onsdag 23. juli 2008

Spor og apporttrening i varmen

I dag møttes Marit og eg på Sviland for å legge spor til hundane og trene apport. Det er varmt i dag og det var tydeleg på hundane.

Ekko starta fint med snutetarget på hånda mi. Det var for å minne han om at flat hånd betyr levere i hånda. Så kasta eg ein ball. Han henta og leverte fint. Det var fart på han. Etterkvart la eg ut fleire gjenstandar. Då tok han opp og la i frå seg. Det vil seie han tok den første, men fann på vegen ein han likte betre. Altså slapp han den første og tok den neste. Det var tydeleg at prioriteringa var ballen, kongen og kanskje siste gjenstand som var ein ødelagt fotball. Ballen blei fint levert, likeeins kongen. Men den siste var ikkje interessant å hente.

I neste treningsrunde skulle eg bruke apportbukken. Kjekt ved første kast, men deretter uinteressant. Han ville heller snuse og vimse. Tok ut ball med lyd. Veldig kjekt, men den ville han ikkje inn med.

Konkluderte med at avleveringa ikkje er i boks. Den må trenast ein god del på. Eg må altså ha fokus på snute i håndflata og levering av alle typer ting. Dei kjekke og dei mindre kjekke.
Han ville heller ikkje sitje på kommando etter som varmen tok på i dag. Ikkje hadde eg tolmod til å vente på det heller. Fy meg.

Sporet var ganske langt. Det var 40-50 minutt gamalt. Skogsbotn. I motsetnad til treninga tidlegare der alt gjekk i sakte tempo, gjekk dette fort. Han måtte stoppast fleire gonger. Ikkje fordi han var på villspor. Nei, på grunn av farten. Han fekk godbit i starten av sporet. Deretter var det bare lukta av meg. Det gjekk på sti utanfor sti, i mange vinklar. Han rota i ein vinkel. Då stoppa eg opp og lot lina vere slakk til han var innpå sporet igjen.
Konklusjonen her må vere å gå litt tilbake slik at han set ned farten igjen. Altså må eg tilbake til litt pølsespor, dvs pølser undervegs i sporet slik at han går seinare for å få med seg dei. Men elles verkar han ganske sikker på jobben sin når han reser avgarde. Skulle eg henge meg opp i noko anna enn farten, er det jo at han er flink på overvèret. Det såg eg i dag, der det viste seg at slutten ikkje var så langt unna ein stad vi svingte innom tidleg i løypa. Då var det ein som hadde nasen i i veret og var klar til å ta snarvegen. Heldigvis ante det meg at det var det som var på ferde så han blei stoppa i tide.

Elles går burtreninga sakte framover. Det nye buret er bare litt større enn det andre. Ekko syns det er tryggast å legge frambeina utanfor. I dag stilte eg med birkebeinerskinke og frista verre. Stilte meg framfor inngangen då han var på veg til å legge seg med beina utanfor. Då stakk han ut. Dette var for nifst. Men så var det den der skinka. Til slutt var labbane innanfor. Ein gong var bare litt utanfor. Då tillot han at eg dytta dei inn.
Nettet framfor opningen har eg fått lov til å ta på, til å legge laust ned, men då er det ikkje snakk om mange sekunda mellom kvar godbit. Den som hadde lært gullguten det då han var liten :-). Vi har nok ei god stund enno før buret kan takast med på trening og bli brukt der.

Ingen kommentarer: