søndag 31. januar 2010

Innetrening

I helga har vi gått tur  snøen og trent inne.
Har konsentrert meg om øvingane frå torsdag.
Fotballstjerna - er det håp?
Det går framover med raske skritt. No har han fleire forsøk med å dytte ballen framover. Men når han blir ivrig kjem labben fram. Tenk om eg ein gong kjem så langt at eg kan sparke ballen til han og han dytte den i retning meg?

Høyrer han på ka eg seier eller er det handa som snakkar?
På torsdag såg Arne klart at Ekko ikkje forstod ordet takk når han sit med apporten i munnen. Han reagerer på handa mi, ikkje språket. Eg har difor trent på å seie takk med handa under hovudet, halde handa der utan å seie takk, seie takk utan å ha handa under hovudet hans. Det går framover, men må drillast meir.

Labbane på musematta, ikkje musematta i munnen
Her slit eg. Ekko spring fram, labbane smell på matta, men det gjer snuten òg. Så ser han opp. Eg har klikka når han ser opp med det resultatet at han trur det er slik: "labb og snute i matta og så ser eg opp". Korleis eg skal få stoppa den, er ei utfordring for tida.

Eg legg meg flat for deg
Ekko gav meg presang på sin eigen bursdag. Nemleg å vise meg ein kunst: Flat dekk. Denne har eg dyrka vidare. Han er flink når eg står framfor han, men no har eg begynt å bevege meg litt. Det er ikkje lett å ligg i ro då. Han vil jo sjå.... Arbeider vidare med den

Lyst på stiligt halsbånd til hunden?

Det fins sikkert mange stader du kan kjøpe halsbånd med namnet på hunden din, men her er i alle fall ein stad. Og det var mange flotte halsbånd å velge i. Kanskje Ekko skal få eit han òg?
Sjekk denne sida: http://www.kifani.no/hundeutstyr/index.php

fredag 29. januar 2010

Fotballtalent?

Torsdag kveld var på shapingkveld med Arne. Ekko og eg skulle trene på:
1. fotballstjerna Ekko.. dvs trene å dytte ball
2. Frys på musematte
3. kontroll av apport.

Silje og eg trente i lag. Det er jo både deprimerande og morsomt å trene med Silje når det gjeld shaping for Pia tar det der med glans. Alt får ho til. Ekko blir lite smart ved sida...

Eit nytt fotballtalent.
Aller først - sats på Pia førebels...
Ekko fekk ei kjempestor utfordring. Han skulle lære å touche den kjekkaste ballen han veit (hadde ingen andre med meg). Det blei ein del biting, men eg fekk òg ein del gode. Nå må eg trene på å få stabilisert dei rette. Etter det (nå fulgte eg med på ka Arne tipsa Silje) blir det å touche to gonger, så er det å få han til å dytte ballen....

Frys på musematte
Tja. Han hopper ivrig bort til matta, men eg må vere enormt kjapp for at han ikkja skal ta den i munnen. Eit utviklingspotensiale altså

Kontroll av apport
Kan han halde apporten under diverse forstyrringar? Det gjekk ganske så bra. Men Arne med blikket fekk meg til å sjekke ut om Ekko forstod takk. Hm. Det gjorde han ikkje. Eg må anten seie takk først og så kom emed handa, eller halde handa lenge under hovudet og så seie takk for å sjekke ut om det er handa elelr ordet. Førebels var det mest handa han tolka etter.

---

I dag var det nysnø, sola på veg ned og månen på veg opp då vi gjekk tur. Eg hadde ikkje med kamera, men mobilen har heldigvis slikt den òg:






onsdag 27. januar 2010

Det regnar og matmor vil vere inne

Stakkars Ekko. Eg stressar og stressar. Og på toppen av alt tar eg med meg jobben heim så dei få timane vi er saman, blir det lite på han.

I dag blei dagen så masete at eg ikkje orka tur. Altså må hjernen trimmast. Hm, ka finn eg på. Det er shapingtorsdag på aktivitetskurset i morgon. Eg grubla. Det blei shaping med ball. Ekko tar alle ballar med heile kjeften. No skulle han trene på å dytte den med snuten eller labben. Begge deler blei godkjent. Og det er framgang :-). Men hamna ballen for langt borte, tok han den og kom bort tilmeg og la den framfor beina mine. Versegod. Fortsett.

Ellers utviklar vi flat dekk. Det er hunden sjølv som kom med forslag om denne varianten og eg prøver å få den oftare og oftare fram

søndag 24. januar 2010

BBC film om hunden

Via bloggen til Eva Bodfäldt hamna eg på eit BBC program om hundens hemmelege liv. Syns det vesle eg har sett, var spennande så eg sprer det vidare til andre interesserte:

Programmet gjekk visst på BBC nå i januar.

lørdag 23. januar 2010

Fart i Sælandsskogen

I dag skulle vi til eit område som var ukjent for både Ekko og meg.

Han starta dagen med at det ikkje hadde hast med å stå opp. Då vi skulle gå til bilen, nekta ha å kome. Men vi kom oss avgarde.
Planen var eit meldingsslag og eit blindslag.

Ekko var nest siste hund ut så eg fekk prøvd både å vere på midtlina og vere figurant.  Hundane er etterkvart blitt ganske så flinke så det er kjekt å trene dei. I dag sleit dei ein del med djup og tung snø, men dei gav seg ikkje. Og det gjorde vi tobeinte med. Det var nokre varme kinn etter kampen med snø og tett skog.

Ekko var kjempeklar då det blei oss. Første slag skulle ver eit meldingsslag. Han sprang fint ut, henta bittet, kom fint tilbake MEN sprang forbi meg. Flying var kobla inn. Blei stoppa og kom seg inn. Heile tida med bittet i munnen. Slapp bittet då "vis"-kommandoen kom. Denne gongen minna Gro meg på at det var smart å ha framdrift på turen tilbake frå figurant då eg var ute og henta han.

Eg hadde ombestemt meg i forhold til blindslag då skogen var ny.
Neste slag gjekk veldig fint. Og slik fortsette han. Kjempefin fart. Eg ropte på han då han var på veg inn for å trene på framdriften. Og det funka veldig bra.

Han hadde så god fart i dag og snøen gjorde vel òg sitt til at han ikkje sprang rett ut frå meg. Han kom på skrått inn til meg (som rett er), og fortsatte på skrått over på den andre sida. Greidde å rette seg opp lenger inne. Men det førte til at han av og til fekk bakoversøk. For å rette på det prøvde eg å springe litt med han innover. Då gjekk det beint den eine gongen, men den andre gongen gjekk det så fort at han for over ein kvisthaug før eg hadde retta han opp. Då blei han ganske forvirra sjøl og stoppa litt.

På 3.siste slaget kom han inn til midtlina før vi var klar. Han hadde sprunge frå figuranten straks han trudde ho var passiv, mens ho bare skulle ordne litt. . Då måtte han vente på midtlina medan vi fekk Anne Lise på plass. For å vite kor ho var, måtte det klapping til. Og gjett om det tente den firbeinte. Han hadde ikkje tenkt å vente eit sekund lenger. Spant omtrent så han blei sendt ut.

Iveren var stor heile tida så freistinga var stor til å halde på lenge, men sjefen for midtlina, Gro, og eg blei einig at siste slag skulle vere på May Karin. Han kjem flott inn, spring fint ut, ser bare på May Karin og tar avgarde tilstørre freistingar (rådyrspor og lukter). Han var vanskeleg å få ut frå denne jakta, men vi fekk han no inn. Ut på ny og det same gjentok seg. "Han skal lukkast på det siste," sa Gro og fekk meg til ikkje å seie: "No er det nok". Inn til midtlina igjen. No kunne han skimte at May Karin kom springande inni skogen for å forsvinne. I tillegg kom det ein lyd. DÅ vakna runderingshunden. Rett på funn.

Generelt er eg veldig nøgd med utviklinga til Ekko i det siste. Det eg denne våren må utvikle er blindslag og meldetrening.
----

Arne meinte det mangla repetisjonskloke hundar sist torsdag. Hm. Kan ikkje skjøne det: Vi lærer dei jo å repetere same feil om igjen og om igjen :-)
Neste veke skal vi shape. Det blir kjekt. Må tenkje ut ka eg har lyst til å shape fram.

torsdag 21. januar 2010

Fantastiske, flotte meg

Takkar alle for gratulasjonane. Eg blei nesten litt blyg, men bare nesten... Matmor forstod at ein måtte starte natta slik ein ville morgonen skulle vere, så eg fekk lurt meg opp i senga. Eg ville jo vakne i senga hennar. Den madrassen er 100 gonger betre enn min.
Morgonruten var ganske sløv, frukosten var , som alltid, god. Så forsvann ho...


Så kom ho att. No blei det meir fres over dagen. Eg fekk hundepate med 5 lys. Koffor det skulle vere lys på, er ei gåte for meg. Eg prøvde å la vere å sjå på heile greia. Men pateen var veldig god!


Etter festmåltidet var det til trening. Nå tar den tobeinte over:

I dag ville Arne at vi skulle trene på fot på høgre side.

Men først fot på venstre med vendingar. Vi trengte ikkje militante vendingar, men trene på å halde kontakten lenger enn vi hadde gjort før. Ekko gjekk fint (bare gamla heldt farten oppe). No må eg trene på at eg ser rett fram, at godbitane kan henge i handa rett ved sida av snuten UTAN å t han bli opphengt i det.

Eg starta øvinga fot på høgre side ved å gå bakover og vende meg slik at eg fekk meg på høgre side. Det gjekk greit. Men at han skal fortsette å gå sånn rart etter ein sving... Det var ganske vanskeleg.

Frivillig stå medan matmor går bakover. Strevde litt med å få til å bli ståande. Han ville stadig setje seg. Men etterkvart gjekk det betre.

Frivillig sitt medan matmor går bakover. No ville han bare stå same kor mykje eg trente på sitt før eg begynte å gå. Arne såg på og til slutt sa han: "Dette er ikkje 80% regelen i alle fall. Men kanskje meir Fanny???" . Det skal han ha, han held ut.... Heldigvis dukkar Arne opp innimellom og reddar oss.
Tilbake til start sa Arne sjef. Og som alltid. Dei enkle løysningane er dei beste. Vi trente nokre sitt, eg begynte å gå medan Ekko åt ein godbit.Han sette seg på ny, blei premiert. Eg fortsatte å gå og  han setje seg.

Etter treninga gjekk 4 av oss tur. Dei to som sov i timen då kompasset blei delt ut, er brått borte for Silje og meg. Vi roper på dei og får det glupe svaret: " Ka gjer dokker der?"  Vi svarer "Vi går den vegen vi har gått før". Dei to som burde hatt GPS for å gå ut med søpla, trur vi er på villspor og fortset vidare framover. Toppen på optimisme??? Silje og eg kjem tilbake til bilane og finn fort ut at vi ikkje kan reise frå galningane. Vi trener hund ei stund til, pratar og ventar. Omsider kom dei. Ikkje fullt så skråsikre, men dei hadde jo telefonnummeret til redningstenesta..... Eg tipsa om at Clas Ohlson hadde salg på GPS for bil. Kunne jo vere kjekt å ha...

Då vi kom heim var det videokonferanse med Bergen. Ekko blei heilt forvirra. Lyden av bestevenene kom frå skrivebordet, men han fann dei ikkje. Han sprang ut på gangen. Ingen der. Til slutt blei matmor overfalt. Trur han trudde eg var alle tre røystene. Dette var over valnøtthjernen hans...

ELEGANTE EKKO ER 5 ÅR!

Store, vesle hunden min er 5 år i dag ( eller 38 som det står ein stad). Her er glimt frå året som har gått for den glade, ivrige og snille brukshunden Ekko.
Beste attest dette året: "Han er like snill som han er stor" (Hundens vertshus)


vakker


uthaldande


Stolt


glad



ivrig



aktiv



hagearbeidar ( og Ekko kom og så fekk vi opp rota)



retriever



lærenem



barneven (lærar lita jente å bli trygg)



Vente på tur



ligge stille (denne var vanskeleg)



snill hotellgjest



turkamerat



bodyguard



badevakt



akrobat



lydig



dugnadsarbeidar



Søkande (kor blei vass-skåla av?)


Trøtt og avslappa

TAKK FOR DEI 5 FØRSTE EKKO - DU HAR LÆRT MATMOR MYKJE! Og så snill som du er tolmodige venen min!

onsdag 20. januar 2010

Skal eg vise deg ka eg kan?

Ekko og eg trente. Så gjekk eg lei, men det gjorde ikkje han. Han grein framfor klikkaren. Ja, ja, matmor gav seg.

Han begynte: Stå, sitt, bukk og dekk. Eg premierte dekk, men hadde ingen plan anna enn at eg ville sjå ka han ville finne på. Sette meg på golvet. Og der kom det jammen noko å premiere: snuten gøymt mellom labbane! Dette var gøy! Etter mange slike viste han meg noko anna han kunne, nemleg å ligge med hovudet mellom framlabbane. Eg klikka og han tilbaud.
Kjempekjekt. Dette må eg finpusse på, men eg visste ikkje at han hadde slike planar for 5 årsdagen sin :-)


Litt alvor: Les Maria Hagström sin blogg om kva det er grunnleggande viktig at hunden kan.

søndag 17. januar 2010

Veka som gjekk

Vi har trent litt denne veka òg, sjølv om det i følge den firbeinte er i minste laget.

Arne gav oss i lekse å få fram frivillige sitt, dekk, stå framfor oss. I utgangspunktet enkelt skulle ein tru, men eg har jo altfor lenge hatt kommando på dette. Det tok litt tid og litt frustrasjon, men så kom i alle fall sitt og stå ganske greit. Dekk var treigare å få fram.
Ellers har vi trent bitte litt på å sitje bamse. Den er ikkje enkel syns Ekko, men han er blitt mykje flinkare til å halde rompa i bakken.

På aktiviseringskurset på torsdag jobba eg saman med Kari L og Gro Anita. Fokuset mitt var å få fram dekk. Etter litt frustrasjon med bjeffing kom tilbodet om dekk ganske så ofte. Vi har trent det etterpå òg og no kjem dekk som ein av dei forsøka han bruker (men helst vil han tilby bukk :)).
Etter pausen så var det fri ved fot. Eg trudde eg sleit med bakparten til Ekko og fokuset, men etter ordre frå sjefen sette eg opp farten og hunden gjekk som ein gud. Eg må bare ta meg tid til å vente på fokus før vi begynner å gå og etter at han har fått godbit.

På laurdag blei det ikkje rundering på oss då eg har det såpass hektisk på jobb at eg må bruke deler av helga til å jobbe.

No er det i glattaste laget rundt oss. Torhild ho var sur på Era og meinte ho var gått tilbake i treninga. Ho drog i tauet, heiv seg etter gourmetrettane (les kattedrit) langs vegen. Då måtte vi andre og innrømme at det hadde vel våre hundar òg... Eg trur ikkje akkkurat dei har gløymt fine manerer, men godluktene ligg rett oppi dagen og aldri har eg visst at det var så mykje kattedrit overalt. Ikkje hundedrit heller.... (Ekko et ikkje det). Eg er flau over hundefolket. Fy søren, kor mykje dritt det ligg etter hundane. Trur ein at det forsvinn i snøen??? Til og med her på Tjensvoll der vi har Plutostasjonar og søppeldunkar på alle hjørner omtrent, flyt det av hundedritt.

Målet neste veke: Få fram frivillig sitt, dekk, stå medan eg går bakover. Og fleire forsøk med lausbitt.

lørdag 9. januar 2010

Er vi heilt normale?


Laurdag, det er runderingsdag. Gradestokken har ikkje noko han skulle ha sagt, men eg tok med meg spaden sånn for å vere på den sikre sida.

Då eg kjørt heimanfrå viste temperaturen -16, men straks eg svingte av motorvegen og skulle kjøre innover mot Sviland blei det slutt på "mildveret". Gradestokken viste -21!. Gro kjørte framfor meg og stoppa bilen for å sjekke med meg om vi verkeleg skulle kjøre innover skogsvegen i dag. Jo, hadde andre greidd det så greier vel vi det. Men ha litt fart, sa eg, for elles blir vi fort sitjande fast. Gro hadde piggdekk så ho trengte ikkje det.... To meter etterpå måtte spaden min fram for å spa Gro ut av ei hola ho laga med det eine framhjulet (godt eg av òg til tenkjer). Etter det gjekk alt greitt


Vi var 6 galne jenter med sikkert like galne hundar (er det dette som er hundegalskap??) som ville rundere i dag. Først ut var Theo, ein sjarmerande, halvtam toller. Han var i alle fall klar for litt action! Det var lenge sidan han hadde rundert, men ka gjorde det når figurantane hadde godbitar og stod for ein støyt?!

Neste var Phibie. Ho hadde heller ikkje vore med etter kursdagane i haust, men den hunden hugsa ka ho skulle gjere. Kjempeflink. Fortsett kulda blir ho nok glad om matmor kjøper potesokkar :)

Neste novise i runderingssporten var Molly. Ho er blitt skikkeleg flink denne hausten. Gler meg til å sjå alle tre vidare framover.

Ringrevane var Scotty, Maja og Ekko. Ekko var sist ut. Eg hadde han ute ei stund før han skulle i ilden for å mjuke opp musklene i denne kulda. Det ser ut som om han elskar vinter og snø for han er heilt yr.

I dag var det ikkje snakk om lange pausar hjå figurantar. Her skulle det vere fart . Måtte jo halde på varmen. Han hadde fine slag, leika godt hjå figurantane. Eg kan drille endå meir på å få han beint inn til meg, men det er ikkje mykje om å gjere før det er på plass. God fart på han i dag.

På veg tilbake til bilen, fekk eg spørsmål om å la Ekko springe laus for Maja hadde mista ein potesokk. Ein fin måte å teste sporhunden min på. Og han fann - ein barnesokk! Eg blei skuffa, men så viste det seg at det var Maja sin. Ho hadde hatt dobbelt sett med sokkar på seg.


Før Anne Lise reiste heim, måtte eg bare ha fram panneluggen hennar. Det var kaldt :)

Gro og eg slapp ut Maja og Ekko i håp om at ein av dei skulle finne den ekte potesokken. Ekko gjorde nytt funn, han. Neste barnesokk :). Men den ytre potesokken var og blei borte.

No søv helten etter hardt arbeid. Matmor har varme kinn etter 4 timar ute i friskt vintervèr!

torsdag 7. januar 2010

Friskusane trener

I dag fekk eg SMS om at det var for kaldt for hundane å trene i dag. Pyser tenkte eg, dei har nok gløymt å spørje hunden. 3 av oss har barske hundar så vi møttest for trening kl 1830. Maja, Era og Ekko var dei firbeinte tøffingane. Torhild jobba aleine med Era. Eg la ut eit teppe som hundane kunne bruke når vi skulle ha bli sitjande eller bli liggande..

Gro og eg ville trene ei økt med melding. Ekko sprang fint ut, henta bittet, men forsvann mot barnehagen. Eg fekk han inn igjen. Vi starta på nytt. Etter det fekk vi 3 gode meldingar.Bra! Likeeins med Maja. Godt jobba.

Etter det trente vikvar for oss. Eg litt på at han skal tilby sit, dekk og stå frivillig. Deretter fri ved foten. Ekko jobba ivrig. Til slutt gjekk Gro og eg ein liten tur. Vi kom heim kl 2050. Kaldt? Jo, men hundane greidde seg fint. Maja hadde fått seg fine sokkar og Ekko ville ha litt kos på ein baklabb ei lita stund. Men ellers så dei ut til å kose seg.

onsdag 6. januar 2010

Eg fann endeleg beinet mitt


Trudde de at eg stakk hovudet i snøen for at de ikkje skulle sjå meg? Akkurat som ein dum stork.

Nei du, eg visste eg hadde lagt eit bein der. Men det kom altfor mykje snø og eg måtte gje opp. Har dagleg vore borte og sjekka, men ikkje napp. Nå etter to veker greidde eg å få tak i det. Det var like kaldt som når eg får det av matmor. Tabbe. Eg plar legge det ut for at det skal tine. Men det smakte godt :-)

Matmor har forresten lese i avisa at hantikkene ligg under snøen og koser seg.... Det hadde ikkje eg tenkt. Trudde dei ville dødd no når det er så kaldt.

Kaldt ja, matmor frys i kinna og på nasen så det er korte turar eg får. Trur ho innbiller seg at eg ikkje bør vere ute så lenge. Men de er bare tull. I NKK står det at korthåra hundar treng kler på seg ute. Men at langhåra hundar som Maja og dei kunne springe fritt. Då såg matmor på me. Pøh! eg er ikkje korthåra, bare så ho veit det! Det er ho som frys, ikkje eg!

Eg er forresten spent på koss det vil bli å rundere på laurdag.....

mandag 4. januar 2010

Den første treninga i 2010.

Så var vi i gang. Første trening og godt oppmøte i kulda. Anne Lise og eg jobba saman og vi tok oppgåver som fekk både hund og menneske aktive.
  • Meldetrening med snø som utfordring. Ekko sprang fint ut, helsa på Anne Lise og tok seg ein tissetur. Blei ropt inn igjen. Då gjekk det fint. Så hadde han ei kaninjakt, men alle dei andre øktene var fine. Scotty var òg ivrig og flink.
  • Innkalling. Første gongene var det utan forstyrrande element. Han kom som ei kula. Etter pausen fekk han to økter med Scotty og Faya som forstyrringar på sidelinja. Han oversåg dei heilt og hadde god fart mot meg.
Det er tid for å setje opp måla for våren. Eg har ikkje kome så langt, men fann eit blogginnlegg av Maria Hagstrøm med gode råd. Her finn du dei:

Att närma sig målet?
• Vad har du idag som hjälper digs att nå dit du vill?
· Vilka delar behöver förbättras?
· Vilka nya moment behöver jag lära min hund/ eller vilka nya saker behöver jag själv lära mig?
· Vilka delmål kan jag ha på vägen?

Strukturera upp dina planer, kortfattat eller omfattande beroende på vad som känns bäst för dig. Det viktiga är att du uttrycker dig tydligt. Behöver du tillexempel ha ett bättre kryp för att lyckas med målet, skriv vad i krypet som behöver bli bättre. Tillexempel din hund behöver lära sig krypa med korta bakbenssteg för att få en teknik där han blir låg. Precis som vid ett kriterium är det viktigt att kunna tala om exakt vad jag ska lära min hund. Konkret och kortfattat. Skriver du bara att jag ska ha ett bättre kryp är det mycket svårare att hitta rätt träningsdelar och helt omöjligt att utvärdera . Var tydlig även när du sätter attitydsmål. Hur vill du att hunden ska se ut i olika delar, precisera!

Samma sak med dig själv- precisera vilka delar du behöver tillexempel för att bli en bättre tävlingsförare. Lika konkret och i delar som går att utvärdera och följa upp.

När du vet vad du behöver göra för att börja röra dig i målets riktning är det dags att göra en taktik.

•Vad ska du träna på och när?
•Vilka delar är prioriterade?
•Hur ser tidsplanen ut för mål och delmål?
•Hur och vid vilka tidpunkter ska du utvärdera?

Från och med nu är allt viktigt som du gör på träningen- fråga dig efter varje träningspass om just detta träningspass lett dig framåt! Om inte - ny taktik!

Vil du lese heile så finn du det her.

fredag 1. januar 2010

GODT NYTT ÅR! Vi overlevde..

Denne juleferien har vore deilig. Skikkeleg vinter ute. Måltid og samtalar med menneske som eg er veldig glad i. Og det kjekkaste av alt, syns Ekko: romjul og nyttår i Bergen. Ekko elskar å springe opp og ned trappene, vere velkomstkomite kvar morgon, få turfølge, ha hage å tisse i, kjøkkenbord med god plass under og gode matlukter... Livet har vore heilt topp, syns han.

Eg grudde meg til nyttårskvelden. Ekko har vore så var etter den dagen med skot rett utanfor kjøkkenvinduet. Sist gjekk det veldig fint å la han ligge under kjøkkenbordet medan vi koste oss med brettspel. Denne oppskrifta skulle vi bruke denne kvelden òg. Til vår overrasking begynte oppskytinga tidleg og det var tydeleg at alle naboane var heime og hadde handla stort... Det smalt og smalt. Ekko blei uroleg, men med litt pølser og kos roa han seg og somna mellom slaga. Eg skulle ikkje gå nokon plass. Han låg med snuten på foten min. Reiste eg meg fulgte han etter. Klokka 24 var faktisk ikkje reddare enn at han kunne leike med forkulene, men eg måtte ikkje kaste dei langt bort frå meg. Han skulle vere nær.
Når eg tenkjer på dei 2 første julane der han skalv, ikkje ville ha mat, klynka, var kvit om munnen osb så er dette skikkeleg framgang.

No er vi snart klar for trening, turar og hundeliv i 2010!

Godt nytt år!