torsdag 14. februar 2008

Å skilje tesortar

Det er mykje rart vi vil at hunden skal kunne. Td. velje Earl Grey te i staden for Camille-te.....
Vi trente på luktdiskriminering i dag. Hunden fekk lukte på ein pose med Earl Grey te. Etter ei stund låg det Earl Grey i den eine handa til figurant og ein annan tesort i den andre. Vi skulle klikke når hunden gjorde rett valg. På slike oppgåver manglar Ekko tolmod. Han kan fort begynne å bli hardhendt, begynne å bjeffe og liknande når ikkje han får til oppgåva. Det gjeld å gje han korte økter.
Første del gjekk bra. Eg har ein mistanke om at del 2 der han skulle velge rett hand, til tider bare var tilfeldig kva det blei. Han tok seg ikkje tid til å lukte. Anna enn når han nytta høve til å vaske handa til Silje. Ho lukta jo så godt kylling....

Då vi tok han fram etter ein pause og gjekk tilbake til trinn 1 og så på trinn 2, verka det som han brukte nasen, ikkje bare toucha for å gjere det. Vi må øve meir på det der.

Karin utfordra oss til å velge eit triks vi skulle bruke dei neste 14 dagane til å trene inn. Eg blir ståande litt tom, kjem ikkje på noko. Mottar gjerne tips.

Til slutt: Vi har ei lita spørjeundersøking i høgre marg. Slå til og svar på den...!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Eg syns Ekko så absolutt bør lære seg å hente tøflene til mor. Han e ein typisk hund som bør kunne det.

Anonym sa...

Pøh! Det er eg ikkje det. Eg e ein tøffing, ikkje ein tøfling!

Anonym sa...

Jada. Du e knall tøffe.