søndag 10. februar 2008

Hundar er ikkje like dei heller

I dag var det vår i lufta og endå ein dag med litt rundering. I Skjævelandsskogen møtte Tone med Max, Helene med Hero, Gro med Maja og eg med Ekko. Fire ulike hundar både i rase og stil...

Ekko fekk kjørt seg gjennom ei grei runderingsøkt. Han var ikkje så lærevillig på innlæring av bringkobbelmelding i dag. Det blei for stor avstand og for mange godlukter ute i det fri. Han blei tidlegare trøytt i runderinga i dag. Kan det vere at gårsdagen sat i bein og hovud?
Og luktene i denne skogen er spesielt gode. Vi såg ferske avtrykk etter andre dyr så her var nok andre som frista meir enn oss.... det såg vi på dei fleste hundane.

Våre fire firbeinte vener viste oss så tydeleg at dei er ulike individ dei òg. Vi måtte tenke tilpassa opplæring på alle. Bokseren Hero syns dette er så kjekt at han ikkje heilt får med seg verken figuant eller godbit. Han fekk enkeltslag der figurant sprang ut og gøymde seg mens Hero såg på. Og då blei det enkeltslag med futt i!

Dalmatineren Max er så fullstendig klar over kva som er oppgåva at han står og spinner på startstreken. Og han imponerer. Spring i fin flyt mellom figurantane, kryssar førar nære og held fokus. Men han har det òg travelt så kanskje vi må finne litt leik til han så han stopper litt opp hjå figurant?

Goldenfrøkna Maja er ei finurleg dame. Ho syns at det er vi som skal jobbe for henne og ikkje motsett. Vi får henne litt i leik, litt med på godbitar, men alt bare litt. Det er som vi figurantar ikkje finn nøkkelen til det som kan gire henne over lengre tid. Her trur eg at eg treng litt spesialundervisning..... For dette må vi jo få til.

Og sist, men ikkje minst:













Faya har vore i utstillingsringen i dag.
Og ho gjorde ikkje skam på treningsgjengen sin:
Ho blei BIM og fekk Certet sitt.
Imponerande innsats, Elisabeth og Faya!

No er det bare å greie av Faya pelsen og satse på at den er vakker og fin til april.
Tannvising - den fiksar de neste gong :-).

PS: Vi reknar med å feire både bursdag og Cert på neste trening??

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ja, me må se om me klare å fiksa noe godt å spisa neste trening.
:-)

Det e på tide å få inn fremmende te å ta den tannvisningen gitt. Kansje me ska stillas oss rett foran ein utgang på ein arbeidsplass med ein plakat som oppmuntre te tannvisning. Eller noe sånn...

Kan tenke meg det va deilig med rundering i dag. Det har jo vært deilig sol. Du vett sånn gul rund ting på himmelen. Kansje det ska bli litt bedre nå framover.

Koss e det med labbene te Ekko. Han e vel blitt litt øm i de itte all kryssinga. Går vel kansje litt rart og. Litt sjanglete sånn som deg kansje Aud Venke???

Elisabeth

Aud Venke sa...

At eg ikkje kom på det. Det var jo derfor han var så slapp på treninga i dag!

Viss du har med Faya på adferdstreninga så kan jo det som er av menn der få seg ei økt kvar. Dei er jo heilt framande.