onsdag 6. januar 2010

Eg fann endeleg beinet mitt


Trudde de at eg stakk hovudet i snøen for at de ikkje skulle sjå meg? Akkurat som ein dum stork.

Nei du, eg visste eg hadde lagt eit bein der. Men det kom altfor mykje snø og eg måtte gje opp. Har dagleg vore borte og sjekka, men ikkje napp. Nå etter to veker greidde eg å få tak i det. Det var like kaldt som når eg får det av matmor. Tabbe. Eg plar legge det ut for at det skal tine. Men det smakte godt :-)

Matmor har forresten lese i avisa at hantikkene ligg under snøen og koser seg.... Det hadde ikkje eg tenkt. Trudde dei ville dødd no når det er så kaldt.

Kaldt ja, matmor frys i kinna og på nasen så det er korte turar eg får. Trur ho innbiller seg at eg ikkje bør vere ute så lenge. Men de er bare tull. I NKK står det at korthåra hundar treng kler på seg ute. Men at langhåra hundar som Maja og dei kunne springe fritt. Då såg matmor på me. Pøh! eg er ikkje korthåra, bare så ho veit det! Det er ho som frys, ikkje eg!

Eg er forresten spent på koss det vil bli å rundere på laurdag.....

2 kommentarer:

Gro sa...

Å, var det derfor ja. Godt ikkje hantikkene hadde tatt beinet ditt Ekko, he he. : )

Tror nok ikkje Maja trenger dekken på tur nei, men hva med i bilen på runderingstreningen? Da kan de jo ligge noen timer i en fryktelig kald bil??

Ellers bruker jeg faktisk av og til potesokker på Maja nå. Hun stopper av og til opp og holder føttene i været når vi er på tur. Og nå er det ikke pga snø/isklumper mellom tærne, men pga kulden. Så nå tasser vi rundt i sørmarka med grønne "tøfler" på. : )

Aud Venke sa...

Eg har tenkt på det same. Har eit ekstra varmt å ligge på og lurte på om eg skulle ta med ekstra som eg skulle polstre buret med. Får han neppe til å ha noko over seg.

Førebels ser det ut til at han tar kulden godt, men Faya måtte få seg sokkar og det såg ut til at ho drivdes med dei.