Viser innlegg med etiketten Ekko. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ekko. Vis alle innlegg

mandag 28. mars 2016

Vi lever enno

Det har vore to travle år med mykje skriving og lesing, men ikkje eit ord her.

Men no prøver eg igjen.

Kva har så Ekko og eg drive med sidan sist? Jo, det same som før. Ekko blir fast trent med rundering og spor. Han elskar å få oppdrag og vil gjerne løyse dei på sin eigen måte. Eg har i periodar prøvd på korleis han kan ha det som pensjonist, men det har han ikkje særleg forståing for. Utan trening blir han rastlaus.

Rundering.
Vi trener stort sett rundering om laurdagane. Som regel plar Ekko springe ut som ein unghund og midt i løpet oppdagar han at han er gamal og må ta det med ro. Men når han kjem fram til figurantane er det kjempegøy med drakamp. Etter nokre slag plar han melde frå til figurantar at han vil ha kos og godbit for å ikkje slite seg heilt ut.
Eg bruker ikkje fastbittet då det stadig blir øydelagt, men eg varierer mellom lausbitt og rett i belønning. Han er aldri i tvil om ka han skal gjere så det er mest dagsformen som pregar resultatet.

Spor.
Den største lukka på jord er å gå spor i utmark. Då kan han gå lenge og gjev ikkje opp. Asfaltspor er passe kjekt. I det siste har han fått blanding av asfalt og gras og det har friska opp sporet.

--
Det å ha ein hund på 11 år er sjarmerande og gjev meg litt grublerier. Han må oftare ut for å tisse enn før. Han er blitt veldig rutineprega. Tidleg i seng og tidleg opp. Hoftene, som eg fekk beskjed om kunne skape store problem for han alt i ungdommen, er ikkje eit problem enno. Men han vil ikkje vere aleine heime. Han vil vere der eg er. Heile tida. Det tyder at han meir enn gjerne vil bu i bilen i staden for å sove i "silkeseng" heime når eg arbeider. Merkeleg skrue.

Ekko lever eit lukkeleg liv der ungane i gata roper på han og klappar og koser med han. Vi møter gamle og unge som har eit forhold til han og som pratar litt med meg òg.






søndag 14. februar 2016

Funderingar rundt det å ha ein gamal hund



 Ekko nærmar seg 80 år. Eller kanskje han er det alt? Det tyder at eg oftare får spørsmålet ka eg vil gjere den dagen han ikkje er meir. Og eg blir minna på at den dagen nok kjem. Om ikkje så lenge.

I kveld har eg snurra meg bakover i bloggen. Eg begynte å skrive i november 2007. Ekko var ung og dette var treningsbloggen vår. Så mykje kjekt vi trente på og så mykje han har lært! Og kor mange stunder eg har vore heilt fortvila over at Ekko ikkje var ein A4 hund, men ein som var ekstra snill og ekstra redd så mykje. Undervegs har eg fått fleire hint om at eg burde avlive hunden. Hadde eg ikkje møtt Arne Aarrestad og Siddis hundeskole då Ekko var eit år, hadde han nok ikkje levd i dag. Ekko var ei utfordring. Han gjorde som mange usikre ungar; angreip i staden for å seie hei. I tillegg fekk eg beskjed av veterinærane at han neppe blei ein gamal hund. Bileta av hoftene til 1 åringen var ikkje dei finaste.
Men sidan denne spesielle hunden hamna hjå ein sta stayer, lever han og er ein lukkeleg gamal hund.

Undervegs har vi møtt utruleg flotte hundefolk og fått vere del i eit treningsmiljø som inspirerer og støttar.

Men det var det med den eldre hunden. Korleis er det å leve med den? Ekko trener kvar veke i spor/rundering. Han startar kvar økt som om han framleis er unghund. Full fart ut og full energi i leik med figurantane. Etter nokre få slag heng tunga og han innser at det beste er å springe roleg og satse på godbitar og kos hjå figurantane. Men neste veke startar han like ivrig :). I spor er han like ivrig som før.

I det daglege opplever eg ein hund som ikkje vil vere heime i 8-9 timar. Han vil heller vere i bilen. Om det kjem av at det smeller og bråker når dei pussar opp i garasjeanlegget, om det er Ryfastgravinga eller om det er noko anna, ja det veit eg ikkje. Men i desember endra han seg frå å vere roleg heime medan matmor var på jobb, til å bli utbrytarkongen. Det kan faktisk vere så enkelt som at han ikkje greier å halde seg tett i så mange timar og at han derfor prøver å kome seg ut. Kven veit. Eg ser i alle fall dei dagane eg er heime at eg har ein hund som blir uroleg etter ca 4 timar.

Når vi går tur, startar han frisk og først. Etter ei stund er snuten litt bak meg. Han går langt, men treng pausar og kos.
Eg blir oftare vekt om natta av ein hund som bare må ut for å tisse enn før. Han pesar meir enn før og snorkar grundigare.

I kvardagen er han så kjent med mine små hint at når eg les om dei som skal vere sjefen og står og brøler på hunden sin, ser eg på Ekko. Det skal bare eit roleg ord, eit blikk, ei rørsle så forstår han kva som er kommandoen. Kva brølar dei etter?

Det er ikkje like lett å hoppe opp i sofaen sjølv om han får lov, men med litt tenkjearbeid kjem han seg opp kvar gong.

Han er like lukkeleg over å møte menneske og då særleg ungar som før. Han er litt mindre gira på fôret sitt. Og han vil ha kos. Heile tida. Helst sitje eller ligge tett inntil menneska.




mandag 21. januar 2013

Gratulera med dagen!

Gode, snille og morsomme Ekko er 8 år!  I følge eit skjema tyder det på at han er 56 menneskeår. Han har førebels ikkje brydd seg særleg om det - einaste han er blitt litt gråare. Men det er bare utanpå.

2005

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

søndag 11. september 2011

Mor mi vil selga meg te eit sirkus!

Eg trur matmor mi har skumle planar. Dokker må hjelpa meg sånn at ho ikkje får fullført dei. Fysst så trente vi mykje med fotballar. Eg viste at eg var dyktig ballmottakar og vann dei fleste duellane. Eg veit ho var i kontakt med Viking ei stund. Dei slit visst med å få tak i ein stødig på mottak og duellkrigar. Men heldigvis, så forstår ikkje det fotball-laget sitt eige beste, så eg er framleis ein fri fant. Og slik har eg levd ei stund med god mat, slappe turar og mykje kos.

Men no er det fare på ferde. Matmor har begynt å røre på seg igjen. Først var det kondisjonstrening. Greit nok at ho treng å få opp kondisen og fjerne sommarfeittet. Men eg. Eg er jo akkurat passe slank og vakker som få. Og kondisen....ok. Ser at eg slepp å dra tunga etter meg på runderingane om kondisen blir betre. Kjøper den. Men eg mistenker henne for å ha andre planar. Sist måndag til dømes, då skulle det trenast på vippe, slalom (elendig utstyr på området forresten), hopp og balanse på ein stubbe. Eg hadde lagt litt andre planar, for Silja viste endeleg litt interesse for meg. Og så godt som ho lukta. Matmor syns ikkje vi skulle leike sånn vi ville, så ho fjerna meg. Dumme henne. Ho skulle bare visst koss det kribla ein stad i kroppen min....

Eg trur at ho, etter ferieliv i sus og dus, leitar etter måtar å tene ekstra pengar på. Og at eg er offeret. Viss eg ikkje passar på, så er eg redd for at eg er på Sirkus Arnardo si lønningslista til våren.

Så hjelp meg å boikotta oppplegget. Det er fare for at eg gløymer meg ut og lærer triksa ho vil øve inn. Eg er jo så lettlurt bare ho lokkar med litt godbitar. Sukk....

tirsdag 17. mai 2011

Gratulera med dagen!

 I dag har eg feirt nasjonaldagen i fred og ro. Det er bare matmor som må pynte litt og stikk av i bunad ei stund. Eg koser meg i heimen. Litt ekstra god mat har eg fått, men elles er det mest som ein vanleg dag. Men gratulera med dagen i alle fall.
Det viktigaste for meg er jo mat og leik (i tillegg til å få sove då). Eg plar legge griseøyrer, bitebein ol i terrassekassen ein periode før eg et det. Kjenner at slik mat treng å godgjere seg. Det einaste er at det blir så travelt for det er jo stadig fuglar som prøver seg. Eg ligg i giv akt og spring fort for å ta dei. I tillegg må eg ut å sjekke med jamne mellomrom utanom òg. Det er visst irriterande i følge matmor, men ho forstår seg ikkje på slikt. Litt lagring skapar gourmet mat.

Ekko, for ein gongs skuld.

søndag 24. april 2011

God påske!

Matmor mi styrer og regjerer, men i dag er det jammen min tur. Eg har hatt ei flott påske med folk til å kose med meg kvar dag. Lange turar har vi vore på og livet har vore akkurat sånn eg vil ha det. Turane kan du lesa om i http://www.ferdaminne.blogspot.com/ . Dei var veldig kjekke. Matmor meiner eg har sånn barnsleg julekveldfryd kvar gong vi får gjester som overnattar. Første natta vaknar eg mange gonger og etterkvart kjem eg meg ut på gangen for å finne ein sko eg kan vise matmor. Ho blir bare sur og seier eg skal sove, men kjenner ho ikkje godlukta? Eg legg meg ein liten halvtime, men så kriblar det igjen. Kanskje matmor forstår alvoret om eg kjem med ein sko til? Ikkje det, nei. Ja, ja, heldigvis har ho vett til gje seg etter ei stund.

Men så er det jo det at om vi har stått opp så er gjestene litt treige. Vente, vente... Men når dei endeleg vaknar, er det kos og tur. I love it!. Skulle hatt det slik alltid.
GOD PÅSKE ALLE GODE VENER!
Så treige dokke e!

Kjem resten av flokken snart?

På beite

Tid for eit bad

tirsdag 23. februar 2010

Ferie er ikkje det verste eg har

Matmor og eg er på ferie. Eg hadde tenkt at det skulle bety full fart og mykje trening, men eg trur eg har tatt feil. Matmor driv på med sånn flytte snø greier. Ikkje spennande i det heile. Eg vil at ho skal kaste ball og triltar ballen til henne heile tida. Heldigvis skjønar ho det og kastar den, men ho blir liksom ikkje med i leiken heile tida. Kjedeligt!

Eg vekkjer henne tidleg for eg syns vi skal vere klar når dei andre står opp. Dei er der jo bare bittelitt før dei går ut dørene. Ho har visst begynt å lure på om eg er ein ekte hund. Ikkje veit eg, men det eg veit er at eg er spesiell. Spesielt vakker, spesielt snill, spesielt dyktig ... ja spesiell.

Av og til gøymer matmor ballen, men eg finn den alltid. Er litt høg snø å arbeide i, men ganske behagelig å tisse i. Treng ikkje løfte labben ein gong.

Eg syns eg luktar ballen

Eg fann han!

Eg blir litt yr av snøen meiner ei. Eg skjønar ikkje koss det går ann å ikkje vere yr. Det er jo så kjekt å hoppe, dra, grave og bråke rundt i dette mjuke. Og så godt som det luktar overalt!
Kom å sjå! Eg trur eg såg noko grønt.

I går måka matmor 2 gonger her og i dag såg det sånn ut. Eg syns det er bra at bilen blir innesnødd. Då må vi jo vere her lenge!

Eg trur ikkje vi kjem til å ha eit nummer på aktivitetskurset. Matmor gidd ingenting. Når vi ikkje er ute, vil ho lese. Eg ligg klar, men ka hjelper det når ho bare seier "så søt du er" og les vidare.

torsdag 21. januar 2010

Fantastiske, flotte meg

Takkar alle for gratulasjonane. Eg blei nesten litt blyg, men bare nesten... Matmor forstod at ein måtte starte natta slik ein ville morgonen skulle vere, så eg fekk lurt meg opp i senga. Eg ville jo vakne i senga hennar. Den madrassen er 100 gonger betre enn min.
Morgonruten var ganske sløv, frukosten var , som alltid, god. Så forsvann ho...


Så kom ho att. No blei det meir fres over dagen. Eg fekk hundepate med 5 lys. Koffor det skulle vere lys på, er ei gåte for meg. Eg prøvde å la vere å sjå på heile greia. Men pateen var veldig god!


Etter festmåltidet var det til trening. Nå tar den tobeinte over:

I dag ville Arne at vi skulle trene på fot på høgre side.

Men først fot på venstre med vendingar. Vi trengte ikkje militante vendingar, men trene på å halde kontakten lenger enn vi hadde gjort før. Ekko gjekk fint (bare gamla heldt farten oppe). No må eg trene på at eg ser rett fram, at godbitane kan henge i handa rett ved sida av snuten UTAN å t han bli opphengt i det.

Eg starta øvinga fot på høgre side ved å gå bakover og vende meg slik at eg fekk meg på høgre side. Det gjekk greit. Men at han skal fortsette å gå sånn rart etter ein sving... Det var ganske vanskeleg.

Frivillig stå medan matmor går bakover. Strevde litt med å få til å bli ståande. Han ville stadig setje seg. Men etterkvart gjekk det betre.

Frivillig sitt medan matmor går bakover. No ville han bare stå same kor mykje eg trente på sitt før eg begynte å gå. Arne såg på og til slutt sa han: "Dette er ikkje 80% regelen i alle fall. Men kanskje meir Fanny???" . Det skal han ha, han held ut.... Heldigvis dukkar Arne opp innimellom og reddar oss.
Tilbake til start sa Arne sjef. Og som alltid. Dei enkle løysningane er dei beste. Vi trente nokre sitt, eg begynte å gå medan Ekko åt ein godbit.Han sette seg på ny, blei premiert. Eg fortsatte å gå og  han setje seg.

Etter treninga gjekk 4 av oss tur. Dei to som sov i timen då kompasset blei delt ut, er brått borte for Silje og meg. Vi roper på dei og får det glupe svaret: " Ka gjer dokker der?"  Vi svarer "Vi går den vegen vi har gått før". Dei to som burde hatt GPS for å gå ut med søpla, trur vi er på villspor og fortset vidare framover. Toppen på optimisme??? Silje og eg kjem tilbake til bilane og finn fort ut at vi ikkje kan reise frå galningane. Vi trener hund ei stund til, pratar og ventar. Omsider kom dei. Ikkje fullt så skråsikre, men dei hadde jo telefonnummeret til redningstenesta..... Eg tipsa om at Clas Ohlson hadde salg på GPS for bil. Kunne jo vere kjekt å ha...

Då vi kom heim var det videokonferanse med Bergen. Ekko blei heilt forvirra. Lyden av bestevenene kom frå skrivebordet, men han fann dei ikkje. Han sprang ut på gangen. Ingen der. Til slutt blei matmor overfalt. Trur han trudde eg var alle tre røystene. Dette var over valnøtthjernen hans...

onsdag 6. januar 2010

Eg fann endeleg beinet mitt


Trudde de at eg stakk hovudet i snøen for at de ikkje skulle sjå meg? Akkurat som ein dum stork.

Nei du, eg visste eg hadde lagt eit bein der. Men det kom altfor mykje snø og eg måtte gje opp. Har dagleg vore borte og sjekka, men ikkje napp. Nå etter to veker greidde eg å få tak i det. Det var like kaldt som når eg får det av matmor. Tabbe. Eg plar legge det ut for at det skal tine. Men det smakte godt :-)

Matmor har forresten lese i avisa at hantikkene ligg under snøen og koser seg.... Det hadde ikkje eg tenkt. Trudde dei ville dødd no når det er så kaldt.

Kaldt ja, matmor frys i kinna og på nasen så det er korte turar eg får. Trur ho innbiller seg at eg ikkje bør vere ute så lenge. Men de er bare tull. I NKK står det at korthåra hundar treng kler på seg ute. Men at langhåra hundar som Maja og dei kunne springe fritt. Då såg matmor på me. Pøh! eg er ikkje korthåra, bare så ho veit det! Det er ho som frys, ikkje eg!

Eg er forresten spent på koss det vil bli å rundere på laurdag.....

fredag 18. desember 2009

Nå vil eg seie noko..

Matmor mi har det altfor travelt. Ho har ikkje tid til å skrive om treningane våre. Ho spring bare på jobb, er så vidt innom for å lufte meg så spring ho igjen. I blant har ho med segmange posar med ting og tang. Her er så rotete at eg nesten har gitt opp. Men no har nå støvsugaren kome fram og det heng englar i nokre greiner. Har ein mistanke om at dei to ekle nissane òg dukkar opp. Eg får prøve å oversjå dei.

Men tilbake til livet her og no. Som sagt matmor jobbar, men ho tok seg litt fri. Jippi, tenkte eg. Det er nok for å trene meg. Men så kjørte ho meg til Torhild på Hundens Vertshus. Hallo, det var ikkje det eg hadde tenkt meg! Heldigvis kom ho òg henta meg og kjørte rett på trening. Eg var så treningssugen at matmor blei heilt overraska. Vi trente på sånne gamle ting som eg nesten hadde gløymt: Sitt, stå, dekk på kommando medan matmor går bakover og eg følgjer henne. Era stod til og med i vegen, men ka brydde eg meg om det? Me trente jo! Kjempekjekt. Fellesdekk gjekk fint den òg. Litt bamse fekk eg til. Ja ein god kveld.

I går kveld var det iskaldt, men eg har god pels. Det har Maja òg. Men dei andre har visst ikkje det, for dei kom ikkje på treninga. Det var dumt for dei gjekk glipp av då Maja tok ein Scotty! Eg såg det frå bilen for me øvde på lausbitt. Maja ville vere hjå matmor mi og kose seg, men då ho endeligt sprang til Gro, stakk ho av. Eg trudde dei tobeinte skulle flire seg i hjel. Ho gjorde mange gode meldingar òg forresten.
Gro er så kjekk for ho leike rmed meg så eg sprang avgarde for å hente lausbittet og full fart til matmor igjen. Det gjeld å ikkje sløse bort tida når kjekke ting ventar!

Etter eit par treningsøkter ( me greidde å halde dei tobeinte varme) bestemte dei seg for at det var turtid. Og det blei ikkje den vesle turen, men skikkeleg tur. Maja og eg fekk springe fritt over frosne jorder. Kjempekjekt. Eg fann spennande pels og tenkte å ta den med meg heim. Men rett før vi kom til bilen forsvann den. Hugsar ikkje heilt ka som skjedde, men borte blei den.

Nå er eg lei av dette livet så eg har bestemt meg for å bli rampete.Når ho er heime skal eg mase sånn at ho må leike eller trene med meg.

bjeff frå Ekko

mandag 26. oktober 2009

Matmor og 80% PØH!!

Matmor mi er ikkje heilt klok. Lurar på koss elevane hennar har hatt det opp igjennom åra. Ho snakkar om at eg skal ha 80% rett, før ho går vidare. Jommen sa eg leverpostei. Gjett ka eg måtte i dag? Jo, lære å bukke, sitte bamse og snurre. Alt på ein kveld. Her var det ikkje snakk om delmoment, men rett på. Vi skal visst opptre på torsdag med synkronsymjing eller noko slikt.

Programmet i kveld var: gå fot, snurr til venstre, gå vidare, gå på matmors høgre side, snurr, på venstre, sit bamse, innkalling og fot. Tilslutt bukk. Eg kan utgansstilling og litt fot. Og eg kan ingenting for at matmor ikkje har tatt meg med på kurskveldane dei siste vekene. Men eg skal liksom straffast for det. Hm. Og det skal kallast positiv trening??

Først ut var bukking. Det hadde vi tjuvtrent på i går så det ante meg litt ka som kom. Ganske deiligt å strekke seg og setje bakenden i veret. Likte den øvinga. Greidde til og med å gjer det så matmor til Dea fekk hakeslepp. Gjorde det visst akkurat då matmor sa "bukk". Ka så var så imponerande med det forstår eg ikkje, for matmor seier ganske mykje rart og det blir godbitar om ho seier dummen og eg bukkar òg. Men kanskje det var noko med det ordet? Får sjekke det ut.

Så var det snurring. Eg har ikkje heilt sansen for at matmor lener seg over meg. Ho har så mykje kler, men det gjekk betre då ho gjekk på sida og hadde leverpostei. Eg snurra begge retningar. Blei reint svimmel. Eg sprang etter halen min ofte då eg var liten, men då premierte ho ikkje. Kossen skal eg forstå at det no er premie for slikt?

Det verste var då ho ville ha meg til å sitje. Greit det. Kan det. Men så holdt ho handa med godbit framfor nasen og ingenting var godt nok. Eg har jo vore gjennom dette 100 gonger. Det gjeld å sjå bort når ho driv med slikt. Men ho blei visst bare meir og meir frustrert. Skjønar ikkje ka ho vil med det der. Eg kan omvendt lokking, so what????

Skal vi ta det som er læringsregelen hennar vil eg seie at ho no godtok 20% rett før ho gjekk vidare. Og det trur ho skal halde til torsdag? Ha, ha, då har ho gløymt å rekne med meg. Eg har andre planar den kvelden......

torsdag 30. juli 2009

Stakkars meg...

Eg ligg her som slakt i dag. Har vore hjå veterinæren. Eg hatar veterinæren og det burde matmor visst. Når dei stenger meg inne på rommet, blir eg heilt i frå meg. Men dei lurte meg denne gongen òg, så nå ligg eg i senga mi og sløvar.

Du lurer kanskje på kvifor eg måtte til veterinæren? Eg har vore sjuk eit par veker sånn omtrent. Matmor syns eg slikka meg veldig i rompa og så var eg altfor lat. Då eg ikkje orka å vere godmorgonkomite då bestevenen min stod opp, sa ho at no måtte eg sjekkast. Eg prøvde å vise ei piggare side i dag tidleg i håp om at ho skulle avbestille veterinærtimen, men den gong ei.

Eg blei bedøvd mot min vilje og så hugsar eg sånn svakt at dei løfta meg opp på benken. Stønnet til matmor (ho er jammen slapp i musklane, tenkt stønne når ho skal løfte vesle meg), kan eg vanskeleg unngå å få med meg. Neste gong eg hugsa noko, låg eg på golvet og eg var så trøtt, så trøtt. Men med ein gong eg kjente at eg kunne stå på beina, ville eg ut. Matmor lo. Fy henne. Ho skulle kjent på kor vanskeleg det var å stå på beina. Heldigvis greidde eg å kome meg inn i bilen.

I følge matmor så hadde eg betente analsekkar. Det var stappfulle og det kom blod ut. I tillegg hadde visst noko sprukke litt inni der. Det er nok det som gjer veldig vondt. Eg fekk meir antibiotika enn veterinæren nokon gong hadde gitt til smådyr. Dei snakka om at eg var større enn ein kalv. Pøh. Eg er akkurat passe stor.
I to veker framover no skal eg visst gå på smertestillande og på antibiotika. Eg skal nok greie det, bare eg blir frisk.

Men akkurat i dag vil eg bare sove og bli klødd bak øyrene. Heldigvis har vi besøk så eg får kos.

Stakkars meg sukk frå Ekko

mandag 6. juli 2009

Sommar........sjø!

Endeleg er det ferie her i huset òg. Eg har vore misunneleg på alle veninnne mine der dei reser rundt og opplever både det eine og det andre medan eg ligg heime og ventar påden travle matmor mi. Men no er det vår tur òg. Og ferie er bading, bading, soling, bading, mat, kos, bading, tur, soving.....

Vil du leike med meg?
Yesssssss!!!!! Eg er klar!
Min pinne! Eg hentar den
Har 'an


Litt vått, men det ordnar eg.....
.....slik

søndag 28. juni 2009

Familieselskap

Denne helga har eg hatt besøk av dei kjekkaste folka eg veit. Og eg har opplevd mykje.

Til dømes skulle vi reise til Tau. Eg ligg alltid i bilen på ferjeturen. Men akkurat denne dagen, fekk matmor panikk. Det var så mykje bil at vi havna i kjellaren. Då matmor opna bildøra slo varmen mot henne. "Hjelp", tenkte ho." Her kjem Ekko aldri til å overleve." Er jammen glad for at ho tenkjer på meg.
Ut av bilen med meg og først dei indre trappene til 1. bilhøgde. Då ville ho ha meg opp dei ytre trappene, men dei var veldig nifse. Det var sånn med hol i og såg veldig vonde ut. Eg nekta. Då gjekk vi vidare opp dei indre trappene. Då kom vi til ein plass der det sat mange folk. Kjente på matmor at dette likte ho ikkje (det var visst ulovleg), men vi sprang fort ut på dekk. Her låg eg og hadde det bra. Men så kom det eit smell som gjorde meg redd. Ganske nifst altså. Matmor hoppa litt ho òg. Ho sa det var ei pipe som slo seg på. Men eg er ikkje sikker eg. Ville i alle fall ikkje gå heilt bort til den pipa meir.


Så skulle vi ned til bilane igjen. Matmor trudde eg fiksa greit dei indre trappene sidan eg fiksa dei opp. Men ho skulle sett det eg ser: KJEMPElange, bratte trapper. Eg vågde ikkje. Greidde etter mykje om og men å kome meg til 1. bilhøgde. Der ville eg inn i bilen for det var så mange lydar. Men eg fann ikkje bilen! Matmor prøvde å forklare at vi måtte vente og springe ned i ein kjellar då luka opna seg. Eg blei livredd! Men nå var matmor bestemt så eg sprang med henne ned til bilen. Der stod tenåringen og var kjempeflau for at vi var så seine. Men han skulle bare visst koss det er å vere redd. Trur aldri eg har hoppa fortare inn i bilen.


Då vi kom fram til der vi skulle på fest, var den skikkelege mor mi (Krøllalpha) der. Ho var heilt vill og galen. Eg kjente med ein gong at ho hadde bada så vi sprang til sjøen og hadde det kjempekjekt. Men så gjekk ho heim til der ho bur.

Eg fekk helsa på masse kjekke folk etterkvart som det blei kveld. Trur matmor var litt spent på koss dette ville gå. Det var visst nokre som ikkje likte hundar der og så var det folk som kjeftar på hundar. At ho ikkje lærer. Eg kan jo oppføre meg, eg! Eg hoppa ikkje på nokon. Eg sneik meg inn i sjøhuset ein gong, men det var før eg fekk vite at det var ulovleg. Etter det låg eg som ein prest bak ryggen til matmor og ei gamal dame som sat ved sida. Dei fekk gå inn i sjøhuset og forsyne seg med allslags god mat både ein og to gonger.Og dei åt og åt. Heldigvis har matmor skjønt at det krev sitt å vere så snill så kvar gong ho kom tilbake med mat til seg sjøl, fekk eg ein godbit for å ligge i ro.

Det var ei lita jente med i selskapet. Dei fanga krabbe til henne. Veldig spennande syns eg.

Seinare på kvelden spelte dei noko dei kalla Bodsja. Det heiter visst petanque eller noko slikt i utlandet. Då var det vanskelegare å ligge i ro enn under maten. Tenk at dei først kastar ein liten ball, så kastar dei store ballar. Og eg skulle bare ligge der. Greidde det lenge, men så kjente eg at no var det nok. Fann fort ut at dei blanke kulene ikkje var noko å samle på (dei var blytunge), men den svarte kula dei kasta først.... Då fekk eg ikkje lov å springe fritt lenger. Merkeleg. Heldigvis var det andre som ikkje spelte der og dei ville leike med meg.

Eg hadde det så kjekt den kvelden at eg ikkje fekk kvilt meg i det heile. Blei faktisk glad då matmor seint på natta meinte at det var på tide å ta båten heim. Eg hoppa i bilen og trengte ikkje gå ut før vi var heime.

I dag har eg bare sløva. Det er så varmt så varmt. Heldigvis hadde matmor lagt kongen min i frysaren. Eg koste meg lenge med frossen leverpostei og forkuler.

onsdag 27. mai 2009

Pia er rar

I dag var eg på tur rundt Mosvatnet med Pia og matmødrene våre sjølsagt (dei vil alltid vere med, trur dei liker å gå i band).

Og eg må seie at eg stadig vekk lurer på ho der Pia. Kjenner eg blir veldig fasinert av henne. Då matmor sa vi måtte skunde oss for Pia venta, sprang eg nesten, sånn gleda eg meg. Men så kan ein jo lure på ka det er eg gler meg til, for det første Pia gjer, er å kjefte på meg. Men eg trur ho gjer det i kjærleik, trur ikkje du det?

Når vi går tur, vil ho lukte der eg luktar og tisse der eg tisser. Ja, eg gjer det same med henne, altså. Det er veldig kjekt.

Men så kjem det raraste: På vegen rundt vatnet, er det ei bru over Madlavegen. Eg skjønte ingenting der eg gjekk og sikta meg inn på eit par ender eg kunne tenkt meg å erte litt. Men brått stod alle stille. Pia hadde sett seg ned og nekta å gå vidare. Ka var vitsen, tenkte eg. Det er jo langt til bilen. Men veit du ka ho skulle? Jo, gå over den brua. Heilt idiotisk for vi måtte gå tilbake òg. Og skikkeleg for å bekrefte at ho rar så går ho med breie bein og kikker ned gjennom hola i brua. Ho ser jo nesten redd ut. Anten så gjer ho det for då får ho ekstra mange godbitar, eller så er det fordi det er for lite spenning i kvardagen hennar eller så er ho rett og slett litt sprø.... Veit ikkje ka eg skal tru, eg.

Resten av turen var ho ganske normal. Måtte bare bjeffe på ein dum hund og jage opp ein fugl.

Men for det om du er rar, Pia, så liker eg deg veldig godt!

Smask frå Ekko

tirsdag 14. april 2009

Nå e verden blitt rar!

I dag forstod eg ingenting. Matmor satt (som alltid) ved datamaskinen. Brått begynte ho å snakke og så svarte den kjekkaste tenåringen eg veit om. Eg sprang rundt for å finne han. Så brått høyrde eg: "Heia, Bajas. Kor e du?" Det er bare eit menneske som kallar meg det. Og ho er kjekk. Men kor er ho? Eg blei heilt vill. Grein ved utgangsdøra for å få mor til å lukke opp. Kanskje dei stod på utsida. Fann ein dummy og sprang ut på terrassen for å sjekke om eg kunne sjå dei på vegen. Men dei var ingenplass. Og matmor sat bare der og snakka inn i datamaskinen. Eg blei heilt forvirra, men så var det som om det blei ganske nære viss eg stod ved maskinen saman med matmor. Eg syns til og med eg såg dei der. Men nei, dei kan jo ikkje vere inni den flate skjermen?!! Eg tok meg ein runde til, men fann dei ikkje. Lurer på kor dei har gøymt seg?

Eg har vore ute ei stund i kveld. Matmor trener sånne problemhundar og eg ser på. Lærer ingenting av det for eg er jo ikkje sånn. Trur eg... Dei var ikkje kome ut av dataskjermen nå heller. Rart.

Matmor har forresten gjort det litt enkelt for dykk. No kan de trykke på boka til Arne når de vil kjøpe den - og vips kjem du til bestillinga. Og så kjem du til Canis og kan handle, diskutere osv viss du trykker på den reklamen som står der. Var ikkje det smart? Eg trur ho har tenkt å gjere noko liknande med dei bøkene ho syns er bra. De får vente og sjå :).

Dama det er bilde av, er mor mi, Alpha. Ho var ganske søt då ho var litt yngre...

Kveldsbjeff frå ein undrande Ekko

søndag 12. april 2009

Påskeferie er kjekt!

I dag ville eg ikkje heim. Dei andre gjekk til bilen, men eg stakk inn og såg så vidt ut. Ikkje bilen. Ikkje reise. Eg vil vere på ferie! Men eg tapte. Måtte ut i bilen og så kjørte matmor. Eg veit ikkje om eg er heilt ven med henne lenger. Vi som hadde det så kjekt.

Eg har altså vore på ferie. Og ferie er for meg å vakne tidleg og vente i spenning på ka tid dei andre vaknar. Og når dei gjer det, er det fest og kos. Kvar morgon. Så er det masse god mat, god soveplass under spisebordet og turar stadig vekk. Spesielt likte eg lang tur seint på kveldane saman med matmor og tenåringen. Det var spennande.

Vi har ikkje bare kost oss. Vi har nemleg arbeidd òg. Blant anna skulle dei ruske opp i eit bed. Og der var det ei stor rot som ingen fekk opp. Både einball og tullball hadde hjelpt til. Heldigvis fekk eg sleppe til. Og eg drog og drog - og då fekk eg opp rota ;). Gjett om eg var stolt? Endeleg fekk eg lov til det eg hadde mest lyst til.

Eg skulle hjelpe til med å grave i jorda òg, men same kor eg gravde, var det feil. Det var visst bare lovleg på eit lite område. Eg lukta på den jorda, men den var det ikkje interessant å grave opp. Det burde dei tobeinte vite, men dei bruker altfor lite nasen før dei begynner å grave.

Som eg fortalde sist så måtte dei tobeinte rydde vekk masse skrap. Eg var arbeidsleiar og her er kontoret mitt :). Etterpå skulle dei spyle og bruke kost. Eg ELSKAR kostar. Dei er til å tygge på. Matmor er ikkje einig med meg så eg fekk ikkje lov til det eg hadde mest lyst til. Ja, ja, men eg blei i alle fall veldig trøytt av å passe på at dei gjorde det dei skulle.

I morgon er det trening igjen. I alle fall noko å gle seg til sjøl om eg heller vil ha ferie. Ja så er det jo deiligt å koma heim til saccosenga mi òg. Har sakna den.
Godnatt bjeff frå Ekko