søndag 6. april 2008

Evaluering av måla for veke 14 og mål for veke 15

Mål for denne veka var:


  1. Bli ferdig med trinn to i baklengskjeding av bringkobbelmelding. Vi er omtrent ferdig med trinn 2 og kan fint begynne med trinn3 samstundes som vi held trinn 2 ved like

  2. Gå 2 turar rundt Mosvatnet (atferdstrening). Rakk bare ein tur for ryggen og hofta mi slo seg vrang denne veka. Vi var figurantar på atferdstreninga til Arne. Det hjelper òg. Særleg då vi gjekk utanfor treningsområdet.

  3. Target med finger. Vi trener på det innimellom. Diverre syns han framleis at fingeren min bør vere i munnen hans. Kvifor han skal gå etter den utan å ta i fingeren min forstår han ikkje. Dermed blir targetoverføinga òg vanskeleg.

  4. Halde apporteringsrteninga ved like. Fekk gjort litt. Hadde fokus på avleveringa.

Neste veke:

  1. Lydnad:, fri ved fot, holdt og på plass
  2. Atferd: To turar rundt vatnet eller andre hunderike område
  3. Grunnferdigheit: Target på finger må vi halde på med. Vil ha han til å følge den lenge
  4. Grunnferdigheit: Apporteringstrening og avlevering.

Vi får neppe tid til å trene ID-spor neste veke så eg set ikkje opp treningsmål der.

Eit lite tips til oss som trener på innkalling - sjå bloggen til Morten i Canis og linkane han viser til. Ein spennande blogg er Håkon Groven sin. Eg hadde slutta å følge med i den for han skreiv jo aldri. Men no er han i full gang igjen. Og når eg først er i modus for gode bloggtips så er ikkje den andre linken Morten reklamerer for dum den heller. Marianne konkurrerer på høgt nivå i lydnad. Mykje interessant å hente der òg.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kansje fingrane dine smake veldig godt. :-)

Kos dåkke på sporkurset i dag.

Aud Venke sa...

JA du veit all godbitlukta dei inneheld er eg ikkje i tvil.. han trur dei vil smake som himmelsk blanding av alt det gode hhan har fått frå desse fingrane.