lørdag 2. februar 2008

Blindslag

Vi vakna til full vinter etter kraftige vindkast kvelden før. I dag var bruksgruppa i retrieverklubben samla i Skjævelandskogen. Vi var 5 ekvipasjar. Veldig spennande for vi er på så ulike nivå. Eg lærer så mykje av å sjå på dei andre.

Eg var veldig i tvil om kva eg skulle satse på i dag. Enkeltslag eller prøve blindslag for første gong. Det blei blindslag. Ekko var gira før vi begynte, beit i bandet og var ukonsentrert. Første slag skulle til Kari L. Det verka ikkje som han fatta ka han skulle gjere i det heile. Men då Kari viste seg, blei det fart på guten. Han greidde ikkje å springe rett opp til figurant 2 Jan Inge. Måtte også her roast og få fokus. Men då var det rett ut i eit visst tempo!

I den perioden var det vind som gjorde at Kari var i motvind og lett å få ferten av og Jan Inge stod i medvind. Ekko spring fint ned til Kari, kjem opp igjen og går fint over til Jan Inge. Men så stoppar vinden. Eg held på at vi skal ha blindslag, Kari forsvinn ut og eg ventar spent. Ekko kryssar fint midtlina, han gjennomsøkjer området og kjem tilbake. Han er ti ganger betre enn meg. Han har minst gjennomsøkt 50x 50, det er bare eg som har forflytta meg for lite. Så han kjem opp eit stykke framfor meg, kryssar midtlina og er på veg til Jan Inge. Men der ser han Kari på midtlina, dermed snur han og finn henne. Eigentleg ein flink gut, men det var jo ikkje det eg hadde tenkt. Får han på sporet igjen. Jan Inge blir funnen, men då Ekko kjem til midtlina igjen, er han usikker på om han skal ut der kor ingen fins.... I planen min skulle han no få hjelp av vinden, men sjølvsagt er det framleis vindstille. Eg må gå litt i lag med han inn i skogen, så får han ferten av Kari og er i gang igjen. Avsluttar hjå Jan Inge for siste slaget var perfekt.

Trur eg prøver blindslag igjen i morgon.

Punky, 11 veker gamal, imponerte med å ta figurant på ferten. Kjempebra.

På slutten skulle eg få sjå når Punky skulle gå blodspor. På ny ei imponerande oppleving. Ho lukta litt godt i oppstartsmerket og så var nasen planta i jorda og der var den til ho kom fram til målet.
Etterpå skulle Deah på 5-6 månader for første gong prøve det same. Kari M hadde på førehand sagt at Deah var stressa i pølsespora ho la ut. Ho hadde det så travelt at ho ikkje fekk det med seg. Det er kanskje sånn ho er på pølsespor, men på blodspor var det ei anna jente gett. Nasen i bakken og rett på målet. Kjempeflott. Veldig kjekt å sjå på. Eg må begynne å lage spor meir medvite til Ekko òg. Han har det litt likt Deah. Det skal gå så fort at han gløymer sporet.

Ekko og eg avslutta treninga med ein liten tur. Eg hadde tenkt at han skulle få bade, men guten er ei pyse... det var jo ingen plass han kunne vasse uti....!! Resultat: han stod på kanten med frambeina uti og kjefta på pinnane som fòr med straumen.

I ettermiddag har vi trent touch på kjegle. Vi begynte jo med det på torsdag så eg ville sjekke om han visste ka han skulle. Sjølvsagt gjorde han det, men han måtte feilmeldast nokre gonger då kjegla blei plassert på golvet. Då skulle han både bite og trø på. Tok fort kjegla opp igjen for to-tre vellukka snutekontaktar. Så ned igjen. Og då var labbane og bitinga borte. Eg sette kjegla eit stykke frå han. Ingen hindring. I fart bort og snuten i kjegla. Godt jobba.

Ingen kommentarer: