mandag 21. april 2008

Sitt og dekk

Måndagsgjengen stilte sterkt med stolar i dag. Her måtte vi nyte sola litt før treninga begynte! Tobeinte og firbeinte som skulle trenast i dag, var i tillegg til oss: Elisabeth/Faya, Anne Lise/Scotty, Torhild/Era, Anne/Thelma og Ingeborg/Sander. Seinare på kvelden kom Gro/Maja.

Første oppgåve var fellesdekk:
6 hundar på rad og rekke. Flott gjeng. Ikkje alle var like rolege så eg er imponert over Ekko. Han ligg fint, ser seg litt rundt når det blir uroleg, men held seg i ro. Eg kan gå eit godt stykke i frå, har ikkje tatt tida eg kan stå der. Låg fint når eg gjekk bak, opp på sida og kommando sitt opp. Men då skjer det store: Han flytter på seg slik at han nå sit på skrått halveges framfor meg. Altså tek han eit hopp når han reiser seg frå dekk til sitt.

Då var det bare å begynne på utfordring 1: Sitt i utgangsposisjon. Anne og eg jobba saman. Eg fekk han inn til på plass og Anne klikka viss han sat korrekt. Slik holdt vi på. Fleire var skeive, men ofte kom det ein perfekt rett etter ein skeiv. Inn i bilen etter eit par perfekte etter kvarandre. Så trente vi Thelma. Ho syntes at det var altfor mykje spennande her og mine godbitar var sikkert betre enn Anne sine. Ho trente lineføring. Og dei blei flotte etterkvart. Eg er imponert!

Neste runde med Ekko skulle vere ei økt med sitt-dekk. Jo takk, Det blei sitt og gradvis dekk. Anne lurte på om vi ikkje skulle bytte godbit ut med leik. Og det gjorde susen. Han fekk nokre kjappe dekk då drakamp blei premien. Eg stod for kommandoen og leiken og Anne for klikkinga. Kjempegodt samarbeid. Deilig å slippe å tenkje om det var korrekt. No kom klikket akkurat der det skulle.

Treninga var så intens at etter to økter med kvar hund måtte vi tobeinte ha pause.

Etter pausen tenkte eg at nå var det tid for biltrening. Inn og ut av bilen. Kan ikkje seie eg blei imponert over innsatsen, men etterkvart så kom det frivillige hopp. Han ser altfor mykje ut som om han skal til rettarstaden på vegen mot bilen så her trur eg treninga må begynne lenge før vi er ved bilen.... Sidan dette var litt dumt, avslutta vi med eit par flotte innkallingar. Då kunne begge "hoppe" i bilen og kjøre nøgde heim. Ei god treningsøkt der det er tydeleg ka eg kan jobbe vidare med.

Og så har eg tenkt ut ka den andre "Kinderegg"-øvinga skal vere: På menneske. Ekko begynner altfor ofte å bjeffe når folk snakkar til meg når vi er ute ( ikkje dei eg går tur med sjølvsagt, men nye eg møter langs vegen). Han viste at vi trener på det når det gjeld hund i dag. Scotty kom rett i mot og Ekko tok kontakt med meg. Jippi!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Ja i går va det jo bare heilt deilig å trene. Sånn vil me ha det resten av året. :-)

Marit sa...

jeg er så imponert over den strukturerte treningen deres! Dere er sååå flinke!! jeg kommer snart og dømmer klasse 1:)
Marit

Aud Venke sa...

Det er bra. Ein liten runde før sommarferien hadde vore kjekt. Du må kome og trene med Punky også. Vi har det veldig kjekt.

Anonym sa...

Hei og hopp fallera, Ekko!
Mor seie at eg har noge å lera av deg, Ekko. Vet ikkje heilt ka det sko ver. Eg syns eg e super-flinke :) Hu snakka om noge dekk-greier og at eg ikkje e så kjappe?!?! hørt på maken!!! Eg legge meg når eg gidde! Basta!! uansett eg legge meg jo te slutt uansett, bare ikkje så raskt sånn så hu mor absolutt vil ha det...dessuten, koffer må eg lera dekk, når det e DET fina været?!?!Syns me ska bruka tidå på noge mer fornuftig, sånn for eksempel på å "lera" å springa løs og leka he he! Enig Ekko?
Snakkes på torsdag. Håpe du har med leken min, for mor glemte den selvfølgelig. Hu e et skikkelig rotehåve for tidå... (psst! tror hu har spist litt mye gjærbakst den siste tidå...magen hennas e litt runde og oppblåste, kan du sei he he)

Anonym sa...

Hei Thelma!
Leika er i bilen, men der er veldig rotete der så vi må kanskje på skattejakt i bilen.

Nifst med den magen - tenk viss hu sprikke?

Eg lærer altfor sjeldan å springe fritt. Altfor møje kontroll og terping syns eg.

Ekko