torsdag 7. januar 2010

Friskusane trener

I dag fekk eg SMS om at det var for kaldt for hundane å trene i dag. Pyser tenkte eg, dei har nok gløymt å spørje hunden. 3 av oss har barske hundar så vi møttest for trening kl 1830. Maja, Era og Ekko var dei firbeinte tøffingane. Torhild jobba aleine med Era. Eg la ut eit teppe som hundane kunne bruke når vi skulle ha bli sitjande eller bli liggande..

Gro og eg ville trene ei økt med melding. Ekko sprang fint ut, henta bittet, men forsvann mot barnehagen. Eg fekk han inn igjen. Vi starta på nytt. Etter det fekk vi 3 gode meldingar.Bra! Likeeins med Maja. Godt jobba.

Etter det trente vikvar for oss. Eg litt på at han skal tilby sit, dekk og stå frivillig. Deretter fri ved foten. Ekko jobba ivrig. Til slutt gjekk Gro og eg ein liten tur. Vi kom heim kl 2050. Kaldt? Jo, men hundane greidde seg fint. Maja hadde fått seg fine sokkar og Ekko ville ha litt kos på ein baklabb ei lita stund. Men ellers så dei ut til å kose seg.

1 kommentar:

Elisabeth sa...

Dåkke va knalltøffe. Eg angra ikkje på at eg blei hjemma. Det va godt og varmt. Eg får trena litt ekstra her hjemma i stedet.