene henne på. Så Silje, om ikkje lenge er den òg på plass.
Vi må tenke ut korleis vi skal jobbe vidare med innkallinga. Hundane viser at dei har forstått, vi har begynt å sette høgare kriterier/ større freistingar. På dette nivået er dei ikkje 80% sikre. Så korleis går vi vidare med å gje dei slike freistingar som i dag samstundes som vi gjev dei sjansen til å lukkast? I dag prøvde vi oss ut. Neste gong bør vi vel teste meir ut kor langt vi kan gå før innkallinga ikkje verkar. Og så vere i det landskapet litt.
Eg må òg teste Ekko ut på desse freistingane. Jo tryggare eg er på innkallinga, jo enklare vil kvardagen vår bli.
Siste økt var litt på plass, hente ting, litt triks og drakamp med gutane. Veldig kjekt.
Og heilt til slutt gjekk vi tur med Pia, Era og Ekko. Deilig å ha den unnagjort før eg kjem heim. Hundane var trøytte. Det hadde tydeleg vore intenst ei stund.
2 kommentarer:
Så gøy da. Dumt eg gjekk glipp av den treningsøkta. Men komme sterkt tebake på mandag.
Eg har bestilt gutane til førstkomande torsdag så får vi sjå om dei har lyst til å kome ein gong til.
Legg inn en kommentar