mandag 22. juni 2009

Fin treningsøkt i sommarsol

I kveld var det strålande sol på området. Vi skulle trene på:
  • bli liggande på teppet
  • luktdiskriminering
  • apport

Det blei det som var planlagt pluss "på plass". Ekko var begynt å slurve veldig på den. Dekka istaden for å sitje.

Først var det teppet. Denne tok han fort og gjekk og la seg då eg sa teppe. Greidde å vente på "fri". Det var leik som var premien. Innimellom sette eg meg slik at det blei pausetid for begge.

Apporttreninga starta elendig. Han tøffa avgarde og henta apporten, beit på den, kom inn og la seg fint i eit dekk... Gjekk over til å trene kun sitt og på plass. Dette blei premiert med leik. Etterkvart tok eg fram apporten igjen, gøymte den og sende han avgarde. No var det fart og fine innkomstar. Veldig bra.

Luktidiskriminering slit eg med. Det går fint dei første momenta, men når det blir avstand har han lett for å ta det i munnen og apportere. Fekk trent litt, men ikkje nok. Han toucher egget, set seg mot meg osv. Eg skal ha bort koss han sitt difor trente eg på sjølve nasenkontakten med egget. Litt pirkearbeid, men det går vel bra til slutt ;)

Etter treninga gjekk vi ein fin tur med hundane. Ekko fekk her trent på å gå fint i band.

2 kommentarer:

Elisabeth sa...

Det va ein fin dag å trena på :-) Ska bli spennande å sjå om det bare va den dagen Ekko sko ha sånne feil på plasser, eller om han prøve å starte ny trend. Det e nok ein øvelse du alltid må jobba litt ekstra med i og med han alltid har vært litt for glad i å slenga med rumpa. :-)

Marit sa...

Moro å lese hvor flinke dere er til å trene:) Blir nesten misunnelig. Kommer hjem torsd. med mye lekser fra Fanny og Thomas. Si fra hvis dere vil trene!