søndag 27. april 2008

Praksisoppgåvene fram til 24.mai.

Nå har eg endeleg fokusert litt og bestemt meg for ka lekser eg skal ha som praksisoppgåve til neste kurshelg. Kjenner at eg er i full jobb og har ein del andre ting å fokusere på, men nå skriv eg det her så då kan andre kontrollere meg :-). Eg tar utgangspunkt i grunnferdigheitsskjemaet til Arne.
Oppgåve 1: Lær inn to grunnferdigheiter.
Nivåa er (og for å forenkle det for meg har eg gjeve dei bokstavnivå): A="tilbyr atferd frivillig", B="gradvis lenger tid", C="med forstyrrelser" og D="forskjellige underlag". Bokstavane ved sida av det eg skal arbeide med skal seie noko om kva nivå eg meiner han fiksar.
Nr 1 er SITT:
  1. Frå ståande framfor førar - A, B
  2. frå ligg (sitt opp) -A, B,C
  3. På avstand
  4. Under marsj - baklengs -A, B, C
  5. daglegdagse atferder: Sjå eit punkt under.

Nr 2 er BAKPARTSKONTROLL

  1. Rygge framfor førar - A, B, C
  2. Rygge ved venstre fot ved vegg - A
  3. Rygge ved venste fot ved vegg med vinkel
  4. Rygge ved fot utan vegg -A
  5. Venstrepiruett i utgangsstilling
  6. Forflytning 2 skritt høgre/ venstre osv

Oppgåve 2: Lær inn "sitt" i to daglegdagse situasjonar

Eg ønskjer at han skal sitje når eg er passiv (vegkryss td) og når eg pratar med andre eg møter på vegen. Førebels krav maks 1/2 min.

Oppgåve 3: Tren "Kinderegg" i minst tre forskjellige situasjonar.

Vi fortset treninga på møte med andre hundar. Eg har registrert at han har lett for å bjeffe når eg snakkar med andre, altså Kinderegg på det. Den siste bør kanskje vere barn som leiker.

Dette er altså måla mine fram til slutten av mai. Eg får dele dei opp i mindre moment så går det vel. I tillegg har eg jo ei lekse eg må få begynt på neste helg.... teorioppgåvene..............

I tillegg kjem vi nok til å kjøre litt brukshundtrening. Eg blir jo tussete av bare lydnad.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Når det gjelde dei to grunnferdighetene - va det sånn at me sko trena på alle tinga under bakpartskontroll og så va alle dei ein øvelse? Eller va det sånn at bare venstrepiruett i utgagsstilling va ei øvelse. Eg har trodd at det va sånn så det siste alternativet, men det virka som på deg og ditt opplegg at det va allt innen f. eks. bakpartskontroll. ??? Blei litt forvirra eg nå..

Anonym sa...

Egg og blei forvirra for i oppgåva står det ein grunnferdigheit og den har jo alle underpunkt. Så eg tenkte at eg tar for meg ein og konkluderer med at det er eit par som eg så vidt fekk begynt på. Men kanskje vi må spørje.