søndag 24. august 2008

Kurshelg

Denne helga har vi vore på instruktørkurs. Det er travelt og kjekt. Ikkje alltid like lett å undervise sine kollegaer....

I praksisøktene første dag skulle vi vise innkalling og møte med menneske der hunden ikkje skulle ta kontakt med andre enn eigar og vise innlæring av "sitt". Den siste var det Anna og eg som hadde ansvar for. Kjente det var litt vanskeleg å bli elementær og ta alle detaljar med. Men vi greidde det. Må bare hugse å vere tydeleg på rekkefølge.

Første bilete er Marit Kristin som trener innkalling på Odin. Una er dagsventande så innkallingen på henne gjekk i sakte tempo,men ho kom inn til Anna.

Ekko syns dette er kjempekjekt og kjem som ei kula. Han til og med viser at han kan stå som utstillingshundane.... Det tredje bilete er trening i møtesituasjonar der han ikkje skal bry deg om den framande.
Elisabeth hadde eit flott foredrag om Tolleren i går.

I dag var det meir konkret om kva klikkartrening er. Men først fekk vi eit veldig interessant foredrag frå John om Polar Zoo og sosialisering av ulvane der.

Deretter skulle siste gruppe frå i går lære oss andre innkalling. Ekko blei brukt som modell. Det som er viktig er at vi set oss ned og premierer OG koser med hunden. Gjerne rundt halsen slik at hunden ikkje alltid koblar den handa med at vi tar på han kobbelet. Etterkvart skulle vi reise oss og gå litt bakover. Viktig at hunden følgjer med. Ekko hadde lese på leksa så han gjorde alt rett :-).

Vi blei delt i to grupper då vi skulle trene etter klikkarmetoden i dag. Vår gruppe skulle vise eit problemområde vi hadde så skulle vi andre hjelpe. Elisabeth leiter etter pangdekka til Faya.
Eg prøver å få Ekko til å holde posisjonen òg når eg gjev godbit. Dette gjeld når vi går fot. Fekk mange gode innspel og har det som lekse til neste gong å få dette til... Christin arbeidde med bakpartskontroll på Lacy.


Det er alltid lærerike helger desse instruktørhelgene. Får nytt å tenkje på og så mykje eg skulle ha lese...

1 kommentar:

Anonym sa...

Ja det blir masse å tenke på itte ei slik helg. Me finne jo ut kor mye gale me gjør heile veien. Men som sagt, nå ska me jo bli perfekte :-) Masse bra bilder forresten.