lørdag 21. juni 2008

Å utnytte vinden

I dag var vi på Bore saman med Kari m/Figlia og Deah og Marit og Jan Inge m/Punky. Seinare kom Gro m/Maja òg. For 14. dagar sidan var vi her sist og då var det shorts og badevèr. No var det opphald og kraftig vind.
Denne vinden ville eg nytte meg av og fekk figurantane til å legge seg ut i terrenget. Avtalen var at dei skulle ha så stor avstand mellom seg at ikkje Ekko greidde å finne meir enn ein om gongen. Og alle skulle ligge slik at vi kunne utnytte vinden (dvs på høgre side av det som blei løypa mi). Dei skulle òg tenkje på kor dei gjekk slik at ikkje hunden kunne bruke spor.

Eg tok Ekko med meg og gjekk ein tur innover i den vesle skogen som er der. Tok av han båndet og begynte å gå. Først tok han ein kjapp lukkerunde (eller var det ein liten flying han prøvde på?) Tenkte eg skulle kalle han inn igjen for ny start. Heldigvis gjorde eg ikkje det for rett etterpå såg eg at hunden blei fokusert. Han stoppa opp eit sekund, så er det som kroppen eksploderer i fart. Ingen tvil at han var rett på Marit som låg eit godt stykke borte. Eg ut og sette han i band. Inn på linja igjen for vidare vandring. Slapp han sjølvsagt fri med ein gong vi var i gang igjen. Han såg Marit som kom i mot oss. Sprang mot henne, men ho sto heilt stille og då var ho ikkje interessant meir.
Nå gjekk han litt og snuste, småsprang litt og så reiser hovudet seg: fert av menneske. Rett ut og der fann han Kari. Den reaksjonen var omtrent perfekt. Deilig å sjå kor halen går medan godbit og kos blir levert.

På den siste verka det som om han fekk litt fert, han stod litt og snuste, men så forsvann det igjen. Han begynte å snuse i bakken og virre litt. Eg hadde oppdaga siste figurant og såg at vi var komne litt feil i forhold til vindretning. Fekk hunden med meg litt tilbake utan å gje signal om noko. Og der stoppar han. Hovudet opp og nasen vibrerar. Så fullt firsprang rett på Jan Inge.

Altså 3 kjempefine funn. Veldig kjekt å sjå når hundane arbeider fritt. Vi brukte same metode på alle hundane (unntatt Figlia. Ho fekk vanleg rundering). Dei gjorde like fine funn. Gro brukte kommandoen "pass på" mellom kvart funn. Ikkje dumt for då veit jo hunden at han ikkje er på tøysetur, men på jobb.

Siste del av treninga var bringkobbelmelding. Eg bestemte meg for å gå tilbake til første trinn, altså at eg sit med hunden og lausbittet og figurant er synleg. Figuranten har leike som skal friste. Etter reglane skal figurant vere 50 meter borte, men så nøye var ikkje vi.
Ekko set seg fint i utgangsstilling. Han tar i mot lausbittet og spring fint ut. På den siste sprang han heilt fram til figurant med lausbittet. Alle omgangane gjekk fint.

Vi prøvde òg at han skulle få lausbitt hjå figurant og springe til meg med det. Men det syntes ikkje Ekko var spennande i det heile. Då ville han gjere andre ting med lausbittet. Så det kutta vi ut denne gongen.

Eg må trene meir på meldinga og på avlevering av leike i sommar. Når han blir ivrig i leiken så sig "takk"for sakte inn. Den må endrast.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Du verden kor dåkke trene bruks for tiå. Og så kjekt at det går så bra. Forstår godt at du blir gira då ja :-)

Aud Venke sa...

Ja, denne veka har det vore mykje brukstrening. Eg trives veldig godt med det. Det blir ikkje så stilleståande som lydighet. Hunden får bruke meir av seg. Og det er kjempekjekt når ein ser at dei får det til.

Gro sa...

Synd at eg ikkje fekk se Ekko i aksjon under "fritt søk"
Høres ut som han jobber kjempebra på overvær.
Det kan vi godt gjøre mer av der ute på Bore. :)

Aud Venke sa...

Einig i at vi kan gjere meir av det på Bore. Det er kjekt og vi kan som du skreiv i bloggen din godt bruke endå større område. Utover hausten blir det jo færre folk ute på tur så tidleg på dagen.

Gro sa...

Snakket litt med Tone om det med løsbitt treningen og det at Ekko ikke var så giret på å komme inn med bittet til deg etter at figurant hadde gitt ham det der ute. Det kan være lurt å ta et lite "mellomsteg" mellom det å gripe løsbitt og få "vise mann" og neste steg som jo er at figurant holder løsbittet og han skal springe inn til deg for så å få påvise. Tone hadde gjort det selv med Isi.
Da kan du: sette Ekko i sitt og bli (uten hjelp fra fig.), gi ham løsbittet, gå selv fra ham en meter eller to (eller mer). Kommandere ham på plass. Når han så kommer inn til deg får han påvise fig som står lenger vekke og blir belønnet av figurant.
Alternativt kan du også ikke ha figurant der i det hele tatt og trene mer på at han kommer inn til deg med løsbittet og på plass.(trene dette i mange forskjellige miljø slik at det blir godt generalisert) Det er da en vanlig apportøvelse og da kan du belønne ham selv for at han kommer inn til deg og fortsatt holder fast løsbittet til du ber ham slippe/evt klikker.
Alltid greit å få litt tips fra andre på hvordan de har gjort det.

Anonym sa...

Det var ingen dum ide, Gro.Skalproeve den.Denne maskinen manglar dei gode norske bokstavane. Men det gjer jo ingenting.