lørdag 11. mai 2013

Ei fin treningsveke

Kjekt med veker der det dukkar opp raude dagar. Denne veka fekk vi trent på torsdag og laurdag.

Torsdag møttest Gry, Lise, Guro, Cecilie og eg til trening på Sviland. Vi starta med rundering. Ekko fekk 4-5 slag med full melding. Han jobbar godt. Veit ka han skal gjere. Kjem inn med meldinga og i full fart ut på visning. Ser tydeleg på han at det er siste delen som er kjekkast (ut for å leike). Han spring eit stykke inn i skogen. Stoppar for å sette nasen høgt. Her gjeld det ikkje å bruke for mange krefter, men springe rett der han veit det er folk. Siste slaget var rett i leik. Då var han trøytt.

Han har i det siste hatt kun direkte i leik, men viste med dette at kondisen er blitt betre og at han ikkje var i tvil om ka jobben var. Og som alltid: flink til å finne førar mellom kvart slag.

Sporet til Klikk. 1,02km
Etterpå gjekk eg eit spor på 1 km for Cecilie og Klikk. Spennande å sitje i skogen og lure på om dei finn fram. Det gjorde dei. Ein sliten kvit gjetarhund var lukkeleg over funnet, men ville heller ha fôrkulene mine enn leik. Han var herleg trøytt etter innsatsen.

I mens eg rota meg rundt i skogen, var Gry og Lise i full gang med feltsøk. Hundane hadde strevd litt . Ekko strevde mykje. Anar ikkje om det påverka at eg ikkje hadde gått i feltet, men interessa hans var mest utanfor området. Noko vi oppdaga på dei andre hundane òg. Omsider fann han det han skulle. I andre økta såg det mest ut som han ikkje hadde peil på ka eg ville han skulle gjere. Vi fann gjenstandane, men konklusjonen er nok at dette var mislukka feltsøk. Eg må tenkje litt nøyare til neste forsøk.
--
Trening i dag:
Grått og etterkvart ganske vått. Men det var vêret. Treninga var på ingen måte grå. Ekko skulle starte med full melding og gå over til flying var planen.
Fint ut på først slag. Fint inn med melding. Ivrig etter å springe ut for å leike. Lise melder at han leita litt rundt på høgdedraget før han fann henne.
Over på neste. Fint ut . Stoppar brått. Tenkjer (han er trass alt 50% curly). Og så full fart mot Gry. Fin melding.
Tredje slag går og fint ut. Stoppar då han kjem på toppen. Får seg overblikket og spring vidare. Full melding.
Fjerde slag blir rett i leik. Dei tre første slaga er så bra at han skal få gjere det kjekkaste på jord. "Flying".
Flott slag. Over på neste side. Han finn ikkje Lise, men har fint driv framover og får krysse over til motsett side. Eit uplanlagt blindslag.
Neste gong han skal leite etter Lise, får ho i oppgåve å springe innover når Ekko har kryssa midtlina. Slaget går fint.
Siste slag på Gry er ned på flata mot vegen opp til garden. Eg får litt panikk då eg ser han springe mot vegen (høyrer hundebjeff og sauebjøller), men Ekko bare jobbar med nasen. Han leitar på kryss og tvers etter ferten av Gry.

I andre økta plaskregnar der og eg bestemmer meg for flying. Her gjeld det å halde iveren og kondisen oppe. Ekko leiker på fleire av slaga, men blir tidleg sliten og vil helst ha godbitar. Gode slag og veldig trøytt hund.

Våte med varmeanlegget på full guffe og radioen på P1 bar det heimover. Ein fin laurdag.

søndag 5. mai 2013

Kom mai, du kalde, våte....


Feltsøk.  Foto: Gry H
4.mai var ei kald oppleving. Kari, Gry og eg møttes på Skjæveland. Trudde vi hadde kledd oss godt, men måtte etterkvart innrømme at vi mangla både votter og varmeputer.. Men det hindrar ikkje oss frå å trene med dei firbeinte. Vinden var sterk inne i skogen og svak ute på vegen. Dette gjorde det vanskeleg å velge midtline. Gry og Kari bestemte seg for vegen.
Eg tenkte at eg skulle nytte høve og trene overvêr. Gry og Kari gøymte seg godt. Eg slapp Ekko laus og bad han passe på. Han fekk kjapt ferten av Gry. Ut og hente lausbitt og inn for å melde. Kjempebra!
Gry leika han inn til vegen igjen. Så var det å gå nederst i skogkanten for å sjå om vi fann Kari. Ekko ser heilt uinteressert ut. Snuser, tisser, grev i jorda. Og eg blir i tvil. Så set han nasen høgt, spring litt innover, men stoppar opp. Fortset med snusinga. Men endeleg. Full fart innover. Det viste seg at Kari var langt inne i skogen så det tok nok litt tid før ferten var tydeleg. Men fin melding og funn.
I mellomtida hadde Gry gøymt seg på nytt. Vi kryssa vegen og Ekko såg like uinteressert ut som før. Eg byrjar å mase på søk. Skjønar ikkje kvifor eg masar slik. Han pleier jo å ha kontrollen. Og jadå. Midt i uinteressa, går nasen opp og innover med han. Full melding. Kari var på ny gøymt i skogen. Medan vi søkte etter henne, dukka det opp ein laus hund. Fekk Ekko inn før han oppdaga det og fekk gitt Kari beskjed om at Ekko skulle rett i leik om han fann henne.
Heldigvis gjorde vi det slik for medan han var i leik hjå Kari kom ein familie inn i skogen. Ei lita jente prøvde å halde to bordercolliar i band. Såg ikkje enkelt ut. Dei sleppte dei rett etter at dei var gått forbi oss, men då var heldigvis vi ferdige med økta.

Det var ikkje snakk om store matpausen mellom dei to øktene. Var for surt og kaldt til det.
Premie! Foto: Gry H
Alle tre hadde lyst til å prøve feltsøk i økt to. Så vi inn i skogen og prøvde å tenkje vindretning og lage oss ein korridor på best muleg måte. Den blei ca 5 meter brei og minst 50 meter lang.
Nicole var først ute. Gry vifta med gjenstanden langt der ute. Så kom ho inn og Nicole sette i gang. Morsomt å sjå kor godt ho jobba. Eit vellukka funn. Så skulle ho få ei utfordring. Eg gjekk ut med eit lite tøystykke. Så lite hadde ho aldri leita etter før. Men Nicole fann det og plukka det opp, men å springe inn med noko anna enn ei leike var ikkje lett. Ho fekk premie for å gjere funn.

Ekko var neste ut. Han sette i gang, men fekk ferten av Kari, som var ved bilen og slo inn på overvêrsøk i staden. Måtte ropast inn. Dette skjedde to gonger. Då gjekk Kari ut med ein hanske og gøymte den. Kom inn igjen. Då kobla Ekko og søkte innanfor korridoren. Fann hansken og kom inn og leverte. Så ut igjen for å hente tøystykket som no hadde lege der ei stund. Ikkje noko problem. Gjenstand funne og levert.
Medan eg premierer og står med ryggen til, går Kari ut med siste gjenstand. Den ligg heilt ute ved slutten av korridoren. Ekko held seg no fint i korridoren og finn gjenstanden og avleverer fint.

Eg som hadde gløymt ut at det var gøy med feltsøk. No skal det bli meir av det framover.

Det var godt å kome seg heim for å tørke og varme meg. Men som alltid: kjekt å trene og ha ein trøytt hund i heimen.

onsdag 1. mai 2013

Varierande trening på ein kald 1.mai.

Lise, Gry og eg hadde avtalt å møtast på Sviland i dag. klokka ti slik at vi ikkje hamna borti det store vårsleppet (MC-gjengen på 1.maitur) på motorvegen.

Heldigvis drog vi så tidleg for etterkvart dukka det opp ein mengd redninghundfolk som skulle trene.

Eg hadde ikkje kobla hjernen inn på at ein treng walkie til rundering på ein onsdag òg... Det gjorde det mykje vanskelegare å få gitt kvarandre meldingar undervegs. Og når eg midt i alt mistar mobilen, blei det litt kaos. Men alle tre hundane fekk seg ei runderingsøkt før redningsfolka overtok området.

Ekko fekk framleis drive med flying og rett i leik. Denne gongen leika han vilt hjå Gry, men ville ha godbitar og kos hjå Lise. Såg ut til at han likte begge deler like godt for han kryssa i god fart over begge retningar. Kondisjonen er tydeleg blitt betre dei siste vekene. På siste slaget ut til Lise, sprang han fort ut. Lise sa at han stoppa der skogen slutta og stod litt før han snudde. Det eg såg, var ein hund som kom i full fart for å drikke i ein stor pytt. Sendte han på siste slaget opp til Gry.
Nå skal eg begynne forsiktig med meldingar igjen og samstundes prøve å halde kondisjonen oppe.
--
Klokka 12 kjørte vi ned til området til retrieverklubben. Vi forstod fort at det ikkje var aktuelt å utvide områdebruken for "overalt" dukka det opp redningsfolk. Ok. sporet vi hadde tenkt på, måtte gjerast på ein annan måte. Gry tok grusspor på vegen, Lise spor med vinklar nederst på området og eg grusspor på parkeringsplassen. Eg trur jo at hunden min får til alt så at eg måtte legge sporet slik at det kryssa spor eg nettopp hadde gått, bør han vel ta? At det var på grus som vi sjeldan går, gjer vel ingenting? Som pedagog har eg lært at vi skal utfordre utanfor flytsona/komfortsona til eleven....

Ekko starta fint bak bilen til Lise, tok første vinkel, men på nest vinkel ville han ligge litt til høgre for der eg hadde gått (oppdaga jo då at vinden hadde auka og at lukta av meg nok var sterk der), men han var ikkje i tvil om retningen. Brått var det ut for å tisse ved eit tre, men sidan eg stod stille så kom han tilbake og fortsette sporet (no nøye) i le av vinden til han bak brakka fann tennisballen. Konklusjon: Han tar grus greit, men trenaren må følge meir med på vindretningen (sjølv om den innimellom hadde ein liten pause) viss ho vil ha hunden til å gå nøyare.
fotograf: Lise Lunde

Gry og eg ville ha feltsøk. Ekko hadde ikkje prøvd det sidan området var nytt og han var ein unghund. Lise hadde òg lyst til å teste Scott på det. Han hadde aldri prøvd feltsøk.

Alle tre tråkka området før start. Det er fascinerande å sjå at alle tre hundane forstod at det var dumt å søke utanfor området. Hamna dei der, var dei fort inne igjen. Tenk om det var like lett å lære menneske slikt?
Eg la ut ein hanske og ein tøybit på området. Henta hunden og gav han beskjed om å søke felt. Flinkaste hunden fann hansken, leverte og fekk godbit og kos før han sprang ut igjen for å finne neste gjenstand. Ikkje vanskeleg det heller. Så var det to rundar der Gry la ut og Ekko måtte finne. Gjekk strålande det òg. Flinke sporhunden!

No skal det innrømmast at vi ikkje arbeidde med eit nøye feltsøk der hunden jobba jamnt og tok for seg heile området strukturert. Det var ingen av våre trent på. Vi ville bare ha dei til å leite rundt for å sjå ka dei kunne finne.

No regnar det, Ekko søv tungt og matmor er nøgd med treningsøkta.