torsdag 17. april 2008

Nå er straumhalsband forbode

I mars kom det eit forbod mot bruk av straum på hund..... visste du det? Eg fann litt om bakgrunnen i bloggen til Randi Tillung. Link til forskrifta finn du her.

Så no treng ein ikkje tenkje på om ein skal bruke straum for å få hunden redd sau. Og som Tillung skriv: Det er båndtvang på denne tida så problematikken går heller på om vi som hundeeigarar følgjer lovverket eller om vi ikkje gjer det.
Eg blei litt flau då eg såg NRK i går. Då var det eit innslag om hundeeigarar som gav heilt blaffen i båndtvangen. Og ho som blei intervjua, hadde ikkje kontroll på hunden i det heile. Den sprang akkurat kor den ville same kor mykje ho ropte. Ikkje noko å vere stolt over akkurat.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det står ingenting i firskrifta om strøm på menn, så eg går ut i fra at eg kan "støyta" andy litt te :-)

Aud Venke sa...

ja. det er nok heilt bevisst.... straumgjerde finst jo endå .........