tirsdag 19. februar 2008

Ganglag og sprettromper

Eg har gode dagar. Står opp om morgonen, sjekker skolukta i gangen og veit at gjestene ikkje har reist enno. Jippi! Det blir mykje kos i dag og. I går greidde eg å lokke dei ut på tur med innlagt rundering. Lurer på ka eg skal finne på i dag? Det einaste minuset med dei, er at dei søv så lenge om morgonen. Eg blir sliten av å ligge klar og vente.

På kvelden var det trening. Dei tobeinte hadde bestemt seg for at vi skulle gå gjennom heile klasse 1. Det var lenge sidan sist vi hadde prøvd på det. I det siste har vi jo mest halde på med triks og detaljar. Dei visste nok at vi ikkje kunne dette, for dei gjekk gjennom øvingane utan å rette på så mykje. Bare snakka saman etterpå. Eg veit nok ka dei sa om meg. Utover det at dei beundra kor fin eg er, så syns dei nok at eg er konge på tannvising. Eg syns jo at eg var flink på resten òg eg. Gjekk fint, småsprang når eg skulle, mor svingte litt rart av og til, men det er jo ikkje min feil.
Etterpå forstod eg at eg ikkje gjekk så fint likevel. Eg hadde visst gløymt det vi øvde på i juleferien. Skjønar ikkje dette eg. Eg gjekk sånn som eg får premie for når vi går tur. Kvifor er det feil sånn plutseleg? Dei sa noko om at eg i konkurranse måtte gå tett inn til førar, sjå opp på henne heile tida. Eg skal nok få til det, men korleis skal eg vite forskjell på når det er bra at eg går roleg ved sida av henne utan å sjå opp, og når eg må sjå opp? Det der må eg tenkje på.
Eg trur det er nok for meg så får matmor ta seg av tenkinga rundt resten. Trur det var vendingar og siste del av stå under marsj ho hadde tenkt å sjå på.

På slutten hadde dei funne ut at Faya og eg skulle trene på "dekk- sitt opp". Det blei litt mas og dei snakka om sprettromper. Kan vi noko for at vi tar eit ekstra hopp med rompa når vi skal frå dekk til sitt? Elisabeth gjekk heim og sjekka bibelen ("Lydighetstrening i teori og praksis") og påstår at det ikkje står om sprettromper der heller. Kanskje dei aldri har sett sånn flotte hopp før??

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Ekko.

Nei eg tror ikkje dei vett heilt at det fins hundar med sånne fantastiske sprettrumper som me har. Kansje Karin har noen gode råd te våre tobeinte.

Eg har et godt råd te deg når det gjelder å vite når du skal gå sånn klistra innte eller når du ska gå sånn ikkje fult så långt vekke. Når du går tur kan du ha på deg ein sele og når du trene kan du ha på deg eit halsbånd. Og ittekvart då så lere du kansje når du ska klistre deg innte aud venke eller når du ikkje ska gjer det. Bar et lite forslag.

Faya

Anonym sa...

Eg tenkte òg på det der med sele og halsband. Eg får nok arbeide med det. Syns sånn blir litt masete i blant.

Kanskje me skulle jobbe for at det er sprettromper som blir det nye....