torsdag 17. juli 2008

Eg blir tullete i hovudet

Veit ikkje heilt om eg liker taktene i heimen etter at eg kom frå feriekoloni. Matmor har vore klistra til datamaskinen i fleire dagar. Eg har prøvd å få henne til å forstå at eg er her eg òg. Men det er som om ho ikkje høyrer. Heldigvis ser det ut til at ho har tenktå ta eit lite pust borte frå maskinen slik at eg kan kome til. Det h har arbeidd med er forresten reisebloggen ho har laga seg. Det var visst ikkje bare enkelt å skrive frå USA. Dei mangla bokstavar (stakkars dei) sånn at mor måtte kladde mykje å skrive det etter at ho kom heim. Reisebloggen finn du her viss du er forviten på ka ho har brukt tida til.

Men tilbake til meg og dagane i heimen.

Aller først eg er blitt kasta på golvet. Får ikkje sove i senga meir. Det verste av alt er at det var ganske greit å ligge på sakkosekken min.

Så var det treninga. Vi møtte Punky med familie på onsdag. Og etter det er det bare tull. Vi har fått ein trekloss i hus. Den skal eg visstnok stå med framlabbane på. Eg blir frustrert og set i gang med å klage. Ka er det ho vil? I dag bar ho opp eit bur òg. Vi treng ikkje bur! Ein ting er at eg ikkje får sove i senga, men skal ho stenge meg inne i buret i tillegg.

I kveld trente vi saman med Pia og Faya (og matmødrene deira). Det var den dumme klossen, metallapport og innkalling. Pia fekk til den der dumme treklossen. Eg lurer på kossen ho gjorde det. Prøvde å følge med frå bilen, men forstod ingenting. Metallapporten var faktisk kjekkare, men den er framleis litt ekkel. Dei blei litt imponert då eg greidde å halde den fast. Dei andre fekk leike med dummy og tre/plastapportar dei. Ikkje eg....

På slutten skulle vi ha innkalling. Det var kjekt for Silje stilte seg i midten og vifta med eit pipedyr. Så kjekt. Eg stoppa opp og ville leike. Men ho er jo ikkje heilt smart. Då ville ho brått ikkje. Ka var poenget med det? Så blei matmor litt sur og eg fekk ikkje pølse. Skjønar lite eg. Dette gjentok vi. Mor fløyta, Silje vifta med pipedyret og eg sprang til henne. Då forsvann pipedyret og det var bare fløyta til mor igjen. Den var jo grei den og eg sprang fort til henne. Men eg skjønar ikkje kvifor Silje ikkje ville leike.

Nei, eg får legge meg å tenkje på alt dette rare. Buret har ho heldigvis ikkje slått opp enno.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Så rart at Silje ikkje ville leka med deg. Du e jo ganske kjekke du. Hmmmm.... kansje hu e i perioden sin .....

Faya

Aud Venke sa...

Ja, der sa du någe. Eg blei i alle fall forvirra. Eg har forresten forstått at eg ska stå på klossen nå og så bevege eg bakbeina. Men det e visst någe merr med den klossen