torsdag 24. juli 2008

Gata vår

Gata vår er forma som ein U. Det gjer det vanskeleg å vere vakthund. Men heldigvis har eg Pia som passar på den første delen og Enya som passar på i den siste. Eg har hovudansvar for midten. Og det er ganske travelt. Men heldigvis har eg god oversikt frå terrassen. Eg liker ikkje framande hundar og kattar som sniker seg rundt. Forresten er kattane litt løgne for dei forstår ikkje at eg kjeftar ovanfrå. Dei ser heilt forvirra ut. Matmor prøver å lære meg å ikkje kjefte. Det er ikkje lett. For dette er gata vår og dermed basta!
"Hallo?" Er det ein katt som prøver å lure meg? Nei. det var visst bare ho i første som var ute på plenen sin.
"Ja, eg komme!" Det er eit jamnt mas med matmor. Kvar gong eg prøver å melde frå, kjem det ein liten lyd. Og då er det bare å innfinne seg for utdeling av godbitar. Syns ho kunne latt meg kome med litt kraftigare lyd før ho kremta.
Eg syns profilen min er ganske flott - eller ka syns du? Men nå må eg tilbake på jobb. Hadet!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Off for ein harde jobb da. Det må jo varra te å bli sliten av. Eg har bare ei hage å passa på eg. Og glad e eg for det.

Faya

Anonym sa...

Slitsomt ja! Og ikkje nok med det. Vi har altan på den andre sida òg. Den må eg passe på kvar morgon for då et vi frukost der.

Nå må eg rett og slett sove litt. Legg meg her ved sida av datamaskinen eg.