lørdag 9. januar 2010

Er vi heilt normale?


Laurdag, det er runderingsdag. Gradestokken har ikkje noko han skulle ha sagt, men eg tok med meg spaden sånn for å vere på den sikre sida.

Då eg kjørt heimanfrå viste temperaturen -16, men straks eg svingte av motorvegen og skulle kjøre innover mot Sviland blei det slutt på "mildveret". Gradestokken viste -21!. Gro kjørte framfor meg og stoppa bilen for å sjekke med meg om vi verkeleg skulle kjøre innover skogsvegen i dag. Jo, hadde andre greidd det så greier vel vi det. Men ha litt fart, sa eg, for elles blir vi fort sitjande fast. Gro hadde piggdekk så ho trengte ikkje det.... To meter etterpå måtte spaden min fram for å spa Gro ut av ei hola ho laga med det eine framhjulet (godt eg av òg til tenkjer). Etter det gjekk alt greitt


Vi var 6 galne jenter med sikkert like galne hundar (er det dette som er hundegalskap??) som ville rundere i dag. Først ut var Theo, ein sjarmerande, halvtam toller. Han var i alle fall klar for litt action! Det var lenge sidan han hadde rundert, men ka gjorde det når figurantane hadde godbitar og stod for ein støyt?!

Neste var Phibie. Ho hadde heller ikkje vore med etter kursdagane i haust, men den hunden hugsa ka ho skulle gjere. Kjempeflink. Fortsett kulda blir ho nok glad om matmor kjøper potesokkar :)

Neste novise i runderingssporten var Molly. Ho er blitt skikkeleg flink denne hausten. Gler meg til å sjå alle tre vidare framover.

Ringrevane var Scotty, Maja og Ekko. Ekko var sist ut. Eg hadde han ute ei stund før han skulle i ilden for å mjuke opp musklene i denne kulda. Det ser ut som om han elskar vinter og snø for han er heilt yr.

I dag var det ikkje snakk om lange pausar hjå figurantar. Her skulle det vere fart . Måtte jo halde på varmen. Han hadde fine slag, leika godt hjå figurantane. Eg kan drille endå meir på å få han beint inn til meg, men det er ikkje mykje om å gjere før det er på plass. God fart på han i dag.

På veg tilbake til bilen, fekk eg spørsmål om å la Ekko springe laus for Maja hadde mista ein potesokk. Ein fin måte å teste sporhunden min på. Og han fann - ein barnesokk! Eg blei skuffa, men så viste det seg at det var Maja sin. Ho hadde hatt dobbelt sett med sokkar på seg.


Før Anne Lise reiste heim, måtte eg bare ha fram panneluggen hennar. Det var kaldt :)

Gro og eg slapp ut Maja og Ekko i håp om at ein av dei skulle finne den ekte potesokken. Ekko gjorde nytt funn, han. Neste barnesokk :). Men den ytre potesokken var og blei borte.

No søv helten etter hardt arbeid. Matmor har varme kinn etter 4 timar ute i friskt vintervèr!

3 kommentarer:

Gro sa...

Ja, me e visst litt galne tror eg.
Ellers takk for all god hjelp i dag, du med spade, og Ekko med funn av de to sokkene. : )

Elisabeth sa...

Ja, ein kan kalde det hundegalskap. :-)

Marit sa...

Dere er gale men tøffe:)