torsdag 31. juli 2008
Framleis roleg sommartrening
Ekko starta med innkallingstrening. Eg har kjøpt fløyte av Marit og skulle trene med den for første gang. Denne gongen var det eg som stilte med den kvekkande anda. Trur hunden min er hekta på ting som lagar lyd. Tre kjempefine innkallingar. Han kom som ei kula! Freistinga i midten var null verd.
Han hoppa til og med inn i bilen (fekk ha med seg anda).
Neste var helsetrening. Denne gongen skulle han trene på det å setje seg og ha kontakt med meg når andre snakka til meg. Han er så fæl med å begynne å bjeffe når framandfolk snakkar med meg når vi går tur. Torhild og Silje kom bort, prata med meg og hadde godbitar i handa. Skikkeleg freista han. Det gjekk kjempefint, men då han endeleg fekk helse, blei han skuffa for det var Maja som var langt der borte han hadde tenkt å helse på.
Dene gongen ville han absolutt ikkje i bilen. Eg stod og stod. Han sat og han låg. Til slutt tok dei andre pause og eg gjekk lei. Bandt han til bilen og gjekk i frå. Då kom det klagelydar frå han. Etter ei stund kom det ein hund forbi. Den reagerte Ekko sterkt på. Etter at den var gått forbi ville Ekko i bilen....
Nå var vi tobeinte varme og trøytte. Siste økta i dag var å gå tur. Maja, Faya, Era, Pia og Ekko med eigarar. Gjekk veldig fint, men nokre hundar (mellom anna Ekko) har kjempegodt av å trene på å gå bak dei andre. Først, først, først peser dei. Etter kvart må vi trene på å gå på område der vi kan gå fleire i breidda slik at dei får kjent på det òg.
Etter at vi kom heim har det vore fotballkamp og forsøk på å drepe eit kaninøyra. No ligg det ein pesande hund under skrivebordet. Eg kan ikkje seie at Ekko er vanskeleg å få i leik. Han kan leike med seg sjøl, han kjem ofte og prøver å få meg med på leiken. Veldig kjekt og til tider slitsomt ;-)
onsdag 30. juli 2008
Varme dagar og varme hundar
Vi fortsette treninga på det vi jobba med veka før, nemleg: helsing, innkalling og hente/apportering av gjenstandar.
Her startar Torhild med å få kontakt og fokus på Era.
Era og Torhild starta med helsing. Torhild ønskte at Era i denne omgang ikkje skulle få helse, men øve på å sitje fint når folk kom bort og snakka med matmor.
Vi tre andre ville fortsetje med treninga av kommandoen "helse". Oppgåva då er at hunden er i band og saman med eigar. Ein av figurantane leiker "freistaren", dvs lokkar på hunden. Hunden skal trenast til ikkje å dra i bandet for å nå fram til freistaren, men først sjå på eigar for å få kommandoen "Helse".
Her ser vi ei ivrig Faya. Ho vil til Silje og kan ikkje forstå at ho ikkje kan springe med ein gong. Det er gøy å sjå kor fort dei tar teikninga. Ekko såg på meg kjapt denne gongen.
Innkallingstreninga gjekk så det suste for alle fire. Era hadde eit fantastisk blikk bort på "freistaren", men tok seg saman og sprang fort til mor. Dei to neste rundane var ho ikkje i tvil kor ho skulle. Pia kjem som ei kule når Silje fløyter. Ho spring til og med utanom freistarane for å unngå oss. Faya er òg eit olja lyn når det gjeld å kome på innkalling. Dei andre bruker fløyte. Ekko er ikkje trent på det, så eg brukte røysta. Men eg trur eg vil ha fløyte og trene på det eg òg.
I dag kom han utan å la seg friste. Eg hadde pipeball og då måtte han bremse ned for ikkje å springe på meg av glede.
Å hente ulike gjenstander som er kasta ut på bakken, er interessant. Hundane liker tydeleg ikkje å hente ting som ikkje er hundeleike/apportbukk. Halsbånd og klikker var ei utfordring. Men etter nølande forsøk, kom dei òg.
-------
Tysdag var det i varmaste laget. Vi måtte vente til seint på kvelden før det var aktuelt å gå tur, men vi hadde litt trening av burleiken inne.
Natt til i dag, sov eg uroleg på grunn av varmen. Eg registrerte òg at det låg ein pesande hund på golvet. Han hørtes ikkje ut til å ha det bra. Eg prøvde å tvinge i han drikke utan at det hjelpte. Tok eit handkle og la det i kaldt vatn før eg brukte det på hunden. Det var tydeleg at det var godt då eg la det rundt han og koste med han.
I dag har han oppdaga leiker han ikkje har brukt på lenge. Eg skulle bruke dei under leveringstrening. Det blei interessant og lærerikt. Straks han såg ei kjekk leike på golvet, begynte han å leike med den. Eg sat der med handa ut for å ta i mot. Men ingenting blei avlevert. Tok då opp alle dei andre gjenstandane, la dei på plass og gjekk på arbeidsrommet. kort etter var det stille med leiken. Eg kunne kaste ut leiker på nytt. Og som første gjenstand leverte han den gjevaste leika. Kjempeflott. Men så oppdaga han ei ny kjekk leike. Han stakk av med den. Eg gjorde som sist. Denne gongentok han seg inn fort og vi kunne begynne på igjen.
Han er blitt flink til å levere i flat hånd. Eg har ikkje brukt utgangsstilling på dette, bare levere inn det han finn. Vil at det skal bli automatisk for han at nå reg held ei opa hand fram skal han lever det han har i munnen.
Men elles var det FANTASTISK å gå tur i sommarregn i dag!
lørdag 26. juli 2008
Ein fantastisk dag i fjellet
No hadde eg tenkt at ein flott sommardag skulle vise fram landskapet eg elskar. Fredag blei den perfekte dagen.
Med meg på turen hadde eg i tillegg til hunden, to gode vener frå austlandet.
Det er jo alltid like spennande kor ivrig helsinga er når Ekko kjem ut av bilen og er klar for alt som er kjekt. Men han viste seg frå gentlemanssida og helsa på den finaste måten. Ingen hopp bare ein kropp som lente seg godt inn til folka.
Undervegs hadde vi matpausar, drikkepausar og sjå-kor-flott-pausar. Ekko hadde sjølvsagt eigen matpakke. Skikkeleg kjekt med skjeva med leverpostei innpakka i matpapir. Når desserten er eit kokt egg så er han full av energi.
Det er så rart at sjølv om vi går same vegen tilbake, ser landskapet annleis ut. Det som var bak ryggen min er no i front. Mellom anna var det fleire oppstigningar enn eg hugsa at eg hadde hatt av nedoverbakkar då eg gjekk innover....
I ein periode der vi gjekk i eit ope og oversiktleg landskap, fekk han gå laust med bandet hengande etter seg. Vi hadde ikkje sett sau og det var blitt litt avstand mellom folka han hadde ansvar for. Han var kjempeflink til å gå roleg fram til han som gjekk først bare for å stoppe og vente på meg før han gjekk fram igjen. Eit lite klapp der og tilbake for å vente på matmor.
Turen tok oss 6 timar. Vi hadde gode pausar og bading. Ekko drakk i seg alt vatnet eg hadde med. I tillegg var det drikke i litt myr, pyttar og vatn. Det var lite vatn å hente for oss menneske så vi var òg glad for kvar dråpe vi hadde tatt med.
Siste del av strekket var det tydeleg at hunden var varm og trøytt. Det var lenge sidan vi hadde vore ute på så lang tur. Nede ved bilen la han seg i skuggen mellom bilane. No var han ferdig.
Vel heime gjekk han fort og la seg. Og når matmor fekk avslutte dagen på gladmatfestival med etiopisk mat, fransk kake, øl frå Dalane osv var fredagen blitt ein perfekt dag for både tobeinte og firbeinte.
torsdag 24. juli 2008
Ei varm og roleg treningsøkt
Ekko og eg hadde hatt oss ein tur i Sørmarka før treninga så han var full av sorpe...
Programmet for dagen var:
- Helse
- Innkalling
- Apportering på ulike gjenstandar, dvs kome inn med dei og levere i handa.
- Felles tur.
Vi starta med å helse. Hundane blei heilt gira av å bli frista. Det tok litt tid før dei fatta at dei måtte sjå på oss først. Då Ekko forstod det, gjekk det fort. Viss eg trener ein del på den i mange situasjonar kan denne bli veldig kjekk å ha.
Innkallinga i dag gjekk så det suste. Ingen lot seg friste av den som lokka med leik eog mat i midten. Til og med Ekko sprang som ei kule. Grunnen til den store endringa var at denne gongen var det eg som hadde det sterkaste lokkemiddelet. Eg hadde nemleg fått låne Kvakki av Faya. Og gjett om Ekko har sakna den?! Eg må visst reise til Bergen og hente den. Vi gløymte den der.
Ei flott økt.
Tredje økt var å trene på å levere ting til oss. Vi kasta mange leiker, apportbukkar, halsband osv bortover asfalten. No skulle dei plukke og levere i handa. Silje tok ei hand med godbit og ei tom som Pia skulle levere i, Elisabeth ville ha apportleveringsinngang, dvs på plass. Eg hadde handa fram. Ekko visste godt om magerosten som var i nærleiken.
Dette var eit interessant studium av tre hundar. Pia er ein reser. Ho henta alt og leverte. Strevde litt med å ta halsbandet, men då Silje gav kommando om det så gjorde ho det òg.
Faya strevde litt meir. Det var ok med apportbukken. Den kunne ho hente, men alt det andre. Ho lukta på det og sprang fint inn til Elisabeth utan ein einaste ting.
Elisabeth tok då og trente på å halde fast på ei og ei leike. Då gjekk det betre, men Faya var ikkje heilt einig i at dette var riktig måte å løyse oppgåva på. Apportbukk er apport! Til slutt blei det levert ei leike i flott påplass-stilling. Men halsbandet. Aldri.
Ekko hentar og leverer fint. Då vi begynte å bruke pipegrisen. Måtte han ha ekstrarunde før han kunne levere. Eg brukte den ein del til å få flyt i avlevering på takk. Det viste seg å vere vanskeleg for han. Dette var tydeleg ei kjekk leike. Til slutt avleverte han fint. Han òg nekta å hente inn hundehalsbandet.
Vi avslutta kvelden med å gå tur i lag. Alle tre hundane i band. Det var ikkje ein ståpels eller ein lyd frå dei. I periodar var dei til og med svært nære kvarandre, men ingen konflikt. Fantastisk kjekk avslutning både for tobeinte og firbeinte.
Gata vår
onsdag 23. juli 2008
Spor og apporttrening i varmen
Ekko starta fint med snutetarget på hånda mi. Det var for å minne han om at flat hånd betyr levere i hånda. Så kasta eg ein ball. Han henta og leverte fint. Det var fart på han. Etterkvart la eg ut fleire gjenstandar. Då tok han opp og la i frå seg. Det vil seie han tok den første, men fann på vegen ein han likte betre. Altså slapp han den første og tok den neste. Det var tydeleg at prioriteringa var ballen, kongen og kanskje siste gjenstand som var ein ødelagt fotball. Ballen blei fint levert, likeeins kongen. Men den siste var ikkje interessant å hente.
I neste treningsrunde skulle eg bruke apportbukken. Kjekt ved første kast, men deretter uinteressant. Han ville heller snuse og vimse. Tok ut ball med lyd. Veldig kjekt, men den ville han ikkje inn med.
Konkluderte med at avleveringa ikkje er i boks. Den må trenast ein god del på. Eg må altså ha fokus på snute i håndflata og levering av alle typer ting. Dei kjekke og dei mindre kjekke.
Han ville heller ikkje sitje på kommando etter som varmen tok på i dag. Ikkje hadde eg tolmod til å vente på det heller. Fy meg.
Sporet var ganske langt. Det var 40-50 minutt gamalt. Skogsbotn. I motsetnad til treninga tidlegare der alt gjekk i sakte tempo, gjekk dette fort. Han måtte stoppast fleire gonger. Ikkje fordi han var på villspor. Nei, på grunn av farten. Han fekk godbit i starten av sporet. Deretter var det bare lukta av meg. Det gjekk på sti utanfor sti, i mange vinklar. Han rota i ein vinkel. Då stoppa eg opp og lot lina vere slakk til han var innpå sporet igjen.
Konklusjonen her må vere å gå litt tilbake slik at han set ned farten igjen. Altså må eg tilbake til litt pølsespor, dvs pølser undervegs i sporet slik at han går seinare for å få med seg dei. Men elles verkar han ganske sikker på jobben sin når han reser avgarde. Skulle eg henge meg opp i noko anna enn farten, er det jo at han er flink på overvèret. Det såg eg i dag, der det viste seg at slutten ikkje var så langt unna ein stad vi svingte innom tidleg i løypa. Då var det ein som hadde nasen i i veret og var klar til å ta snarvegen. Heldigvis ante det meg at det var det som var på ferde så han blei stoppa i tide.
Elles går burtreninga sakte framover. Det nye buret er bare litt større enn det andre. Ekko syns det er tryggast å legge frambeina utanfor. I dag stilte eg med birkebeinerskinke og frista verre. Stilte meg framfor inngangen då han var på veg til å legge seg med beina utanfor. Då stakk han ut. Dette var for nifst. Men så var det den der skinka. Til slutt var labbane innanfor. Ein gong var bare litt utanfor. Då tillot han at eg dytta dei inn.
Nettet framfor opningen har eg fått lov til å ta på, til å legge laust ned, men då er det ikkje snakk om mange sekunda mellom kvar godbit. Den som hadde lært gullguten det då han var liten :-). Vi har nok ei god stund enno før buret kan takast med på trening og bli brukt der.
Chico 1997-2008
Det siste halve året har han strevd med foten som aldri ville bli heilt god etter at han skada den. Vi trudde jo ei stund at han kom til å fikse det òg som så mykje anna i livet sitt. Men nå tok nok alderen på.
Takk til deg Chico for at du kunne vise oss perfekte "dekk". Ingen av dei andre hundane kunne smelle i bakken som du. Og ingen andre er vel så gira på bilkjøring som deg heller. Då gjekk det høglydt for seg!
Kos deg i hundehimmelen, Chico. Du får garantert jobb som sidemann på bil ;-)
Her på jorda må Faya greie seg utan broren og leikekameraten sin. Og Elisabeth får setje musikken høgt på slik at det ikkje blir heilt stille i bilen....
tirsdag 22. juli 2008
Tur til Orre

.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
mandag 21. juli 2008
Idear og inspirerande trening
Marit hadde kome seg laus frå kvelpane og var framleis inspirert etter kurset med Fanny Gott. Og glad er vi for det, for ho inspirerte oss i treninga i kveld. Eg fekk gode tips og fekk prøvd noko av det dei hadde lært.
Dette var kjekt. Eg må prøve det igjen.
Neste var helse på folk.
I tredje økt var det klossen for Ekko sin del. Han fiksa fint det å stå på den (er litt trang for dei store labbane hans, men det går). Han har begynt å flytte bakparten etterkvart som eg snur meg. Må jobbe meir med den òg.
Inn og ut av bilen var like dumt som før. No må eg bare skaffe meg eit større bur slik at eg slepp det maset og kan plassere han i bur ute.
søndag 20. juli 2008
Burleiken
I dag starta vi med det eg grudde meg til. Ekko og burleiken. Ekko liker ikkje buret. Eg hadde bestemt meg at eg skulle trene i stova. Der er det trygt og ganske så kjedeleg.
Eg greidde å stålsette meg. Stod og stod. Peika i blant på buret når han blei for frustrert over at ingenting skjedde. Til slutt kasta eg ein pølsebit inn i buret. Etter nokre rundar, sprang han fort inn og fort ut. Klikka medan han var inni og han fekk mange godbitar då han kom ut. No tok han teikninga. Fort inn og fort ut. Rakk ikkje å gje godbitane medan han var i ro inni, men tenkte at han i alle fall får bli trygg på at døra ikkje går igjen. Det er panikken hans.
Nå er vi komne til at eg kan seie "I buret" og han spring inn. Han ligg til eg seier "fri". Trener på at han då skal kome direkte til meg. Ingen av kommandoane er sikre enno, men han har forstått teikninga.
Eg må innrømme at dette gjekk fortare enn eg hadde frykta. Nå må eg bare skaffe meg eit bur som det er plass til heile han i.
Vi har etter at dette begynte å fungere, trent korte økter med "i buret", "fri", på klossen og leik. Veldig kjekt.
fredag 18. juli 2008
torsdag 17. juli 2008
Eg blir tullete i hovudet
Men tilbake til meg og dagane i heimen.
Aller først eg er blitt kasta på golvet. Får ikkje sove i senga meir. Det verste av alt er at det var ganske greit å ligge på sakkosekken min.
Så var det treninga. Vi møtte Punky med familie på onsdag. Og etter det er det bare tull. Vi har fått ein trekloss i hus. Den skal eg visstnok stå med framlabbane på. Eg blir frustrert og set i gang med å klage. Ka er det ho vil? I dag bar ho opp eit bur òg. Vi treng ikkje bur! Ein ting er at eg ikkje får sove i senga, men skal ho stenge meg inne i buret i tillegg.
I kveld trente vi saman med Pia og Faya (og matmødrene deira). Det var den dumme klossen, metallapport og innkalling. Pia fekk til den der dumme treklossen. Eg lurer på kossen ho gjorde det. Prøvde å følge med frå bilen, men forstod ingenting. Metallapporten var faktisk kjekkare, men den er framleis litt ekkel. Dei blei litt imponert då eg greidde å halde den fast. Dei andre fekk leike med dummy og tre/plastapportar dei. Ikkje eg....
På slutten skulle vi ha innkalling. Det var kjekt for Silje stilte seg i midten og vifta med eit pipedyr. Så kjekt. Eg stoppa opp og ville leike. Men ho er jo ikkje heilt smart. Då ville ho brått ikkje. Ka var poenget med det? Så blei matmor litt sur og eg fekk ikkje pølse. Skjønar lite eg. Dette gjentok vi. Mor fløyta, Silje vifta med pipedyret og eg sprang til henne. Då forsvann pipedyret og det var bare fløyta til mor igjen. Den var jo grei den og eg sprang fort til henne. Men eg skjønar ikkje kvifor Silje ikkje ville leike.
Nei, eg får legge meg å tenkje på alt dette rare. Buret har ho heldigvis ikkje slått opp enno.
mandag 14. juli 2008
I'm back
Men altså endeleg er eg tilbake. Eg har vore på feriekoloni (andre kallar det kennel) i 19 dagar. Ganske lenge ikkje sant. Då eg skulle dit hadde eg for første gong ikkje lyst. Ho som eig Vertshuset syns eg var rar for eg plar alltid kome springande til henne. Men eg syns det var vanskeleg å gå frå matmor denne gongen. Vi hadde vore saman heile døgnet i ein lang periode. Det hjelpte då ho eg skulle dele rom med, kom ut.
Då reiste matmor på ferie til USA. Eg er glad eg slapp å vere med. Tenk om eg måtte vere i bagasjerommet på flyet så mange timar som dei reiste?! Det trur eg ikkje eg hadde likt.
Dei såg mange hundar på ferien. Dei syntes at dei på landet som hadde mange mange jorder å springe på, hadde det bra, men det var veldig varmt i Amerika så matmor syntes synd på alle dei stakkars hundane som var ute og gjekk i den varmen. Tenk å vere stor hund i 35-40 grader!
Veit de ka? Det var fleire hundar som hadde straumhalsbånd rundt halsen! Tenk at dei gjer sånt. Det var til og med hundar som gjekk i band som hadde det. Det kan jo vere at dei hadde brukt det då dei sprang fritt. Men tenk å få eit støt kvar gong eg ikkje kom straks mor ropte. Hjelp! Eg har prøvd sånn eit bånd for lenge sidan. Eg skulle liksom bli sauerein, men vi fullførte ikkje kurset for ingen av oss likte det. Eg syns det er feigt av dei tobeinte å bruke slike metodar. Dei som trur dei er så glupe, kan vel finne på betre metodar!
I helga har eg stort sett kost meg saman med den tobeinte familien. Eg har bada og gått ein liten fjelltur.
I dag har matmor halde på med maskinen heile dagen. Ho ryddar visst i ein annan blogg ho har. Skal visst fikse og legge inn bilete frå ferien. Det tar altfor lang tid. Ho burde heller trimme meg.
I kveld har eg trent litt. Eg har trent på å avlevere gjenstandar som ligg ute på asfaltet (ho hugsa brått på at eg ikkje var flink til å levere under feltsøket før ferien) og så har eg prøvd meg litt på ein kasse. Skulle ha labbane på. Men koffor det? spør nå eg. Pia hadde tatt med seg matmora si så dei var òg med for å trene. Pia hadde trent litt på den kassen så ho gjorde rett med ein gong. Hm. Må tenke på den der.
Og endeleg fekk eg sånn "vom og hundemat" igjen. Det er SÅ godt at eg har problem med å greie ein skikkeleg på plass før maten. Eg blir så gira bare med tanken på ka eg skal få ete, at eg set meg heilt skeivt. Og når det er ekstra god mat, krev ho ekstra fin på plass. Å- det er vanskeleg!
Ekko