fredag 1. januar 2010

GODT NYTT ÅR! Vi overlevde..

Denne juleferien har vore deilig. Skikkeleg vinter ute. Måltid og samtalar med menneske som eg er veldig glad i. Og det kjekkaste av alt, syns Ekko: romjul og nyttår i Bergen. Ekko elskar å springe opp og ned trappene, vere velkomstkomite kvar morgon, få turfølge, ha hage å tisse i, kjøkkenbord med god plass under og gode matlukter... Livet har vore heilt topp, syns han.

Eg grudde meg til nyttårskvelden. Ekko har vore så var etter den dagen med skot rett utanfor kjøkkenvinduet. Sist gjekk det veldig fint å la han ligge under kjøkkenbordet medan vi koste oss med brettspel. Denne oppskrifta skulle vi bruke denne kvelden òg. Til vår overrasking begynte oppskytinga tidleg og det var tydeleg at alle naboane var heime og hadde handla stort... Det smalt og smalt. Ekko blei uroleg, men med litt pølser og kos roa han seg og somna mellom slaga. Eg skulle ikkje gå nokon plass. Han låg med snuten på foten min. Reiste eg meg fulgte han etter. Klokka 24 var faktisk ikkje reddare enn at han kunne leike med forkulene, men eg måtte ikkje kaste dei langt bort frå meg. Han skulle vere nær.
Når eg tenkjer på dei 2 første julane der han skalv, ikkje ville ha mat, klynka, var kvit om munnen osb så er dette skikkeleg framgang.

No er vi snart klar for trening, turar og hundeliv i 2010!

Godt nytt år!

2 kommentarer:

Gro sa...

Godt nytt år te dokker begge to!! Så bra at det gjekk fint på nyttår. Maja hadde og fremgang. Isi var her og det hadde nok også en god påvirkning. Lå i sofaen kl 12 og var rolig under hele oppskytingen. Bittelitt pesing ei lita stund, men det gav seg. Ville til og med ut på luftetur kl to på natta. Det ville hun ikkje i fjor. : )

Elisabeth sa...

Godt nytt år. Kjekt alt har gått så fint. :-) Glede meg te det nye året eg og. Håpa me lere masse nytt og nyttig.