Her er oppskrifta:
Finn fram yoghurt-boksar eller andre små, kjekke boksar (eg brukte plastglass då eg ikkje fann noko i farten).
Oppi desse legg du fòrkuler/ kjøtbitar/pølsebitar... alt etter ka du trur hunden har lyst på.
Tøm på vatn og set det i frysa.
Ekko storkoste seg med fòrkuleisen sin. Det er ingen vits i å fylle opp alt med godbitar, det skal trass alt vere for tørsten òg dette.
Ellers har vi mest vore i ro. Vi har trent litt på kryp og sitt på avstand. Det var akkurat som om hunden vakna til liv om kvelden og blei treningssugen.
Ein kveld drog vi til sjøen for å bade. Det var ei underhaldande oppleving. Eg er van med at vi må kaste noko for å få Ekko uti. Jo, eg gjorde det denne gongen òg, men no kom retrivergleda over vatn fram. Han trengte ikkje fleire grunnar for å gå ut i.
Etter så mykje salt vatn og villskap måtte han ha føde - nemleg gras.
Vi har hatt med oss ein ungdom som er redd Ekko (ja hund generelt), dei siste dagane. Ekko syntes akkurat han var jo den mest spennande og ville bort til han stadig vekk. Men etterkvart blei eg litt imponert over hunden. Han prøvde på alle måtar å dempe seg. Han sette seg, la seg og håpa på klapp frå den redde. Og han fekk litt, men som regel var det andre tobeinte som trødde til og oppmuntra hunden til å fortsetje med roen. Men så var det andre stunder då han vill ebort til han som han ville til oss. Og guten løfta hender og det var jo spennande. Men det gjekk over all forventning godt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar