Viser innlegg med etiketten kurs. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kurs. Vis alle innlegg

søndag 27. oktober 2013

Ups and downs


Torsdag møttest vi Lise og Scott på parkeringsplassen på Statoil. Greit å vere under tak når veret er så usikkert. Heng dokker med!

Sist veke var asfaltspor ein solid nedtur. Denne kvelden var vi nok innstilt på at det kunne gå alle vegar.
Eg la desse spora:
  1. 4m rett fram på betong. Godbit i starten og undervegs
  2. 4m rett fram på betong, men i annan retning enn det første
  3. 39m på betong. Sporet gjekk langs ein murvegg (ca 1/2m høg). 1 vinkel. ikkje under tar
  4. 5m rett fram på betong. (Dette var eit ekstraspor i tilfelle det lange ikkje funka)
1. spor:
Ekko var annleis enn sit torsdag. Han verkar konsentrert og klar for jobbing. Gjorde eg noko anna denne gongen enn sist mon tru?
Konsentrert på sporet. Gjekk litt på sida midt på, men tok seg inn. Bra.

2.spor:
Fulgte det konsentrert og fint.

3.spor:
No kjente eg iveren (det var dette rare frå sist, med ein kant...). Han gjekk fortare enn på dei to første, nasen var nedi oghan jobba godt i 30m. Då kom vinkelen. Den korta han av og hamna på sekundærsporet. Blei tatt tilbake og tok då vinkelen og gjekk fint til slutten.

4. spor:
Då var eg så nøgd at eg hadde gløymt det, men Ekko oppdaga det og snuste seg til godbitane utan at eg heitl forstod at vi var på jobb.

Kvelden blei avslutta med at eg la ut to spor nede på asfalten. Sporet Ekko skulle gå gjekk på gangstien langs Statoilbygget. Det gjekk langs kanten med plen på innsida. Eg kryssa ein gangveg, gjekk over litt gras, så eit gangfelt, litt rett fram, men fann ut at det var ein dum plass å legge premien, så eg svingte til høgre og gjekk litt langs fortauet.
Så var det eksamen: Eg var heilt på hogget. Fann sporet. Gjekk rett i det, svingte ein gong innom plenen, men ut igjen. Tok kryssinga av gangveg fint. Lukta ekstra grundig på den vesle grøne flekken eg hadde gått på. Skråsikker over gangfeltet. Gjekk rett fram og tok nok svingen min til høgre litt på overvêret, men var deretter på sporet og snuste veldig der eg hadde gått av fortauet for å gøyme premien. Godt jobba!
----
Fredag var det kurs med Tord Gustavsson i SWDI. Eg skulle berre vere med på teorien om Spårhunden och luktarna. Dei andre skulle anten vere observatørar resten av helga eller aktive deltakarar.

Det var ein interessant kveld. Han var veldig forskningskonsentrert og slo vel i hjel alle dei skråsikre tinga vi hadde høyrt før. Svært få saker var forska på. Til dømes var det ikkje systematiske studier på om alder og underlag på eit spor var viktig.
Eg skriv litt meir om dette i eit anna innlegg, men kort sagt: det var mykje å tenkje over etterpå. Spor er spennande.

--- 
Så kom laurdagen og sportrening på Sviland. Grått og haustleg, men Eldrid og Alfred ville i alle fall trene. Og i tillegg kom Marius med Amy for å få litt sportips.

Det var tre bilar på parkeringsplassen då vi kom. Det viste seg å vere konkurransespor i regi av Schæferklubben. Dei hadde begynt tidleg og var ferdig før vi var skikkeleg i gang. 
Eg gjekk eit langt spor i skogen som skulle ligge eit par timar. Det hadde vinklar og kryssing av elv.

Deretter gjekk eg ned i sanddynene og la tre korte spor. Inspirert av kurset (og eg mangla asfalt) skulle det trenast på starten av sporet + ein vinkel.. Mens eg gjekk der og tenkte smart, blei eg "angripen" av 3-4 terriar. Dei bjeffa og hoppa på meg. Hm. Har eg ikkje møtt på slike hissigproppar her før, mon tru? Men denne gongen var det ein mann som gjekk med ein flokk.
Ja, så var det bajasen då. Han blei frustrert då eg haldt han igjen for å få han konstrert på fotspora mine. Han ville gå sekundærsporet og dermed basta. Eg gjekk vidare til spor 2. Kort med vinkel. Her såg eg tydeleg merke etter vilt og det lukta Ekko òg.... Og dermed var hjernen kobla på andre enn mine spor... Det tredje gadd eg ikkje. Eg var sur.

Sidan eg var frustrert, var det greit å gjere noko anna. Marius blei sendt til skogs. Oppgåva var: Legg frå deg klikkaren di omtrent der, lag nokre vinklar og gøym deg oppi lia. Dette starta som ein fest. Ekko snuste i sporet og litt frustrert på klikkaren. Han ville avgarde. Og det med skikkeleg drag i lina. eg sveitta der eg hang etter. Han tok svingar og då vi nærma oss, gjekk nasen høgt. Her sette overvêrshunden inn. Heldigvis hadde vi flaks for vinden var feil så han fekk ikkje hjelp og sette nasen i bakken igjen. Fryd å finne Marius og få leike med tennisballen.

Siste sporet var interessant. Han starta stødig, men søkte jamnt snarvegar for å kome til ferskare spor. Blei sett tilbake der eg oppdaga det i tide. På slutten var eg heilt forvirra inni den tette skogen. Eg hadde vel aldri gått her? Det var jo omtrent umuleg å kome seg fram. Men slutten dukka opp den. Den hunden går på sekundærspor så det susar og tar dei berømte snarvegane der det passar han. Han vil til slutten. Hm. Var det ikkje det Gustavsson snakka om at var problemet med hundar som var trena på sluttpremien? Ja,ja, Ekko du er ein eldre hund, men du slepp ikkje unna. Du må avlerast noko av dette. Du er altfor god sporhund til å få dette ryktet.
Her må det ein plan til....

onsdag 13. mars 2013

På sporet.

Eg viser Ekko starten
I helga var brukskomiteen på motivasjonskurs med Merete Stokkenes. Det var Marina m/Kira, Gry m/Silja, Kari L m/Nicole og Ekko og meg som fekk den store gleda å få gå spor og lære for kvart steg.

På laurdagen starta vi med eit kort, beint spor. Merete ville sjå korleis hund og førar jobba.
Sporet eg la ut hadde 3 godbitdepot (3 pølsebitar i kvar) og på slutten hadde eg gøymt yndlingsleika.

Så var det avgarde med oss. Eg viste Ekko starten. Han gjekk roleg, men auka etterkvart farten. Til han kom til pølsene. Då åt han og venta på meg. Så bar det avgarde igjen. Jo, nærmare vi kom slutten, jo fortare gjekk det. Han trødde eit steg forbi slutten, men snudde seg og fann leika.
Og ka såg så Merete?

  • Ekko auka fart og eg hang på
  • Stopp ved depota. Såg ut som om han venta på min respons (naturlegvis: Han har jo fått respons på gjenstandar i sporet før)
  • Eg må passe meg for å ville vise han slutten. Finn ikkje hunden slutten, så finn han den ikkje.
  • på sporet
  • Ekko er ein sikker og sjølvstendig hund i sporet som veit ka han skal
Neste spor skulle òg vere enkelt, men lengre. Denne gongen skulle eg ikkje lage pølsedepot, men gjerne ein bit i ny og ne (mest for matmor som har behov for å vite om vi er på sporet).
Merete hadde i mellomtida snakka ein del om å ligge bakpå og ha kontrollen på farten.

Då var vi i gang med spor 2. Tempoet var fint (terrenget enklare), pølsebitane oppdaga og ingen stopp for å vente på meg. Slutten fann han greitt. Veldig bra spor!
På slutten av dagen la vi eit siste spor. Starten blei markert og 10m etter slutten. Så reiste vi heim.

18 timar etterpå skulle hundane gå sporet. Den yngste, Nicole, viste at ungdom var ingen hindring. Ho gjekk sporet sitt stødig som bare det.
Ekko blei vist starten og gjekk like stødig som han avslutta dagen før. Eg greidde å halde tempoet. Og slutten var han skråsikker på. Kjempebra. Han har faktisk aldri gått så gamalt spor før.

slutten funnen!
Neste spor var utfordrande for oss alle. Ekvipasjane fekk ulike utfordringar. Dette sporet var langt og krevde at vi stolte på hunden. Eg fekk beskjed om å starte ved Kari sin bil (ho hadde parkert langs vegen). Ekko snuste og markerte at vi skulle gjennom ei grind. Her gjorde eg første feil (gjekk inn porten først). Vi gjekk mot ein gravemaskin. Her markerte Ekko på eine hjulet (fekk etterpå vite at Kari hadde tatt seg ein pause der). Eg ville vidare framover (det er jo naturleg..), men Ekko svingte brått mot venstre og over ein sandhaug. Eg protesterte litt, men blei med på ferda. Så hamna vi i ei grop. Der markerte Ekko ka retning vi skulle, men eg trudde visst framleis at eg visste vegen. Det endte med at Ekko virra rundt meg før han gjekk i sin retning på sekundærsporet (sterkt sidevind) og inn på sporet straks han fekk fert av pølsebiten. 
Marina og Kira
Merete spurte meg om eg visst kor sporet gjekk. Måtte innrømme at eg ikkje gjorde det. Stol på hunden, var rådet. I ein periode var det tydeleg at Ekko gjekk på sekundærsporet. Nasen var høgare og hovudt vinkla litt mot venstre. Eg bør følge med på den rørsla vidare for då kan eg kanskje få han inn på hovudsporet.
Men då vi skifta retning, var han rett på sporet igjen. Han gjekk stødig. Eg måtte i blant halde igjen på farten. På slutten auka farten kraftig. Lukta av funn var visst sterk. Og der, langt inni buskaset, låg Kari. Gjett om det var ein lukkeleg hund som fekk leike og få med seg Kari tilbake til bilen.
Eit kjempekjekt spor!

Silja har levert ein pinne og får premie
Det siste sporet på kurset skulle vere med vinklar. Eg la ut eit greit spor, syns eg, men gløymte vinden. Det førte med seg at eg ikkje fekk testa vinklane skikkeleg denne gongen. Men eg fekk med meg tips om korleis eg kunne finjustere det til neste gong. Denne gongen fann ikkje Ekko slutten, men såg både sliten og nøgd ut for det.

Takk til Merete for eit lærerikt kurs! Eg har fått mykje inspirasjon og er klar for fleire spor.

mandag 21. mai 2012

Tunnelsyn og varm slalomform

VI har brått fått sommar.
I kveld var det endeleg tid for aktivitetskurset igjen. i 20 varmegrader var det nokre hundar som kjente det godt.

Vi starta med stafett. To lag. Renate, Kristin og eg jobba saman. Vi skulle kaste ein gjenstand, hunden skulle hente og kome inn og avlevere, så neste hund... Det gjekk fint med Ekko, men er litt slitsomt å arbeide med så mange ukjente hundar for han. eg må vere på vakt. Det er ikkje problem med at Ekko spring til andre, men eg kan ikkje stole på at andre ikkje kjem springande til han.
Stafetten hadde to omgangar og vi vann. Tjo hei!

Tør eg dette då? Ekko i 2008
Så var det to nye oppgåver. Slalom og tunnel. Tunnelen var kjempekjekk, syns hundane. Den var lang og kunne formast som slange, som U, med ein vinkel, med mange... Ingen hindring for Ekko. Han storkoste seg. Vi brukte bein, U-form og slange. Spennande når dei ikkje kan sjå utgangen. Morsomt å tenkje på at eg hadde ein livredd hund ein gong i tida,

Slalom. Dette har vi prøvd på før, men helst litt tilfeldig. Dette var sett opp med 60cm avstand. Ekko starta med å jukse og ta to om gongen. Ghita gav meg nokre tips om korleis eg skulle få han til å ta ein og ein pinne. Vi arbeidde med det . Siste økta var han så varm at han sleit med å forstå at han måtte gå litt. Såg med lengt på dei som fekk springe i tunnelen. Trur den var lukka i dag.

Det er så tydeleg å sjå at hundane koser seg når vi gjer det. Mykje latter og masse oppmuntring og gode innspel frå kursleiar og kvarandre. Dette er vitamininnsprøyting.

søndag 22. april 2012

Runderingskurs med kremhundar

Lena og Ludo
Bruksgruppa i retrieverklubben inviterte til runderingskurs med Gro og med som instruktørar. Det har vore fleire runderingskurs i området i det siste så vi var spente på kor mange som var interesserte.
Roar og Felix
Vi endte opp med to golden og ein parson russell terrier. Saman med eigarane gav dei oss ei flott helg i Skjævelandsskogen.

Først var det litt teori i sola, så var det sosialiseringsringen. Alle hundane ville leike, men nokre ville meir enn andre. Og ilderen til Gro var superpopulær. Særleg hjå Torkjel. Han ville eigentleg ikkje forlate figurant som hadde så kjekk ei leike. Vi bytta til og med figurant med same leika. Det var tydeleg at dette ikkje handla om figuranten, men leika. Anders må bare ut å handle.

Oj! Kor blei den der leika av? Anders og Ludo
Ekko viste flying og enkeltslag med melding. Så var det å hive seg i det. Alle tre hundane tok flying på ein-to-tre. Enkeltslag fungerte og fint. Eit par er meir van med at dei ikkje spring frå mor/far sjølv om det kjem lyd og liknande frå skogen. Då dei skjønte teikninga, var det ikkje vanskeleg å få dei ut.

Dei fekk prøvd synlege figurantar, skjulte figurantar, lydpåverknad, synspåverknad og fert.

I dag fekk alle prøvd seg på oververssøk. Vi starta med god vind, men regnet kom og vinden blei laber. Den skifta retning, men hundane fiksa det. Alle markerte tydeleg og gjorde flotte funn.

Eg er så klar...
No er det bare å kome seg opp på laurdagane og stille på trening. Treningsplassane og ansvar finn de her.
Torkjel var ein sputnik på fart.
Eg greidde faktisk ikkje å få eit godt bilete av han, men her fyk han forbi.

mandag 16. april 2012

Trø matmor på foten


I kveld var det første kurskveld i aktivitetskurset vi i bruks har sett i gang. Instruktør er Ghita Fossum.

Først skulle vi begynne på eit triks slik at Ghita kunne sjå korleis vi lærte inn ei øving og korleis vi premierte rett atferd.
Siste delen var lydnadsøving.

Gry og eg jobba i hop. Silja skulle lære 8-tal. Det tok litt tid før det gjekk opp for oss at det var slalom vi dreiv på med. Men etterkvart var vi inne på det. Silja er jo kjempeivrig. 

Eg hadde fått ein fiks idé om at eg skulle lære Ekko å stå på føtene mine. Ein del frustrasjon blei det, men jammen kom labben etterkvart ganske ofte. Han ville helst ta sin venstre på min venstre, men tok teikninga sakte, men sikkert. Var glad eg hadde tjukk dress på meg for labben starta langt oppe på leggen i blant. Målet er å få han til å stå med begge beina på føtene mine og så skal eg gå framover og bakover.... Vi får no sjå kor langt eg kjem. 

Siste del var lydnad. Eg ville jobbe med stå. Dvs at vi går og han får kommandoen stå og eg går vidare. Gjekk tilbake til start. Der eg går føre og han kjem etter. Det funka flott med avstandsbelønning så eg kunne gå fort over til neste steg.

Nå er det bare å trene, særleg på trikset til neste gong. Kjekt å ha eit mål igjen.

mandag 11. april 2011

Sporkurs i strålande sol

Denne helga har Gro og eg hatt med oss ein flott gjeng som ville lære seg hunden å gå spor. Først var det teori på torsdagen og så var det tid for praksis laurdag og sundag. Og for ei læringskurve på dei 3 flat-ane, 1 golden, 1 labrador og 1 storpuddel!
Dei fekk prøve korte spor, lengre spor, ulike underlag, sporkryssing, sporoppsøk osv.
To lukkelege hundar. Messi og Felix

Gro og eg delte gruppa i to slik at det skulle bli minst muleg dautid. Men litt måtte det jo bli. Hundane trengte kvile dei òg. Og det var jo ikkje dumt med pause når sola skein og selskapet triveleg.

Spirit og matmor testar ut sporfirkanten

Max fann sluttpremien

Hm. Her lukta det godt. Silja i arbeid

Messi konsentrert. Dette sporet krevde alt han hadde lært.



Fleire bilete  finn du her.
Filmsnuttar: 
Gro har sikkert fleire bilete i bloggen sin.

søndag 27. mars 2011

Solskin, rundering og varme kinn


Vakker dag på Sviland
Vi vakna til sol og knallblå himmel. Fantastisk dag å reise til Sviland å rundere under Tone Larsens kloke leiing. Dette var andre dag av motivasjonskurset vårt. Eg hadde omtrent ikkje fått trent i perioden i mellom. Reiser og instruering på runderingskurs gjorde sitt.



Eg fekk tid til å lufte Ekko. La han springe og leike litt før vi sette i gang. Denne gongen skulle vi fortsetje med å gøyme lausbittet litt slik at han måtte leite. Første slaget gjekk greit, så begynte han å tulle. Ville springe over på andre sida med lausbittet, tok seg tissepausar på veg inn, daffa ut til figurantane og inn at. Ingenting var direkte spennande. Eg begynte å hente han ute hjå figurantane. Då beit han i bandet og ville leike på vegen innover. Tone tipsa meg om å gje han noko å ha i munnen. Det gjekk betre. Men heile økta var daff.
Ut for å finne figurant

Ekko på veg inn med melding
Betre fart på veg ut
Ute av fokus...
Etter pause, fekk vi to figurantar som er gode på jaktleiken med han. Eg skulle gå ut og hente og han skulle få påvirkning både når han skulle ut og hente bittet og når han skulle påvise. Det gav betre fart ut, ingen tulling med bandet på veg inn. Men han er sein frå figurant og inn. Tone lurte på om eg òg hadde slurva med den delen av baklengskjedinga. I utgangspunktet meiner eg ikkje det, men han var ikkje glødande i alle fall så det vil nok ikkje skade med å gå litt tilbake og repetere.

Vi fekk ulike problemstillingar med dei ulike hundane. Sjå Gro og Majas blogg og Its a Dogs World (Isabelle). Dei var der og kjem nok til å skrive om ka dei hadde fokus på.

Det nyttige med timane med Tone, er at vi får tid til å sjå på detaljane. Får stoppe opp og finne alternative måtar å kome fram til ei løysing på. Og så mykje det er å lære frå andre hundar. Og vinden. Kor kom no den i frå? Eg må bli flinkare til å teste vindretning ute hjå figurant. Den er ofte heilt annleis enn på midtlina. Det vil jo påverke kor vi sender hundane frå.

Fleire bilete frå dagen:
Ganske bra å vere figurant
Balder har funne meg.
Gry sender Silja ut for å finne meg
Molly i arbeid
Gro er figurant

---
Forrige helg hadde vi kurs med håpefulle hundeekvipasjar. Kjempespennande og så flinke hundar. Håpar vi ser dei på treningane framover. Skal skrive litt om det seinare

lørdag 5. mars 2011

Eg er så motivert, seier Ekko :-)

Tone forklarar før vi startar
.. og det er jammen matmor òg etter ein flott dag i sola med Tone Larsen, Norske Redningshundar. Eg skulle ønska eg var komen lenger i treninga sidan sist vi hadde Tone som motivator, men det rakk vi altså ikkje.
Målet mitt er i dag å få sett på detaljar i meldetreninga.

Vi fekk trent på:

  • å sende han ut slik at han fekk bruke vinden
  • å få han til å finne bitt som halvveges er gøymt
  • å finne figurantar som er gøymt under Jervenponcho
  • å springe forbi fristande hestelort
  • å springe for å hente lausbittet sjølv om figuranten oppførte seg som hare.
  • Springe ut på nytt dei to gongene eg ikkje var nøgd med innkomsten med lausbittet.
Det svakaste punktet som eg ser, er innkomsten med bittet. Dvs dei sekunda før han får springe ut. Tone meiner eg bør fortsetje med å la han halde bittet på veg ut igjen for no verkar han mest interessert i å få sleppe det fort. Vi får trene på denne detaljen fram til motivasjonsdag 2 i slutten av mars.


Kira i farta

I dag har eg bare tenkt å ta meg ut. Trur eg Maja tenkte

Klar til innsats

Ekko kryssar midtlina

Ekko, du bedåre!

Molly ventar på tur

søndag 3. oktober 2010

Runderingskurs

 Denne helga har Gro og eg hatt grunnkurs i rundering i regi av retrieverklubben.
Vi skulle etter planen ha ei gruppe på maks 8 ekvipasjar, men greidde ikkje å seie nei til nr 9,10 og 11. "Heldigvis" måtte nr 11 trekke seg slik at vi kunne dele dei i to like store grupper. Marina og May Karin kunne bli med og hjelpe til begge dagane. Takk til dei. Kari L og Evita viste korleis ei feridg melding såg ut på laurdagen. Og eg og Ekko viste ei minirundering.

På torsdag hadde vi teori. Ikkje enkelt å halde seg på det enklaste når vi så gjerne vil fortelje alt :).

Vi skulle vere på Skjæveland. Eit kjempebra område når det skulle bli masse regn og vind. Inni skogen var det både lunt og lite regn.

Eg må innrømme at den gjengen vi hadde på dette kurset var imponerande gode. Lenge sidan eg har hatt ei gruppe der hundane tok systemet så enkelt som desse. Nå gjeld det bare at dei står på vidare framover for her var det hundar som verkeleg kan bli gode runderingshundar. Dei får jo sjå etterkvart om dette er noko dei vil konkurrere i eller om det er noko dei vil gjere på hobbybasis.

 Vi starta med sosialiseringsring. Det var spennande å sjå kor ulikt hundane reagerte på den gjengen som sat i ring i skogen. Vi fekk eit godt bilete av ka dei likte og ka dei syntes var nifst.

Deretter var det å prøve seg på flying. Og her viste talenta seg fort. Det tok ikkje lang tid før alle hadde forstått teikninga. Og så glade hundane var der dei sprang frå ein figurant til ein annan via matmor/far.

Vi fekk òg sjekka at nasen var på plass då vi testa dei i overversøk. Særleg søket på sundag viste hundar som det sa klikk hjå då dei fekk ferten av menneske i skogen. Kjempebra!

På slutten av helga fekk dei trent litt på apport. Det er ikkje bare enkelt å lære inn så eg lenkjer til artiklane som ein òg finn i høgre marg her i bloggen.

Nå håpar eg bare at dei vaknar tidleg på laurdagane og vågar å stille opp. Vågar dei det, så får dei i alle fall all hjelp dei treng frå folk som tek hundelivet lite alvorleg og der latteren sit laust. Vi har til og med festar der vi set opp seriøse mål for neste periode. Evalueringa av måloppnåinga er det i periodar verre med....

Her kjem artiklane og lenkjer til filmsnutt:

Bileta som illustrerar teksten kjem i tilfeldig rekkefølge, men er alle frå denne helga.