tirsdag 29. april 2008

Kurs med Fanny


Dei to første kursa som eg annonserte for, blei kjempepopulære. Alle plassane med ekvipasje (hund+førar) forsvann ut fort. No har Marit fått Fanny hit 1-2. november òg. Så har du lyst til å lære mykje om klikkartrening/positiv trening saman med hunden, ta kontakt med Marit kjapt.

Sjølv om det er fullteikna når det gjeld å delta med hunden, er det ledige plassar som observatør. Då får du ikkje trent med hunden din, men du får god tid til å følge med på ka dei andre gjer, notere, fotografere osv.
Kursa er enkeltkurs, dvs du kan delta på eit av dei i november utan å ha med deg junikurset.
Kursdatoar:
28-29. juni. Kurs med både Fanny og Thomas. Ledige observatørplassar
1-2. november: Kurs med Fanny. Ledige plassar både som ekvipasje og observatør.
15-16. november: Kurs med Fanny og Thomas. Ledige observatørplassar.
Kursinstruktørane er opptekne av leikutvikling, oppbygging av belønning, apportering, shaping, timing, lydnadstrening osv. Mykje innan dette området vil bli tatt opp. Bloggen deira er alltid interessant og lærerik lesing.
Ønskje du å delta på eit eller fleire av kursa, ta kontakt med Marit (marit.tollermarit@lyse.net) tlf 92438405.
Pris: 2000 pr helg for ekvipasjen (hund og førar), 600 pr helg for observatørplass.

mandag 28. april 2008

I gang med leksene

I dag har vi trent litt på leksene. Vi var mange denne måndagen ( 9 ekvipasjer trur eg). Eg trente saman med Silje. Målet vårt var å begynne med delmomentet "sitt på avstand" (s344 i klikkerbibelen..). Pia tok det ganske fort. Ekko sleit meir. Han ville helst gå mot meg før han sette seg. Heldigvis var dei små grå hjå Silje i aktivitet, så ho kom på at vi burde halde hunden. Og då kom det nokre avstandsitt. Du og du kor sjuk og elendig Ekko såg ut. Han til og med grein litt undervegs. Fleire har sagt at han er blitt så tynn i det siste, så det var rett før eg trudde at han var alvorleg sjuk. Etter kvart forstod eg at det var interessa for øvinga som var på det nivået. Etter to økter slutta vi av med det. Vi kom ikkje så veldig langt, må nok pine han gjennom dette nokre gonger til.

Neste lekse var bakpartskontroll. Ekko og eg rygga medan Silje klikka. Kjempegreit. Han rygga perfekt, framlabbane var ved mine bein. Dette var tydeleg litt kjekkare enn sitt på avstand...

I den siste perioden trengte vi litt meir futt. Silje trente levering av apport ved bruk av Doggie Zen. Det vil seie at ho kasta apporten, sette seg på huk med ei hand klar til å ta i mot apporten og ei hand open med godbitar i. Pia trengte litt tid før ho tok den. Ho prøvde å stirre Silje i hjel. Kanskje kom premien då? Men etterkvart tok ho det og fekk fart på seg.
Eg ville ha litt liv i treninga eg òg så Ekko måtte gjennom det same. Eg kasta dummyen og sat og venta. Og no var det fart i guten. Dette var visst kjekkare enn alle dei andre øvingane. Han presterte til og med å halde dummyen til eg sa takk eit par gonger! Og han venta med å forsyne seg til han fekk lov.

Innimellom dette trente vi jo sjølvsagt på inn og ut av bilen. Det gjekk over all forventning. Eg bestemte meg for ikkje å stresse. Plusset var nok at vi trente like ved bilane slik at vegen til bilen var kort.

Alt i alt ei god treningsøkt for matmor, men Ekko syns nok at eg bør finne på noko meir spennande i blant. Ja forresten, eg brukte jo ein liten ball for å løyse opp. Då Ekko skjønte at den var premien, fekk eg nokre raske "på plass". Eg må bare lære meg å premiere oftare med leik.

søndag 27. april 2008

Praksisoppgåvene fram til 24.mai.

Nå har eg endeleg fokusert litt og bestemt meg for ka lekser eg skal ha som praksisoppgåve til neste kurshelg. Kjenner at eg er i full jobb og har ein del andre ting å fokusere på, men nå skriv eg det her så då kan andre kontrollere meg :-). Eg tar utgangspunkt i grunnferdigheitsskjemaet til Arne.
Oppgåve 1: Lær inn to grunnferdigheiter.
Nivåa er (og for å forenkle det for meg har eg gjeve dei bokstavnivå): A="tilbyr atferd frivillig", B="gradvis lenger tid", C="med forstyrrelser" og D="forskjellige underlag". Bokstavane ved sida av det eg skal arbeide med skal seie noko om kva nivå eg meiner han fiksar.
Nr 1 er SITT:
  1. Frå ståande framfor førar - A, B
  2. frå ligg (sitt opp) -A, B,C
  3. På avstand
  4. Under marsj - baklengs -A, B, C
  5. daglegdagse atferder: Sjå eit punkt under.

Nr 2 er BAKPARTSKONTROLL

  1. Rygge framfor førar - A, B, C
  2. Rygge ved venstre fot ved vegg - A
  3. Rygge ved venste fot ved vegg med vinkel
  4. Rygge ved fot utan vegg -A
  5. Venstrepiruett i utgangsstilling
  6. Forflytning 2 skritt høgre/ venstre osv

Oppgåve 2: Lær inn "sitt" i to daglegdagse situasjonar

Eg ønskjer at han skal sitje når eg er passiv (vegkryss td) og når eg pratar med andre eg møter på vegen. Førebels krav maks 1/2 min.

Oppgåve 3: Tren "Kinderegg" i minst tre forskjellige situasjonar.

Vi fortset treninga på møte med andre hundar. Eg har registrert at han har lett for å bjeffe når eg snakkar med andre, altså Kinderegg på det. Den siste bør kanskje vere barn som leiker.

Dette er altså måla mine fram til slutten av mai. Eg får dele dei opp i mindre moment så går det vel. I tillegg har eg jo ei lekse eg må få begynt på neste helg.... teorioppgåvene..............

I tillegg kjem vi nok til å kjøre litt brukshundtrening. Eg blir jo tussete av bare lydnad.

Lausbitt, ID-spor og ro

I dag var gråveret her, men det blei ei fin trening i Skjævelandsskogen. Det er stort sett lunt der. KL 0930 møtte Ingeborg m/ Sander, Anne Lise m/Scotty, Silje m/ Pia og vi til ei variert treningsøkt. Vi brukte litt tid til å diskutere ka kvar enkelt ville med treninga. Det var smart for då kunne vi òg gje gode tilbakemeldingar.

Vi starta med rundering. Eg hadde bestemt meg for at eg skulle trene på lausbitt. I utgangspunktet var jo planen å følge skjemaet for baklengskjeding av lausbitt, men så får eg jo brått lyst til å ta to ting om gongen. Altså blir han sendt ut på enkeltslag, henter lausbittet, kjem tilbake ( men spring vidare til neste figurant (flying slår inn). Han kjem tilbake på innkalling. Set seg , får på seg ei langline og spring fint ut og viser funn. Dei to neste rundane har han forstått teikninga. Spring og hentar lausbitt, kjem inn og blir sendt ut på nytt. Men etter det byrjar rotet. Figurant går for langt ut (typisk at vi går for fort fram..). Første del går fint. Han hentar, kjem inn, men syns det er heilt uinteressant å springe ut til figurant igjen. Luktene i skogen er meir interessante. Dumme meg. Nå må eg snart lære. Eg skal følge planen eg har sett opp, nemleg trinn 3 i baklengskjeding av lausbitt/fastbitt ( så artikkel i margen).

Neste utfordring var eit vanleg spor med litt pølser i starten, litt i kvar vinkel og mange på slutten. Han var lite interessert i pølsene, men fulgte sporet greit.

Utfordring 3 var ID-spor. Vi prøvde denne gongen å legge spora i medvind, men bomma litt på Ekko. Han fekk litt sidevind så vi blei diskuterande om han gjekk litt nedanfor sporet og tok det på ferten eller om han gjekk i sporet. Det er nok truleg ein blanding, men eg må jobbe med å få eit godt medvindsspor.
Alle hundane tok ID-sporet kjempebra. Dei var aldri i tvil om ka lukt dei skulle følge. Dette må vi gjere meir!

Utfordring 4 var å ha alle hundane ute på same tid og i band. Her var målet å kunne spasere forbi kvarandre med slakk line og ein hund som tar kontakt med oss. For Silje og meg var det viktig for vi har altfor mykje trent på dette på faste plassar, altså går dei i treningsmodus.
Det gjekk kjempefint. Vi gjekk deretter inn i skogen med dei. No kunne dei risikere at det var ein hund bak, framfor, på sida osv. Etter kvart kom vi nærmare og stod stille og premierte rolege hundar som tok kontakt med førar. Kjempefin økt. Nå kjenner jo desse hundane til kvarandre, men eg trur det er smart å trene litt slik for å få dei vane med at andre hundar kan vere nær overalt utan at hundane treng ta kontakt med kvarandre.

Siste utfordring i dag var bilen. Ekko var roleg etter denne økta i skogen og kom med ned til bilen. Eg opna døra og sette meg der. La ein godbit i bilen. Ekko tok to labbar inn i bilen, fekk klikk og ein godbit til. Hoppa ned og eg gjentok det same. I blant var godbiten langt inne og han måtte inn med heile seg. Fekk stor premie og nytt klikk før han hoppa ut. Slik dreiv vi på ei lita stund, så fekk han mange godbitar og eg stengte bildøra med hunden inni. Fin avslutning på ei god trening.

Treige dekk og den dumme bilen

Torsdag trente vi på dekk frå sitt. Det var ikkje akkurat sprut over dekka. Hjelpte ikkje med drakamp. Men då pipeballen kom fram, blei det meir fart. Det var som om Ekko var prega av at eg mangla piff. Han var ikkje i treningsmodus han heller. Det blei betre på slutten då vi trente apport.


Nå må eg trene alvorleg på det å gå i bilen. Det er lite kjekt å ha ein hund som, langt frå bilen, byrjar å streike. Eg begynte å kaste godbitar framfor han. Jo, då beveger han seg til neste godbit, men så stopp. Kontrasten er når han blir henta på kennelen. Då spring han fram til bildøra og står klar til å hoppe inn. Har du gode tips så kom med dei!

Her er vakre Deah i eit par sekund ro...

Faya og Elisabeth trent vendingar (etter at Elisabeth trødde to gonger på Faya - nå er hundane sikre på at vi lærte dette på kurset forrige helg :-)). Dei er blitt kjempeflinke! Faya vender så det er ein fryd. Sjå filmen ( litt dårleg kvalitet, men dei gjekk så fort...)

tirsdag 22. april 2008

Når skal vi setje på kommando?

Tja når skal vi det? Gro og eg har snakka om at vi kanskje har vore for kjappe til det, men no syns vi at vi aldri får gjort det. Eg tillet meg difor å dele ein link til eit innlegg i Morten Egtvedts blogg. Han skriv om stimuluskontroll vs frivillig atferd hjå klikkartrente hundar. Vi vil jo ikkje ha hundar som sluttar å tilby atferd. Altså må vi få dei til å fortsetje å tilby atferd sjølv om det meste er sett kommando på.
Ganske kort er dette vegen til å setje på kommando (stimuluskontroll):
  1. Form fram adferd X frivillig (til flyt-nivå)
  2. Gi signalet samtidig som adferd X utføres frivillig.
  3. Gi signalet like før adferd X utføres frivillig.
  4. Forsterk kun når adferd X skjer etter at du har gitt signalet (og shape hunden til å vente gradvis lenger på signalet).
  5. Gi signal for Y (eller "tullekommandoer") og ikke forsterk hvis hunden utfører adferd X (gi deretter signal for adferd X og forsterk)

Dog med en viktig justering. Det bør IKKE være slik at når du først har fått en adferd under stimuluskontroll skal den for all ettertid alltid være under stimuluskontroll. Etter min erfaring er det idelle å ha adferden på kommando når du vil, og at du fortsatt kan få den fram frivillig når du vil.

Dette er direkte sitat fra bloggen. I tillegg står det ein del om emnet i Canis 2/07.

mandag 21. april 2008

Sitt og dekk

Måndagsgjengen stilte sterkt med stolar i dag. Her måtte vi nyte sola litt før treninga begynte! Tobeinte og firbeinte som skulle trenast i dag, var i tillegg til oss: Elisabeth/Faya, Anne Lise/Scotty, Torhild/Era, Anne/Thelma og Ingeborg/Sander. Seinare på kvelden kom Gro/Maja.

Første oppgåve var fellesdekk:
6 hundar på rad og rekke. Flott gjeng. Ikkje alle var like rolege så eg er imponert over Ekko. Han ligg fint, ser seg litt rundt når det blir uroleg, men held seg i ro. Eg kan gå eit godt stykke i frå, har ikkje tatt tida eg kan stå der. Låg fint når eg gjekk bak, opp på sida og kommando sitt opp. Men då skjer det store: Han flytter på seg slik at han nå sit på skrått halveges framfor meg. Altså tek han eit hopp når han reiser seg frå dekk til sitt.

Då var det bare å begynne på utfordring 1: Sitt i utgangsposisjon. Anne og eg jobba saman. Eg fekk han inn til på plass og Anne klikka viss han sat korrekt. Slik holdt vi på. Fleire var skeive, men ofte kom det ein perfekt rett etter ein skeiv. Inn i bilen etter eit par perfekte etter kvarandre. Så trente vi Thelma. Ho syntes at det var altfor mykje spennande her og mine godbitar var sikkert betre enn Anne sine. Ho trente lineføring. Og dei blei flotte etterkvart. Eg er imponert!

Neste runde med Ekko skulle vere ei økt med sitt-dekk. Jo takk, Det blei sitt og gradvis dekk. Anne lurte på om vi ikkje skulle bytte godbit ut med leik. Og det gjorde susen. Han fekk nokre kjappe dekk då drakamp blei premien. Eg stod for kommandoen og leiken og Anne for klikkinga. Kjempegodt samarbeid. Deilig å slippe å tenkje om det var korrekt. No kom klikket akkurat der det skulle.

Treninga var så intens at etter to økter med kvar hund måtte vi tobeinte ha pause.

Etter pausen tenkte eg at nå var det tid for biltrening. Inn og ut av bilen. Kan ikkje seie eg blei imponert over innsatsen, men etterkvart så kom det frivillige hopp. Han ser altfor mykje ut som om han skal til rettarstaden på vegen mot bilen så her trur eg treninga må begynne lenge før vi er ved bilen.... Sidan dette var litt dumt, avslutta vi med eit par flotte innkallingar. Då kunne begge "hoppe" i bilen og kjøre nøgde heim. Ei god treningsøkt der det er tydeleg ka eg kan jobbe vidare med.

Og så har eg tenkt ut ka den andre "Kinderegg"-øvinga skal vere: På menneske. Ekko begynner altfor ofte å bjeffe når folk snakkar til meg når vi er ute ( ikkje dei eg går tur med sjølvsagt, men nye eg møter langs vegen). Han viste at vi trener på det når det gjeld hund i dag. Scotty kom rett i mot og Ekko tok kontakt med meg. Jippi!

søndag 20. april 2008

Instruktørkurs første helg

Nå er hovudet fullt av habituering, sensitiering, operant læring, belønning og straff.......

Det har vore ei lærerik helg og eg ser jo at her må det arbeidast. Ikkje bare med hund, men med teori òg. Eg er jo ikkje akkurat heilt oppdatert på faguttrykka i atferdslæring. Vi bruker ikkje heilt dei same uttrykka i den pedagogiske verda kan ein seie, sjøl om mykje liknar. Men det er godt at ein praktikar får ord på arbeidet.

Vi har hatt ei god blanding med trening av eigen hund, så Ekko har måtta gjere ting han kan, på nye måtar. Han blei til tider litt frustrert kan ein seie :-). John (som eg trente saman med) var veldig flink til å gje meg tilbakemelding på det eg gjorde under treninga. Det var nyttig og gjorde meg merksam på små detaljar eg ikkje såg.

Eg gler meg allereie til neste kurshelg, men før den må eg jo gjennom ei lekse. I tillegg til teori skal eg lære Ekko:
  • 2 grunnferdigheiter ( trur det blir ein ny og ein som er påbegynt, men som treng ein del meir arbeid)
  • "Sitt" i to daglegdagse situasjonar. Situasjonar der hunden skal tilby sitt automatisk. Det kan vere før han skal ut av bilen, når vi får besøk, når eg stopper opp på gata for å prate med folk osv...
  • Trene "Kinderegg" i minst 3 ulike situasjonar.

I tillegg har eg gjeve meg sjøl ei ekstra lekse: Ekko skal gå frivillig inn i bilen. Han har no begynt å streike LANGT borte frå bilen. Dette er for slitsomt så eg må ta tak i det.

Eg må tenke litt over ka eg skal velge av grunnferdigheiter og "sitt"-situasjonar før eg skriv ned treningsoppdraget for veka som kjem. Når det gjeld "Kinderegg" er den eine klar (for den øver vi jamnt på): Møte med ukjente hundar.

lørdag 19. april 2008

Ho trør på meg!

Matmor har begynt på instruktørkurs. Er visst alvorlege greier for ho skal ta eksamen og all slags. Men det er noko feil her ein plass. Eg burde vere med på teorien for eg er ikkje heilt trygg på ka ho lærer. Bare høyr her:

Dei tobeinte sit inne på eit rom medan vi firbeinte må ligge i varme bilar ( og det ein dag som det er sol!). Så kjem dei ut. Endeleg tenkte eg. Nå blir det vel litt læring her. Nei, eg skulle bare sjå på henne, så klikka ho og eg fekk noko godt. Ja, ja. Er det på barnehagenivået utdanninga er? Inn i bilen igjen.

Etter ei stund kom dei ut igjen. No skulle det visst lærast meir. Eg blir plassert inntil ein balansebjelke. Versegod gå bakover. Eg gjekk som ein gud, tok til og med ein vinkel. Var det noko meir ho ville? Jo, ho dreiv og forvirra meg med kor langt ho skulle, ka ho ville osv. Eg blei litt stressa av det. Så presterer ho å trø på meg TO gonger!! Ka slags kurs er dette? Arne, eg trudde du dreiv med positiv trening?! Etter ein halv dag på instruktørkurs skjer dette. Eg er framleis i sjokk, trur eg. Dei prøvde å glatte over, men eg er ikkje trygg og vil i alle fall ikkje rygge nær matmor på ei stund.

I den tredje økta hadde ho heldigvis teke fram ein dummy slik at vi kunne ha litt apport-trening. Kjekkare det. I den eine handa var det godbitar, den andre skulle eg levere dummyen når ho sa takk. Likte den. På slutten trente vi på at eg skulle sjå på henne. Barnehagen igjen, trudde eg, men no begynte ho å vifte litt med armane og klikka bare viss eg ikkje brydde meg om det. Litt vanskeleg i starten, men godbitar kan eg alltid jobbe for.

Då heile greia var slutt, gjekk Faya og eg ein liten tur med matmødrene våre. Endeleg kunne vi strekke på beina og kose oss litt.

Det er visst ny kursdag i morgon. Lurer på ka dei finn på då? Ikkje meir skading av hundar får eg håpe for då nektar eg å bli med.



fredag 18. april 2008

Eg blir svimmel og var det nå dette eg skulle halde på med?

På treninga i går skulle eg fortsetje med vendingar og begynte som Karin forklarte sist ( altså å få hunden til å ligge som ein C rundt meg) og det blei bare tull. Marit var med og skulle følge med på det eg gjorde. Både ho og Karin kom med ein del innspel og det hjelpte. Vi bestemte oss for å gå mot hindring og snu like ved sida av den. Blei litt rotete det heile, men Ekko hadde fleire gode forsøk.

Vi trente litt på å ha framlabbane på ei eske. Kom så langt som at dei av og til var der, men mest for å grave. Det har eg lyst til å prøve vidare. Kan vere til hjelp når eg skal få han til å følge sida mi.

Eg var litt frustrert i går og gjekk på turen i solskinnet i dag og tenkte på ka det er eg held på med. Det er ikkje så lenge sidan eg ville vere kjempeglad bare Ekko gjekk fint i bandet, hadde litt elementær lydnad og ikkje var så aggressiv. Har eg lyst til å stille i konkurranse? Tja, det veit eg ikkje, men det er kjekt å trene så får eg heller ta nokre rundar med meg sjøl kor pirkete eg skal vere. I alle fall må eg gå nokre trinn tilbake når det gjeld vendingar. Dvs kutte dei litt ut og konsentrere meg om lineføring og fri ved fot. Ja så må eg hugse å bruke leik. Ekko får for lite leik i kvardagen.

Må altså tenkje meg litt grundig om før eg set måla for den neste perioden. Karin har utfordra oss på å sette opp ein plan for det vi vil trene på,dvs vi kan ha ulike mål i gruppa. Så skal ho kome med innspel i arbeidet vidare.

torsdag 17. april 2008

Nå er straumhalsband forbode

I mars kom det eit forbod mot bruk av straum på hund..... visste du det? Eg fann litt om bakgrunnen i bloggen til Randi Tillung. Link til forskrifta finn du her.

Så no treng ein ikkje tenkje på om ein skal bruke straum for å få hunden redd sau. Og som Tillung skriv: Det er båndtvang på denne tida så problematikken går heller på om vi som hundeeigarar følgjer lovverket eller om vi ikkje gjer det.
Eg blei litt flau då eg såg NRK i går. Då var det eit innslag om hundeeigarar som gav heilt blaffen i båndtvangen. Og ho som blei intervjua, hadde ikkje kontroll på hunden i det heile. Den sprang akkurat kor den ville same kor mykje ho ropte. Ikkje noko å vere stolt over akkurat.

onsdag 16. april 2008

Bakpartskontroll

Den firbeinte har vore på kennel og den tobeinte på jobbreise, så her har vore lite trening. Men det er jo godt at nokon saknar bloggen vår når det går ei veke utan respons :-)

Forrige torsdag trente vi hopp og vendingar. Her har vi litt av kvart å arbeide med. Sjølve hoppet går greit ( kanskje det bør vere høgare - det eine gjekk han bare over ...), men vi må trene på kontakten mot hoppet og det å hoppe når kommandoen kjem, ikkje før og ikkje etter.

Bakpartskontrollen er det verre med. Eg har nok slurva ein del der. Så no må eg tilbake til veggen og vinklar. Det kom tydeleg fram då vi skulle prøve oss på vendingar. Ein hund som er tett inn til meg og som omtrent ligg som ein C rundt meg når eg vender, var kanskje planen, men Ekko låg meir som ein L eller ein annan "hard" bokstav. I følge treningsbibelen (s445) skal hunden følge meg når eg snur meg rundt min eigen akse. Ja, ja. Her er vi heilt i startgropa:
  1. Ekko sit fint ved sida av meg.
  2. Eg tar eit steg og vrir meg litt (og må hugse at ansiktet skal den vegen eg snur meg og ikkje på Ekko (vanskeleg)).
  3. Følger Ekko med så klikkar eg.

Her var vi i alle fall forrige fredag før han reiste på feriekoloni, så eg satsar på at vi er omtrent der nå òg. Målet er at hunden skal følge meg og vere i riktig posisjon sjølv om eg snurrer rundt meg sjølv. Hovudet skal altså vere ved foten min heile tida. Bakpartskontroll er kjedeleg syns både eigar og hund så her må vi ta eit tak og premiere skikkeleg.

fredag 11. april 2008

Kurs med Fanny Gott og Thomas Stokke

Eg lova å kome tilbake til meir informasjon om kursa til Fanny og Thomas. Det blir to kurshelger. Du kan vere med på begge og lære veldig mykje. Eller vere med på eit av dei og lære ganske mykje....
Helgene er 28-29. juni og 15-16. november. Her er det fokus på grunnferdigheiter og konkurranselydnad. Du treng ikkje trene til konkurranse for å ha glede av det du lærer her!

Det er Retrieverklubben ved bruksgruppa som arrangerer kursa. Du kan på deira nettside lese nærmare om innhaldet og opplegget.
Meld deg på til Marit Malmin (marit.tollermarit@lyse.net). Pris er maks 2000 pr helg for hund m/førar, 600 for observatør. Jo fleire som deltar jo billegare blir det!

Sit du framleis og lurer på kven Fanny Gott og Thomas Stokke er? Trykk her.

onsdag 9. april 2008

Vi òg kan .....

Elisabeth lot seg utfordre av forrige innlegget mitt om frisignal. Og eg kunne ikkje vere dårlegare. Ekko tok teikninga fort. Her skulle han sitje og bare la det drysse rundt av godbitar. Eg filma flere småsnuttar. I dei første er hovudet halvveges i golvet mellom kvar gong han ser opp. Men på den siste blir han rankare. Det er ikkje vits i å ha snuten i bakken. Det er ein godbit han ikkje greidde å la ligge (den ramla rett framfor beina), men eg syns han tok seg fint inn og forsynte seg ikkje med resten. Fleire av dei siste kom rett ved beina.

Vi bruker litt av same idèen på tur for tida. Når Ekko drar og vil bort til eit eller anna han ser, ber eg om kontakt, forlangar ein på plass og seier deretter versegod og blir med han bort til det han ville (han er jo trass alt i band). Eg er ikkje blitt så rutinert på det at det skjer kvar gong, men eg øver på det :-)

tirsdag 8. april 2008

Frisignal

Denne veka er eg visst i hjørnet for deling av gode idear frå andre så no kjem det ein til. Denne er frå Fanny. Tenk deg situasjonar der det er viktig at hunden sit i ro til du seier "versegod" eller "fri" ( ut av bilen, spise, helse..........) og sjå på denne filmsnutten. Kan du bruke denne metoden til å få kontroll over situasjonen? Eg trur jammen eg skal få denne inn i programmet mitt framover. Ekko som sit i ro medan godbitane fell på golvet, Ekko som sit og ventar til eg seier fri. Ja, det vil eg ha.

Fanny Gott kjem til byen!

No slo eg saman heile nord-Jæren til byen for heilt kor ho skal vere er ikkje klart, men i alle fall til ein stad nær oss....

Dette må du slå til på viss du er interessert i hundetrening. Fanny er tidlegare Canis-instruktør, men driv no eige firma saman med Thomas Stokke. Treningsmetodane deira bygger på klikkertrening og dei er flinke. Sjå nettsida deira her.

Meir informasjon kjem seinare, men set av helgene 28-29. juni og 15-16. november. Du treng ikkje delta begge helgene. Eg lover deg mykje inspirasjon og idear til vidare hundetrening.

mandag 7. april 2008

Kjempetips i treninga

Les denne bloggen. Her fann eg tips til treninga på å gå fint på tur blant anna. Tittelen på artikkelen er "When Pigs fly". Forfattar av bloggen er Canis instruktør på Sørlandet.

søndag 6. april 2008

Evaluering av måla for veke 14 og mål for veke 15

Mål for denne veka var:


  1. Bli ferdig med trinn to i baklengskjeding av bringkobbelmelding. Vi er omtrent ferdig med trinn 2 og kan fint begynne med trinn3 samstundes som vi held trinn 2 ved like

  2. Gå 2 turar rundt Mosvatnet (atferdstrening). Rakk bare ein tur for ryggen og hofta mi slo seg vrang denne veka. Vi var figurantar på atferdstreninga til Arne. Det hjelper òg. Særleg då vi gjekk utanfor treningsområdet.

  3. Target med finger. Vi trener på det innimellom. Diverre syns han framleis at fingeren min bør vere i munnen hans. Kvifor han skal gå etter den utan å ta i fingeren min forstår han ikkje. Dermed blir targetoverføinga òg vanskeleg.

  4. Halde apporteringsrteninga ved like. Fekk gjort litt. Hadde fokus på avleveringa.

Neste veke:

  1. Lydnad:, fri ved fot, holdt og på plass
  2. Atferd: To turar rundt vatnet eller andre hunderike område
  3. Grunnferdigheit: Target på finger må vi halde på med. Vil ha han til å følge den lenge
  4. Grunnferdigheit: Apporteringstrening og avlevering.

Vi får neppe tid til å trene ID-spor neste veke så eg set ikkje opp treningsmål der.

Eit lite tips til oss som trener på innkalling - sjå bloggen til Morten i Canis og linkane han viser til. Ein spennande blogg er Håkon Groven sin. Eg hadde slutta å følge med i den for han skreiv jo aldri. Men no er han i full gang igjen. Og når eg først er i modus for gode bloggtips så er ikkje den andre linken Morten reklamerer for dum den heller. Marianne konkurrerer på høgt nivå i lydnad. Mykje interessant å hente der òg.

Litt mykje i bilen, men elles ein kjekk dag.

I dag har det vore sol og blå himmel heile dagen! Eg liker slike sundagar. Særleg når eg slepp å vere heime og late meg.
Dagen starta med rundering på Sviland. Det var Thelma, Pia, Era, Sander, Figlia, Deah og eg som skulle rundere. Her ser vi Era. Ho leiter etter dei siste bitane Kari kanskje har mista i bakken. Det gjeld å rydde skikkeleg etter seg før ein fèr vidare. Era var visst veldig flink i dag.
Etter planen skulle eg ha enkeltslag, men matmor forstod kjapt at eg var klar for litt fart og spenning så ho bestemte seg fort for "flying". Og eg sleit omtrent ut Ingeborg for ho måtte springe over fjelltoppar for å halde følge med meg. Alle skrytte veldig av meg i dag så eg gjorde visst ein god jobb. Det var i alle fall superkjekt!

Då alle hadde rundert, skulle vi ha ein runde med spor. Sjefå skulle ta bilete av Torhild som laga pølsespor til Era, men ho blei visst meir oppteken av knoppane på treet......

Eg gjekk to korte ID-spor. Eg kjente meg heilt gira og greidde nesten ikkje å vente på startsignalet. Det var Silje og Torhild som hadde gått sporet. Rett ved starten låg capsen til Silje. Matmor tok den opp til nasen min. Hallo, kor dum er ho? Eg hadde forlengst forstått at det var Silje eg skulle jakte på. Eg brydde meg ikkje det spor om Torhild-lukta. Eg gjekk rett på Silje. I runde to var løypa litt lenger. Skulle finne Silje denne gongen òg, men no var det Anne som liksom skulle forstyrre meg. Pøh! Enkelt. Trur sjefå begynte å tenkje på vinden, altså at eg gjekk etter ferten. Men ka gjer vel det? Eg fann henne jo?!

Etter å ha gjort så mykje bra, blei eg kasta i bilen for lang biltur og båttur. Vi parkerte hjå noen kjempekjekke folk. Men veit de ka ho gjorde? Ho gjekk ut av bilen og inn i huset. Der stod eg og var heilt snurt. Ho blei der lenge og, åt sikkert mykje god mat. Sukk!

Endeleg kom ho og henta meg. Eg i full fart ned til huset, men der var alle dører stengt så eg tok meg ein tur til sjøen for å bade med det same. Deilig, men vatnet smakte rart. Eg såg mykje interessant i botnen og då eg dukka, fekk eg rar smak i munnen. Eg hadde gløymt at sjø ikkje er så godt som anna vatn.

Etter badet såg eg folket. Dei syntes visst eg var våt, men eg fekk nå litt kos og ei karbonadekake for det. "Kom så går vi tur", sa Aud Venke. Eg sprang lukkeleg med. Vi plar alltid gå ein god tur når vi er her. Men då eg kom oppi bakken, var dei andre bortevekk. Eg sette labbane i bakken. Vi går ikkje ein meter utan at dei andre er med. Det er måte på å vere uhøfleg!. Eg forlangte at vi skulle snu og sette opp farten for å sjå ka som hindra dei. Men ka hadde skjedd? Det var tomt hus. Vi kikka inn på vaskerommet (og eg fekk ei karbonadekake til trøyst). Her var det ingen. Kanskje det var dei i den svarte bilen som matmor vinka til? Merkelege greier. Her kjem eg og så forsvinn dei.

Eg innsåg at det bare var å bli med på tur utan alle dei andre kjekke. Turen var grei nok den, men eg måtte stadig passe på ho eg har i bandet. Ho ville gå andre vegar enn dei vi alltid går når vi skal på kyrkjegarden. Eg syntes vi i alle fall burde gjere noko rett om ikkje dei andre var med. Hadde vi gått ein annan veg, hadde vi ikkje sett desse fine gåsungane (rart namn forresten - dei flytta ikkje på seg same kor mykje eg dytta) som alt var på eit lite tre.

lørdag 5. april 2008

Eg har vore på utstilling...

Sidan eg har ein flott retrieverblanding så kan ikkje vi stille ut. Og det er jo bra for dei andre hundane for han hadde slått dei i støvlane så vakker han er :-).
Men i dag skulle eg altså vere tilskodar og oppmuntrar til Faya og Scotty med matmødre. Diverre gløymte eg fotoapparatet i bilen den første delen så verken Punky, Scotty eller den einaste curlyen blei fotograferte, men eg håper Elisabeth sender over eit bilete til meg.....

Elisabeth gjekk med begge hundane. Anne Lise sat i bakgrunnen og var absolutt ikkje i storform. Lungebetennelse er ikkje å spøke med. Scotty er flott å sjå på, men han syns jo at det meste rundt seg er meir spennande enn det han skal gjere. Men han greidde sakene sine bra. Fekk kommentar om at det var "mye" hund. Og som Anne Lise sa: "Det er sant, eg fekk mykje hund for pengane".

Faya har mista det meste av pelsen og er nok ikkje på sitt vakraste i dag, men ho var tydeleg utstillingstrent. Stod fint, gjorde alt ho skulle. Til og med tannvisinga gjekk perfekt. Silje og eg var jo "objektive" observatørar og vi syns jamen at Faya var blant dei finaste til og med utan pels. Eit par av dei som kom øverst var jo nesten litt tjukke. Men ingen ville høyre på oss. Og vi konkluderte vel med at vi forstod lite av kva dei såg etter.

Det var eit eige studium bare det å sjå på deltakarane. Ikkje alle hundane er trente positivt og det viste i blant. Ein hund kraup til og med då eigaren bøygde seg ned for å ta henne opp. Men mange flotte var å sjå. Det var mest liv i "flat"ringen. Kanskje eigarane er like entusiastiske som hundane? Eg såg lys flatcoated retriever for første gong. Den var heilt ekta, men dei hadde ikkje lov å stille han ut. Skikkeleg fin var han ( eller ho). Flatcoated i kroppen og mørk golden i fargen.

Då våre kandidatar var ferdige for dagen, gjekk eg ut til ein eg hadde dårleg samvit for - Ekko. For å rette det litt opp hadde eg kjøpt eit lite IQ-spel til han.

Men før vi prøvde IQen, blei det ein liten tur og litt trening. Vi trente på fri ved fot. Det gjekk ganske bra. Vending til venstre er heilt bak mål, men han gjekk fint og hadde god kontakt. Han sette seg kvar gong eg stoppa. Bra!
På plass går òg fint, men han har nokre skeive sitt i blant. Det same er dekk. Då syns han at eg bør halde meg på plass så han legg ein labb over foten min. Innkalling frå sitt gjekk fint. Tok samstundes nokre økter der han fekk lausbittet på veg inn på plass. Tar det villig og held det til eg seier takk. For å vere innom det meste, tok vi òg ein bolk der eg rygga og hadde den berømmelege ballen på ryggen. Eg gav ingen kommando. Han gjorde holdt når han ville. Og dei var fine.

Vi avslutta med leik og litt avlevering av gjenstandar i handa. Sola skein og eg var strålande nøgd med treningsøkta.

torsdag 3. april 2008

Rar i magen og rar i hovudet

Ekko hadde nok lurt i seg eit eller anna mystisk i går for utover kvelden var det mest farleg å tenne stearinlys i heimen. Gassen var intens....

Sjølvsagt er det ikkje på kveldsturen slikt skal ut, nei kl 2 på natta er ei strålande tid for slikt arbeid. Straks Ekko kom ut, syns han det var så kjekt så han ville gå langtur. Gjett ka eg ville? Han var like klar for ny runde kl 6 òg. Då kom det ut ein ispinne......

I dag har det vore arbeidsfolk på terrassen. Dei har flytta på hagemøblar og styrt på. Godt naboane ikkje var heime for eg reknar med at det har vore mykje kjefting. Tenk å gå på vår eigedom! Og til og med ta i våre ting! Og med den dårlege magen og den treige matmora så måtte det ende med at det ikkje var fullt så festleg å møte meg i døra i dag. Rart kor det lysar ut av han at dette er pinleg. Ikkje har han fått kjeft for slik og ikkje fekk han det i dag heller, men han gjekk bare forsiktig rundt medan eg vaska opp etter han. Stakkars gut. Eg gav han litt kokt ris og fiskeboller før treninga i dag i håp om at magen ville roe seg.

Det kan vere at ris og fiskeboller hjelpte på magen, det hjelpte i alle fall på humøret. Då vi skulle vise Karin ka vi kunne til klasse 1 i lydnad, hadde Ekko bare lyst til å leike. Til og med tannvising tøysa han med.

Karin har delt inn kursgruppa i 2. Ekko og eg er i gruppa som skal trene med fokus på konkurransetrening. Gler meg til å få tilbakemelding og utfordringar i den treninga. Det var så mange ting som blei snakka om i dag at eg er usikker på ka arbeidsoppgåva var til neste trening, men trur det var vidare arbeid med på plass, fri ved fot og holdt. Får sjekke ut med Karin.

Det einaste dumme med inndelinga er at ikkje heile kremgjengen er i same gruppe. Vi har jo fått eit så godt miljø saman. Kanskje dei andre finn ut at dei òg vil trene mot konkurranse ( treng jo ikkje melde seg på, bare vere perfekt utanom banen :-))? Vi skal i alle fall ha 3 treningar i eigne grupper og så ei fellestrening. Så får vi sjå korleis det går.

onsdag 2. april 2008

Litt lett hundelitteratur for tobeinte

På Mammutsalet i år var det ei bok som heiter: "HENT BALLEN! Slik får du en lykkelig hund" Av Bjørn Gabrielsen. Ei bok som det går fort å lese og som ein humrar over gjenkjenninga ved. I forordet står det: "Hunder er som de er, og de leser ikke bøker. Derfor blir det til at når man skriver om dem, ender man egentlig opp med å skrive om mennesker. Denne boka handler om mennesker. Men den er tilegnet alle hunder."

Her filosoferer han over norske heilage sauer, den utbreidde allergien, drosjesjåførar, hundehørsel, båndtvang osv. Innimellom kommer det korte kapittel med litt faktakunnskap.

Nokre små sitat frå boka:
  • Man kan ikke være helt det samme mennesket med og uten hund. Det blir bare rot.
  • Hunder har bare to modus når det gjelder å bære nag: Enten har de glemt alle uoverenskomster i løpet av et par minutter, eller så syns de, for all framtid, at motparten må dø
  • Hva i all verden er vitsen med å heve stemmen til en hund som kan høre raslingen av en pose med tørrfôr på seksti kilometers avstand?
  • Her er en måte å løse tiggeproblemet på: Ta hunden inn i et annet rom. Et lite midretall hunder vil ta det ille opp. Flertallet vil tenke: "Jøss. Nytt rom, gitt!"
  • Små barn og valper gjør seg på bilder. Men ellers er ikke kombinasjonen så god som man skulle tro
  • Kombinasjonen hundevalper og tenåringsgutter i flokk er heller ikke helt ideell. Tenåringsgutter er fostre med kroppshår, men ligner også akkurat på små valper, på stadig og frenetisk jakt etter informasjon om hvor de befinner seg i flokkhierarkiet. I motsetning til valper i en ulveflokk har imidlertid tenåringsgutter ikke alltid noen til å passe på seg.
  • Hunden din føler ansvar for deg. Den gjør alt den kan. En av dine forpliktelser ovenfor hunden er å være den minst overtroiske av dere to.

Og til slutt litt visdom forfattaren har lært av hundane sine:

  • Hvis man ikke kan løpe eller tulle, kan man alltid sove
  • Hvis man ikke kan sove , skal man enten løpe eller tulle
  • Ingenting er så interessant som det som ligger bak neste sving, eller på den andre sida av bakken
  • Gjort er gjort
  • Om kvelden: Dette har vært den beste dagen i mitt liv
  • om morgenen: Dette kommer til å bli den beste dagen i mitt liv.

Boka er lita, går fort å lese og er underhaldande lesing. Eg har ei, du kan få låne viss du har lyst.