onsdag 13. mars 2013

På sporet.

Eg viser Ekko starten
I helga var brukskomiteen på motivasjonskurs med Merete Stokkenes. Det var Marina m/Kira, Gry m/Silja, Kari L m/Nicole og Ekko og meg som fekk den store gleda å få gå spor og lære for kvart steg.

På laurdagen starta vi med eit kort, beint spor. Merete ville sjå korleis hund og førar jobba.
Sporet eg la ut hadde 3 godbitdepot (3 pølsebitar i kvar) og på slutten hadde eg gøymt yndlingsleika.

Så var det avgarde med oss. Eg viste Ekko starten. Han gjekk roleg, men auka etterkvart farten. Til han kom til pølsene. Då åt han og venta på meg. Så bar det avgarde igjen. Jo, nærmare vi kom slutten, jo fortare gjekk det. Han trødde eit steg forbi slutten, men snudde seg og fann leika.
Og ka såg så Merete?

  • Ekko auka fart og eg hang på
  • Stopp ved depota. Såg ut som om han venta på min respons (naturlegvis: Han har jo fått respons på gjenstandar i sporet før)
  • Eg må passe meg for å ville vise han slutten. Finn ikkje hunden slutten, så finn han den ikkje.
  • på sporet
  • Ekko er ein sikker og sjølvstendig hund i sporet som veit ka han skal
Neste spor skulle òg vere enkelt, men lengre. Denne gongen skulle eg ikkje lage pølsedepot, men gjerne ein bit i ny og ne (mest for matmor som har behov for å vite om vi er på sporet).
Merete hadde i mellomtida snakka ein del om å ligge bakpå og ha kontrollen på farten.

Då var vi i gang med spor 2. Tempoet var fint (terrenget enklare), pølsebitane oppdaga og ingen stopp for å vente på meg. Slutten fann han greitt. Veldig bra spor!
På slutten av dagen la vi eit siste spor. Starten blei markert og 10m etter slutten. Så reiste vi heim.

18 timar etterpå skulle hundane gå sporet. Den yngste, Nicole, viste at ungdom var ingen hindring. Ho gjekk sporet sitt stødig som bare det.
Ekko blei vist starten og gjekk like stødig som han avslutta dagen før. Eg greidde å halde tempoet. Og slutten var han skråsikker på. Kjempebra. Han har faktisk aldri gått så gamalt spor før.

slutten funnen!
Neste spor var utfordrande for oss alle. Ekvipasjane fekk ulike utfordringar. Dette sporet var langt og krevde at vi stolte på hunden. Eg fekk beskjed om å starte ved Kari sin bil (ho hadde parkert langs vegen). Ekko snuste og markerte at vi skulle gjennom ei grind. Her gjorde eg første feil (gjekk inn porten først). Vi gjekk mot ein gravemaskin. Her markerte Ekko på eine hjulet (fekk etterpå vite at Kari hadde tatt seg ein pause der). Eg ville vidare framover (det er jo naturleg..), men Ekko svingte brått mot venstre og over ein sandhaug. Eg protesterte litt, men blei med på ferda. Så hamna vi i ei grop. Der markerte Ekko ka retning vi skulle, men eg trudde visst framleis at eg visste vegen. Det endte med at Ekko virra rundt meg før han gjekk i sin retning på sekundærsporet (sterkt sidevind) og inn på sporet straks han fekk fert av pølsebiten. 
Marina og Kira
Merete spurte meg om eg visst kor sporet gjekk. Måtte innrømme at eg ikkje gjorde det. Stol på hunden, var rådet. I ein periode var det tydeleg at Ekko gjekk på sekundærsporet. Nasen var høgare og hovudt vinkla litt mot venstre. Eg bør følge med på den rørsla vidare for då kan eg kanskje få han inn på hovudsporet.
Men då vi skifta retning, var han rett på sporet igjen. Han gjekk stødig. Eg måtte i blant halde igjen på farten. På slutten auka farten kraftig. Lukta av funn var visst sterk. Og der, langt inni buskaset, låg Kari. Gjett om det var ein lukkeleg hund som fekk leike og få med seg Kari tilbake til bilen.
Eit kjempekjekt spor!

Silja har levert ein pinne og får premie
Det siste sporet på kurset skulle vere med vinklar. Eg la ut eit greit spor, syns eg, men gløymte vinden. Det førte med seg at eg ikkje fekk testa vinklane skikkeleg denne gongen. Men eg fekk med meg tips om korleis eg kunne finjustere det til neste gong. Denne gongen fann ikkje Ekko slutten, men såg både sliten og nøgd ut for det.

Takk til Merete for eit lærerikt kurs! Eg har fått mykje inspirasjon og er klar for fleire spor.

Ingen kommentarer: