lørdag 26. juli 2008

Ein fantastisk dag i fjellet

Eg hadde tenkt meg ein tur til Reinaknuten i Strand kommune i løpet av ferien. Det er eit nydeleg naturområde og har vi hellet med oss så ser vi Folgefonna, det meste av Ryfylke over Stavanger og nesten til England. Utruleg vakkert! Ein klar dag på hausten gjev som regel det beste utsynet.

No hadde eg tenkt at ein flott sommardag skulle vise fram landskapet eg elskar. Fredag blei den perfekte dagen.

Før turen starta var eg litt bekymra for om varmen ville bli for intens for Ekko. Eg tok med 1,5 liter vatn til han. I tillegg visste eg at det var fleire vatn han kunne kjøle seg ned i på vegen. Det er båndtvang og det gjer jo òg at hunden ikkje bruker mykje energi på å springe over store område.

Med meg på turen hadde eg i tillegg til hunden, to gode vener frå austlandet.

Det er jo alltid like spennande kor ivrig helsinga er når Ekko kjem ut av bilen og er klar for alt som er kjekt. Men han viste seg frå gentlemanssida og helsa på den finaste måten. Ingen hopp bare ein kropp som lente seg godt inn til folka.

Turen er rekna til å ta 5 timar. Den startar fint ved at det er eit lett terreng å gå i. Vi får gått oss varme før stigningane kjem. På dette bilete kan de langt i det fjerne sjå varden på toppen av Reinaknuten. Dit er målet.

Å gå i shorts og t-skjorte med ein liten sekk på ryggen, er luksus. Vi kjente godt at det var varmt, men heldigvis har Vårherre stort sett tenkt at sørvestlendingen treng vind. Og den svale vinden som ruska oss i håret, gjorde turen lett å gå.

Undervegs hadde vi matpausar, drikkepausar og sjå-kor-flott-pausar. Ekko hadde sjølvsagt eigen matpakke. Skikkeleg kjekt med skjeva med leverpostei innpakka i matpapir. Når desserten er eit kokt egg så er han full av energi.

Vi hadde fleire stigningar og såg fleire fristande vatn, men venta til det vatnet som ligg like ved den siste og brattaste delen, før firbeint og trengande tobeinte kasta seg uti. Det var visstnok veldig godt. Eg syns at nokon må vere fotografar, så eg stod over ;-).

Den siste stigninga er kraftig. Eg er heldig som har hund for eg får jo ekstra drahjelp. Ekko er flink til å stoppe når eg gjev beskjed om "stå", det gjer at det er lett å få nytte av drahjelpa samstundes som eg får fote meg i steinete terreng.


På toppen får vi premien: Utsyn over det meste. Kårstø, Bokn, Stavanger og havet utanfor, Ryfylke, Folgefonna. Ja, den som kunne namnet på alt vi såg.

Det er så rart at sjølv om vi går same vegen tilbake, ser landskapet annleis ut. Det som var bak ryggen min er no i front. Mellom anna var det fleire oppstigningar enn eg hugsa at eg hadde hatt av nedoverbakkar då eg gjekk innover....

I den brattaste ura, viste Ekko at han hadde lært noko av treninga vår på å gå bak. Han gjekk bak meg og var ikkje vanskeleg å ha i band i det heile.

I ein periode der vi gjekk i eit ope og oversiktleg landskap, fekk han gå laust med bandet hengande etter seg. Vi hadde ikkje sett sau og det var blitt litt avstand mellom folka han hadde ansvar for. Han var kjempeflink til å gå roleg fram til han som gjekk først bare for å stoppe og vente på meg før han gjekk fram igjen. Eit lite klapp der og tilbake for å vente på matmor. Så kikke bakover for å sjekke om sistemann òg var med. Eg tok opp bandet igjen då vi syntes vi høyrde ei bjølle i det fjerne.

Turen tok oss 6 timar. Vi hadde gode pausar og bading. Ekko drakk i seg alt vatnet eg hadde med. I tillegg var det drikke i litt myr, pyttar og vatn. Det var lite vatn å hente for oss menneske så vi var òg glad for kvar dråpe vi hadde tatt med.

Siste del av strekket var det tydeleg at hunden var varm og trøytt. Det var lenge sidan vi hadde vore ute på så lang tur. Nede ved bilen la han seg i skuggen mellom bilane. No var han ferdig.

Vel heime gjekk han fort og la seg. Og når matmor fekk avslutte dagen på gladmatfestival med etiopisk mat, fransk kake, øl frå Dalane osv var fredagen blitt ein perfekt dag for både tobeinte og firbeinte.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Det såg deiligt ut med ein sånn tur. Håpa eg og ein gong blir frisk nok te noe sånn.

Snakkes om ein halv times tid :-)

Anonym sa...

Det så ut som en fantastisk tur. Den kan jan Inge og jeg tenke oss å gå en gang. Dere er spreke!

Gro sa...

Heia derane!

For en deilig tur det så ut til å være. Er enda på Tjørn, reiser hjem i morgen. Maja har vært uheldig og skadet ulvekloa si på den første dagen her oppe, så det ble tur til dyrlegen i Egersund på tirsdagen. Det har derfor blitt mer roligere og ikke så mange lange turer som vi pleier å ha. Trøttanes, men men det har gått bra alikevel. Godt det ikke var noe mer alvorlig.... Og for et vær vi har hatt!! Kunne ikke vært bedre.
Kommer litt fra uka i bloggen når jeg kommer hjem. Snakkes. :)

Aud Venke sa...

Ja, det er ein kjempetur. Spesielt på klare haustdagar for då kan ein sjå langt. Eg inviterer gjerne andre med ein gong.