lørdag 21. juni 2008

Å utnytte vinden

I dag var vi på Bore saman med Kari m/Figlia og Deah og Marit og Jan Inge m/Punky. Seinare kom Gro m/Maja òg. For 14. dagar sidan var vi her sist og då var det shorts og badevèr. No var det opphald og kraftig vind.
Denne vinden ville eg nytte meg av og fekk figurantane til å legge seg ut i terrenget. Avtalen var at dei skulle ha så stor avstand mellom seg at ikkje Ekko greidde å finne meir enn ein om gongen. Og alle skulle ligge slik at vi kunne utnytte vinden (dvs på høgre side av det som blei løypa mi). Dei skulle òg tenkje på kor dei gjekk slik at ikkje hunden kunne bruke spor.

Eg tok Ekko med meg og gjekk ein tur innover i den vesle skogen som er der. Tok av han båndet og begynte å gå. Først tok han ein kjapp lukkerunde (eller var det ein liten flying han prøvde på?) Tenkte eg skulle kalle han inn igjen for ny start. Heldigvis gjorde eg ikkje det for rett etterpå såg eg at hunden blei fokusert. Han stoppa opp eit sekund, så er det som kroppen eksploderer i fart. Ingen tvil at han var rett på Marit som låg eit godt stykke borte. Eg ut og sette han i band. Inn på linja igjen for vidare vandring. Slapp han sjølvsagt fri med ein gong vi var i gang igjen. Han såg Marit som kom i mot oss. Sprang mot henne, men ho sto heilt stille og då var ho ikkje interessant meir.
Nå gjekk han litt og snuste, småsprang litt og så reiser hovudet seg: fert av menneske. Rett ut og der fann han Kari. Den reaksjonen var omtrent perfekt. Deilig å sjå kor halen går medan godbit og kos blir levert.

På den siste verka det som om han fekk litt fert, han stod litt og snuste, men så forsvann det igjen. Han begynte å snuse i bakken og virre litt. Eg hadde oppdaga siste figurant og såg at vi var komne litt feil i forhold til vindretning. Fekk hunden med meg litt tilbake utan å gje signal om noko. Og der stoppar han. Hovudet opp og nasen vibrerar. Så fullt firsprang rett på Jan Inge.

Altså 3 kjempefine funn. Veldig kjekt å sjå når hundane arbeider fritt. Vi brukte same metode på alle hundane (unntatt Figlia. Ho fekk vanleg rundering). Dei gjorde like fine funn. Gro brukte kommandoen "pass på" mellom kvart funn. Ikkje dumt for då veit jo hunden at han ikkje er på tøysetur, men på jobb.

Siste del av treninga var bringkobbelmelding. Eg bestemte meg for å gå tilbake til første trinn, altså at eg sit med hunden og lausbittet og figurant er synleg. Figuranten har leike som skal friste. Etter reglane skal figurant vere 50 meter borte, men så nøye var ikkje vi.
Ekko set seg fint i utgangsstilling. Han tar i mot lausbittet og spring fint ut. På den siste sprang han heilt fram til figurant med lausbittet. Alle omgangane gjekk fint.

Vi prøvde òg at han skulle få lausbitt hjå figurant og springe til meg med det. Men det syntes ikkje Ekko var spennande i det heile. Då ville han gjere andre ting med lausbittet. Så det kutta vi ut denne gongen.

Eg må trene meir på meldinga og på avlevering av leike i sommar. Når han blir ivrig i leiken så sig "takk"for sakte inn. Den må endrast.

torsdag 19. juni 2008

Ei kjempefin treningsøkt i plaskregn

I dag var det bare å finne fram regntøyet for no hadde Vårherre bestemt seg for at det var på tide å vaske Rogaland. Men ka gjer vel det når vi har hundar å trene?

Marit og eg møttest på klubbplassen. Her skulle våre to retriverar få kjørt seg litt hadde vi tenkt. Utfordringane i dag var: Feltsøk, opp-plukk av gjenstandar, ID-spor og vi hadde tenkt trening på lausbitt. Men det kutta vi ut.

Feltsøk:
Her er både Ekko og eg noviser så dette var spennande. Vi tråkka opp området.
1. Eg henta Ekko og Marit gjekk ut og la frå seg ein gjenstand. Ekko var så ivrig at eg verken fekk tatt av han båndet eller noko før han var ute og henta gjenstanden. Han kom inn med den, men ikkje i reserfart.
2. Neste var lik, men no skulle han sjå på meg før han fekk springe ut. Det tok litt tid for Marit var kjempespennande å sjå på. Sprang fint ut og fann gjenstanden. Kjem ikkje heilt inn.
3. Marit gøymer gjenstanden bak eit tre. Ekko treng kortare tid før han tek kontakt med meg og får kommandoen: "felt". Direkte til funn. Veldig bra.

Andre økt:
4. Ein lik dei vi hadde før pausen. Gjekk veldig fint.
5 og 6. No er gjenstandane gøymt i høgt gras. Han blir sendt ut. Og gjer fort funn. Kjempebra.

Opp-plukk undervegs på tur.
Marit gjekk i den delen av tomta som har høgt gras og er uoversiktleg. Her la ho ut 4 gjenstandar. Så kom Ekko og eg. Han gjekk fritt saman med oss inn i terrenget. Og det tok ikkje lang tid før han har ferten av noko. Funn! Han greier alle 4, men oppdagar den 4. før han har levert inn den 3. Dermed slepp han den tredje gjenstanden for å ta med seg den fjerde.

Eg likte det eg såg av arbeidsinnsatsen hans på begge desse oppgåvene. Der vi har ein liten jobb å gjere før vi går vidare, er levering av gjenstand. Målet er fart inn og avlevering ved beina eller i handa. Eg såg han kom fortare inn då eg hadde leike, men han hadde litt for mykje lyst til å sleppe for å springe inn for å leike. Punky hadde flott fart inn. Noko slikt må kjekkasen min òg klare. Og så må eg samle på ulike kjedeleg gjenstandar i bilen slik at eg har. Ikkje fullt så lett å springe inn med leika si....

Siste økt var ID-spor.
Nå begynte vi å bli ganske våte, men både Marit og eg var gira for det var så kjekt å trene. Utfordringen når vi lagar spor, er å hugse. Ikkje lett å vere tobeint og ha dårleg luktesans. Marit skulle gå tre spor for meg og då må ho altså hugse kor ho har tenkt å ha funnstadane (dvs kor ho skal ligge) og korleis ho skal kome ut utan å øydelegge spora. Eg hadde same utfordringen då eg skulle vere figurant for Punky. Det er rart at det skal vere så vanskeleg. Vi legg merke til og syns alt er så klart og så endrar skogen seg i mellomtida... Men vi greidde oss ganske bra og fann postane våre. Eg var det sporet som skulle forvirre i starten då Ekko gjekk og Marit det same med Punky.

1.spor:
Ved sporstart låg ein votte som tilhøyrte Marit. Ekko skjønte teikninga straks. Gjekk med nasen ned og rett i sporet. Ei lita stund rota han litt, det viste seg å vere akkurat der Marit hadde gått litt att og fram for å finne plassen sin. Ekko fann ut av det og var kjapt på sporet igjen. Eit flott spor der han ikkje brukte overvèret, kun nasen.
2.spor:
Nå hadde eg votten i lommen, men han visste tydeleg kven si lukt han skulle bry seg om. Hadde eg ikkje hatt vit nok til å stole på hunden så hadde eg sagt at løypa var annleis, men han gjekk rett på funn. Nasen i bakken denne gongen òg.
3.spor:
Her begynte han å bli trøytt, men var samstundes gira. Eg såg fort at han var på veg ut i mitt spor. Fekk han tilbake og slengte votten i bakken (hadde gløymt det). Eit sekund etterpå var han kobla på og gjekk direkte på Marit.

Tre kjempefine ID-spor. Han går i passe tempo, det vil seie eg følgjer han greit. Det beste var at han ikkje fekk bruke overvèret denne gongen, men fekk vist at han kunne med nasen òg.

Etter at Punky hadde gått sine ID-spor, var vi einige om at no var vi slitne alle så det var på tide å reise heim og tørke oss. Ekko og eg hadde ei lita økt med leik før heimturen. Vel heime var det bare å vri av seg. Fy så våt eg var i beina. Men så kjekt det var å trene.

Eit lite PS: Ekko holdt fast metallapporten for første gong i går!

onsdag 18. juni 2008

Spor og innkalling

Her skal det trenast før sommarferien tek oss!

I dag trente vi spor og innkalling saman med Kari/Deah og Figlia, Marit/Punky, Torhild/Era og Kari/Evita.

Målet for dagen var å gå eit spor, feltsøk og opp-plukk av gjenstandar lagt ut i terrenget. Dei andre hadde tenkt seg ei økt med innkalling og det var ikkje meg i mot. Feltsøk blei det ikkje tid til (det er utsett til torsdag).













Innkallinga gjekk strålande. Oppgåva var å gå laus i skogen. Mellom trea dukka Marit, Torhild, Kari og Kari opp springande, gåande, og lokkande. Og så var det for meg å kalle han inn. Eg prøvde både straks han begynte å springe mot ein av dei og då han var kome nære figuranten. Han snudde 180 grader straks kommandoen kom. Dei mest effektive innkallingane, var dei med drakamp. På den siste fekk han lov til å springe ut igjen til figurant etter at han var komen inn til meg, hadde hatt augekontakt med meg og fått "versegod". Det var smart. Takk til Marit for tipset. Skal bruke det meir. Ekko blei trøytt. Det var nok ganske intenst å vere så på hogget heile tida. Nå er det bare å krysse fingrane for at det etterkvart har overføringsverdi i det "verkelege" livet.


















Etter denne økta og litt pause, var sporet 1 time gamalt. Fram med langlina. sporet låg på skogsbotn, var utan godbitar, kun fotspora mine. Ekko var fort inne på sporet. Eg blei litt forvirra (hadde gått i nærleiken då eg gjekk tilbake etter å ha lagt sporet - fy meg-) og fekk han tilbake til startpunktet. Men han ville same veg (og sjølvsagt hadde han rett). Han holdt eit fint driv, tok svingane fint. På slutten auka farten og han hadde eit par svingar eg ikkje hugsa så då trur eg det var litt vindretning og overvèr som slo inn. Boksen med godbitane var visst heilt topp!

Så ka lærte så eg av dette? Jo, at eg skal vere endå nøyare enn i dag med å markere løypa. Kanskje òg skifte farge på markeringstråden (alt for mange raude der frå før). Vere meir medviten kor eg vil at sporet skal ende. I dag måtte eg vel nærme oppstart for å kome meg ut. Dette må vi gjere oftare. Er jo ei grei trening når vi er aleine òg dette.

Etter planen skulle vi ha opp-plukk av gjenstandar under fritt søk. Eg har aldri vore med på det så Marit og Punky starta opp. Marit gjekk ut og la eit par gjenstandar på høgre side av vegen. Vindretningen var slik at Punky ville få ferten av gjenstandane frå den sida. Vi skulle bare gå tur innover vegen med Punky laus. Men på desse kantar kjem jo brått vinden frå ein annan kant og den tar til og med pause... Så Punky fekk ei vanskeleg oppgåve. Det var ingen vind som hjelpte henne. Ho fann begge etter litt om og men. Då bestemte Torhild og eg at det ikkje var noko poeng å la Ekko og Era få sitt første forsøk akkurat i dag. Så vi sa oss nøgde med innsatsen for i dag.

I ettermiddag kom det ei kraftig regnbyge då Ekko og eg var ute på tur. Det er så lenge sidan Ekko har kjent slikt at han likte det ikkje og syns vi kunne gå heim og kose oss med eit håndklede i staden.

Og Ekko gjekk fortare inn i bilen i dag.............

Modellane i dag er Evita og Punky.

tirsdag 17. juni 2008

Fellesdekk, kryp, frivillig sitt og biltrening

Så var det måndag igjen og radioen meldte at det blei siste solskinsdag på ei stund. Då var det bare å ta på seg og kome seg ut.

Sidan vi skulle trene på kvelden, tenkte eg at ein rask tur i skogen var tingen. Vi hadde ikkje gått langt før det kom ein ungeflokk mot oss. Bare dei ikkje spring rett på oss, tenkte eg. Halen til Ekko går, og han tripper når han ser ungar. Brått seier ein av ungane: "Det er jo Ekko". Eg kjente ikkje ungen, men det viste seg at det var dei eldste ungane i nabobarnehagen som var ute på tur. Dei var veldig flinke. Kom roleg mot han, såg og snakka til han.

I skogen trente vi på "gå bak". Ekko er blitt flink, han til og med stilte seg klar til å gå bak eit par gonger. Som før skrive, eg syns det er ein nyttig kommando å lære hunden.

På heimvegen oppdaga han ein ny barnehage. Gjett om halen gjekk?! Det einaste var at vi kom på baksida og han høyrte bare lyden av ungane. Då ein unge omsider dukka opp, blei han så glad at han måtte bjeffe. Akkurat det må eg prøve å stoppe. Vil jo helst ikkje at dei skal bli møtt slik. Men den ungen var kjempegrei. Ho spurte om ho kunne klappe ha. Vi ned til gjerdet og ho inn mellom buskar for å få det til. Ho klødde han på øyra og fekk gje han fiskepudding frå flat hand. Slike ting skulle eg gjort mykje meir av då han var liten.


På kvelden var det tid for trening igjen. Vi starta som vanleg med litt hundeprat. I dag samla vi oss rundt sjokoladeposen. Vi måtte jo markere at det er den siste måndagen før feriane set i gang. Ikkje det at det ikkje blir trening i sommar, men...

Vi starta med fellesdekk. Eg gjekk ikkje langt frå Ekko, trente mest på dekk og sitt. Vi slit med at han legg seg skeivt. Vil liksom i ein halvmåne rundt meg. Må finne ei løysing på det. Når han skal sitje opp, har han framleis tendens til å sprette tilsides. Tok difor mest trening på å bare ta dei to kommandoane. Eg sette foten fram på dekk slik at han blei pressa til å legge seg beint. Dei sitt-oppane han hadde då, var kjempefine. Må arbeide vidare med det.

Så var det å få meir fart på frivillig sitt. Det blei det. Han tilbaud ikkje mange andre ting mellom kvart sitt og han sette seg fortare og fortare mellom kvar gong eg kasta godbiten slik at han måtte reise seg. Men reserfort.... nei. Må passe meg og stoppe før han kjeder seg.
Kryp gjekk bra. Spesielt då leverposteituba dukka opp. Då blei han så kjapp at eg ikkje rakk å skjule den mellom kvart kryp så han toucha nesten den i staden for fingen. Han har eit lite løft på bakenden når han skal få beina fram igjen etter at dei er strekt ut bak. Eg veit ikkje kor høgt løft dei har lov til å ha. Noen som kan gje meg eit tips?

Vi tok òg ein kort runde med touch på ulike gjenstandar. Mest for at Ekko skulle få halde på med noko det var meir fart i.

I ein periode mista han heilt fokus. Det var då Faya fekk bruke eit pipedyr som doggie zen. Då måtte eg ta ut ballen, men det hjelpte bare litt. "På plass" blei heile tida i den retninga der han kunne sjå Faya (same ka retning eg stod i). Eit godt døme på at kommandoen ikkje er heilt under stimuluskontroll...?

På slutten av kvelden trente vi vel nesten ein time på å gå inn og ut av bilen. Eg sat på kanten og Ekko tok alle variantar av å vere halvveges inni bilen, heilt inne og til og med la hna seg ned i buret ein gong. Det gjekk vel nærmare ei tube leverpostei, fantastiske kyllinggodbitar frå Silje og ein del kos av Torhild, Anne Lise og Silje som var så kjempegreie at dei stilte seg ved bilen og prata lenge. Det gjorde meg avslappa og Ekko trygg på at her var det ingen som hadde tenkt å kaste han inn i bilen. Takk skal de ha. Han hoppa faktisk frivillig inn i bilen etter ein kjapp tissetur etter treningsøkta. Så få vi sjå kor flink eg er til å fortsetje arbeidet.


Modellane i dette innlegget er Scotty, Pia, Faya og Era.

Til slutt måtte eg bare ha med Era. Sånn er det å vente i bilen. Bare så vi veit det.

Hund på resept

Først blei eg sur då eg såg overskrifta på framsida av Aftenbladet. "Nå byrjar dei igjen. Folk skal ikkje få lov til å ha hund bare for gleda lenge. Kor lang skal dei gå i dette hundefiendlege samfunnet?" Slik hissa eg meg opp på veg inn etter å ha henta avisa i går.

Men så fekk eg nå roa meg, funne kaffikoppen og var klar for lesing. Og gjett om det blei opptur? Her er artikkelen for dei som ikkje las avisa i går.

søndag 15. juni 2008

Ei travel helg

Vi har hatt 3.samling på instruktørkurset til Siddis hundeskole. Veldig spennande og veldig travelt. Denne gongen skulle vi i tillegg til å bli mata med teori av Arne, sjølv vere i ilden. Alle skulle holde foredrag for ei gruppe og alle skulle undervise ei gruppe. Det krevde jo ein del forarbeid før vi kom kursdagen kan ein seie....

På laurdagen skulle vi trene ein annan hund. John og eg kom på gruppe, altså trente eg Trofast. Oppgåva var å få til sitt og kontakt. Det var veldig kjekt å trene ein annan hund for då må eg tenkje annleis enn med Ekko. Trofast er ikkje så lett å få fokus på som Ekko er, så eg var veldig spent. Men det gjekk strålande. Vi fekk til oppgåva vår med glans.

Vår eiga praksis heimelekse var mellom anna kryp. Ekko var ikkje spesielt dyktig på det på asfalten på laurdag, men hadde betre tendensar då eg forflytta meg ut på graset. Arne tipsa om at eg måtte ta vekk targeten(fingen) kvar gong han reiste seg slik at han måtte legge seg for å kunne touche den.

Så var det sundagen og fokuset på instruktøren Aud Venke. Gruppa mi, Marit Kristin, Ingve, Christin og meg, starta med praktisk oppgåve. Eg skulle instruere dei i stå som ein del av grunnferdigheitane. Ganske vanskeleg å ikkje tenkje på at her er det folk om kan dette betre enn meg ( og Arne står som sensor i bakgrunnen). Innleiinga gjekk bra, det vanskelege var å gå rundt og rettleie. Men med Arne over skuldra med konstruktive kommentarar og positive tilbakemeldingar frå kursdeltakarane mine syns eg at eg fekk ei god og positiv læringskurve.
Marit Kristin hadde fokus, Ingve sitt og Christin target på musematte. Det siste var det mest utfordrande for meg. Eg fekk skikkeleg trent på at Ekko ikkje skulle bite i musematta, men bare ha snuten borti. Fekk rådet frå Christin om å halde matta litt høgare og prøve å vere RASK med klikket, altså før munnen kom... Ikkje lett det.

Forresten så fekk eg ei tilbakemeldng frå Arne om at Ekko hadde treige sit. (Det var utanom sjølve læringane). Og det har han rett i. Hunden burde jo vere kjapp til å skjøne at det er sit eg vil ha, når det er det eg premierar. Men Ekko sjekka ut stå og rygging kvar gong før det kom eit sit. Må jobbe med farten der for slike kommentarar vil eg jo ikkje ha ;-).

Siste del av dagen skulle gruppa mi ha teoriundervisning for kvarandre. Eg skulle forklare for dei andre kva habituering er. Fin måte å lære det sjøl, for her måtte eg lese og tenkje for å finne knaggar det skulle henge på for meg. Litt enkelt sagt er det habituering vi arbeider med når vi miljøtrener hunden.
Det gode med denne økta var at vi fekk repetert dei vanskelege orda Arne hadde brukt på første kurshelg. (Vanskelege ord for meg for eg har ingen knaggar til å henge dei på). Så no kan eg litt meir om sensitivisering, operant læring og ekstinksjon.

Ekko var forresten meir villig til å bli trent av andre denne gongen.

Ekko og eg avslutta kurshelga med å trene på å gå inn i bilen. Det tok si tid kan ein seie.... Først hovudet inn, så frambeina, så alt og fort ut igjen, så alt ståande i døropninga, så sitjande i døropninga.... og kom eg borti døra, var det full fart ut igjen. Langt omlenge la han seg. Og då gjekk døra igjen. Litt dumt kanskje, men eg var lei. Då vi kom heim ville Ekko fortsetje leiken med inn og ut av bilen, men ikkje eg. Burde sikkert tatt teikninga, men orka ikkje. Vi får fortsetje i morgon.

fredag 13. juni 2008

Topp 10 om ekte hundar

Eg les "Kulturkollisjonen mellom hund og menneske" og blei hekta omtrent frå første side. Og når eg blir hekta, kan eg jo ikkje teie stilt. Altså blir det sitat og kommentarar her i bloggen i ein periode framover.

Jean Donaldson, forfattaren av boka, startar med å undre seg over all kunnskapen der fins om hund og måten hunden lærer på, og kor lite av det som blir brukt. Vi bruker teoriar som aldri har vore riktige og som forskarar for lengst har avskrive. Til dømes trua på at hunden gjer det for deg og at du må vise tydeleg leiarskap. Forskning viser at hunden er ein reinspikka egoist, den gjer det som er nyttig/smart for den. Og eg som trudde eg hadde den "engelen" i heimen...

Her er topp 10 om det vi VEIT om ekte hundar (direkte sitat frå boka):
  1. Alt er bare tyggeleker for dem (de mangler forståelse for gjenstander)
  2. Umoralsk (det finnes ikke rett eller galt, bare trygt eller farlig)
  3. Egennyttige (intet ønske om å glede)
  4. Valnøtthjerner (dvs hjerner, små av størrelse og mindre kompliserte i oppbygning, som lærer gjennom operant og klassisk betinging
  5. Rovdyr (søk, jag, bit, riv i stykker og tygg er atferder som er genetisk betinget)
  6. Meget sosiale (knytter seg lett til andre og takler isolasjon dårlig)
  7. Avgrenset sosialiseringsperiode (slåss eller rømmer når de blir utsatt for sosial stimulus i en kategori de ikke har blitt sosialisert overfor)
  8. Opportunistiske åtselsdyr (om det er spisbart og innen rekkevidde må det spises NÅ)
  9. Løser konflikter gjennom ritualisert aggresjon (skriver aldri brev til redaktøren, saksøker aldri)
  10. Har et meget godt utviklet lukteorgan.

Så dyret som ligg på golvet ved føtene mine, planlegg ingen heltedåd. Den bare er eigennyttig - den søv. Og ikkje er den oppteken av om eg er leiar eller ei, heller. Ja, ja, men eg regjerer i alle fall over den gode maten ;-). Noe må eg jo ha.

onsdag 11. juni 2008

Ein opptur!... og ein nedtur

Sidan eg har vore frustrert over utfallet til Ekko på måndag, og vi ikkje fekk trent på møte med andre hundar, må eg ta med dagens opptur.

Vi var ute og gjekk i nabolaget. Her er det jo fullt av hundar så eg hadde med kalkunkarbonadar i tillegg til vanlege godbitar. Vi hadde ikkje gått mange metrane før eg såg ein hund som kom i mot oss. Den var i fleksiline og då seier erfaring meg at det er best å ha god avstand. Vi gjekk ut på ei mark før Ekko oppdaga hunden. Kroppen blei stiv og halen høg. Oppgåva mi var å halde bandet slakt samstundes som eg er parat til å ta det når han ruser ut. Eg serverte Ekko karbonadebitar medan han såg hunden. Han åt og ingen lyd. Og ikkje eit einaste rykk i bandet. Avstanden var tydeleg viktig for den andre hunden fekk gå mykje av lina ut. Men Ekko hadde nokre meter for det så det gjekk fint. Det tok ikkje lange stunda før han heller snudde seg mot meg for å bli servert. Vi kunne fort gå roleg vidare.

Vi møtte òg hundar som gneldra bak hagegjerda sine. Då kjem det ein liten lyd frå Ekko og han ser på meg. Ein godbit og alt er OK. Det einaste rykket i bandet eg fekk på turen, var eit utfall mot ein katt...

Brått ser eg at Ekko har fått stirra utan at eg ser kva det er. Men så oppdagar eg òg ein av dei lause hundane i området (har framleis til gode å sjå eigaren..). Eg gjer som i forrige runde: Gjev godbit og snakkar roleg med Ekko. Avstanden er stor. Den andre hunden forsvinn og vi fortset på turen vår. Vi møter ein syklist, nokre ungar og ut av ingenting står brått laushunden rett framfor oss. Kva gjer eg no? Dei er for nære kvarandre til at eg kan begynne å mate Ekko. Snusinga begynner med ein gong. På Ekko er halen høg og han trippar. På den andre har busta reist seg litt. Eg vel å slakke bandet til Ekko og skryte roleg av han medan den andre snuser på han og dei begge begynner å gå rundt kvarandre. Så spring den andre, som er ein hannhund, for å markere i nærleiken og Ekko får MANGE godbitar. Den andre kjem nære igjen, men denne gongen bare for å gå forbi. Ekko landar veldig fort og vi kan gå roleg vidare. Eg er heilt i hundre og trur vi kan møte ka som helst resten av turen :-).

Vi ser ein rottweiler rett etterpå, men er på god avstand og så er det ein katt på endå lengre avstand som er meir interessant, syns Ekko. Han blei litt forvirra på kven han skulle satse på, men bestemte seg for å stirre katten i senk.

Heilt på slutten av turen, møte vi ein redd liten hund. Dei stoppa på god avstand då dei såg oss. Vi gjorde vårt rituale (sjå på hund, få godbit) og Ekko gjekk roleg vidare med meg.

Fleire sånne oppturar takk!

-----
Og kor lenge var Eva i Paradis?
Eg hadde ikkje meir enn skrive dette før nedturen kom. Vi skulle bare ut ein liten tur. Rekk så vidt ut døra og får tenkt at nå må naboen snart klippe hekken for vi ser ingenting, før Ekko fauk ut. Ut av hekken kom ei eldre dame med ein liten dusk. Fullt utfall og den andre ikkje verre enn at den bjeffer i veg. Eg treng to-tre meter før eg får stoppa Ekko. Dama ser heller forvirra ut og eg får mumla beklager før det går opp for henne at det kanskje er smart å gå vidare. Søren og! Ikkje var eg klar med godbitar, ikkje var eg sekundet før Ekko, ikkje var eg noko. Men til trøyst: han fekk ikkje gjort den andre noko. Men dette skulle vi ikkje hatt i dag.

tirsdag 10. juni 2008

Skogstur

Overgangane er brå. Frå steikande sol og helst for varmt for hundane, til kuling og regn. Det gode med det, er jo at dette er perfekt vér for ein skikkeleg tur for både tobeinte og firbeinte. Fram med regntøy og gode sko, no skulle vi ut og gå i godt tempo.

Hovudmål for turen var at alle møter med andre hundar skulle trenast etter tipsa frå foredraga til Sdao (eg har jo kun lese bloggar så her bruker eg det eg oppfattar). Vanlege godbitar i ein lomme og resergode i den andre lommen.
Mindre mål var å jobbe vidare med "gå bak", halde tempo og kunne småjogge ved sida av meg utan å begynne med leik.

Tempoet på turen kan eg ikkje klage på. Ekko tok fort teikninga med at dette ikkje var snuse- og vimsetur, men trimtur. Ikkje det at vi bare gjekk fort, han fekk snuse òg i blant.
Småjogging gjekk òg fint. Han har ein uvane (som eg i leik lærte han som kvelp) med å biteleike i bandet når vi spring. I de siste har han fort oppfatta ein liten lyd eg lagar når han skal til å begynne. Då er han kjapp til å fokusere framover og bli med på jogginga.
"Gå bak" er kjempesmart å lære hunden, syns eg. Eg har stor nytte av det når vi går på ein smal sti og eg vil møte utfordringane først. Eller når vi går nedover fjellsider, lier, bratte bakkar ol. Då er det eg som bestemmer tempoet og han går bak meg. I desse tider når båndtvangen er (stortsett) overalt, kan det ver nyttig at eg ikkje heng som eit fortvila slips bak han nedover fjellsidene.... I dag opplevde eg at Ekko to gonger bestemte seg for å gå bak sjølv. Eg legg kommando på omtrent med det same han frivillig er bak. Reknar ikkje med at han kan den enno, men gjentek kommandoen og serverer godbiten bak ryggen min.

Eit mål eg ikkje tenkte på då turen starta var kontakt når hunden er laus. Ekko fekk gå laus 1/3 av turen. Eg hadde same tempo som tidlegare og var dermed heile tida i fart framover. Han sprang rundt og snuste, men det var tydeleg at han sjekka kor eg var for han var i nærleiken og bortom meg ofte. Nå trefte vi ingen hundar her så eg lurer jo på om han ville hatt like god kontroll på kor eg var viss det var hundar å leike med rundt han.

Så var det hovudmålet for turen. Tja det blei det heller skralt med. Vi trefte 3-4 hundar, men dei var på så stor avstand at det var enkelt å premiere Ekko. Men jo ei trening for meg. Eg gjorde ingenting før Ekko stoppa opp og såg på den andre hunden. Då gav eg han dei ekstra gode godbitane. Han var då kjapp til å vende seg mot meg for kontakt. Det er han jo trent på så hunden var ikkje farlegare enn det. Eg får arbeide vidare med det målet framover.

Gå inn i bilen

I går skulle vi endelg på trening igjen. Veret hadde snudd så det var kaldare i lufta og då tenkte eg jo at det ville vere eit kjempegodt treningsver. Men eg gløymte å ta meg med i det rekneskapet. Formen min har vore dårleg i det siste og i går hadde eg bare ikkje lyst til noko. Men litt fekk han i alle fall trent seg på.
Fellesdekken gjekk fint. Eg trør eit skritt fram med venstre fot for å få beint nedslag når han skal dekke. Han set seg opp fint. Brukte kun frambeina fleire gonger. Trur treninga med kjappe sitt-dekk-sitt er med og hjelper.

Elisabeth tok ut Chico og eg trente Ekko på god avstand, men brått heiv Ekko seg frampå (eg fekk brennemerke i hendene sidan eg ikkje hadde godt nok tak i bandet). Han fekk ikkje gjort noko og landa fort igjen, men eg blir utkjørt av det kjenner eg. Blir sur og har ikkje lyst til å trene meir. Men vi gjorde no litt til.

Bakpartskontrollen gjekk sånn passe.

Kryp gjekk veldig bra. Det kan ikkje vere enkelt å krype på asfalt, men han gjorde gode forsøk. Det blir eit lite hopp for å få med bakbeina. Lurer på kor lite det bør vere?
Oppdaga forresten tidlegare på dagen at han hadde kobla det at eg sat på huk med å krype, for då eg skulle vere effektiv med kjappe sitt og dekk, sette eg meg på huk. Sjølv om Ekko då hadde tatt mange sitt og dekk, gjekk han fort over til å begynne å krype mot meg. Det var det der med å lære dei koblingen mellom ord og kropp....

Resten av kvelden trente eg på å gå inn i bilen. Eg sette meg i ein stol ved sida av bilen. Kasta godbitar inn i bilen. Ekko hoppa inn og fort ut igjen. Dvs han begynte med bare å ta hovudet inn, så framlabbane, så heile seg. Etter ein del inn og ut, blei han ståande i bilen, så sette han seg og til slutt la han seg. Men alt på den vesle plassen utanfor buret.
Då eg skulle kjøre bil igjen i dag, var han like vanskeleg i garasjen som før. Men no i kveld var han mykje enklare å lokke inn. Kan det vere dei gode kalkunkarbonadane?

Hund og allergi.

Her til lands er vi jo så opptatt av allergi og alt ungar kan få allergi av. I ein del andre land bruker dei teppe på skolane, det er dyr i romma osv - og dei forstår ikkje våre spørsmål om det ikkje er eit problem for allergikarane.... Kanskje er vi komne lengre enn dei, eller har vi med livsformen vår skapt allergiar?
Her er i alle fall ei forskning som er til glede for familiar med både barn og hund. Universitetet i Umeå har forska og funne ut at hund førebyggjer pollenallergi i 4 årsalderen. Les artikkelen her.

søndag 8. juni 2008

Eg er glad Canis ikkje kjem kvar veke.

Kvar gong bladet kjem, blir eg inspirert til å trene på noko nytt. Og når ein ikkje driv med hundetrening på full tid, kan ein jo bli ganske frustrert over alt ein skulle ha gjort og kor lite ein fekk gjort.

Eg har ikkje lese heile bladet enno, men har stoppa opp ved den første artikkelen. "Trening med forstyrrelser". Morten Egtvedt stiller spørsmål ved om det er forstyrringane som er problemet. Vi burde heller flytte fokus over på det å få flyt på så mange åtferder som mogleg. Har hunden fått flyt på dei i rolege omgjevnader, vil han lettare automatisere dei i nye omgjevnader. Altså kan vi trene mykje heime samstundes som vi miljøtrener hunden utan å tenkje på øvingane. Og bruk gjerne andre til å trene inn forstyrringar.

Nå er jo Ekko ganske flink til å fokusere sjølv på nye plassar, så det var ikkje den delen som opptok meg mest, men alt han skriv om flyt. Her ser eg at vi kan ta mange økter på stovegolvet framover. Kor mange ferdigheiter har Ekko på flytnivå? Definisjonen til Morten er: åtferda er ikkje innlært grundig nok før du har nådd eit ambisiøst flytmål. Td 20 ligg på 60 sekund. Greier eg bare 5-6 repetisjonar på eit minutt, eller hunden er avhengig av lokking i større eller mindre grad eller manglar flyt på andre måtar så kan han ikkje øvinga flytande.
Gjett om Ekko har pest i dag? Eg tok ikkje tida, men det blei mange sitt på kort tid i alle fall. Det var ingen vits i å prøve på dei andre øvingane for der er det ikkje flyt. Men no er eg altså på nytt minna om kor dumt det er å slurve og kor smart det er å bruke tid på dei enkelte grunnferdigheitene. Vårt problem er at altfor mykje skal innom den vesle hjernen til Ekko. Det er som om han må tenkje gjennom ka eg sa før han gjennomfører det. Og poenget er jo å få det som ein refleks.

Kvifor er det så viktig?
  • Er åtferda flytande blir den lettare generalisert i nye situasjonar.
  • Åtferda er lettare å hugse sjølv om det er ei stund sidan vi trente på den (hugs hjernen deira er ikkje så stor)
  • Åtferda krev mindre energi å utføre, både fysisk og mentalt
  • Åtferda er lettare å kombinere med andre åtferder
  • Åtferda er meir motstandsdyktig mot fråver av forsterking.

Måtte jo tenkje på kor flink Ekko er heime til å legge seg i ro og la oss spise i fred og kor vanskeleg det var då vi grilla og folk sat rundt på bakken og åt. Kan vel seie at han greidde det halvveges. Må nok trene endå meir på å ikkje forstyrre eit måltid (og trene dei tobeinte på å ikkje servere undervegs..) Det er jo eigentleg trening av bli liggande over lengre tid utan godbit før det er over.

No er det altså fram med grunnferdigheitsskjemaet og skrive ned kor mange repetisjonar pr minutt Ekko greier på kvar åtferd. Og då skal eg vere nøye med ikkje å bruke hjelp i det heile ( ekstrakommando, lokking...). Det er kun korrekt utførte åtferder som skal teljast. Kan bli ineressant det.

Eg har begynt å forstå at det nærmar seg ny kurshelg...

.. og med den mange oppgåver som skal løysast. Nå har eg laga ein teoretisk plan for gjennomføring av kurskveld der deltakarane skal lære grunnferdigheita STÅ. Så er det om teori og praksis kan koblast når eg skal teste det ut på "kursdeltakarane" mine i helga. Nå har eg "bare" igjen eit foredrag på 15min. om habituering (viss du lurer på ka det er, så kan eg kanskje hjelpe etter helga :-)) og få grunnferdigheitene bakpartskontroll, utgangsstilling og kryp i boks, så er eg klar for ny kurshelg.......................... (hjelp). Kanskje det er positivt at det er litt kaldare i lufta no?

lørdag 7. juni 2008

Rundere i varme - då er det betre med bad...

I dag skulle vi endeleg rundere igjen. Trur nesten det er to månader sidan sist. Til Bore med oss. Eg sette meg fast i sanden, men fekk heldigvis hjelp av ein sterk ung mann. Det var Marit og Jan Inge med Punky og Ekko og meg i dag.

Første økt var enkel flying. Ekko sprang direkte ut når vindretningen var til hjelp. Men han tok spor den andre vegen. Han starta med god fart, men på den sida der han ikkje hadde vinden til hjelp blei han fort usikker. Stoppa han etter 5 slag.

Andre økt var med lausbitt. Her var begge figurantane synlege. Dei sat med lausbittet i handa. Eg sendte Ekko ut på enkeltslag. Han plukka fint opp bittet, men kan springe fortare inn. Går roleg inn på plass og i 2 av 3 gonger venta han med å spytte ut lausbittet til eg sa takk. Sat til eg hadde tatt på han bandet og bede han "vise mann". Då kom farten. Han sprang til figurant for å få godbit. Eg kan skulde på varmen, men eg er ikkje sikker på om det var den heller. Trur eg kanskje skal gå litt tilbake og premiere stort når han kjem inn med bittet. Eg vil ikkje miste farten der. Men eg er jo glad for at han greier heile prosessen.

Dette blei òg ei kort økt på grunn av varmen.

I kveld har vi vore ved Åsvatnet og grilla. Det var kjekt både for tobeinte og firbeinte. Vi var saman med Alpha og hundane storkoste seg både på land og i vatn.












Eg har blitt inspirert av bloggane til Morten og Fanny om motbetinging og har no bestilt DVD til Kathy Sdao (Cujo meets Pavlov). Diverre var den ikkje på lager så eg må vente. Men den som ventar på noko godt.... I alle fall verkar det spennande det dei skreiv om i bloggane sine.

torsdag 5. juni 2008

Det er så varmt, så varmt - då er det godt med hundeis

I desse dagar er det ikkje lett å gå tur eller trene hund på dagtid. Ekko pesar bare vi går ein liten luftetur. Men vi har ordna oss med is for hundar! Det var suksess det.
Her er oppskrifta:
Finn fram yoghurt-boksar eller andre små, kjekke boksar (eg brukte plastglass då eg ikkje fann noko i farten).
Oppi desse legg du fòrkuler/ kjøtbitar/pølsebitar... alt etter ka du trur hunden har lyst på.
Tøm på vatn og set det i frysa.
Ekko storkoste seg med fòrkuleisen sin. Det er ingen vits i å fylle opp alt med godbitar, det skal trass alt vere for tørsten òg dette.


Ellers har vi mest vore i ro. Vi har trent litt på kryp og sitt på avstand. Det var akkurat som om hunden vakna til liv om kvelden og blei treningssugen.

Ein kveld drog vi til sjøen for å bade. Det var ei underhaldande oppleving. Eg er van med at vi må kaste noko for å få Ekko uti. Jo, eg gjorde det denne gongen òg, men no kom retrivergleda over vatn fram. Han trengte ikkje fleire grunnar for å gå ut i. Han symde avgarde, kom innom oss og måtte uti på nytt. Tydeleg at dette var fantastisk godt. Etter fleire symjeturar fekk ha så mykje energi at han sprang som ein villmann rundt og rundt. Vill i blikket og full av glede. Han kom på innkalling, men straks eg slapp han måte han ta eit par rundar til. Og så ut i havet igjen. Oppdaga heldigvis eit par kajakkpadlarar som var vel nære land, så eg fekk hanka han inn. Dei var jo kjempespennande. Ser for meg overskrifta: Kajakkpadlarar angrepne av hund!

Etter så mykje salt vatn og villskap måtte han ha føde - nemleg gras.


Vi har hatt med oss ein ungdom som er redd Ekko (ja hund generelt), dei siste dagane. Ekko syntes akkurat han var jo den mest spennande og ville bort til han stadig vekk. Men etterkvart blei eg litt imponert over hunden. Han prøvde på alle måtar å dempe seg. Han sette seg, la seg og håpa på klapp frå den redde. Og han fekk litt, men som regel var det andre tobeinte som trødde til og oppmuntra hunden til å fortsetje med roen. Men så var det andre stunder då han vill ebort til han som han ville til oss. Og guten løfta hender og det var jo spennande. Men det gjekk over all forventning godt.

søndag 1. juni 2008

Eg er hekta på gulerøter!

I dag har eg sløva - det er enormt varmt!

Men i kveld har eg arbeidd litt. Matmor, Torhild og Marit syntes visst at Era, Punky og eg trengte litt hjernearbeid i varmen. Og det sa vi jo ikkje nei takk til.

Først trente vi på fellesdekk. Matmor gjekk ikkje langt frå meg. Trur ho var redd eg skulle spise opp dei to ungjentene. Eg legg meg visst litt skeivt for etter ei stund blei eg plassert inntil ein mur og så sa ho sitt, dekk, sitt opp ein del gonger. Så flytta vi ut på plassen igjen. Og då jubla mor. Eg la meg beint og sette meg opp etter frambeina. Gjør eg ikkje det til vanleg? Hm. Eg trur eg plar ta eit ekstra hopp når eg set meg opp. Syns det er ganske stiligt eg. Når eg får kommandoen dekk, legg eg labben over matmor sin fot eller i alle fall såpass på skrått at eg får vist at eg passar på henne. Ho likte visst ikkje det heller. Det skal visst vere å smelle ned i dekk frå sitt og så løfte framlabbane når eg skal opp. Jammen, eg er jo så glad så kvifor får vi ikkje poeng for gladhopp? Verda er ikkje heilt fornuftig.

I dag prøvde matmor å gå fortare då vi dreiv med bakpartskontroll. Ho fekk eit par gode råd frå Marit som vi prøvde. Trur dei verka litt betre, men eg syns framleis sånn trening er keisamt.

Kryp på asfalt gjekk bra (eg kryp ikkje særleg langt, men vi er akkurat no opptatt av at eg skal få inn krypeteknikken).

Så kom Faya og forstyrra oss. Eg hatar å gå inn i bilen og no ville eg det i alle fall ikkje. Det var jo andre hundar ute. Trur Faya hadde treningsfri i dag. Men ho hadde nok lyst til å bli med... Ho var forresten litt rar i dag. Først gadd ho ikkje sjå på meg ein gong, så blei ho sinna på Punky og så spydde ho. Forstår godt at ho reiste heim eg.

Marit og Punky reiste òg heim. Era og eg fekk trent på innkalling. Det var kjempekjekt. Matmor tok den kjekkaste ballen under armen og gjekk. Eg SPRANG då ho ropte. Sånn må vi gjer mykje av. Det gjorde Era òg då Torhild ropte.

Era trente på å sitje medan Torhild gjekk vekk. Matmor mi skulle passe matskåla. Era var kjempeflink til å sitje stille og vente på beskjed om at ho no kunne ho forsyne seg.
Eg trente på bråstopp mens vi går. Fekk det ikkje heilt til tidlegare på kvelden, men no tok mor med seg ballen. Det var noko anna det. Bråstopp ville ho ha og bråstopp fekk ho.

Trur ho blei litt inspirert av at eg blei meir gira for etterpå kom Kvakki fra. Og då fekk eg til nokre flotte dekk òg.

På slutten innynda eg meg med Torhild. Fekk smake godbitane til Era. Veit de kan ho et? Gulerøter! Eg spytta den første babygulerota eg fekk, ut. Men så fekk eg litt i småbitar og då måtte eg jammen ta opp den eg hadde spytta ut. Smakte jo godt. Eg blei hekta. Måtte bort til Torhild i ett sett for å få meir. Trur eg vil ha gulerøter eg òg.