Treninga for dei tobeinte var å få til varmen på grillen og steike maten passeleg. Utfordringa var større for dei firbeinte.
Etter ei kort treningsøkt (luktdiskriminering, apport og burtening) skulle dei få den største utfordringa for kvelden: Ligge langt frå matmor, i ro medan godluktene spreidde seg rundt dei.
Kanskje litt om resultata av treninga:
Apport går kjempefint. Han bit for mykje på dummyen så den må eg trene ekstra på.
Luktdiskriminering. Det går stadig framover med å få han til å setje seg ved sida av egget, men når egget er på avstand så apporterar han det.
Burtrening er det kjekkaste syns Ekko. Labbane er for langt ute viss eg ikkje stiller meg framfor akkurat då han går inn. Ekko vel buret jamnt og ofte under treninga.
2 kommentarer:
he he det er ofte i sånne situasjoner man oppdager hva man har trent på og hva man burde ha trent mer på :o) Og Torhild har jobbet jobbet med dette bevist fra Era var valp - hun er kjempe flink til å trene på disse hverdagssituasjonene!
Det er eg einig med deg i, Karin. Torhild jobber bra med kvardagslydnaden. Det er så me andre av og til blir misunnelege :)
Legg inn en kommentar