søndag 15. juni 2008

Ei travel helg

Vi har hatt 3.samling på instruktørkurset til Siddis hundeskole. Veldig spennande og veldig travelt. Denne gongen skulle vi i tillegg til å bli mata med teori av Arne, sjølv vere i ilden. Alle skulle holde foredrag for ei gruppe og alle skulle undervise ei gruppe. Det krevde jo ein del forarbeid før vi kom kursdagen kan ein seie....

På laurdagen skulle vi trene ein annan hund. John og eg kom på gruppe, altså trente eg Trofast. Oppgåva var å få til sitt og kontakt. Det var veldig kjekt å trene ein annan hund for då må eg tenkje annleis enn med Ekko. Trofast er ikkje så lett å få fokus på som Ekko er, så eg var veldig spent. Men det gjekk strålande. Vi fekk til oppgåva vår med glans.

Vår eiga praksis heimelekse var mellom anna kryp. Ekko var ikkje spesielt dyktig på det på asfalten på laurdag, men hadde betre tendensar då eg forflytta meg ut på graset. Arne tipsa om at eg måtte ta vekk targeten(fingen) kvar gong han reiste seg slik at han måtte legge seg for å kunne touche den.

Så var det sundagen og fokuset på instruktøren Aud Venke. Gruppa mi, Marit Kristin, Ingve, Christin og meg, starta med praktisk oppgåve. Eg skulle instruere dei i stå som ein del av grunnferdigheitane. Ganske vanskeleg å ikkje tenkje på at her er det folk om kan dette betre enn meg ( og Arne står som sensor i bakgrunnen). Innleiinga gjekk bra, det vanskelege var å gå rundt og rettleie. Men med Arne over skuldra med konstruktive kommentarar og positive tilbakemeldingar frå kursdeltakarane mine syns eg at eg fekk ei god og positiv læringskurve.
Marit Kristin hadde fokus, Ingve sitt og Christin target på musematte. Det siste var det mest utfordrande for meg. Eg fekk skikkeleg trent på at Ekko ikkje skulle bite i musematta, men bare ha snuten borti. Fekk rådet frå Christin om å halde matta litt høgare og prøve å vere RASK med klikket, altså før munnen kom... Ikkje lett det.

Forresten så fekk eg ei tilbakemeldng frå Arne om at Ekko hadde treige sit. (Det var utanom sjølve læringane). Og det har han rett i. Hunden burde jo vere kjapp til å skjøne at det er sit eg vil ha, når det er det eg premierar. Men Ekko sjekka ut stå og rygging kvar gong før det kom eit sit. Må jobbe med farten der for slike kommentarar vil eg jo ikkje ha ;-).

Siste del av dagen skulle gruppa mi ha teoriundervisning for kvarandre. Eg skulle forklare for dei andre kva habituering er. Fin måte å lære det sjøl, for her måtte eg lese og tenkje for å finne knaggar det skulle henge på for meg. Litt enkelt sagt er det habituering vi arbeider med når vi miljøtrener hunden.
Det gode med denne økta var at vi fekk repetert dei vanskelege orda Arne hadde brukt på første kurshelg. (Vanskelege ord for meg for eg har ingen knaggar til å henge dei på). Så no kan eg litt meir om sensitivisering, operant læring og ekstinksjon.

Ekko var forresten meir villig til å bli trent av andre denne gongen.

Ekko og eg avslutta kurshelga med å trene på å gå inn i bilen. Det tok si tid kan ein seie.... Først hovudet inn, så frambeina, så alt og fort ut igjen, så alt ståande i døropninga, så sitjande i døropninga.... og kom eg borti døra, var det full fart ut igjen. Langt omlenge la han seg. Og då gjekk døra igjen. Litt dumt kanskje, men eg var lei. Då vi kom heim ville Ekko fortsetje leiken med inn og ut av bilen, men ikkje eg. Burde sikkert tatt teikninga, men orka ikkje. Vi får fortsetje i morgon.

Ingen kommentarer: