søndag 28. juni 2009

Familieselskap

Denne helga har eg hatt besøk av dei kjekkaste folka eg veit. Og eg har opplevd mykje.

Til dømes skulle vi reise til Tau. Eg ligg alltid i bilen på ferjeturen. Men akkurat denne dagen, fekk matmor panikk. Det var så mykje bil at vi havna i kjellaren. Då matmor opna bildøra slo varmen mot henne. "Hjelp", tenkte ho." Her kjem Ekko aldri til å overleve." Er jammen glad for at ho tenkjer på meg.
Ut av bilen med meg og først dei indre trappene til 1. bilhøgde. Då ville ho ha meg opp dei ytre trappene, men dei var veldig nifse. Det var sånn med hol i og såg veldig vonde ut. Eg nekta. Då gjekk vi vidare opp dei indre trappene. Då kom vi til ein plass der det sat mange folk. Kjente på matmor at dette likte ho ikkje (det var visst ulovleg), men vi sprang fort ut på dekk. Her låg eg og hadde det bra. Men så kom det eit smell som gjorde meg redd. Ganske nifst altså. Matmor hoppa litt ho òg. Ho sa det var ei pipe som slo seg på. Men eg er ikkje sikker eg. Ville i alle fall ikkje gå heilt bort til den pipa meir.


Så skulle vi ned til bilane igjen. Matmor trudde eg fiksa greit dei indre trappene sidan eg fiksa dei opp. Men ho skulle sett det eg ser: KJEMPElange, bratte trapper. Eg vågde ikkje. Greidde etter mykje om og men å kome meg til 1. bilhøgde. Der ville eg inn i bilen for det var så mange lydar. Men eg fann ikkje bilen! Matmor prøvde å forklare at vi måtte vente og springe ned i ein kjellar då luka opna seg. Eg blei livredd! Men nå var matmor bestemt så eg sprang med henne ned til bilen. Der stod tenåringen og var kjempeflau for at vi var så seine. Men han skulle bare visst koss det er å vere redd. Trur aldri eg har hoppa fortare inn i bilen.


Då vi kom fram til der vi skulle på fest, var den skikkelege mor mi (Krøllalpha) der. Ho var heilt vill og galen. Eg kjente med ein gong at ho hadde bada så vi sprang til sjøen og hadde det kjempekjekt. Men så gjekk ho heim til der ho bur.

Eg fekk helsa på masse kjekke folk etterkvart som det blei kveld. Trur matmor var litt spent på koss dette ville gå. Det var visst nokre som ikkje likte hundar der og så var det folk som kjeftar på hundar. At ho ikkje lærer. Eg kan jo oppføre meg, eg! Eg hoppa ikkje på nokon. Eg sneik meg inn i sjøhuset ein gong, men det var før eg fekk vite at det var ulovleg. Etter det låg eg som ein prest bak ryggen til matmor og ei gamal dame som sat ved sida. Dei fekk gå inn i sjøhuset og forsyne seg med allslags god mat både ein og to gonger.Og dei åt og åt. Heldigvis har matmor skjønt at det krev sitt å vere så snill så kvar gong ho kom tilbake med mat til seg sjøl, fekk eg ein godbit for å ligge i ro.

Det var ei lita jente med i selskapet. Dei fanga krabbe til henne. Veldig spennande syns eg.

Seinare på kvelden spelte dei noko dei kalla Bodsja. Det heiter visst petanque eller noko slikt i utlandet. Då var det vanskelegare å ligge i ro enn under maten. Tenk at dei først kastar ein liten ball, så kastar dei store ballar. Og eg skulle bare ligge der. Greidde det lenge, men så kjente eg at no var det nok. Fann fort ut at dei blanke kulene ikkje var noko å samle på (dei var blytunge), men den svarte kula dei kasta først.... Då fekk eg ikkje lov å springe fritt lenger. Merkeleg. Heldigvis var det andre som ikkje spelte der og dei ville leike med meg.

Eg hadde det så kjekt den kvelden at eg ikkje fekk kvilt meg i det heile. Blei faktisk glad då matmor seint på natta meinte at det var på tide å ta båten heim. Eg hoppa i bilen og trengte ikkje gå ut før vi var heime.

I dag har eg bare sløva. Det er så varmt så varmt. Heldigvis hadde matmor lagt kongen min i frysaren. Eg koste meg lenge med frossen leverpostei og forkuler.

1 kommentar:

Elisabeth sa...

Ser vi har hatt nokså identiske opplevelser på Tauferja *lol*

Neste gang må du bare si at du har hund i bilen så slipper du å stå i bånn ;-)