torsdag 21. januar 2010

Fantastiske, flotte meg

Takkar alle for gratulasjonane. Eg blei nesten litt blyg, men bare nesten... Matmor forstod at ein måtte starte natta slik ein ville morgonen skulle vere, så eg fekk lurt meg opp i senga. Eg ville jo vakne i senga hennar. Den madrassen er 100 gonger betre enn min.
Morgonruten var ganske sløv, frukosten var , som alltid, god. Så forsvann ho...


Så kom ho att. No blei det meir fres over dagen. Eg fekk hundepate med 5 lys. Koffor det skulle vere lys på, er ei gåte for meg. Eg prøvde å la vere å sjå på heile greia. Men pateen var veldig god!


Etter festmåltidet var det til trening. Nå tar den tobeinte over:

I dag ville Arne at vi skulle trene på fot på høgre side.

Men først fot på venstre med vendingar. Vi trengte ikkje militante vendingar, men trene på å halde kontakten lenger enn vi hadde gjort før. Ekko gjekk fint (bare gamla heldt farten oppe). No må eg trene på at eg ser rett fram, at godbitane kan henge i handa rett ved sida av snuten UTAN å t han bli opphengt i det.

Eg starta øvinga fot på høgre side ved å gå bakover og vende meg slik at eg fekk meg på høgre side. Det gjekk greit. Men at han skal fortsette å gå sånn rart etter ein sving... Det var ganske vanskeleg.

Frivillig stå medan matmor går bakover. Strevde litt med å få til å bli ståande. Han ville stadig setje seg. Men etterkvart gjekk det betre.

Frivillig sitt medan matmor går bakover. No ville han bare stå same kor mykje eg trente på sitt før eg begynte å gå. Arne såg på og til slutt sa han: "Dette er ikkje 80% regelen i alle fall. Men kanskje meir Fanny???" . Det skal han ha, han held ut.... Heldigvis dukkar Arne opp innimellom og reddar oss.
Tilbake til start sa Arne sjef. Og som alltid. Dei enkle løysningane er dei beste. Vi trente nokre sitt, eg begynte å gå medan Ekko åt ein godbit.Han sette seg på ny, blei premiert. Eg fortsatte å gå og  han setje seg.

Etter treninga gjekk 4 av oss tur. Dei to som sov i timen då kompasset blei delt ut, er brått borte for Silje og meg. Vi roper på dei og får det glupe svaret: " Ka gjer dokker der?"  Vi svarer "Vi går den vegen vi har gått før". Dei to som burde hatt GPS for å gå ut med søpla, trur vi er på villspor og fortset vidare framover. Toppen på optimisme??? Silje og eg kjem tilbake til bilane og finn fort ut at vi ikkje kan reise frå galningane. Vi trener hund ei stund til, pratar og ventar. Omsider kom dei. Ikkje fullt så skråsikre, men dei hadde jo telefonnummeret til redningstenesta..... Eg tipsa om at Clas Ohlson hadde salg på GPS for bil. Kunne jo vere kjekt å ha...

Då vi kom heim var det videokonferanse med Bergen. Ekko blei heilt forvirra. Lyden av bestevenene kom frå skrivebordet, men han fann dei ikkje. Han sprang ut på gangen. Ingen der. Til slutt blei matmor overfalt. Trur han trudde eg var alle tre røystene. Dette var over valnøtthjernen hans...

3 kommentarer:

Gro sa...

Kan kje skjønna koffer någen to galninger du og Silje har gått tur med?? Trene dokker med någen andre enn oss og dokker???
De høres jo helt på bærtur ut. Tenk å ikkje finne frem når de var der og gjekk samme plass for ei uka siden....... går det an??? He he.

Aud Venke sa...

Sånn tenkte Silje og eg òg: Går det an? Og til og med vere så skråsikre?! Men det er ikkje någen du kjenne så du kan bare slappe av. Eller forresten ahr du hørt om hundane Maja og Era? Dei er omtrent like forvirra som eigarane så eg kunne ikkje stole heilt på heller. Maja ville bare lagt seg ned og tenkt at jo lenger ho låg der, jo lengre tid var det til ho skulle i bilen. Og Era.. ho ville sett farten opp. Eigaren hadde hengt seg bak i håp om at ho var på sporet. Og det var ho... etter ein igjengløymt matpakke. Sånne forvirra ekvipasjar kjenne ikkje du vett du.

Gro sa...

Nei, de snåle hundane og folka har eg aldri hørt om.
Heldigvis!!!! ;) Du får sei fra neste gang du ska treffa de så eg får se de.