Men i dag skulle eg altså vere tilskodar og oppmuntrar til Faya og Scotty med matmødre. Diverre gløymte eg fotoapparatet i bilen den første delen så verken Punky, Scotty eller den einaste curlyen blei fotograferte, men eg håper Elisabeth sender over eit bilete til meg.....
Elisabeth gjekk med begge hundane. Anne Lise sat i bakgrunnen og var absolutt ikkje i storform. Lungebetennelse er ikkje å spøke med. Scotty er flott å sjå på, men han syns jo at det meste rundt seg er meir spennande enn det han skal gjere. Men han greidde sakene sine bra. Fekk kommentar om at det var "mye" hund. Og som Anne Lise sa: "Det er sant, eg fekk mykje hund for pengane".
Det var eit eige studium bare det å sjå på deltakarane. Ikkje alle hundane er trente positivt og det viste i blant. Ein hund kraup til og med då eigaren bøygde seg ned for å ta henne opp. Men mange flotte var å sjå. Det var mest liv i "flat"ringen. Kanskje eigarane er like entusiastiske som hundane? Eg såg lys flatcoated retriever for første gong. Den var heilt ekta, men dei hadde ikkje lov å stille han ut. Skikkeleg fin var han ( eller ho). Flatcoated i kroppen og mørk golden i fargen.
Då våre kandidatar var ferdige for dagen, gjekk eg ut til ein eg hadde dårleg samvit for - Ekko. For å rette det litt opp hadde eg kjøpt eit lite IQ-spel til han.
Men før vi prøvde IQen, blei det ein liten tur og litt trening. Vi trente på fri ved fot. Det gjekk ganske bra. Vending til venstre er heilt bak mål, men han gjekk fint og hadde god kontakt. Han sette seg kvar gong eg stoppa. Bra!
På plass går òg fint, men han har nokre skeive sitt i blant. Det same er dekk. Då syns han at eg bør halde meg på plass så han legg ein labb over foten min. Innkalling frå sitt gjekk fint. Tok samstundes nokre økter der han fekk lausbittet på veg inn på plass. Tar det villig og held det til eg seier takk. For å vere innom det meste, tok vi òg ein bolk der eg rygga og hadde den berømmelege ballen på ryggen. Eg gav ingen kommando. Han gjorde holdt når han ville. Og dei var fine.
Vi avslutta med leik og litt avlevering av gjenstandar i handa. Sola skein og eg var strålande nøgd med treningsøkta.
3 kommentarer:
Det va veldig kjekt å ha deg som heja gjeng. Synd du glemte å ta med heja plakat. Kan hjelpa deg med det eg neste gong. :-) Bildene av curlyen blei dessverre ikkje så goe. Men eg har nå sendt dei over på mail te deg. Mitt kamera tar jo ikkje så bra bilder så ditt kamera. Så du får jo bare så fine bilder.
Elisabeth
Ska arbeide med den der plakaten, men då må Faya stille med litt meir pels :-).
Reknar med at du er sliten i kveld? Eg syns dagen har gått altfor fort. Ekko er merkelg nok litt trøytt han òg. Fekk klipt klørne på høgre fram og bakfot. Ka som gjer høgre til ei sida han vil tilby, medan venstre er harde forhandlignar er ei gåte.
Kan jo hende at han har vondt i den venstre viljen sin. :-) Eller kansje ein gong så blei han litt skremt når du klipte venstre fot. Eller noe aent rart noe.
Legg inn en kommentar