søndag 1. juni 2008

Eg er hekta på gulerøter!

I dag har eg sløva - det er enormt varmt!

Men i kveld har eg arbeidd litt. Matmor, Torhild og Marit syntes visst at Era, Punky og eg trengte litt hjernearbeid i varmen. Og det sa vi jo ikkje nei takk til.

Først trente vi på fellesdekk. Matmor gjekk ikkje langt frå meg. Trur ho var redd eg skulle spise opp dei to ungjentene. Eg legg meg visst litt skeivt for etter ei stund blei eg plassert inntil ein mur og så sa ho sitt, dekk, sitt opp ein del gonger. Så flytta vi ut på plassen igjen. Og då jubla mor. Eg la meg beint og sette meg opp etter frambeina. Gjør eg ikkje det til vanleg? Hm. Eg trur eg plar ta eit ekstra hopp når eg set meg opp. Syns det er ganske stiligt eg. Når eg får kommandoen dekk, legg eg labben over matmor sin fot eller i alle fall såpass på skrått at eg får vist at eg passar på henne. Ho likte visst ikkje det heller. Det skal visst vere å smelle ned i dekk frå sitt og så løfte framlabbane når eg skal opp. Jammen, eg er jo så glad så kvifor får vi ikkje poeng for gladhopp? Verda er ikkje heilt fornuftig.

I dag prøvde matmor å gå fortare då vi dreiv med bakpartskontroll. Ho fekk eit par gode råd frå Marit som vi prøvde. Trur dei verka litt betre, men eg syns framleis sånn trening er keisamt.

Kryp på asfalt gjekk bra (eg kryp ikkje særleg langt, men vi er akkurat no opptatt av at eg skal få inn krypeteknikken).

Så kom Faya og forstyrra oss. Eg hatar å gå inn i bilen og no ville eg det i alle fall ikkje. Det var jo andre hundar ute. Trur Faya hadde treningsfri i dag. Men ho hadde nok lyst til å bli med... Ho var forresten litt rar i dag. Først gadd ho ikkje sjå på meg ein gong, så blei ho sinna på Punky og så spydde ho. Forstår godt at ho reiste heim eg.

Marit og Punky reiste òg heim. Era og eg fekk trent på innkalling. Det var kjempekjekt. Matmor tok den kjekkaste ballen under armen og gjekk. Eg SPRANG då ho ropte. Sånn må vi gjer mykje av. Det gjorde Era òg då Torhild ropte.

Era trente på å sitje medan Torhild gjekk vekk. Matmor mi skulle passe matskåla. Era var kjempeflink til å sitje stille og vente på beskjed om at ho no kunne ho forsyne seg.
Eg trente på bråstopp mens vi går. Fekk det ikkje heilt til tidlegare på kvelden, men no tok mor med seg ballen. Det var noko anna det. Bråstopp ville ho ha og bråstopp fekk ho.

Trur ho blei litt inspirert av at eg blei meir gira for etterpå kom Kvakki fra. Og då fekk eg til nokre flotte dekk òg.

På slutten innynda eg meg med Torhild. Fekk smake godbitane til Era. Veit de kan ho et? Gulerøter! Eg spytta den første babygulerota eg fekk, ut. Men så fekk eg litt i småbitar og då måtte eg jammen ta opp den eg hadde spytta ut. Smakte jo godt. Eg blei hekta. Måtte bort til Torhild i ett sett for å få meir. Trur eg vil ha gulerøter eg òg.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det va litt dumt eg ikkje fekk varra med å trena litt med dåkke. Men eg fekk jo trent på mandag da. Det va gøy. Trente spor og det hele. Og det gjekk mye bedre enn det gjekk på torsdag. Nå e me på hyttetur. Chico blei dopa ned i går hos dyrlegen. Så han va litt lost utpå kvelden. Stakkars dei stakk han i øyra igjen. Det va vist komt tebake masse blod. Så nå håpe me at han blir frisk igjen. Eg har fått gått flerre spor her på hytta. Og i dag va det ikkje bare pølsebitar i enden, men onkel Øyvind og. Sååååååååååååå gøy. Og badebasseng e det her og. Eg vil så gjerne oppi der. Det e jo så varmt. Håpa du kose deg i paraplyens land, eller kansje du har komt hjem.

Anonym sa...

Eg har hatt det jysla kjekt. Blitt kost masse med, har bada og hatt det gøy. Men det var veldig varmt der. Me kjørte forbi hytta dokkers i dag, trur eg.