Etter to rotete netter på grunn av tôrever, drog eg sundag føremiddag til Årdal (i Ryfylke for dei som er i tvil..). Ikkje langt frå gården som hadde flott laks til middag, starta løypa så her var det bare å ta skogen og kul-turen fatt.
Eg var spent på om Ekko ville greie å gå fint med Alpha framfor seg. Dei to har stadig konkurranse om kven som er først. I dag var det veldig tydeleg at Ekko ville markere at eg er hans. Snakka eg med Alpha, gnegde han seg inntil meg.
Ekko gjekk bra. Han drog litt meir i starten, men roa det ned. Fiksa å gå bak meg (til og med då eg gjekk langt bak i rekka) der det trengtes. Han visste vel at han hadde det beste kortet (godbitlommen).
Villdyret mitt er jo litt skvetten av seg så eg var spent då dei ulike trolla dukka opp i eventyrskogen (storskrytaren, nøkken, fossekallen, ugla, Hugin og Munin, trollkjerringa, reven, bjørnen osv). Han har jo tendens til å begynne å bjeffe når noko er nifst. Men dette var visst heilt naturleg. Det var flotte figurar som var utskorne og som vi måtte bruke augo for å sjå langs løypa.
Har du lyst å ta med deg ungar og hund er det bare å kome seg til Årdal, kjøre mot Høyland gard (ein spise- og overnattingsstad) og forbi den. På første flate svinger ein inn til venstre (fleire postkassar og skilt til "Kul-turen"). Turen tar cirka 1 time i roleg tempo. Ungar kan fort leike den lenger. Løypa er merka med blå maling. Etter det eg forstod hadde det tidlegare vore ei lenger løype der dei gjekk til ein stad der det hadde stått ei flyktningehytte under krigen. Ein kan gå dit no òg, men historien heng ikkje på plakat der lenger.
2 kommentarer:
Den turen ser jo bare kjempe kjekk ut. Kansje om et års tid når Victoria e litt stødigare te beins :-)
Ja. neste år bør de prøve den. Ei løype ho kan fikse.
Legg inn en kommentar