torsdag 29. august 2013

Grus, gras, betong og asfalt

Vi går og går..
Sundag møtte eg Torhild og Silje på OD.
Spor 1 skog, grus, gras. Ca 1/2t gamalt. ca 300m:
Eg la eit spor som starta i grus, gjekk over til gras, så skogsbotn, kryssing av populær turveg, små turstiar, skogsbotn igjen og til slutt høgt gras. Sporet var ca 300m.

Ekko var fort påkobla. Han tok starten fint. Virra litt frå side til side i grusen, men var skråsikker på kor han skulle svinge av frå grusvegen og inn på skogsbotn. Her jobba han godt. kryssa turvegen fint og fortsette i fint tempo. Han var lett å lese. Straks han hamna for langt utanfor sporet, begynte han å sirkle og markerte tydeleg at han var på sporet igjen.
Eit godt spor i fint tempo. Ekko var ein fryd å lese og han strutta av sporglede.

Eg skulle gå eit asfaltspor etterpå, men det avlyste eg bare for å nyte fryden over det gode første sporet.

Måndag:
Vi var 5 som møtte på området og fordelte sporområdet mellom oss. Eg skulle bort mot sandtaket.
Spor 1: Grusveg, høgt gras, jordsti, sand. ca 150 m, 1,5t gamalt.
Sporet starta spesielt ved at det kom to ville små hundar med mykje hår og ein tanngard dei hadde behov for å vise oss, stormande mot Ekko. Rett i strupen på ha. Ekko prøvde med labbane å få den eine vekk, greidde det og eg fekk heldigvis hunden med meg bakover. Episoden var litt voldsom, men Ekko såg ikkje ut til å ta det så tungt. Han blei fort klar for spor.
Oppstart i grus for så å gå over til høgt gras og ein jordsti. Dette gjekk fint. Han kryssa ein liten bekk og kom over på grusveg. Her virra han litt frå side til side, men svingte til høgre der han skulle. Underlaget blei meir og meir rein sand. Eg var spent for eg hadde sirkla litt her. Han tok fort teikninga og svingte slik eg hadde gjort. Gjekk rett på slutten.
Eit bra spor, men som tidlegare litt for høg nase på grus.

Torsdag
Spor 1 Betonggolv, parkeringsplass, 4,5t gamalt 15m.
Lise hadde lagt ut spor til Ekko og Scott før ho gjekk heim frå jobb i dag. Det var ein del bilar framleis på parkeringsplassen så vi måtte rekne med at det ville vere ferskare spor kryssande spora Lise la.
Ekko fekk lukte på ein av Lise sine sko. Så sette han i gang. I starten låg det litt smørost. Sporet var tydeleg langs ei linje i betongen. Ekko hadde ein tendens til å ligge 20 cm utanfor linja men gjekk ganske beint.

Spor 2 likt det over
Vi gjekk rett over til spor 2. Nå var det som om han var påkobla. Gjekk rett i sporet. Veldig kjekt.

Spor 3 og 4 betonggolv, parkeringsplass ferske 5m kvar.
Totalt uinteressert i sporet, men syns alt rundt i kring er spennande.

Eg bandt Ekko fast til bilen, gjekk ned ein del betongtrapper og fann gras til å legge spor til Scott og Ekko i. Gjekk opp igjen og begynte å gå mot trappa. Gjett om det var ein som gjekk spor i trappene? Aldri har eg sett han så skråsikker på kor eg hadde gått på betong.

Spor 5 gras, ferskt spor. ca 50m
Ivrig. Han gjekk fort. Virra litt i sporet. Ville mot høgt gras og søppel. men tok seg inn igjen. Finn slutten greit. Det er tydeleg at faste spor gjer at han har brei sporløype.

Kjempekjekt å spore ein torsdagskveld.

søndag 25. august 2013

Sommaren som ikkje vil spore av.

Guro på veg til skogs med elgfot, hjortefor og blod.
Vi er inne i sommaren som bare er og er. Vi storkosar oss med å prøve ulike spor. Og eg rekk ikkje skrive blogg mellom kvar trening. Forfallet har kome langt...
Sist laurdag var vi ein fin gjeng i Sælandsskogen. Guro meldte at ho tømde frysaren og hadde masse blod å dele ut. Altså var vi fleire som var klare for blodspor.

Eg la ut to blodspor som fekk ligge ca 11/2 time.

Spor 1: ID-spor. Skogsbotn. Ferskt.
Medan dei låg og godgjorde seg, trente nokre grusspor og andre prøvde seg på ID-spor. Ekko fekk ID spor. Sporet var heilt ferskt. Vinden kom inn frå sida. Den han skulle følge gjekk rett fram. Feilsporet var til venstre etterkvart.
Ekko var noko overivrig då han starta. Livet er så kjekt og trening er kjempegøy. Ikkje lett å halde fokus då. Det viste seg at han gjennom heile sporet gjekk 2-3 meter utanfor sporet. Parallellt. Vinden kom frå sida, så den ferske ferten var nok like sterk der. Han reagerte ikkje på luresporet, men fortsette sikkert fram. Brått stoppa han og snudde seg 90 grader og gjekk rett på Kari L.
Oppsummering:
Ferske spor er travle spor og fertsgropa er vid. Med Ekko som òg er van med å bruke overvêr når han skal finne folk, er vindretningen veldig viktig. Sterk sidevind gjev ein hund som ser sikker ut i sporet langt utanfor sporet..

Spor 2: Blodspor. Skogsbotn. ca 11/2t gamalt 80m
Eg hadde sprøyta litt ekstra med blod i startgropa. Den snusa han på og begynte roleg på sporet. Farten auka etterkvart, men eg såg han fulgte sporet. Markerte ikkje sårleiet. Fann skanken (som no er blitt både gamal og inntørka), men viste liten interesse for den. Ville helst spore vidare.

Vi gjekk vidare til:
trøytt
Spor 3: Blodspor. Skogsbotn, høgt gras og litt grus. ca 11/2t gamalt. 100m
Han begynte greit, men innimellom såg eg at han låg litt til høgre for der er hadde drypt blod. Tempoet var greit.
Oppsummering:
Det var kjekt å gå blodspor igjen, men eg må fornye skanken. Den var ein gong spennande (men det byrjar bli minst 2 år sidan). Fordelen med blodspor var at eg såg kor eg hadde gått og kunne lese om han var nøyaktig. Han hadde ein tendens til å gå litt på sida. Først tenkte eg det var i fotspora mine, men då burde han ha godt på venstre sida av blodet, noko han ikkje gjorde. Eg må kikke nøyare på det.
I det høge graset var han veldig sikker, men nasen var høg.

Etter sporinga skunda vi oss heim for vi skulle til Kvalvåg og leve det gode liv resten av helga.

Det blei kokt kraft til saus så Ekko blei den heldige vinnar av restene (alle grønsakene smakte visst fantastisk). Sporinga og vaktinga av området tok på så eg trur det var ganske greit å bli lagt i bilen for å sove for natta.

--
Silja
Mandagskveld var det tid for meir trening.
Ein gjeng møttest på OD for der kan vi velge mellom skog, gras, grus og asfalt.

Spor 1: Gras, grus, asfalt. maks 1t gamalt. 30m
Ivrig, som alltid. Snuste greit på oppstarten og sette farten opp i feil retning! Hm. Kven hadde delt spor med meg? I alle fall noko som var meir fristande. Tok starten på nytt. 1 meter lenger inne i sporet i håp om at konkurrenten ikkje hadde vore her. Då starta han betre. Kryssa frå gras over på grus på rett stad og kom seg over på graset igjen der han skulle. Men etter det var det ein busk som måtte snusast på  og eit par andre forstyrrande element. Fekk han innpå igjen. Tok vinkelen fint. Då vi kom til asfalten, blei han mindre interessert, men restene av grillbeinet låg igjen i asfalten og det måtte jo snusast på. Vi kom oss over asfalten og gøymd bak ein søppeldunk fann han beinet eg hadde brukt å skrape i asfalten med. Gjev premie!

Spor 2: Betong 1t gamalt 15m
Dette sporet gjekk tett inntil betongmøblene på OD. Eg hadde lag pølsebitar undervegs for å sjå på konsentrasjonen.
Maja får kos.
Ekko starta fint, tok første runding (rundt eit hjørne) fint. Nasen kom opp, men hamna ned igjen då han oppdaga pølsebiten. Gjekk fint langs møblene, men med litt høg nase (syns eg). Kryssa open plass greit og fann slutten.

Oppsummering:
Asfalt er framleis kjedeleg, men det er nokre lyspunkt. Betong er litt kjekkare? Eg må jobbe med nøyaktighet.

I kveld hadde vi til og med besøk av Gry og Silja. Silja er blitt så slank og fin at vi alle måtte beundre ho. Kjem til å bli ein god redningshund ho der.

Silje gjekk rett på Gro i sporet. Eit solid funn! Veldig kjekt å treffe Gro og Maja! Håpar dei snart kan trene saman med oss igjen.

----

På Solastranda
Så blei det jammen helg igjen. Tida ho fyk og sommaren er her framleis. Ny laurdag i Sælandsskogen. I dag var det varmt så det gjaldt å jobbe effektiv før sola tok for mykje.

Ekko og eg starta dagen med tur på Solastranda før klokka 7 om morgonen. Sånn går det når ein skal kjøre folk til flyet. Trur ikkje Ekko hadde noko i mot det.

Treninga blei slik:
Spor 1 og 2: ID spor. Skogsbotn, myr. Ferskt
Akkurat no hugsar eg ikkje spor 1, men trur han låg litt til sides for sporet. Funn av figurant og val av retning var ikkje problemet (Eldrid var den han skulle finne og Lise var luresporet.
Spor 2 var interessant. Han rota i starten. Ville eigentleg i det sporet som Lise kom tilbake (det var nære det sporet der Lise og Eldrid hadde gått i lag og som han skulle følge), men fekk hna på. Han jobba godt med nasen nedi bakken, men så kom vi til myra. Då var nasen høg og han virra litt rundt. Fekk på nytt lukte på Eldrid si veske. Han ville til venstre. Lise gjekk bak og sa det var hennar spor og at no hadde ho og figuranten skilt lag. Eg fekk Ekko inn igjen, men nei, han ville i Lise sin retning. Vi gjekk litt tilbake, til der vi trudde dei hadde skilt lag. No var Ekko sikker og fòr avgarde i rett retning. Figurant funnen.

Etterpå var han så tørst at han hoppa nedi ein myrbekk. Som takk for at eg fekk han opp derifrå, blei eg dusja med herleg, brunt myrvatn......

Oppsummering:
Lese han, lese han.

Spor 3: Skogsbotn, grus, høgt gras. 230m. Minst 2t gamalt.
Dette sporet fekk ein del ekstra utfordringar for i dag vandra det rundt mystiske folk på kryss og tvers i skogen. Ikkje kunne vi sjå at dei hadde kart (det er minst ein orienteringspost her) så kanskje dei leita etter noko anna?. Sporet eg hadde laga kl 0930 var kl 12 fullt av kryssande spor. Men gamlefar må vel tole det?

Alfred.
Vi starta i gras med mykje småtre rundt oss. Starten gjekk fint. Sikker sporing. Kom seg ut på grussti på rett stad, men begynte å rote litt der. Eg stod i ro for å sjå ka som skjedde. Etter litt vimsing kryssa han grusen og gjekk inn i skogen igjen. På rett plass. No var han sikker på vegen vidare og gjekk stødig. Heilt til eg hadde ein 90graders vinkel. Då ville han vidare rett fram. Eg registrerte at nasen fort kom høgt opp då han var forbi der eg hadde lagt vinkelen.
Inn på sporet igjen. Fortsette fint vidare. Over i høgt gras. her var det tydeleg at det hadde gått folk (graset var tråkka ned) og ved ein stor busk gjekk Ekko på venstre side der eg veit eg gjekk på høgre. Eg tenkte eg skulle stå i ro og sjå om han oppdaga feilen, men han hadde gått rett på slutten så han stod bare og logra nøgd.

Oppsummering:
Denne gongen var planen å sjekke kor sikkert han gjekk så eg hadde brukt fleire sløyfer enn vanleg. (eg gløymer jo så fort kor eg har godt). Det trur eg at eg skal fortsette med ei stund for då kan eg stoppe opp når han går feil og la han arbeide og sjå på kroppsspråket hans. Eg har latt han ta litt for mange lette løysingar.
Og.. det var deilig å gå eit to timar gamalt spor. Ekko var mykje meir fokusert og tempoet var behageleg. Snart må eg få lagt ut eit spor som får godgjort seg ei natt. Kanskje til helga?

Altså for vidare arbeid med skogsspor:

  • markere endringar i sporet
  • få andre til å legge spor og gå bak meg for å hjelpe meg å lese han
  • gå fleire gamle spor
For asfaltspor må eg bare fortsette med ulike variasjonar. Sjekke ut forskjellen på asfalt, betong og grus.
Scott: Bilen? Eg?
---
Før vi drog heim for å nyte den flotte augustdagen, måtte bare Alfred beundrast. Han er ein vakker labrador!


Og Scott. Som trur han er barn igjen. I alle fall viser han alle teikn til at innlæringa av hopp i bilen og bli der, er heilt ukjent. Eller kanskje han bare vil erte matmor?




lørdag 10. august 2013

Trening i sommarsol

Ut på tur i varmen
 Det var tydeleg at runderingsfolket framleis var i feriemodus for ingen ville rundere. Men Silje ville trene spor med meg så vi drog til Sviland kl 10 med kaffi og fersk gjærbakst. Her skulle både tobeinte og firbeinte kose seg.

Det blei 4 spor på Ekko i dag.
Spor 1: Skogsbotn. Ca 150m. Ferskt.
God start. Fint tempo. Nasen har tendens til å vere halvhøg. Rota litt ved ei myr, men oppdaga fort at sporet ikkje gjekk der han trudde. Tok seg inn. Låg litt på nedsida av sporet ei stund, men tok svingane og slutten skråsikkert.

Spor 2: Skogsbotn. Ca 50m. Ferskt
Det bar rett over på spor to. Her gjekk han fort og stødig. Og, trudde eg, heilt på linje. Heilt til vi kom der eg såg slutten. Då oppdaga eg at han var litt til høgre for slutten. Sekundet etter at tanken var tenkt, var det ein som hoppa ein meter til venstre og snuste vidare. Først ein halv meter forbi slutten, så bråstopp for å snu. Kjekke leiker luktar godt.

Spor 3. Grus og gras. Det var kanskje 1/2t gamalt.
ut på tur
Dette sporet er forteljinga om ein tullete sporleggar. Starten er fin. Trør godt i graset ved vegkanten. Vil ha han til å gå litt i gras før grus. Svingar ut i grusen, går litt der før eg svingar inn mot vegkanten og litt meir gras. Så ut igjen på grus. Kryssar vegen og fortset på sporet til eg legg ein ball i grøftekanten. Men uups. Eg har på ein måte malt meg inne.... Koss skal eg kome herifrå til bilen? Eg prøver meg litt inn i dei villaste vekster, men må gje opp. Altså må eg krysse mitt eige spor og gå ganske nær det på vegen tilbake til bilen.
Tenkte vi fekk bruke det til litt grustrening i alle fall.
Ekko starta godt. Tok gras, grus, gras, grus, men så kom valet mellom å følge sporet eller lukte der eg hadde gått på tilbakevegen. Han tulla veldig, men fann, tilfeldig, slutten denne gongen òg. Eigentleg eit heilt mislukka spor.

Spor 4: Skogsbotn. ca 200m. Silje sporleggar.
Etter kaffipause med fersk gjærbakst (kjøpt på Brustadbua) og luftetur skulle alle hundane få spor med figurant i enden. Ekko såg Silje gå avgarde med leika hans i handa. Då klarmeldinga kom, var ikkje han sein om å be. Vi avgarde og då eg tok på han sporlina, var nasen i bakken og full fart innover og oppover. Skråsikkert fann han Silje og storkoste seg med leika.

Ekko og Selma
Så var det meg som skulle vere figurant på Pia og Selma. Først Pia. Silje trudde ikkje ho hadde gått spor utan godbitar, men det skulle ho no. Eg gjekk på kryss og tvers oppover ei fjellside. Silje syns det var litt mykje kryssing, men Pia var skråsikker. Og ho hadde jo rett. Fann meg fint.

Selma var det spennande med. Ho hadde aldri gått spor utan hjelpemiddel. Eg skulle gå eit kort for det var i varmaste laget for henne. Selma går seint, men er sikker. Og det var ho denne gongen òg. Der eg svingte ut av stien, svingte ho òg. Det einaste var at vi ikkje hadde tenkt på at ho aldri har opplevd at det er folk i enden av sporet. Ho stokk då ho såg meg :). Men var nøgd med godbitane.

Temperaturmålaren i bilen sa at det var 26 grader. Ikkje rart at hundane var varme.

Dette var kosetrening de lux.

Det tar på å spore! Foto: Silje Ellingsen

tirsdag 6. august 2013

Tre rare damer på asfalten

Vi gjev ikkje opp. Asfalten skal sigrast over.
Måndagskvelden var det lettare regn så Kari m/Nicole, Lise m/ Scott og Tammie og eg m/Ekko gøymte oss så godt vi kunne på ein parkeringsplass på Ullandhaug.

Her skulle det foregå ting og tang som vi var redde for ville kome i notatene om vår normalitet.

Lise var først ute (eg skuldar på ho). Då eg kom hadde ho alt hatt mjuk gange og lagt 2 spor til Scott og eit til Tammie.
Eg tok fram utstyret og gjorde meg klar.Halta bort til utgangspunktet og begynte å gå sporet. Her er resultatet:
Spor 1: Våt asfalt. Gått med sko med baconsåle og nylonstrømpe.
Baconet la god fert (og til tider synleg fert) i asfalten. Eg gjekk over to parkeringslommar.
Så var det Ekko. Litt meir fokusert denne gongen (det låg baconost i startgropa). Hadde nasen nedi mesteparten av parkeringslomme 1. Då premierte eg.

Spor 2: likt spor 1
På og av trur eg at eg skal kalle det. Han har betre fokus enn på sundag, men dett fort ut. Deler av sporet gjekk fint.

Spor 3: Våt asfalt. Same fertsmarkering som over. 1.parkeringslomme beint, 2. parkeringslomme skrått.
Denne gongen fulgte han sporet greit, men nasen er høgare enn eg vil ha han. Dette pirkearbeidet.

Sidan eg syns det var eit lite håp etter desse tre spora, stoppa eg der.
Etter litt prat gjekk vi tur saman med Kari og Nicole.

Tysdag morgon vakna eg av vekkeklokka, registrerte at det plaskregna før eg høyrte eit smell. Sekundet etterpå låg skuggen i senga. klistra inntil meg. Her var det ikkje snakk om å spørje om lov. I krig... osv.
Altså måtte alle rutiner snuast på. Det var frukost og jobbantrekk. Ingen vits med tur.
Ekko fekk bli med på jobb.
Generalmajoren tok for seg alle kontora for å sjekke at alle var på jobb og at det ikkje låg dyrebare saker lett tilgjengeleg for innbrotstjuvar.
For det meste sov han under skrivebordet, men han tok i mot gjester på finaste måten (ikkje hopping - dei ringte jo ikkje på). Ein av elevane fekk sin store siger for dagen då han turde klappe den store kalven. Kry som ein hane, ville han ha Ekko med ned til SFO for å vise dei andre (det går fort frå reddhare til kongen på haugen der i garden).

Det pinligaste var då han ville spele biljard midt under eit møte. At han skulle røpe oss så grundig....
Det nest pinligaste må vel vere då søppelet blei undersøkt og eg blei tatt i å ha søppel, avis, matpapir og yoghurtkartong i same dunk. Slikt går jo ikkje ann. Eg burde jo vite at vi har eigne dunkar for plastikk og papir.

I morgon satsar eg på solskin for ryktet mitt toler ikkje for mange pinlege avsløringar.

søndag 4. august 2013

Asfaltspor? Tullar du?

No er det august og tid for trening...

På måndag avtalte Silje, Lise og eg trening på laurdag. Spor av ulike slag. Laurdagen kom med styrtregn, torden og lyn. I staden for sportrening, trente Ekko på skuggeleiken. Målet var å gå tettast inntil matmor heile tida. Han blei ganske god.

Ny sporavtale kl 10 i dag. Området rundt OD.
Spor 1: Asfalt: Baconost under skoa. Og avstanden var like lang som det er mellom to lyktestolpar.
Ekko tenke jippi, vi skal ut og ha det gøy.
Ivrig bort til sporet. Snuste på starten og lurte etterpå om vi heller skulle hoppe på den murkolossen som stod der. Eller springe inn mellom nokre søyler lenger borte.
Eg prøvde å få fokuset hans ned på sporet, men det var totalt uinteressant. Viss eg absolutt skulle spore, kunne han visst godt gå med nasen nedi bakken litt lenger borte.

Gjekk rett over på spor 2.
Spor 2:  Asfalt. To karbonadebitar i starten. Resten baconost skrapt ned i asfalten med skoa. Like langt som spor 1.
Framleis like lukkeleg. Full fart mot sporet (og hekken i nærleiken). Åt dei to karbonadebitane. Snuste 30 cm fram,  svingte mot hekken og snuste full fart nedover den.

Altså to totalt mislukka asfaltspor. Ekko ser ut som om dette er heilt uinteressant.

Spor 3: Gras, grus, skogsbotn. Fleire kryssingar av ukjente folk og hundar (+kanin)
Dette sporet låg kanskje 30 minutt?. Starta på gras. Vips var sporhunden slik eg kjenner han. Nasen ned. Skjønte fort om han kom utanfor sporet. Retta seg opp. Kryssa grus fint. Blei litt forstyrra av ferske hundespor, men kom seg innpå igjen. Eit lite stykke der grus og gras var blanda. Gjekk fint. Så kom vi til ein grusveg. Her gjekk han automatisk i graset som var nærmast der eg hadde gått. Lot seg fort avlede av andre interessante lukter. Men ved påminning var han inne på sporet igjen. Visste akkurat kor eg hadde slutta å gå på grus og hamna i skogen. Her jobba han bra og fann slutten (tennisball).

Eg har tenkt litt på det lengste grusstrekket. Det kan vere at sekundærferten min låg i graset. Det begynte å blåse medan eg gjekk det.

Dette siste sporet var sånn vi-koser-oss-begge-spor. Eg ser at han godt kan arbeide meir med å vere nøye, men ser òg at han er påkobla om nasen er høgare enn eg vil ha den.

Området vi trente i i dag, blei fort fullt av menneskespor av ukjente. så der må vi kanskje starte tidlegare enn 10.

Eg må finne ein nøkkel til å gjere asfalten like interessant som skogen. Tenke.. tenke.

Vi prøver igjen på måndag.

torsdag 1. august 2013

Juli er annleis.

Før eg tok meg ein liten svipptur til Spania, trente vi på asfaltspor. På slutten såg det ut til at nøtta til Ekko kobla seg på.
Men så kom juli med ferie og det late liv. Eller kanskje heller, det alternative liv.

Dagen etter at eg var komen frå Spania og Ekko frå kennelen, var vi invitert på fjelltur. Det einaste eg visste var at eg skulle kjøre til Vatnamo. Der møtte eg turfølget + ein gjeng som skulle bli med til hestane på Øksnevad vidaregåande skole sitt sommarbeite. I det følget var det ein irsk ulvehund og ein spaniel.
Vel framme på sommarbeite dukka det opp tre hestar som fottøyet skulle sjekkast på. Fredelege hestar tykte Ekko så han brydde seg ikkje om dei.

Etter det sa vi farvel til dei andre hundane og folka. Ekko og eg vandra lukkeleg avgarde saman med drevne turfolk med gps og sans for stilause turar.

Det var høgt gras (eg tenkte på orm og hantikker..), klatring på bare fjellknausar (høyrte kor klørne blei slipte). Opp og ned. Målet var å finne den høgaste. Den med best utsyn over Jæren, heiene og havet.

Vi måtte klatre over ein gjerdeklyvar som absolutt ikkje var tenkt på for hundar. Trinna var laga av rettståande plankar (altså utan stor flate å trø på). Ekko var så ivrig og glad for at vi var på tur at han klatra opp.. og ramla ned på andre sida. Uups, tenkte eg. Koss gjekk det med hoftene? Men han rista det bare av seg og venta glad på oss andre.

Litt seinare måtte vi over eit gjerde utan klyvar. Vi tobeinte kunne greie det, men å løfte 55kg.. Heldigvis greidde vi å finne ein liten opning. Ekko begynte friskt, men trekte seg då han såg kor flat han måtte vere. Heldigvis er han glad i mat så han kom seg til slutt gjennom. Neste gong han skulle gjere det same, var det ikkje eit problem, la seg flat og kraup under.

Etter ei god stund møtte vi 4 islandshestar. Ekko begynte å bjeffe på dei. Han var tydeleg redd. Eg prøvde å roe han ned. Ei i turfølget er godt kjent med hest og opna porten. Ho rekna med at dei ville trekkje seg litt tilbake eller bare stå i ro. Men for første gong opplevde ho at hestane ville angripe hunden. Heldigvis var ho rask og klok. Tok Ekko frå meg og fekk han med opp på ein knaus. Eg var bare forfjamsa og halvredd heile dyra, men kom meg heldigvis opp i høgda eg òg. Vi gjekk vidare derifrå medan tredjemann gjekk på grusvegen.
Det viste seg at hestane fulgte etter på grusvegen. Då var det bare å finne ein kjepp og to gjekk mot hestane for å få dei til å gå bakover medan Ekko og eg sprang framover vegen. Heldigvis kom vi oss unna.

Etter mange oppturar og nedturar kom vi fram til den høgste toppen. Her var det vind og utsyn ove rminst 7 kyrkjesokn og sikkert til England (om ikkje jordkloden var rund).

Men så skulle vi ned. Det var bratt. vi kom halvveges, då sa Ekko stopp. Dette var for bratt. Så einige vi to er! Eg var ikkje høge i hatten der eg stod. Opp igjen med oss. Vi vandra vidare. Der såg vi eit vatn, men gjekk fjellkjeden rett i vatnet eller var det noko å gå på der nede. Til vår store glede var det lett å kome seg ned frå den sida vi no var på. Det var ein liten grunne vi kunne gå på slik at vi kom over på den sida vi ville. OG det beste av alt. Ekko kunne få bade!
Siste delen av turen var bare barnematen. Då vi kom til bilen, forlangte Ekko at eg opna slik at han fekk hoppe inni. Han skulle ikkje gå ein meter til!
Turleiaren sjekka GPSen sin og fortalte at vi hadde gått 7,5 km. Det meste i ulendt terreng utan stiar.

Vi trengte to dagars kvil etter det... Men då kom sola og austlendingane. Til Orrestranda med oss. Badeliv, tenkte Ekko. I tillegg var det ein del graving ned til kald sand før han kunne legge seg og nyte det vakre landskapet.

Alt er vakkert og kjekt på jærstrendene. Unntatt: all sanden vi får med oss heim. I sekken, i kleda, i pelsen, i skoa....

Veka etter var det sol og sommar. Vi var på Tau opptil fleire gonger. Kjempekjekt! Bading. Ungar som gadd å kaste ball i sjøen. Og symjing. Ekko og ungane dreiv på og dreiv på. Det var visst himmel på jord. Og at dei etter badelivet hadde lyst til å halde gøymeleiken med han, var toppen. Han var totalt utsliten då han kom heim.

Og torsdagen i same veka, hang halen. Vasshale. Til veterinær og i gang med litt medisin. Han kom seg fort.

Og endeleg fekk vi begynt  å spore igjen. Asfaltspor har vi ikkje gitt opp. Eller har ikkje eg gitt opp. Ekko og eg var ikkje på same trening i alle fall. Han var på her-var-det-mange-kjekke-folk-og-lukter-trening. Eg var på asfaltsportrening. Konklusjon etter 3 spor: Eg prøvde i alle fall. Ekko gjorde ikkje det ein gong. Han snuste kun i asfalten der det var rester av godbit. At han kunne snuse seg fram til ein ny rest, var bare tull. Mykje smartare å løfte nasen og ta overvêr.
Og konklusjon to: vi trener litt på grus og anna neste gong slik at hundane får litt glede tilbake. Så lurer vi dei over på asfalten igjen. Dei andre på treninga var: Lise med to ville flatar og Silje med dei to sære damene sine. ;).

I går hausta han to nye tennisballar. Han har skikkeleg teft. Hoppar inn i hekkar og kjem lukkeleg ut med ein ball. Eg er så glad for at han har slutta å samle på fotballar. Tennisballar tar ikkje så mykje plass på gangen, terrassen, stova, kjøkkenet. Men HMSansvarlege i heimen burde kanskje innføre oppryddingskrav overfor eigaren. Alle ballar som ikkje er i bruk, skal vere i kassen.... Dei er livsfarlege å snofle i.